Hyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. mar. 2019 kl. 11:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hyen''' er ei bygd i Gloppen kommune. Det bur kring 600 menneske der, for spreidd mellom bygdesenteret, Austredalen (Gloppen) og Vestredalen (Gloppen) til at Hyen ve...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hyen er ei bygd i Gloppen kommune. Det bur kring 600 menneske der, for spreidd mellom bygdesenteret, Austredalen og Vestredalen til at Hyen vert rekna som tettstad. Dert er vegsamband til kommunesenteret Sandane, Florø og Førde.

Stadnamnet kjem frå norrønt Hýi. Tydinga er ikkje kjend, men det var opphavleg namnet på fjorden bygda ligg ved, Hyefjorden.

Hyen er fremst ei jordbruksbygd, men det er òg både fiskeoppdrett og industri der. Det største foretaket er Brødrene Aa, som driv produksjon i armert plast.

Hyen skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule.

Litteratur og kjelder