Ivar Kleiven: Forskjell mellom sideversjoner

m
→‎Familie og livsløp: meir utval for f2
m (lenking av oppslagsordet)
m (→‎Familie og livsløp: meir utval for f2)
Linje 4: Linje 4:
== Familie og livsløp ==
== Familie og livsløp ==

Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, [[Søre Kleivi]] på [[Lalm]]. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda ([[Snerle]]). Jakob hadde teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen [[Svarvarhaugen]]. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd. Han var eldst i syskenflokken, og fekk ei syster og tre brør som vaks opp (eit tvillingpar døydde ved fødselen). Ivar levde ugift livet ut.
<onlyinclude>Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, [[Søre Kleivi]] på [[Lalm]]. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda ([[Snerle]]). Jakob hadde teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen [[Svarvarhaugen]]. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd. </onlyinclude> Han var eldst i syskenflokken, og fekk ei syster og tre brør som vaks opp (eit tvillingpar døydde ved fødselen). Ivar levde ugift livet ut.

Han byrja på skulen det siste året det var omgangsskule der. Frå hausten 1861 var det fastskule i grenda. Vinteren 1878-1879 gjekk Ivar på landbruksskule hjå [[Kristian Horne]] på [[Blessom]] i Vågå. Som 31-åring fekk han eit år som elev ved [[Viggo Ullmann|Viggo Ullmanns]] folkehøgskule i [[Seljord]] vinteren 1885-1886. Ut over dette må Ivar Kleiven seiast å ha vore sjølvlærd.

Som vaksen fell Ivar Kleivens livsløp i tre etter måten klårt skilde bolkar. 1) Fram til 1899 budde han heime på garden og hadde arbeidet sitt der, frå 1884 som eigar og brukar. 2) I 1899 overlet han garden til broren Hans, som nyss var komen heim att frå Amerika. Sjølv flytta Ivar og mor deira på permanent basis opp til [[Kleivsetra]] i [[Bønslia]] i Vågåfjellet. Fram til ca. 1910 livnærde han seg som turistvert der, ei verksemd som han og mora hadde drive så smått med om somrane alt frå tidleg i 1890-åra. 3) Etter 1910 kunne så Kleiven i den siste livsløpsbolken ofre seg fullt og heilt for det lokalhistoriske arbeidet og forfattarskapet han har vorte mest kjend for. Det vart mogleg mellom anna ved hjelp av statstilskot som han fekk frå 1908, og som snart vart ei fast årleg yting.

== Samfunnsengasjementet ==
== Samfunnsengasjementet ==
Veiledere, Administratorer
114 951

redigeringer