Ivar Mogstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 5. des. 2012 kl. 20:36 av Kiplesund (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ivar Otto Irgens Mogstad''' (1856-1928) var ein bjørnejeger, førstebetjent og polfarar frå Aure kommune. == Utdanning og yrke == Mogstad tok eksamen som førstebetjen...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Otto Irgens Mogstad (1856-1928) var ein bjørnejeger, førstebetjent og polfarar frå Aure kommune.

Utdanning og yrke

Mogstad tok eksamen som førstebetjent i 1877. I 1882 vart han tilsett som vaktar ved Gaustad mentalsjukehus. År 1900 er han oppført som brennevinskontrollør i Tønsberg, i fylgje folketeljinga.

Medlem av Fram-ekspedisjonen til Nordpolen

I 1893 var Ivar Mogstad ein av i alt 13 deltakarar på Fram-ekspedisjonen, som vart leia av Fridtjof Nansen. Mogstad var "altmogleg-mann" under ferda. Ferda vara i tre år.

Testamente og minnestøtte

Ivar Mogstad testamenterte alt han eigde til skogsaka i Aure kommune. Det vart oppretta eit legat for dette i Mogstad sitt namn. I 1956 vart reist ei minnestøtte over han i Aurdalen.