Ivar Tveiten: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(litt pirk i ingressen/gjerning) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
* Han var stortingsmann for Telemark [[1903]]-[[1924]]. I stortinget var han varapresident [[1916]] og president [[1917]] – [[1920]] og formann i presidentskapet 1920. | * Han var stortingsmann for Telemark [[1903]]-[[1924]]. I stortinget var han varapresident [[1916]] og president [[1917]] – [[1920]] og formann i presidentskapet 1920. | ||
* Han var statsråd (kyrkjeminister) [[1924]] – [[1926]]. Ei tid var han formann i stortingets upolitiske bondelag. | * Han var statsråd (kyrkjeminister) i [[Johan Ludwig Mowinckels første regjering]] [[1924]] – [[1926]]. Ei tid var han formann i stortingets upolitiske bondelag. | ||
Ivar Tveiten var dessutan i om lag 13 år lærar i Fardal, Vikstrand og Borggrends krinsar i Fyresdal og sa sjølv at denne tida var mellom dei lukkelegaste år han hadde hatt. Han døde i [[1934]]. | Ivar Tveiten var dessutan i om lag 13 år lærar i Fardal, Vikstrand og Borggrends krinsar i Fyresdal og sa sjølv at denne tida var mellom dei lukkelegaste år han hadde hatt. Han døde i [[1934]]. |
Nåværende revisjon fra 23. nov. 2023 kl. 17:34
Ivar Tveiten (fødd 18. desember 1850 i Fyresdal, død 1934) var stortingsmann, kyrkjeminister, lærar, gardbrukar og sparebankdirektør, busett i Fyresdal i Telemark.
Han vart fødd på garden Veum i Veum anneks. Han kom så til garden Tveiten i Liegrend i same anneks som 11-åring, og dette vart ungdomsheimen hans. Han tok eksamen ved Kviteseid lærarskule i 1868 og var lærar 1868-1883. Han overtok farsgarden Tveiten vestre gnr. 88/2 i 1879. Tveiten hadde mange verv:
- Han var formann og disponent i Fyresdals forbruksforeining 1871-1899. Dette handelslaget vart vel kjend i vide krinsar for god drift. Seinare vart han forretningsførar i den nye Veum forbruksforeining. Han var heradskasserar eit par år, formann i skulestyret og med i heradsstyret i fleire år.
- Han var sparebankdirektør i fleire år og medlem av forstandarskapet i Fyresdal sparebank.
- Han var stortingsmann for Telemark 1903-1924. I stortinget var han varapresident 1916 og president 1917 – 1920 og formann i presidentskapet 1920.
- Han var statsråd (kyrkjeminister) i Johan Ludwig Mowinckels første regjering 1924 – 1926. Ei tid var han formann i stortingets upolitiske bondelag.
Ivar Tveiten var dessutan i om lag 13 år lærar i Fardal, Vikstrand og Borggrends krinsar i Fyresdal og sa sjølv at denne tida var mellom dei lukkelegaste år han hadde hatt. Han døde i 1934.
Det er eit fotografi av han på Tveiten 12. juni 1931, teke av Bendik Taraldlien.
Kjelder
- Taraldlien, Bendik: Fyresdal Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo.
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
- NBL-artikkel om Ivar Tveiten