Jens Aarsand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. aug. 2014 kl. 08:35 av Kallrustad (samtale | bidrag) (åpner for redigering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jens Aarsand (født 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann.

Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.

Som nyutdanna var han lærar i krinsane Nordrepollen og Tveitnes i heimbygda Kvinnherad. Alt året etter vart han tilsett ved Kvalavåg skule på Avaldsnes, i nåværende Karmøy kommune. Attåt arbeidet i folkeskulen var han i mange år òg lærar i framhaldsskulen i bygda. Han tok dessutan fleire lærarkurs, både i gymnastikk og sløyd.

Aarsand var formann i Kvalavåg og Kalstø kristelege ungdomsforening, Kvalavåg D.N.T. barnelag og Avaldsnes skogråd. Aarsand sat som medlem av Avaldsnes sokneråd og heradsstyre var medlem av songkor.

Aarsand vart 19. desember 1923 gift med lærarinne Gjertrud Grøtnes (1893-1980), dotter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Dei fekk fire søner og fire døtrer. Jens og Gjertrud Grøtnes er gravlagde på Avaldsnes kyrkjegard.

Kilder og litteratur

Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjonNettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket