Jens Bjelke: Forskjell mellom sideversjoner

7 470 byte lagt til ,  3. apr. 2009
ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
 
'''Jens Bjelke''' (fødd [[2. februar]] [[1580]], død [[7. november]] [[1659]]), var ein norsk adelsmann, godseigar, [[Leksikon:Lensvesen|lensherre]] og [[Leksikon:Norges rikes kansler|Noregs rikes kanslar]].
'''Jens Bjelke''' (fødd [[2. februar]] [[1580]], død [[7. november]] [[1659]]), var ein norsk adelsmann, godseigar, [[Leksikon:Lensvesen|lensherre]] og [[Leksikon:Norges rikes kansler|Noregs rikes kanslar]].


Linje 67: Linje 67:
Jordegodset grupperte seg rundt 13 [[Leksikon:Setegård|setegardar]] spreidde over eit stort geografisk område: [[Trøndelag]] (særleg i [[Fosen|Fosen len]]),  [[Nordmøre]], [[Hedemarken futedømme]], [[Smålenene|i dei "små lena"]] på austsida av Oslofjorden (Østfold), og litt også i [[Nord-Noreg]]. Det var i alt 378 tilliggjande bondegardar (jordebokeiningar) med til saman minimum 453 [[Leksikon:Leilending|leiglendingar]]. Bortimot 350 av leiglendingane budde i same soknet som vedkomande setegard, og når Jens Bjelke hadde bygselretten til dei fleste av desse gardane, inneber det at dei fleste av dei 350 kan reknast som [[Leksikon:Ukedagsbønder|vekedagsbønder]]. Nedanfor følgjer eit oversyn over godset, ordna landsdel for landsdel og omtala setegard for setegard. (Jf. elles tabellarisk oversyn over godset [[Austrått#Utstrekninga_p.C3.A5_jordegodset|her]].)
Jordegodset grupperte seg rundt 13 [[Leksikon:Setegård|setegardar]] spreidde over eit stort geografisk område: [[Trøndelag]] (særleg i [[Fosen|Fosen len]]),  [[Nordmøre]], [[Hedemarken futedømme]], [[Smålenene|i dei "små lena"]] på austsida av Oslofjorden (Østfold), og litt også i [[Nord-Noreg]]. Det var i alt 378 tilliggjande bondegardar (jordebokeiningar) med til saman minimum 453 [[Leksikon:Leilending|leiglendingar]]. Bortimot 350 av leiglendingane budde i same soknet som vedkomande setegard, og når Jens Bjelke hadde bygselretten til dei fleste av desse gardane, inneber det at dei fleste av dei 350 kan reknast som [[Leksikon:Ukedagsbønder|vekedagsbønder]]. Nedanfor følgjer eit oversyn over godset, ordna landsdel for landsdel og omtala setegard for setegard. (Jf. elles tabellarisk oversyn over godset [[Austrått#Utstrekninga_p.C3.A5_jordegodset|her]].)


=== Fosen (Sør-Trøndelag) ===
=== Gods i Fosen ===


[[Austrått]]
[[Austrått]]
Linje 108: Linje 108:




=== Nordmøre ===
=== Gods på Nordmøre ===


[[Kanestraum]]
[[Kanestraum]]


:Setegarden Kanestraum ligg ved [[Halsafjorden]] i [[Straumsnes]] i nåverande Tingvoll kommune. I 1648 høyrde garden til i [[Halsa anneks]] til [[Stangvik prestegjeld]].
:Kanestraum ligg ved [[Halsafjorden]] i [[Straumsnes]] i nåverande Tingvoll kommune. I 1648 høyrde garden til i [[Halsa anneks]] til [[Stangvik prestegjeld]].


:Kanestraum var del av Sophie Brockenhus sin farsarv. Venteleg kom det Jens Bjelke i hende på konas vegne allereie ved giftemålet deira i 1610. I skiftet etter Jens Bjelke i 1660 gjekk Kanestraum til Børge Rosenkrantz på vegne av borna som han hadde med kona si, Jens Bjelkes dotter Maren (død 1652).
:Kanestraum var del av Sophie Brockenhus sin farsarv. Venteleg kom det Jens Bjelke i hende på konas vegne allereie ved giftemålet deira i 1610. I skiftet etter Jens Bjelke i 1660 gjekk Kanestraum til Børge Rosenkrantz på vegne av borna som han hadde med kona si, Jens Bjelkes dotter Maren (død 1652).
Linje 119: Linje 119:


:Det tilliggjande leiglendingsgodset til Kanestraum utgjorde 40 thk pluss 4,5 riksdalar i grunnleige. Godset bestod av 19 gardar med 23 leiglendingar. 14 av gardane var innansoknes gods, dvs. at dei låg i Halsa anneks. Dei fem andre gardane låg i [[Frei]], [[Halsa]] og [[Tustna]].
:Det tilliggjande leiglendingsgodset til Kanestraum utgjorde 40 thk pluss 4,5 riksdalar i grunnleige. Godset bestod av 19 gardar med 23 leiglendingar. 14 av gardane var innansoknes gods, dvs. at dei låg i Halsa anneks. Dei fem andre gardane låg i [[Frei]], [[Halsa]] og [[Tustna]].
== Gods på Hedmarken ==
[[Hovinsholm]]
:Hovinsholm på [[Helgøya]] i [[Mjøsa]] (Ringsaker kommune). I 1648 høyrde Helgøya til [[Nes i Hedmark|Nes]] prestegjeld. Men i den verdslege administrasjonen var Helgøya skild frå resten av soknet, i det ho var lagt under [[Mariakyrkje prosti gods og Rakkestad len]].
:Hovinsholm med Skredshol (sjå nedanfor) var del av arven som Sophie Brockenhus fekk etter onkelen Peder Brockenhus. Dei to setegardane gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til sonen generalløytnant Jørgen Bjelke.
:Hovudgardstaksten var i 1648 7 [[skippund]] korn tilsvarande 17,5 thk. I taksten var inkludert to underbuk eller husmannsplassar.
:Det tilliggjande leiglendingsgodset var taksert til 42,75 thk. Det bestod av 31 gardar med mimum 30 leiglendingar. Alle gardane låg på Helgøya, og Jens Bjelke var eineeigar til alle. Det meste av dette godset kom Jens Bjelke i hende ved eit stort makeskifte han gjorde med Mariakyrkja i 1639.<ref>Norske Rigs-Registranter VII s 574ff.</ref> Før 1639 utgjorde truleg Hovinsholm og Skredshol med tilliggjande leiglendingsgardar eitt godskompleks med Skredshol som avlsgard under Hovinsholm. Men innan 1648 er det altså omorganisert til to sjølvstendige gods.
[[Skredshol]]
:Skredshol ligg i [[Ringsaker]] sokn i Ringsaker kommune.
Skredshols status var framleis i 1648 noko tvetydig, i det garden i Jens Bjelkes jordebok er nemnd som «Hoved- eller avlsgård». Godset var med blant det som Sophie Brockenhus arva etter onkelen Peder Brockenhus. Hovinsholm og Skredshol gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til sonen Jørgen.
:Hovudgardstaksten var i 1648 3 skippund korn, tilsvarande 7,5 thk.
:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 34 thk, og bestod av 20 gardar med minst 21 leiglendingar. 15 av gardane låg i same soknet som setegarden. Til dette kom fem gardar i nåverande [[Oppland fylke]]: 2 på [[Østre Toten]] og  3 i [[Vardal]] (nåverande [[Gjøvik]] kommune).
== Gods i Østfold ==
[[Elingård]]
:Elingård ligg i [[Onsøy]] i nåverande [[Fredrikstad]] kommune og tilhøyrde i 1648 Onsøy sokn og len.
:Elingård var hovudsetet til Jens Bjelkes svigerfar Henrik Brockenhus (død 1588), og var altså ein del av Sophie Brockenhus sin farsarv. Jens Bjelke og Sophie Brockenhus overtok Elingård etter at mor hennar, Dorte Juel, døydde ca. 1630. Etter Jens Bjelkes død gjekk Elingård i arv til sonen, riksadmiral Henrik Bjelke.
:Hovudgardstaksten i 1648 var heile 18 skippund korn eller 45 thk. I taksten var inkludert avlsgarden [[Valle]] og «nogle andre gaardeparter och Ødegaarde», og dessutan [[Hankø]], som vart nytta til beite for Elingårds hestar og fe.
:Alt det tilliggjande leiglendingsgodset til Elingård låg i Onsøy sokn. Det var taksert til 135 thk, og bestod av i alt 41 gardar med minimum 49 leiglendingar.
[[Kjølberg]]
:Kjølberg ligg i likskap med Elingård i Onsøy.
:Jens Bjelke kjøpte Kjølberg av [[Anders Blomme]] til [[Blomsholm]] i 1624. Jens Bjelkes dotter Sophie arva godset etter faren.
:Hovudgardstaksten var i 1648 27 bismarpund smør eller 20,25 thk, inklusive avlsgarden Søndre Foss, Borgås og Sundhuset. Under denne hovudgarden er det i jordeboka oppført ei bekkekvern og bekkesag som truleg låg på Søndre Foss, og ei flaumsag, Ribersaga, på Jens Bjelkes grunn ved Moss.
:Med eitt unntak låg alt det tilliggjande leiglendingsgodset i Onsøy, 22 gardar med minimum 26 leiglendingar. Unntaket var ein gard i [[Rolvsøy]] i nåverande Fredrikstad kommune.
[[Evje]]
:Evje ligg i [[Rygge]], og tilhøyrde i 1648 Rygge sokn og [[Verne kloster len]].
:Sophie Brockenhus hadde odelsrett til Evje, som hadde vore i onkelen Peder Brockenhus’ eige. Odelsretten vart nytta i 1635, da Jens Bjelke på vegne av fru Sophie løyste inn godset frå Gerlof Nettelhorst, Jens Bjelkes svoger. Dottera til fru Sophie og Jens Bjelke, Margrethe, arva Evje etter deira død.
:Hovudgardstaksten inklusive avlsgarden Hove var i 1648 7 skippund korn eller 17,5 thk. To andre underbruk utgjorde 2 thk.
:Det tilliggjande leiglendingsgodset på 68 thk bestod av 25 gardar med minimum 26 leiglendingar. Godset fordelte seg slik: 16 gardar i Rygge, 3 i [[Moss]] ([[Jeløya]]) og dertil strøgods på i alt sju gardar spreidde over [[Våler]] (Østfold), [[Follo]] futedømme i Akershus, [[Våle]] (Vestfold) og [[Sande]] i Vestfold.
[[Sande]]
:Sande ligg i Tune i nåverande Sarpsborg kommune. I 1648 tilhøyrde det hovudsoknet i Tune prestegjeld.
:Sophie Brockenhus hadde også arva Sande etter onkelen Peder Brockenhus.  Hovudgarden og det meste av det tilliggjande godset gjekk etter Jens Bjelkes død i arv til dottera Elisabeth. Noko av godset i Råde gjekk til systera Margrethe.
:Hovudgardstaksten i 1648 var 9 skippund korn (22,5 thk) inklusive underbruka ”Iissemarch” (Isebakke?), Vodin, Torp og Kollerød. Dertil kom avlsgarden Lille Roe med Øksnøya under eigen takst på 1,5 thk . Under Sandes jordebok i 1648 er oppført ei flaumsag på Kollerød, ein fjerdepart i ei sag ved Moss (Berg sag) og leigeinntekt frå ein stabelplass ”ved den øffuerste Munche Saug” på Jens Bjelkes grunn ved Moss. Det var ei kvern på Isebakke som var brukt under hovudgarden.
:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde i alt 111 thk. Det fordelte seg på 20 gardar i Tune, 7 i Råde, 2 i Svindal (i Våler), 3 i Varteig, ein i Nittedal i Akershus og 1 i Østre Aker (Tøyen gard, nå i Oslo).
[[Veden]]
:Veden ligg i [[Tistedalen]] i dagens [[Halden]] kommune. I 1648 tilhøyrde garden [[Asak]] anneks til [[Berg i Østfold|Bergs prestegjeld]]. I den verdslege eadministrasjonen låg den under [[Idd og Marker len]].
:Også Veden var truleg også del av Sophie Brockenhus arv etter foreldra, da mor hennar, Dorte Juel er oppført som eigar i 1590-åra. Etter Jens Bjelkes død gjekk Veden i arv til dottera Dorthea.
:Hovudgardstaksten var med tre underbruk taksert til 7,5 huder eller 7,like mange  thk. Dertil kom avlsgarden Orød i Idd på 1 skippund korn (2,5 thk). Det store aktivum ved Veden-godset var dei mange sagbruka i Tistedalen som låg på Vedens grunn, i alt 11 i følgje jordeboka til Jens Bjelke. Sagbruka gav til saman 335 riksdalar årleg i paktingsavgift eller mølleskyld..
:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 32 thk i landskyld. Dertil kom grunnleige på i alt 27 riksdalar. Det var i alt 12 gardar med minimum 11 leiglendingar. 3 av gardane låg i hovudgardssoknet (Asak), og Jens Bjelke oppnådde også vekedagsstatus for 4 gardar i Idd. Så var det 3 gardar i [[Rødenes]] og 1 gard i [[Øymark]].
[[Herrebrøden]]
:Herrebrøden ligg i nåverande Halden kommune, i [[Rokke]], som i 1648 var anneks til Bergs prestegjeld. Det låg til Idd og Marker len i den verdslege administrasjonen.
:Når og korleis Herrebrøden kom Jens Bjelke i hende, er uvisst. Men Herrebrøden er ikkje nemnt blant Jens Bjelkes setegardar i eit oversyn over norske adelege setegardar frå 1639, som er trykt i Magazin til den danske Adels Historie (1, band s. 137). Etter Jens Bjelkes død gjekk Herrebrøden i arv til sonen, riksadmiral Henrik Bjelke.
:Hovudgardstaksten i 1648 er 6 thk, medrekna ei lita kvern. Rekna til hovudgarden låg to flaumsager ved [[Krappeto]], berekna til 80 riksdalar mølleskyld.
:Det tilliggjande leiglendingsgodset utgjorde 22 thk. Det galdt 10 gardar med minimum 12 leiglendingar, alt innan Rokke anneks. Sidan Jens Bjelke hadde bygselrett til det heile, var altså alt dette vekedagsgods.


== Litterær produksjon ==
== Litterær produksjon ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer