Johannes Sejersted: Forskjell mellom sideversjoner

Mellomlagring
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 12: Linje 12:


General Sejersted er den mest kjende representanten for det som kan kallast offisersdynastiet Sejersted. Det starta med bondeguten [[Hans Knutsen Sejersted]] (ca. 1666-1750) som vart premierløytnant. Han var frå garden [[Serstad]] (Seierstad) i [[Hoff]] på [[Østre Toten]], son av [[Knut Eynersen Seierstad]]. General Sejersted var oldebarn (sonesons son) av Hans Knutsen.
General Sejersted er den mest kjende representanten for det som kan kallast offisersdynastiet Sejersted. Det starta med bondeguten [[Hans Knutsen Sejersted]] (ca. 1666-1750) som vart premierløytnant. Han var frå garden [[Serstad]] (Seierstad) i [[Hoff]] på [[Østre Toten]], son av [[Knut Eynersen Seierstad]]. General Sejersted var oldebarn (sonesons son) av Hans Knutsen.
== Kvar var Johannes Sejersted frå? ==
Det har også vore noko uvisse kring spørsmålet om kvar Johan Sejersted var fødd og oppvaksen. I slektshistoria står det at han var fødd i [[Stjørdalen]], og dette blir så gjentatt i mange omtaler. I Stjørdalsboka (1950)  er fødestaden nærare bestemt til garden [[Søre Gjeving]] i [[Lånke]] i Stjørdalen (gnr. 167). Der skal familien ha budd til 1775, men det framgår ikkje når dei hadde flytta dit. I sin artikkel om Sejersted i Norsk biografisk leksikon 1958, framheld [[Odd Lindbäck-Larsen]] at fødestaden  er feil, og at det rette er Flå sokn i Melhus prestegjeld. Han har støtte i kyrkjeboka for dette, der vi finn følgjande innførsel:
:«15de April: Hr. Cap. Sejersteds Søn nomine Johannes” og litt seinare: ”introd. Capit. Sejersteds Frue» (altså [[Leksikon:Inngang|introdusert]] i kyrkjelyden etter barnefødsel).<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17027&uid=ny&idx_side=-14 Ministerialbok for Stjørdalen 1761]</ref>
Særleg yngre offiserar flytta mykje rundt etter skiftande tenestestader. Familien Sejersted skal også ha budd ei tid på garden [[Saksvik]] i [[Strinda]]. I 1774 fekk Jens Fr. Svane Sejersted skøyte på garden [[Mæle]] i Stjørdal hovudsokn (gnr. 111), og flytta snart inn der. På det tidspunktet hadde Johannes starta på si militære løpebane, så han har neppe budd på Mæle anna enn under besøk hjå familien. Han hadde odelsrett på garden, men overlet denne til den yngre broren [[Fredrik Christian von Sejersted]], som også var offiser. Familien, inklusive mor deira i enkjestand, budde på Mæle sidan, slik det framgår mellom anna av folketeljinga 1801.<ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011714&gardpostnr=27&personpostnr=660&merk=660#ovre Folketeljinga 1801 for Stjørdalen]</ref>
== Militær karriere fram til 1814 ==
«Jeg begyndte min militaire Løbebane i Hs. Majestæts og Fædrelandets Tjeneste d. 16. September 1774 i det Trondhjemske Dragon-Regiment», fortel Sejersted sjølv i sitt livsløpsoversyn. Det er ikkje kjent kva utdanning og opplæring han hadde før den tid, men rimelegvis har faren instruert han i militære disiplinar, både bokleg og praktisk.
Sejersted fortel vidare at han hadde «4 Aars Ophold i Kjøbenhavn» i åra 1777-1781. I fleire sekundærkjelder står det at han «studerte» der. Det er rimeleg å tenkje seg at dette har vore militære fag, t.d. ved Kadettkorpset (tilsvarande den norske [[Krigsskolen]]). Om det var universitetsstudiar, hadde han venteleg nemnt dette sjølv. Gjennomgått kjeldemateriale gjev ikkje noko sikkert svar på dette.
Avansement og stilling i det militære var elles som følgjer:
== Referansar ==
<references/>
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer