John Andersen Nordhuus

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. okt. 2018 kl. 12:51 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under samarbeid}} ''John Andersen Nordhuus'' (fødd på Lund i Brønnøy 1785 (døypt 2. oktober det året), død på Nordhus i Brønnøy 17. juli 1863), var bonde, fiskar og g...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


John Andersen Nordhuus (fødd på Lund i Brønnøy 1785 (døypt 2. oktober det året), død på Nordhus i Brønnøy 17. juli 1863), var bonde, fiskar og gardbrukar, stortingsmann og lokalhistorikar. Han er mest kjend for å ha gjeve ut Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn i 1848, ei bok som kan sjåast nærast som ein protoyp på bygdeboksjangeren gards- og slektshistorie som vart så utbreidd i det neste århundret.

Foreldra var Anders Isaksen og Mille Jonsdotter. Dei var gardbrukarar på garden Lund. Faren drukna på havet da John var berre tre år gammal. Mora gifta seg opp att med Johannes Andersen. Stefaren skal ha vore ein uvanleg opplyst mann, og blir gjeven mykje av æra for at John utvikla interesse for lærdom og samfunnsengasjement. John Andersen vart gift med Kristiane Larsdotter. Hennar morfar var bonde og jekteeigar Hans Jensen på Nordhus, som John Andersen var i arbeid hjå i ungdomen. Hans Jensen døydde i 1810, og John og Kristiane fekk høve til å overta halve garden Nordhus, og dei arva ei betydeleg formue også utover gardsverdien.