Jon Kiland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (→‎Kjelder: litt layout)
Linje 6: Linje 6:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
*  Lars Veum: ''Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal.'' Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
Veum, Lars: ''Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal.'' Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
*  Lars Veum: ''Lars Veum: Kilegrend. Grenda i sør.'' Kilegrend Grendelag 2011.  
Veum, Lars: ''Lars Veum: Kilegrend. Grenda i sør.'' Kilegrend Grendelag 2011.  
*  Steinar Marvik: ''Fyresdal. Gards- og ættesoge.'' Fyresdal kommune 1992
Marvik, Steinar: ''Fyresdal. Gards- og ættesoge.'' Fyresdal kommune 1992
*  Karsten Ådna: ''Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum av Karsten Ådna.'' A.S. Lunde & Co.s forlag 1955
Ådna, Karsten: ''Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum.'' A.S. Lunde & Co.s forlag 1955


{{f1}}
{{f1}}

Sideversjonen fra 13. mai 2011 kl. 18:38

Jon og Gro Kiland (H.R.Norberg, Tvedestrand)

Jon K. Kiland (1841-1922) i Kilegrend i Fyresdal var ein stor skogeigar og hadde etter kvart mange eigedomar, mellom anna Uppistog Kiland Gnr. 25/1 og Øvre Væting Gnr. 35/7. Foreldra var Kjetil Høljeson Fossheim (1797-1867) og Åse Jonsdatter Bø (1805-1881) som kom frå Bø til Uppistog Kiland i 1855. Jon var nr. 6 av 9 sysken og tok over garden. Denne utbetra han på alle vis til å bli ein god gard. I Kilegrend var det tungvint å få handle og difor starta han ein landhandel på garden. Han var ein kunnskapsrik og framsynt skogeigar med sterkt engasjement innafor fleire sider av næringslivet og samfunnet generelt. Han var ordførar i Fyresdal 1902-1904 og medlem av direksjonen for Fellesfløytinga etter omorganiseringa i 1903. Her gjekk han sterkt ut mot byen sine sterke interesser.

Væting øvre (O.S.Nylid)

I 1885 kjøpte han garden øvre Væting og flytta opp dit. Der utbetra han husa og jorda mykje, starta og opp her ein landhandel. Han var då ein ser aktiv mann i det kristne arbeidet. Han var initiativtakar til Fyresdal Dampskipsselskap som stod som kjøpar av D/S «Fyresdal» i 1876. Han la ned ein stor innsats for å få bygd ein sidebane frå Tjønnefoss stasjonTreungbanen og opp til Kilegrend. Då ville ein kunne sleppe den vanskelege fløytinga i vassdraget. Traseen vart planlagd, det vart sikra lokal innsats, men Stortinget gjekk ikkje inn for det. I hans tid vart det gamle legdsystemet avløyst og han gjekk inn for å kjøpe garden Foldsæ i Hauggrend til fattiggard.

I 1860 åra var der ei stor vekking i Vrådal. Jon Kiland var på eit stormøte der i 1873 og då vart han omvend. Frå den dagen gjekk han fullt og heilt inn for kristent arbeid. Han hadde eit sterkt ynskje om at andre skulle få del i det nye han opplevde, og når det kom predikantar til Kilegrend, sende han dei mellom anna over til Vik i Birtedalen der kona hans var frå, for å halde møter der. Han var gift med Gro Tjøstovsdtr. Vik (1841-1919). Han kosta av eigen pengepung løn til predikantar som kom og heldt møte, og til predikantar som vart sendt ut. Etter den store vekkinga på Vegårdshei i 1880-åra slutta han seg til dei. Det vart bygd bedehus i Kilegrend (Elim), og det vart sagt at Jon Kiland kosta dette åleine, han fekk og bygd bedehus på Veum (Saron)og bedehuset Betel i Folkestadbyen i sentrum.

Kjelder

  • Veum, Lars: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
  • Veum, Lars: Lars Veum: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ådna, Karsten: Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum. A.S. Lunde & Co.s forlag 1955