Jon Sandvik Sementvarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jan. 2014 kl. 08:34 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jon Sandvik Sementvarefabrikk''' var ein sementvareprodusent på Erstad i Sykkylven. Bedrifta vart etablert og driven av Jon Sandvik. Han hadde dei same sandrettane som Sandkongen, [[...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jon Sandvik Sementvarefabrikk var ein sementvareprodusent på Erstad i Sykkylven. Bedrifta vart etablert og driven av Jon Sandvik. Han hadde dei same sandrettane som Sandkongen, Hans Fredrik Erstad, tidlegare rådde over. Frå sandtaket henta Sandvik masse som han nytta i produksjonen av den såkalla Parallellblokka frå 1949.

Produktideen hadde Sandvik henta frå Sverige, der han var under siste verdskrigen. Det spesielle med steinen var at han hadde mange holrom som gav god isolasjonseffekt. Parallellblokka vart godkjend som enkel yttervegg i bustadhus. Steinen skulle såleis stette eit stort behov i etterkrigsåra med stor byggeaktivitet og mangel på byggevarer. Blokkene frå Sandviks sementvarefabrikk vart nytta i mange hus på Sunnmøre.

Framstillinga av sementvarer var sesongbetont. Vinterstida med kulde høvde dårleg for produksjonen sjølv om verksemda heldt til innandørs. Første tida var dei i løa i Hansgarden på Erstad. Sidan vart det bygt eit hus nede ved Erstad-kaia.

Bedrifta disponerte to lastebilar og var utstyrt med tidhøvelege maskiner. Fabrikken vart avvikla i 1957.


Kjelde:

Sykkylven leksikon Sykkylven kommune Næringsliv Etableringer i 1949 Opphør i 1957