Hans Fredrik Erstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det herskaplege huset som Erstad sette opp til seg i 1914.
Foto: Eldar Høidal (2012)

Hans Fredrik Erstad (fødd på Erstad i Sykkylven 12. desember 1868, død 1918) gjekk i velmaktsåra sine under namnet «Sandkongen». Han slo seg opp på sal av mursand i samband med gjenreisinga av Ålesund etter brannen i 1904.

Bakgrunn

Foreldra var Bernt og Emte Erstad. Hans Fredrik Erstad tente sine første pengar på notfiske i fjorden. Fisken selde han til Ålesund. På den tida var det ikkje så mykje anna å tene pengar på for ein småbrukarson. Men Hans Fredrik såg fleire utvegar enn dei fleste. Kring førre hundreårsskiftet kom han i gang med sal av bein som vart frakta til Lübeck i Nord-Tyskland og male til beinmjøl der. I 1902 starta han sjølv produksjon av beinmjøl i eit anlegg ikkje langt frå Riksheim-brua. Her var både beinknusar og tørkeri. Det finst framleis restar av ei oppbygd steinrenne som leidde vatnet fram til anlegget, og fleire av steinane som mol beinet til mjøl vitnar enno om dette tiltaket som var den første eksportbedrifta i Sykkylven.

Sand til Ålesund

Men det var sandfrakta som gjorde Erstad til ein velhalden mann etter lokale tilhøve. Etter den store ålesundsbrannen i 1904 skulle byen attreisast og det vart innført murtvang. Det vil seie at alle bygga i sentrum skulle vere i stein og mur. Dermed vart det ein stor marknad for dei som hadde sand som kunne nyttast i murblandingar som dei trong for å reise dei mange jugendhusa i Ålesund. På grunn av den nære avstanden til Ålesund var Sykkylven ein framifrå plass for slik verksemd. Dette var også ein kommune med gode og lett tilgjengelege sandforekomstar. Som på Erstad. Ikkje berre trong dei sand til attreisinga av Ålesund. Dei trong også kalk og teglstein. Teglstein fekk dei frå Aure Teglverk og kalk og sementstein frå anlegget til Heinrich SchmidtBlindheim.

Hans Fredrik Erstad var ikkje den første som selde sand frå Erstad, fortel Fredrik Drabløs som har skrive ein artikkel om Sandkongen. Det skal ha vore Petter Erstad som var pioneren på dette feltet. Hans Fredrik kom i gang litt seinare, men han var nok den beste forretningsmannen av dei to. Han gav kjøparane gode prisar slik at dei ønskte å handle med han. Hans Fredrik Erstad skal ha vore heilt nede i ein pris på 10 øre pr hektoliter sand.

Ålesund rett etter bybrannen 23. januar 1904.
Foto: Kirkhorn, Molde.

For å få sanden ut til båtane som skulle frakte massa til Ålesund vart det laga ei kai som gjekk på pålar så langt ut i sjøen at båtane kunne kome til. Men det var eit stykke å frakta sanden før han kom heilt ned til strandkanten. Dette studerte Hans Fredrik mykje på. Han fekk etter ei tid gode råd og hjelp frå nokre som hadde vore på gullgraving i Alaska. Der var dei vande med å leide sanden gjennom trerenner. Slik ordna Sandkongen seg også. Han fekk leida vatn frå elva Tverråna, som ligg ovanfor Erstad-setra, og ned mot Erstad. Oppe ved setra laga han til ei demning som sørgja for at det heile tida rann ut høveleg mengde med vatn. Vatnet vart så leidd inn mot sandtaket der det vaska ut sand som så vart ført vidare i renner ned mot sjøen. På denne måten fekk han også reinska sanden for leir og slagg. For å fjerne steinar gjekk sanden gjennom sold og rister. Når sanden var komen ned mot sjøen vart han ført opp i kar medan vatnet rann vidare og ut i sjøen. Etter at kara var fylte opp, vart dei førte vidare ut til båtane. På dette viset kunne dei få transportert 1000 hl sand per dag til Ålesund.

Etter at behovet vart større, fekk dei laga ein skinnegang slik at vogner frakta sanden ned til kaia. Først skal det ha vore bygd ein enkel skinnegang, så kom det opp eit dobbeltspor. Ved eit koplingssystem kunne dei nytte fallenergien i dei fulle sandvognene for å få opp att tomvognene.

Sykkylvens nest rikaste mann

Det er ikkje mykje som syner att av sandverksemda i dag. Det einaste som finst er dei nesten usynlege spora i sandtaket, restane av ein skinnegang og ein einsleg rest av ein kaipåle som kan sjåast inne på land. Frå dette punktet gjekk kaia tjue-tredve meter ut i vatnet på flo sjø. For nokre år sidan stod restar av eit par pålar nett der marebakken byrjar. Desse måtte fjernast fordi dei var i vegen for nota som vart sett der. Området ved det smålåtne kulturminnet vert framleis kalla Sandkaia.

Hans Fredrik Erstad vart ein rik mann. Etter likningsprotokollen frå 1918 hadde han då den nest høgste formuen i Sykkylven. Han heldt bedrifta gåande også mange år etter at Ålesund var oppattbygd. I åra frå om lag 1908 til 1918 hadde han faste leveransar til fyr- og hamnevesenet.

Han var medviten om sin posisjon og huset han førte opp på heimegarden høvde godt for ein person som bar namnet Sandkongen. I dag er det ekteparet Petter og Gunnilla Sandvik som eig og bur i huset. Hans Fredrik Erstad fann eit felt ved setrevegen ved Erstad-setra med stein som hadde dei kvalitetane han såg etter. Han fekk tak i svenske steinhoggarar som hogg til steinen i solide blokkar som var veleigna som byggjematerial. Huset vart ført opp i 1914.

Etter at Sandkongen døydde i 1918, var det både post og butikk i huset. Det var som eit lite grendesenter kring tunet på Hans-garden, slik det også hadde vore dei åra Hans Fredrik Erstad fekk utfalde seg.

Kjelder og litteratur