Jon Torsteinsson Veflen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 15: Linje 15:




Sonen Andris vart gift med Ragndi Kristoffersdotter Kvål, og dei overtok både Vøvle òg farsgarden hennar, der dei heldt til storparten av tida. [[Folketellinga 1910|Folketeljinga i 1910]] syner at Jon og Berit Vøvle budde som [[Livøre|livaursfolk]] på Vøvle, saman med dottera Sigrid «som styrer huset for sine forældre». Til hushaldet høyrde òg den 13 år gamle Inga Knutsdatter, som i teljinga vert kalla «skolepike».
Sonen Andris vart gift med Ragndi Kristoffersdotter Kvål, og dei overtok både Vøvle òg farsgarden hennar, der dei heldt til storparten av tida. [[Folketellinga 1910|Folketeljinga i 1910]] syner at Jon og Berit Vøvle budde som [[Livøre|livaursfolk]] på Vøvle, saman med dottera Sigrid «som styrer huset for sine forældre». Til hushaldet høyrde òg den 13 år gamle Inga Knutsdatter. Til hushaldet høyrde òg Sigrid si dotter, Inga.


Både Berit og Jon vart riktig gamle; høvesvis 91 og 97 år.
Både Berit og Jon vart riktig gamle; høvesvis 91 og 97 år.

Sideversjonen fra 24. jan. 2018 kl. 15:21

Jon og Berit Veflen fotografert med flagget i bakgrunnen.
Foto: Valdres Bygdebok I C

Jon Torsteinsson Veflen (fødd 15. september 1837 i Vang i Valdres, død 1934 same stad) var bonde på Nørre Vøvle (Veflen), Høre sokn i Vang.

Han vaks opp på Nedre Kjøs (gnr. 94/1, seinare kalla Lalim) i Vang, som son av Torstein Ivarsson frå Hemsing og Sigrid Jonsdotter f. Remme. Foreldre hadde kjøpt garden i 1831. Eldstebroren Ivar (1834-1925) tok over Kjøs, men Jon gifta seg i 1862 med dottera på Nørre Vøvle, Berit (1840-1931). Ho var dotter av Erlend (Elling) Olsson og Anne Andrisdotter Bunde (1814-1900). Jon og svogeren Ola dreiv fyrst Vøvle i lag, men i 1867 reiste Ola og familien til Amerika. Jon vart då eigar og brukar av heile garden.

Jon og Berit Vøvle fekk desse sju borna:

  • Torstein (1862-1884). Han bada og drukna i elva ved garden.
  • Anne (1864-?), gift med Svein Rengistad på Røvang i Vestre Slidre.
  • Sigrid (1866-1940), ugift, budde på Vøvle.
  • Berit (1869-1937), jordmor, gift med Hans H. Rogstad i Gjerdrum.
  • Kjersti (1874-?), til Amerika, ugift.
  • Andris (1878-1952), overtok garden.
  • Ola (1881-?), til Amerika, gifta seg der.


Sonen Andris vart gift med Ragndi Kristoffersdotter Kvål, og dei overtok både Vøvle òg farsgarden hennar, der dei heldt til storparten av tida. Folketeljinga i 1910 syner at Jon og Berit Vøvle budde som livaursfolk på Vøvle, saman med dottera Sigrid «som styrer huset for sine forældre». Til hushaldet høyrde òg den 13 år gamle Inga Knutsdatter. Til hushaldet høyrde òg Sigrid si dotter, Inga.

Både Berit og Jon vart riktig gamle; høvesvis 91 og 97 år.

Kjelder og litteratur