Jon Trondson Romundset

Jon Trondson (Trondsen) Romundset (fødd 1786, død 1863), på folkemunne kalla Jo Tronså, var ein soldat og lærar frå Skarsøya i Aure kommune. Han var utkommandert som soldat i både den dansk-svenske krigen 1808–1809 og den svensk-norske krigen i 1814. Frå 1817 var han omgangsskulelærar i heimkommunen.

I ettertid er han kanskje mest kjent for den såkalla "Jo Tronså-visa" frå 1809, der han skildrar opplevingane sine frå krigen.

Kjelder