Jostedal: Forskjell mellom sideversjoner

1 544 byte lagt til ,  15. aug. 2011
→‎Jostedal prestegjeld og sokn: tillegg om den eldste prestegjeldsinndelinga
(mal - forside jostedalen)
(→‎Jostedal prestegjeld og sokn: tillegg om den eldste prestegjeldsinndelinga)
Linje 15: Linje 15:


==Jostedal prestegjeld og sokn==
==Jostedal prestegjeld og sokn==
Jostedalen låg øyde etter [[svartedauden]] og fekk truleg fast busetnad att i andre halvdel av 1500-talet. Ein kjenner ikkje til når Jostedalen vart skilt ut frå prestekallet i Luster som eige prestegjeld, men truleg skjedde det i 1630-åra. Prestegjeldet hadde berre eitt sokn, og dette vart lagt til grunn for den nye kommunen frå 1837/38. Frå 1967 omfatta Jostedal prestegjeld òg [[Gaupne]] sokn og [[Fet og Joranger]] sokn attåt Jostedal sokn. Gaupne hadde tidlegare høyrd til [[Luster]] prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde høyrt til [[Hafslo]] prestegjeld.
Jostedalen låg øyde etter [[svartedauden]] og fekk truleg fast busetnad att i andre halvdel av 1500-talet. Det fyrste dokumentet etter øydetida som nemner Jostedalen, er ei presteskatteliste som er datert til 1596. Jostedalen hadde då eit "kapell" og prest, men kyrkja og presten hadde framleis ingen tiende eller andre visse inntekter. Den neste kjelda som nemner prest eller kyrkje er frå 1604 då [[Jens Jonasson]] er nemnd som sokneprest.
 
Jostedalen er til liks med Luster fråverande i tiendmanntala for Sogn 1607-1614, noko som gjer det sannsynleg at Jostedalen høyrde til Dale (Luster) prestegjeld, som på denne tida var eige len. I dei årlege tiendemanntala frå 1615-16 til 1618-19 er så Jostedalen omtala under [[Hafslo prestegjeld]] som "et lidet annex" under [[Hafslo]].<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1933 Kongetienda 1614-18] (Jostedal historielag)</ref> Dette kan tyde på at Jostedalen vart lagt under Hafslo i 1614. Frå 1620/21 var det ny sokneprest ([[Mikkel Nilsson]]), og Jostedalen er ikkje lenger nemnd som anneks til Hafslo.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1928 Kongetienda 1620, 1626 og 1627] (Jostedal historielag)</ref> Mikkel var truleg son av soknepresten i Luster, og dette kan tyde på at Jostedalen no var lagd under Luster att. Det var definitivt stoda i 1632 då Jostedalen var nemnd som eit annekssokn i Luster prestegjeld.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=831 Kyrkjerekneskapar (1631-1722)] (Jostedal historielag) I 1636 er så Jostedalen nemnd som eige prestegjeld, og ein plan om samanslåing med Gaupne til eit nytt prestegjeld vart truleg aldri gjennomført.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=350 Brev om sokneinndelinga 1636] (Jostedal historielag)</ref>
 
Prestegjeldet hadde såleis berre eitt sokn, og dette vart lagt til grunn for den nye kommunen frå 1837/38. Frå 1967 omfatta Jostedal prestegjeld òg [[Gaupne]] sokn og [[Fet og Joranger]] sokn attåt Jostedal sokn. Gaupne hadde tidlegare høyrd til [[Luster]] prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde høyrt til [[Hafslo]] prestegjeld.


I Jostedal sokn er det ei kyrkje, [[Jostedal kyrkje]], som stod ferdig i 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet, og ein reknar med at det har stått ei eldre stavkyrkje der. I prestegjeldet var det frå 1967 elles fire kyrkjer: [[Fet kyrkje]] frå 1894, og [[Joranger kyrkje]] frå 1600-talet, begge på [[Indre Hafslo]] og tilhøyrande [[Fet og Joranger]] sokn, og [[Gaupne gamle kyrkje]] frå kring 1650 og [[Gaupne kyrkje]] frå 1907 i [[Gaupne]] sokn. Jostedalen, [[Gaupne]], [[Fet og Joranger]] har alle hatt kyrkje frå [[mellomalderen]].
I Jostedal sokn er det ei kyrkje, [[Jostedal kyrkje]], som stod ferdig i 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet, og ein reknar med at det har stått ei eldre stavkyrkje der. I prestegjeldet var det frå 1967 elles fire kyrkjer: [[Fet kyrkje]] frå 1894, og [[Joranger kyrkje]] frå 1600-talet, begge på [[Indre Hafslo]] og tilhøyrande [[Fet og Joranger]] sokn, og [[Gaupne gamle kyrkje]] frå kring 1650 og [[Gaupne kyrkje]] frå 1907 i [[Gaupne]] sokn. Jostedalen, [[Gaupne]], [[Fet og Joranger]] har alle hatt kyrkje frå [[mellomalderen]].
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer