Karen Mathea Prestegård: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:


== Skysstasjonen ==
== Skysstasjonen ==
Søre Prestgarden var skysstasjon nokre år fram til 1896, da løyvet gjekk attende til Sygard Ånstad i same grenda, som også hadde vore skysstasjon tidlegare. Det er mogleg at bakgrunnen for dette var misnøye med måten Mathea og Pål dreiv verksemda på. I 1894 skriv trondheimsmannen Jens Hoff i skyssdagboka på ein annan stasjon i bygda, [[Pollfoss hotell|Pollfoss]], om si oppleving av Prestegarden førre natta: «På Præstegård Station er gjennemgående dårligt Stel. Slet Opvartning, dårlig og urensligt Madstel samt tvær og uhøflig Behandling, specielt fra Konens Side. Klagen bedes godhedsfuldt taget ad notam.» Verten på Pollfoss har tilføygd: «Sendt Lensmanden 14/8 94.»


== Ettermæle ==
== Ettermæle ==
Kanskje gjev eit slikt lite, tilfeldig glimt eit urettvist bilete av ho Mattia Prestgarden. Kven veit om ikkje den reisande bykaren ved sin eigen oppførsel kunne ha provosert fram uviljen hjå vertskapet? Etter tradisjonen på garden i ettertid er det rett nok fortalt ting om Mathea som heller ikkje gjev eit særleg flatterande bilete av personlegdomen. Mellom anna skal ho ha vore så gjerrig at ho blanda parafin i smøret til tenestefolket så dei skulle forsyne seg mindre av det. Det urimelege i dette - smøret ville jo bli øydelagt og ingenting spart - kan kan likevel tene til å svekke attesten. Gravaren [[Lars Viken]], fortalde at han grov grava hennar Mattia ein halv meter djupare enn vanleg, for om mogleg å hindre at ho skulle gå att (eit tiltak som visstnok ikkje verka...). Lars Viken var husmann i grannelaget, og på folketeljingstidspunktet i 1910 budde familien til leige på Søre Prestgarden. Dette var to år før Mathea døydde, så han kjende nok godt henne og familien. Hans dom over Mathea sin personlegdom var neppe uhilda.




Linje 25: Linje 27:
*Kolden, Jon, ansv. red. Arnfinn Kjelland: ''Bygdabok for Lom 2. Gards- og ættesoge for Lii, Staurustgrendi og Strondi''. Snøhetta forlag. Lom kommune 2002.
*Kolden, Jon, ansv. red. Arnfinn Kjelland: ''Bygdabok for Lom 2. Gards- og ættesoge for Lii, Staurustgrendi og Strondi''. Snøhetta forlag. Lom kommune 2002.
*''Ættebok for Skjåk'', bd. 1 (1946), bd. 2 (1969). Skjåk Historielag.
*''Ættebok for Skjåk'', bd. 1 (1946), bd. 2 (1969). Skjåk Historielag.
{{DEFAULTSORT:Prestegård, Karen Mathea, Erik Olsen}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Fødsler i 1832]]
[[Kategori:Dødsfall i 1912]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Gardbrukere]]
[[Kategori:Skyssvesen]]
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer