Karen Mathea Prestegård

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mar. 2017 kl. 08:45 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Karen Mathea Olsdatter Prestegård''' (fødd i Skjåk 5. mars 1832 død same stad 7. oktober 1912) var gardbrukar og skysstasjonhaldar i Skjåk. I lo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Karen Mathea Olsdatter Prestegård (fødd i Skjåk 5. mars 1832 død same stad 7. oktober 1912) var gardbrukar og skysstasjonhaldar i Skjåk. I lokal daglegtale heitte ho Mattia Prestgarden. Ein finn også stavemåten Mathia i samtidige kjelder.

Familie

Ho var fødd og oppvaksen på Søre Prestgarden i Skjåk, og levde heile livet der, gjennom to ekteskap. Foreldra var Karen Dorthea Hansdotter Torp (fødd ca. 1795) og hennar mann i andre ekteskap Ola Olsen Prestgard (fødd 1805). Mathea voks opp saman med ein 10 år eldre stebror, Erik, (Erik O. Hagen,) som seinare vart kjend som lekpredikant.