Karl Johan Welle

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. apr. 2014 kl. 19:58 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Karl Johan Welle''' var ein radioforhandlar i Sykkylven. Welle var også mykje med i kristeleg og kulturelt arbeid i Sykkylven gjennom mange tiår. Welle vart fødd i Borgundfjordveg...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Karl Johan Welle var ein radioforhandlar i Sykkylven. Welle var også mykje med i kristeleg og kulturelt arbeid i Sykkylven gjennom mange tiår.

Welle vart fødd i Borgundfjordvegen i Ålesund 12. februar 1920. To år gammal flytte han med foreldra, Helene og Karl Welle, til Sykkylven. Her starta faren opp med konfeksjonsverksemd som etter kort tid vart flytta til Stordal. Då Karl Johan var 17 år kom familien tilbake til Sykkylven. Dei budde i Vinjehuset der dei også hadde syverkstad. Tre år seinare bygde faren hus i Aure sentrum. Syverkstaden hadde dei i første etasje. Her arbeidde også Karl Johan ei tid. Hit kom også Aslaug Slyngstadli som skulle bli kona hans. Dei gifta seg i 1942 og fekk fem born: Kjell, Oddny, Hildur, Alice og Anne.

Karl Johan gjekk på framhaldsskule og handelsskule, men interessene hans gjekk i teknisk retning. I 1938 starta han elektroforretning, og sal og reparasjon av radioar vart snart hovudaktiviteten. Under krigen vart det slutt på radiosalet, men Karl Johan heldt kunnskapane ved like og var klar til å ta opp radioforretninga så snart landet vart fritt. 8. mai monterte han radio med høytalar i Aure sentrum slik at alle kunne få høyre nytt etter at krigen var slutt. Han dreiv forretninga K.Welle & Co. i nær 50 år.

Karl Johan Welle var ein aktiv kristen og han var mykje med i arbeidet ved Sykkylven bedehus.