Karl Johan Welle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Karl Johan Welle (fødd 12. februar 1920 i Ålesund, død 2. april 2014 i Sykkylven) var ein radioforhandlar i Sykkylven på Sunnmøre. Welle var også mykje med i kristeleg og kulturelt arbeid i Sykkylven gjennom mange tiår.

Welle vart fødd i Borgundvegen i Ålesund. To år gammal flytte han med foreldra, Helene og Karl Welle, til Sykkylven. Her starta faren opp med konfeksjonsverksemd som etter kort tid vart flytta til Stordal. Då Karl Johan var 7 år, kom familien tilbake til Sykkylven. Dei budde i Vinjehuset der dei også hadde syverkstad. Tre år seinare bygde faren hus i Aure sentrum. Syverkstaden hadde dei i første etasje. Her arbeidde også Karl Johan ei tid. Hit kom også Aslaug Slyngstadli som skulle bli kona hans. Dei gifta seg i 1942 og fekk fem born: Kjell, Oddny, Hildur, Alice og Anne.

Karl Johan gjekk på framhaldsskule og handelsskule, men interessene hans gjekk i teknisk retning. I 1938 starta han elektroforretning, og sal og reparasjon av radioar vart snart hovudaktiviteten. Under krigen vart det slutt på radiosalet, men Karl Johan heldt kunnskapane ved like og var klar til å ta opp radioforretninga så snart landet vart fritt. 8. mai monterte han radio med høytalar i Aure sentrum slik at alle kunne få høyre nytt etter at krigen var slutt. Han dreiv forretninga K.Welle & Co. i nær 50 år.

Karl Johan Welle var ein aktiv kristen og han var mykje med i arbeidet ved Sykkylven bedehus. Han var leiar i lokallaga både av Indremisjonen, Misjonssambandet og Misjonsungdomslaget. Mest kjent vart han for sitt langvarige arbeid med songen og musikken. Han var i mange år dirigent i misjonskorpset Credo og i Misjonskoret. Han trakterte ofte flygelet og han spelte fiolin i Storfjordens symfoniorkester. I 1991 fekk han Sykkylvsbladet sin kulturpris for den allsidige innsatsen sin.

Karl Johan Welle var med å skipe Sykkylven handelsforening i 1954. Han var også med å starte Tempelridderordenen i Sykkylven i 1975. Han var aktiv i Sykkylven Rotary og arbeidde som friviljug i Kirkens SOS. Han hadde mykje glede av sjølivet og båten sin, Karlos, brukte han mykje. I pensjoniståra likte han og Aslaug å reise, og dei var på turar både til Israel og til land i Europa.

Kjelde