Kjeldearkiv:1886-04-28 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: ''Nr. 9: Kleiven frå Vågå'' Kleiven 28. 4. 86. Kjære Kristian! Med det sama eg idag sendar deg Rydberg skal eg au nytte tilhøve og sende deg nokre få ord, for eg har ikkje m...)
 
(Tømmer sida)
Linje 1: Linje 1:
''Nr. 9: Kleiven frå Vågå''


Kleiven 28. 4. 86.
Kjære Kristian!
   
Med det sama eg idag sendar deg Rydberg skal eg au nytte tilhøve og sende deg nokre få ord, for eg har ikkje mykje å skrive um. For væl ei vekas tid sia var eg upp i Hedalen og var lengje i Prestgarden og snakkad ved mor di  og dei andre folkje i huset. Me prata da serleg um ein lang “slyngel” nede i Danmark – særleg hadde eg og mor di eit og annat å segja um den sama lange rækelen.
   
Imillom anna var me inne på den tanken, som mor di<ref>Marit Prestgard.</ref> har havt um å sende den umnemnde “sløngel” og “rækel”, og kva meir han kan vera, på seminariet.<ref>Mora ville at Prestgard skulle gå på Asker seminar og bli lærar.</ref> Det trudde da eg ikkje dugde; eg visste nok, at “sløngelen” vilde ta seg ein god eksamen når han kom i selen fyrst, men eg var so umlag sikker på, at han alder kom til, å bruke den eksamen. Og dei kunnskapar, han der vilde få dei hadde han førr sonær som religion og da kunde eg ikkje skjøne annat, enn at det var eit måfå-arbei og ein måfåkostnad og ei grenselaus pine for “slyngel-rækelen”. Det var mor di og dei andre einig med meg i – “men framtidi og levevegen?” Ja, da rådd eg til, å la “rekelen” freiste å finne ut den sjøl; no trudde eg, at det var best han fekk tumle seg i Danmark solengje han vilde for det fyrste og so meinte eg, at sidan fekk han lite um senn sprengje seg ei “bane” eit yrkjefar i livet.
   
Eg trur ikkje, at den seminarplani sitt hart der heime hjå deg og hjå deg sjøl veit eg von til, at ho er au berre lite fastgrodd og so kjem ho vist til å døy reint burt. Og fred med hennar!
   
På heimferdi frå Hedalen, eg gjekk over høgdi, var eg framme hjå Hans Haugen<ref>Hans Krukhaugen.</ref> og søkte upplysning um sume av mine sagnheltar. Jau, eg fekk ikkje so reint lite enda; men hans rette “specialitet” er nok huldra og det overnaturlege. Eg hadde så litol tid denne gongen, at eg laut gjøyme huldersagni til neste gong eg kjem uppi Hedalen. Um Herringstad’n, Knutsson, Nyborgskarane, “Offsen”<ref>Storofsen (storflaumen) i juli 1789.</ref>  og “Svartdauen” fekk eg nokre nye småstubbar av han, som eg var takksam for. Makalaust minne i den gamlingen! Skulde helse deg frå honom!
   
Me har nett gjort frå oss påskhelgi<ref>Fyrste påskedag var 25. april det året.</ref> her no og ho har eg da “tura” med å liggje inne heile tidi. Andre påskedagskvell hadde me elles møte i samtalelaget vort<ref>Kleiven skipa "Lalms og Otdalens Samtalelag" i 1884. I 1894 vart det omgjort til Lalm ungdomslag.</ref>. Me skulde ha ordskifte um kvinnesaki og eg innleidde emnet på den måten, at eg gav eit kort oversjå over den stelling kvinna har inntekje i samfundet frå gamal tid av og hennar stelling no. Eg peikte særleg på det urettferduge i hennar eigendomssamhøve i gjiftarmålet; so gjorde eg greide for kva kvinnefrigjeringi går ut på og kva kvinna krev, peikte so tilslut på det gagn samfundet vilde få ved, at kvinna vart sett på lik fot med mannen og kom under innleidingi til å gjeva Paulus og 1ste mosebok eit hibb for sit syn på kvinna. Det vart eit livlegt orskifte! Alle var samde um, at kvinna i eigedomssamhøvi i gjivtarmålet leid stor urett, og at her laut lovi brigdas; fleire av dei unge vilde og, at ho skulde få full borgarrett som mannen. Men so var det fleire ældre, som var tvilsamde um antel ho skulde ha røysterett eller ikkje. So kom Pål Nygard, min “svoger” skal bli<ref>Paul (Pål) Nygård vart gift med Marit Kleiven, syster til Ivar, den 3. juli 1886.</ref> – kom med sit romantiske, Synnøve-kvinneideal som du veit heng der uppe umkring morgonrauden – og gjennomgjekk mit innleidingsord. Han vilde da ha kvinna og hennar verksemd innhagfellt innafor dei fire veggjer “i det stille og skjulte” der skulde ho da uppdraga samfunnslivet. Eg kom under mi innleiding til å halde fram, at det kvindelege ikkje var nok “stabilt” men noko, som skifta etter som både den enkelte og tidsåndi kravde. Soleis, at for realisten var slike som Karen i “det n. syst.” kvindelege og for romantikeren var “Synnøve”  mestersguten. På den visen kom eg nok til å gjeva romantiken eit lite spark og so laut eg halde for. Kampen vart da gåand ei tid millom meg og Nygård og han fekk med seg 2–3 gamle mænn og eg ungdomen. Ein ung gut var det, som kom med tvil frå barnelærdomen og som heldt fast på, at kvinnesaki stridd mot kristendomen. Saki vart utsett til nyt orskifte på næste møte, og no lyt eg til da pløgje igjenom Moses og Paulus for å freiste å koma med “intyg” for, at korkje Vorherre eller Paulus er motstandare av kvinnesaki.
   
Dette for å syne deg, at ørlite “interesse” fins det for åndslivet sjøl her i den svarte tronge Otdalen.
   
Med våren er det so og so – idag har me snjo, ja “føike” elom til; førre påske hadde me overlag godt vedr og det byrja alt å grøne i marki.
   
No du da? Går og pløgjer er truleg.
   
So fær du ikkje meir dennegongen. Eg ventar svært på brev frå deg og kjem det ikkje brev frå deg imorgon, so kallar eg deg truleg med nokre av dei vakkre namnom du veit eg har liggjande på “lager”.
Takk for idag!
Din
Ivar

Sideversjonen fra 16. nov. 2017 kl. 09:11