Kjeldearkiv:1889-07-24 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nr. 60: Kleiven frå Vågå

Kristian!

Kniven fær eg sendt åt Bjølstadmo samstundes med desse, men persa fekk eg ikkje med – stridt tung er ho kanhende til å plage postgutten med au. – Ho ligg her i sætra. En um du ranglar hit etter henna sjøl um du orkar? det vøre no forrmest, måta, men orkar du ikkje fær du få ein gutpøyk til å gå. Persa hastar det ikkje med, kniven skulde eg havt att til den 1ste august da eg lyt setja istand eit par bøker det bele. Eg veit ikkje kordane desse knivane er men du fær kvetja og slipe til du fær eggen bein – er dei fortjukke, så dei vil brjote kanten medsama dei skjer ut skare ved ryggen, fær du slipe breiar sliping så eggen tynnes nogo.

Her er det status qvo – eg er no i dei siste tiom i stygg spekendas um å arbeie ein randsel til prøve – ein national urukse – eller kanskje «Bjerkebekk» for både låk og flaskerum skulde vera av fletta never! Korleis er det med helbrigden?

Freiste snerte deg hit um du kan slikt som imorgon eller det!

Helsing fra alle her i huse og frå Pål Nygård som nett sit og et og ruggar borde mea eg skriv!

Ivar.

24/7 [1889].