Kjeldearkiv:1890-00-00 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2017 kl. 14:19 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag) (Ny side: [1890?] Kristian! Gjer meg den tenesta og legg inn til utdelings dei medfølgjande «Otdøler». Å, eg kan ikkje koma laurdag heller eg! Fær ikkje tider – både eg og Iver riv...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

[1890?]

Kristian!


Gjer meg den tenesta og legg inn til utdelings dei medfølgjande «Otdøler». Å, eg kan ikkje koma laurdag heller eg! Fær ikkje tider – både eg og Iver riv og slit av alle krefter for å få ferdugt utstellings-næverarbei åt Kristiania og Gjøvik! Har du råd med å sende attende «På Guds veie» – Anne Stokkestad m. fl. riv meg nære sunn etter’n og døkk Heiddøler veit eg no har fått boka sjølve. – Årsaka, at du ikkje har fått kniven førr – vi brukar kvar sin og skjer næver med, eg og han Iver, ser du.

Men kan du ikkje koma hit no ved helgleite – eller har du likeså hardt um tider, som eg? Sjå på næverarbeiet? Trykkjing av Otdølen? hm!?

Ivar.