Kjeldearkiv:1893-05-21 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 28: Linje 28:
[[Olav Åsmundstad|Aasmundstaden]] skreiv aat meg fyrst i maanaden, eit kvikt, langt, forvitnelegt brev som det gjekk ei meir gladvære stemning igjenom. Han hadde gjort ei byferd paa ski ivaar, havt med Njaala og lese upp aat [[Hans Ross|Ross]] som hadde gjeve eit og anna “bifaldende grynt” og ei og annor rettleiding. Ein kveld hadde han ilag med [[Per Sivle|Sivle]] og [[Hallvard Johanson|Halv. Johanson]] vore uppe hjaa Ross paa fenaknok og drammer; dei let seg den namnspurde gode kognaken til Ross smaka seg, kom i godlag og Sivle losna med skrønor saa det berre rann or hono og dei laut akte seg væl for ikkje aa mige ut seg. Ross hadde tala mykje um dei unge diktarane vore og det var høyrandes til, at det var [[Hans Aanrud]] han hadde best tru paa av dette unge lage. Han kom med det slagorde, at all dikting og kunst, som har nogo verd, lyt vera “uppbyggjeleg”, og det var det saa lite av i mangt desse unge foor med, tykte han. Det var nok ei uppbyggjeleg stunn dei hadde hjaa Ross den kvelden og visst er det, at eg har ikkje set Aasmundstaden saa frisk i pennen paa langsamleg tid. Njaala er reinskrivi og da han skreiv no sist bad han um aa faa sende meg ho heftvis til “gjennomsyn”, og um aa faa meg til aa gjera “randbemærkninger”.

Nogo nyt fraa heruppi dalen veit eg ikkje aa fortelja deg som kan vera verdt aa øyde ein einaste blekdrope paa. Vi fekk tidleg og god vaar og no held det paa aa bli vakkert sjøl i Otdalen. Eg har ikkje kome meg av uppi Bøneslii enno og faatt meg kokfisk – Omund<ref>Amund (Omon) Prestgard.</ref> hadde ikkje vore ved Merringsdalsvatne enda heller føre Pints, men vatni er no opne og ligg der aa ventar paa oss.
Nogo nyt fraa heruppi dalen veit eg ikkje aa fortelja deg som kan vera verdt aa øyde ein einaste blekdrope paa. Vi fekk tidleg og god vaar og no held det paa aa bli vakkert sjøl i Otdalen. Eg har ikkje kome meg av uppi Bøneslii enno og faatt meg kokfisk – Omund<ref>Amund (Omon) Prestgard, onkelen som Kristian var mykje saman med på fjellfiske i guteåra..</ref> hadde ikkje vore ved Merringsdalsvatne enda heller føre Pints, men vatni er no opne og ligg der aa ventar paa oss.
      
Dei siste fjortendagar har eg fari bygdi rundt paa aarsprøvor ved skulerne og, hjelp ikkje det er kleint baade med lærebøker enno og med skulesøkninga, lyt eg likevæl sanne, at skulen dreg seg fram føt um anna.

Skribenter
10 586

redigeringer