Kjeldearkiv:1904-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 38: Linje 38:
Du vil høyre um Planer, du, og no har du faat høyrt um dei. Planer, ja. Eg har no stødt havt so god Raad paa deim, at hadde eg vore so grepa Kar til aa set dei igjenom, so skulde eg no til denne Dag med mine 50 Aar i Ryggen havt gjort i kvar ein Stad likesomykje som Bismark. Men ingen kan leggje ei Aln “til sin Gevækst”<ref>Matt. 6,27.</ref> og eg har no vore ein grov Stakkar; no kjenner eg meg sjøl noko betre, so eg er meire var med aa leggje Planer for Framtidi og enno varar med, aa lata andre faa høyre um deim. Likevæl, etterdi du no har faat narra utur meg ei lang Remse, so kan eg gjenne sleppe etter det, eg att har. For det er enno noko meir eg har gaat og drøymt um desse siste Aari.
Du vil høyre um Planer, du, og no har du faat høyrt um dei. Planer, ja. Eg har no stødt havt so god Raad paa deim, at hadde eg vore so grepa Kar til aa set dei igjenom, so skulde eg no til denne Dag med mine 50 Aar i Ryggen havt gjort i kvar ein Stad likesomykje som Bismark. Men ingen kan leggje ei Aln “til sin Gevækst”<ref>Matt. 6,27.</ref> og eg har no vore ein grov Stakkar; no kjenner eg meg sjøl noko betre, so eg er meire var med aa leggje Planer for Framtidi og enno varar med, aa lata andre faa høyre um deim. Likevæl, etterdi du no har faat narra utur meg ei lang Remse, so kan eg gjenne sleppe etter det, eg att har. For det er enno noko meir eg har gaat og drøymt um desse siste Aari.
      
      
Av “Kringum Peisen”<ref>Sjå note 322.</ref> har eg att ein god Slump og dette var det Tanken skulde samlast til noko som ei Aarbok, Dagbok, eller kva ein skulde kalle det, fraa 60-aarom, til ein “Spegjel” av Live paa ein Bondegard Aare rundt i den Tidi, i Helg og Yrke, Somar og Vinter, Haust og Vaar, inne og ute, paa Sætri og heime, Rubb og Stubb. I Kveldseta skulde dei da koma med i Rødom dei gamle Skulemeistrane i Skulesoga og her og der nokre smaae Livsskildringor, etter som de høvde. Stutt sagt, allt dette, som ihopatt lagt bygde upp dette endeframme, men friske og helsuge Bondelive eg voks upp i derheime i Ottdalen, og som meir og meir vert til den “Gullalderen” eg ser attende aat naar eg sume Gonger tykjer, eg ikkje har det godt og ber til aa reikne etter, um eg nokon Gong har vore lykkeleg her i Verdi. Har eg vore de nokon Gong, so var det da.
Av “Kringum Peisen” har eg att ein god Slump og dette var det Tanken skulde samlast til noko som ei Aarbok, Dagbok, eller kva ein skulde kalle det, fraa 60-aarom, til ein “Spegjel” av Live paa ein Bondegard Aare rundt i den Tidi, i Helg og Yrke, Somar og Vinter, Haust og Vaar, inne og ute, paa Sætri og heime, Rubb og Stubb. I Kveldseta skulde dei da koma med i Rødom dei gamle Skulemeistrane i Skulesoga og her og der nokre smaae Livsskildringor, etter som de høvde. Stutt sagt, allt dette, som ihopatt lagt bygde upp dette endeframme, men friske og helsuge Bondelive eg voks upp i derheime i Ottdalen, og som meir og meir vert til den “Gullalderen” eg ser attende aat naar eg sume Gonger tykjer, eg ikkje har det godt og ber til aa reikne etter, um eg nokon Gong har vore lykkeleg her i Verdi. Har eg vore de nokon Gong, so var det da.
      
      
Eg trur ho er pokker so uttenkt denne Plani, du – naar ein kunde raaka paa aa faa det til fullegte, fritt for allt sentimentalt og med ein frisk Smak av den Dølahumør som kanhende er det mest sermerkte ved Folke paa Vaagaa. Dei Skildringune i Syn og Segn, som du kyter so av, sette eg ikkje store Voner til daa eg senda dei ut, men dei vart væl imottekne og [[Nordahl Rolfsen|Nordahl-Rolfsen]] har teki nokre av dei i det Bande av Landsmaalslesnad, han gav ut i Tillæg aat Læseboki si for 2 Aar sia – “Sandburauen” har han lete [[Gustav Wentzel|Wentsel]] gjera ei Skildring aat, tesmeir. So det kunde tenkjas at eit slikt Arbeid kunde vera ei Stødjing for den nasjonale Groen deruppi Heimbygdi, kor daulendt det no elles er der paa den Maaten. – Men no skal du au sleppe aa faa narra meir utur meg – ikkje um du so baud meg ein Fjerding Tobak og fær eg høyre, at du set dette um Planerne mine utover Bygdi skal du faa av di, som Bø’inn gav Merri si.
Eg trur ho er pokker so uttenkt denne Plani, du – naar ein kunde raaka paa aa faa det til fullegte, fritt for allt sentimentalt og med ein frisk Smak av den Dølahumør som kanhende er det mest sermerkte ved Folke paa Vaagaa. Dei Skildringune i Syn og Segn, som du kyter so av, sette eg ikkje store Voner til daa eg senda dei ut, men dei vart væl imottekne og [[Nordahl Rolfsen|Nordahl-Rolfsen]] har teki nokre av dei i det Bande av Landsmaalslesnad, han gav ut i Tillæg aat Læseboki si for 2 Aar sia – “Sandburauen” har han lete [[Gustav Wentzel|Wentsel]] gjera ei Skildring aat, tesmeir. So det kunde tenkjas at eit slikt Arbeid kunde vera ei Stødjing for den nasjonale Groen deruppi Heimbygdi, kor daulendt det no elles er der paa den Maaten. – Men no skal du au sleppe aa faa narra meir utur meg – ikkje um du so baud meg ein Fjerding Tobak og fær eg høyre, at du set dette um Planerne mine utover Bygdi skal du faa av di, som Bø’inn gav Merri si.
      
      
So du meinar Notariussen skulde høve for det Skrivte døkk skal gjeva ut; ja eg skal freiste, men eg veit ikkje um eg slepper Notariussen, det er ei ægte Perle det, ser du, og du minnes fulla kva som staar, at ein skal ikkje kaste o. s. v. Men eg har eit anna bra “Stykke” med “Motto” etter ’om Hendrik sjøl: “tungsindig sidder paa sit Fjeld, en ledig Helt, en ubrugt Tell; en Byron tidt, en Platos Sjæl i Folkets Sværm forgaar”<ref>Wergeland, sjå note 187.</ref>. Høyrest ikkje det grepa ut? Og Innhalde er um ein av Husmennom mine heime paa Kleivi<ref>Hans Thorsen Løkken. Stykket om han kom i ''Symra'' 1905 ("Hans") og i ''Elvesøg'' 1937 ("Fyrikaren").</ref>, som eg var so glad i og som eg har funne ut det “forgjekk” ein [[Johannes Brun]] i. Han var ein god Givnad, ein ægte Døl, lentog og med eit ovgløgt Auga for allt flirandes i Live, den beste eg enno har set og høyrt til aa herme etter Folk som hadde det minste av Serskap ved seg. Mannen dø i Amerika ivaar og soleis vert det der au likesom noko Fællesskab. Og desse “Kvartalsbrev” – “fraa Nordalen”? – kan eg ogso freiste med, men eg trur eg skriv ein grøteleg “forstokka” og livlaus Riks, eller daamlaus, skulde eg sagt, men du lyt faa Lov til aa bruke Hekla paa ’n. – So vilde du høyre noko um Garborg – men du ser da at 3 Arke er mesta ende! No, han var paa Kleivsætri so ein 10 Dagar og raaka til aa faa det finaste Septemberver som kan tenkjast, med gullgule Bjørkelier, bjerk raubrun Lyng i Fjelle og Lufte klaar som “Krystal” – ja det er Synd og lata dei koma paa desse Minnerne – so han likte seg godt. Kjerringi kom ogso etter og var der i nokre Dagar. Knudahei-Brevi laag nettup i Prenten da, so han dreiv og las Korrektur stundemillom. Garborg er still og folkesky og kan ikkje vera samen med mykje Folk, og so er det berre nokre faa han vil umgaa. Schjøtt er kanhende beste Venen hans og det er gjenom han eg har lært G. aa kjenne, eg har ofte vore med ute paa Labraaten i Asker og der har G., Hulda og Tuften ein hugnaleg Heim. I Mitten av August i Somar var eg og Schjøtt ei Ferd inn i Østerdalen og vitja Garborg paa Kolbotnen og Savalguten paa Einabu<ref>[[Ivar Mortensson-Egnund]].</ref>. Du ser soleis, at eg likesom kjenner denne Storhøvdingen, me Maalmenn no er Eigar av; han er so reint innteki i Ordboksarbeide, at det er det grummaste han veit, og da han høyrer, at Schjøtt finn god Hjelp i Vaagaamaale, so er det nok mykje for di han likesom gjenne umgaast med meg. Og kanhende mykje fordi eg er ein heimeale Døl med Mold paa av Hola eg er kropen utur og som rautar so det rynn atti Haugom. Eg likar Garborg betre og betre og Kjeringi er ei endefram, livleg og tyleg Menneskje – det er ei som arbeider seg fram! Just no tenkjer ho seg aat Tyskland, kanhende for aa faa “Edderkoppen” (som Kritiken her slog seg ihop um aa drepa) upp ved eit av Teatri. Kjem ho til aa reise vilde ho sende Garborg uppaa Kleivsætri i Julom, men daa Tuften er klein etter eit Beinvrid, er det usikkert baade med Reisa og allt. Nei, nei, dette lyt vera Slutt – du fær koma ihug eg held paa vert gamal og taalar ikkje slike svære “Udladninger” paa 3 Ark. Eg er frisk, men held paa trenar og eg “likar paa Leiken ille”; men det skal eg ta forr meg ein annan Gong. Med alle mine er allt paa gamal Gjerd for det meste; Mor er enno frisk og røkjen enda ho var 80 Aar i Haust. God Jul!
So du meinar Notariussen<ref>Forteljing om da Kleiven i guteåra var brevskrivar i grenda. Stykket vart trykt med overskrifta «Brevmakaren» i ''I Heimegrendi'' (1908), s. 173–178.</ref> skulde høve for det Skrivte døkk skal gjeva ut; ja eg skal freiste, men eg veit ikkje um eg slepper Notariussen, det er ei ægte Perle det, ser du, og du minnes fulla kva som staar, at ein skal ikkje kaste o. s. v. Men eg har eit anna bra “Stykke” med “Motto” etter ’om Hendrik sjøl: “tungsindig sidder paa sit Fjeld, en ledig Helt, en ubrugt Tell; en Byron tidt, en Platos Sjæl i Folkets Sværm forgaar”<ref>Wergeland, sjå note 187.</ref>. Høyrest ikkje det grepa ut? Og Innhalde er um ein av Husmennom mine heime paa Kleivi<ref>Hans Thorsen Løkken. Stykket om han kom i ''Symra'' 1905 ("Hans") og i ''Elvesøg'' 1937 ("Fyrikaren").</ref>, som eg var so glad i og som eg har funne ut det “forgjekk” ein [[Johannes Brun]] i. Han var ein god Givnad, ein ægte Døl, lentog og med eit ovgløgt Auga for allt flirandes i Live, den beste eg enno har set og høyrt til aa herme etter Folk som hadde det minste av Serskap ved seg. Mannen dø i Amerika ivaar og soleis vert det der au likesom noko Fællesskab. Og desse “Kvartalsbrev” – “fraa Nordalen”? – kan eg ogso freiste med, men eg trur eg skriv ein grøteleg “forstokka” og livlaus Riks, eller daamlaus, skulde eg sagt, men du lyt faa Lov til aa bruke Hekla paa ’n. – So vilde du høyre noko um Garborg – men du ser da at 3 Arke er mesta ende! No, han var paa Kleivsætri so ein 10 Dagar og raaka til aa faa det finaste Septemberver som kan tenkjast, med gullgule Bjørkelier, bjerk raubrun Lyng i Fjelle og Lufte klaar som “Krystal” – ja det er Synd og lata dei koma paa desse Minnerne – so han likte seg godt. Kjerringi kom ogso etter og var der i nokre Dagar. Knudahei-Brevi laag nettup i Prenten da, so han dreiv og las Korrektur stundemillom. Garborg er still og folkesky og kan ikkje vera samen med mykje Folk, og so er det berre nokre faa han vil umgaa. Schjøtt er kanhende beste Venen hans og det er gjenom han eg har lært G. aa kjenne, eg har ofte vore med ute paa Labraaten i Asker og der har G., Hulda og Tuften ein hugnaleg Heim. I Mitten av August i Somar var eg og Schjøtt ei Ferd inn i Østerdalen og vitja Garborg paa Kolbotnen og Savalguten paa Einabu<ref>[[Ivar Mortensson-Egnund]].</ref>. Du ser soleis, at eg likesom kjenner denne Storhøvdingen, me Maalmenn no er Eigar av; han er so reint innteki i Ordboksarbeide, at det er det grummaste han veit, og da han høyrer, at Schjøtt finn god Hjelp i Vaagaamaale, so er det nok mykje for di han likesom gjenne umgaast med meg. Og kanhende mykje fordi eg er ein heimeale Døl med Mold paa av Hola eg er kropen utur og som rautar so det rynn atti Haugom. Eg likar Garborg betre og betre og Kjeringi er ei endefram, livleg og tyleg Menneskje – det er ei som arbeider seg fram! Just no tenkjer ho seg aat Tyskland, kanhende for aa faa “Edderkoppen” (som Kritiken her slog seg ihop um aa drepa) upp ved eit av Teatri. Kjem ho til aa reise vilde ho sende Garborg uppaa Kleivsætri i Julom, men daa Tuften er klein etter eit Beinvrid, er det usikkert baade med Reisa og allt. Nei, nei, dette lyt vera Slutt – du fær koma ihug eg held paa vert gamal og taalar ikkje slike svære “Udladninger” paa 3 Ark. Eg er frisk, men held paa trenar og eg “likar paa Leiken ille”; men det skal eg ta forr meg ein annan Gong. Med alle mine er allt paa gamal Gjerd for det meste; Mor er enno frisk og røkjen enda ho var 80 Aar i Haust. God Jul!


Din gamle
Din gamle
Skribenter
10 586

redigeringer