Kjeldearkiv:1904-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 42: Linje 42:
Eg trur ho er pokker so uttenkt denne Plani, du – naar ein kunde raaka paa aa faa det til fullegte, fritt for allt sentimentalt og med ein frisk Smak av den Dølahumør som kanhende er det mest sermerkte ved Folke paa Vaagaa. Dei Skildringune i Syn og Segn, som du kyter so av, sette eg ikkje store Voner til daa eg senda dei ut, men dei vart væl imottekne og [[Nordahl Rolfsen|Nordahl-Rolfsen]] har teki nokre av dei i det Bande av Landsmaalslesnad, han gav ut i Tillæg aat Læseboki si for 2 Aar sia – “Sandburauen” har han lete [[Gustav Wentzel|Wentsel]] gjera ei Skildring aat, tesmeir. So det kunde tenkjas at eit slikt Arbeid kunde vera ei Stødjing for den nasjonale Groen deruppi Heimbygdi, kor daulendt det no elles er der paa den Maaten. – Men no skal du au sleppe aa faa narra meir utur meg – ikkje um du so baud meg ein Fjerding Tobak og fær eg høyre, at du set dette um Planerne mine utover Bygdi skal du faa av di, som Bø’inn gav Merri si.
Eg trur ho er pokker so uttenkt denne Plani, du – naar ein kunde raaka paa aa faa det til fullegte, fritt for allt sentimentalt og med ein frisk Smak av den Dølahumør som kanhende er det mest sermerkte ved Folke paa Vaagaa. Dei Skildringune i Syn og Segn, som du kyter so av, sette eg ikkje store Voner til daa eg senda dei ut, men dei vart væl imottekne og [[Nordahl Rolfsen|Nordahl-Rolfsen]] har teki nokre av dei i det Bande av Landsmaalslesnad, han gav ut i Tillæg aat Læseboki si for 2 Aar sia – “Sandburauen” har han lete [[Gustav Wentzel|Wentsel]] gjera ei Skildring aat, tesmeir. So det kunde tenkjas at eit slikt Arbeid kunde vera ei Stødjing for den nasjonale Groen deruppi Heimbygdi, kor daulendt det no elles er der paa den Maaten. – Men no skal du au sleppe aa faa narra meir utur meg – ikkje um du so baud meg ein Fjerding Tobak og fær eg høyre, at du set dette um Planerne mine utover Bygdi skal du faa av di, som Bø’inn gav Merri si.
      
      
So du meinar Notariussen<ref>Forteljing om da Kleiven i guteåra var brevskrivar i grenda. Stykket vart trykt med overskrifta «Brevmakaren» i ''I Heimegrendi'' (1908), s. 173–178.</ref> skulde høve for det Skrivte døkk skal gjeva ut; ja eg skal freiste, men eg veit ikkje um eg slepper Notariussen, det er ei ægte Perle det, ser du, og du minnes fulla kva som staar, at ein skal ikkje kaste o. s. v. Men eg har eit anna bra “Stykke” med “Motto” etter ’om Hendrik sjøl: “tungsindig sidder paa sit Fjeld, en ledig Helt, en ubrugt Tell; en Byron tidt, en Platos Sjæl i Folkets Sværm forgaar”<ref>Wergeland.</ref>. Høyrest ikkje det grepa ut? Og Innhalde er um ein av Husmennom mine heime paa Kleivi<ref>Hans Thorsen Løkken. Stykket om han kom i ''Symra'' 1905 ("Hans") og i ''Elvesøg'' 1937 ("Fyrikaren").</ref>, som eg var so glad i og som eg har funne ut det “forgjekk” ein [[Johannes Brun]] i. Han var ein god Givnad, ein ægte Døl, lentog og med eit ovgløgt Auga for allt flirandes i Live, den beste eg enno har set og høyrt til aa herme etter Folk som hadde det minste av Serskap ved seg. Mannen dø i Amerika ivaar og soleis vert det der au likesom noko Fællesskab. Og desse “Kvartalsbrev” – “fraa Nordalen”? – kan eg ogso freiste med, men eg trur eg skriv ein grøteleg “forstokka” og livlaus Riks, eller daamlaus, skulde eg sagt, men du lyt faa Lov til aa bruke Hekla paa ’n. – So vilde du høyre noko um Garborg – men du ser da at 3 Arke er mesta ende! No, han var paa Kleivsætri so ein 10 Dagar og raaka til aa faa det finaste Septemberver som kan tenkjast, med gullgule Bjørkelier, bjerk raubrun Lyng i Fjelle og Lufte klaar som “Krystal” – ja det er Synd og lata dei koma paa desse Minnerne – so han likte seg godt. Kjerringi kom ogso etter og var der i nokre Dagar. Knudahei-Brevi laag nettup i Prenten da, so han dreiv og las Korrektur stundemillom. Garborg er still og folkesky og kan ikkje vera samen med mykje Folk, og so er det berre nokre faa han vil umgaa. Schjøtt er kanhende beste Venen hans og det er gjenom han eg har lært G. aa kjenne, eg har ofte vore med ute paa Labraaten i Asker og der har G., Hulda og Tuften<ref>Sonen Arne Olaus Fjørtoft (Tuften) Garborg, oppkalla etter den radikale målmannen Olaus Fjørtoft.</ref> ein hugnaleg Heim. I Mitten av August i Somar var eg og Schjøtt ei Ferd inn i Østerdalen og vitja Garborg paa Kolbotnen og Savalguten paa Einabu<ref>[[Ivar Mortensson-Egnund]].</ref>. Du ser soleis, at eg likesom kjenner denne Storhøvdingen, me Maalmenn no er Eigar av; han er so reint innteki i Ordboksarbeide, at det er det grummaste han veit, og da han høyrer, at Schjøtt finn god Hjelp i Vaagaamaale, so er det nok mykje for di han likesom gjenne umgaast med meg. Og kanhende mykje fordi eg er ein heimeale Døl med Mold paa av Hola eg er kropen utur og som rautar so det rynn atti Haugom. Eg likar Garborg betre og betre og Kjeringi er ei endefram, livleg og tyleg Menneskje – det er ei som arbeider seg fram! Just no tenkjer ho seg aat Tyskland, kanhende for aa faa “Edderkoppen” (som Kritiken her slog seg ihop um aa drepa) upp ved eit av Teatri. Kjem ho til aa reise vilde ho sende Garborg uppaa Kleivsætri i Julom, men daa Tuften er klein etter eit Beinvrid, er det usikkert baade med Reisa og allt. Nei, nei, dette lyt vera Slutt – du fær koma ihug eg held paa vert gamal og taalar ikkje slike svære “Udladninger” paa 3 Ark. Eg er frisk, men held paa trenar og eg “likar paa Leiken ille”; men det skal eg ta forr meg ein annan Gong. Med alle mine er allt paa gamal Gjerd for det meste; Mor er enno frisk og røkjen enda ho var 80 Aar i Haust. God Jul!
So du meinar Notariussen<ref>Forteljing om da Kleiven i guteåra var brevskrivar i grenda. Stykket vart trykt med overskrifta «Brevmakaren» i ''I Heimegrendi'' (1908), s. 173–178.</ref> skulde høve for det Skrivte døkk skal gjeva ut; ja eg skal freiste, men eg veit ikkje um eg slepper Notariussen, det er ei ægte Perle det, ser du, og du minnes fulla kva som staar, at ein skal ikkje kaste o. s. v. Men eg har eit anna bra “Stykke” med “Motto” etter ’om Hendrik sjøl: “tungsindig sidder paa sit Fjeld, en ledig Helt, en ubrugt Tell; en Byron tidt, en Platos Sjæl i Folkets Sværm forgaar”<ref>Wergeland.</ref>. Høyrest ikkje det grepa ut? Og Innhalde er um ein av Husmennom mine heime paa Kleivi<ref>Hans Thorsen Løkken. Stykket om han kom i [[Symra (årbok)|Symra]] 1905 ("Hans") og i ''Elvesøg'' 1937 ("Fyrikaren").</ref>, som eg var so glad i og som eg har funne ut det “forgjekk” ein [[Johannes Brun]] i. Han var ein god Givnad, ein ægte Døl, lentog og med eit ovgløgt Auga for allt flirandes i Live, den beste eg enno har set og høyrt til aa herme etter Folk som hadde det minste av Serskap ved seg. Mannen dø i Amerika ivaar og soleis vert det der au likesom noko Fællesskab. Og desse “Kvartalsbrev” – “fraa Nordalen”? – kan eg ogso freiste med, men eg trur eg skriv ein grøteleg “forstokka” og livlaus Riks, eller daamlaus, skulde eg sagt, men du lyt faa Lov til aa bruke Hekla paa ’n. – So vilde du høyre noko um Garborg – men du ser da at 3 Arke er mesta ende! No, han var paa Kleivsætri so ein 10 Dagar og raaka til aa faa det finaste Septemberver som kan tenkjast, med gullgule Bjørkelier, bjerk raubrun Lyng i Fjelle og Lufte klaar som “Krystal” – ja det er Synd og lata dei koma paa desse Minnerne – so han likte seg godt. Kjerringi kom ogso etter og var der i nokre Dagar. Knudahei-Brevi laag nettup i Prenten da, so han dreiv og las Korrektur stundemillom. Garborg er still og folkesky og kan ikkje vera samen med mykje Folk, og so er det berre nokre faa han vil umgaa. Schjøtt er kanhende beste Venen hans og det er gjenom han eg har lært G. aa kjenne, eg har ofte vore med ute paa Labraaten i Asker og der har G., Hulda og Tuften<ref>Sonen Arne Olaus Fjørtoft (Tuften) Garborg, oppkalla etter den radikale målmannen Olaus Fjørtoft.</ref> ein hugnaleg Heim. I Mitten av August i Somar var eg og Schjøtt ei Ferd inn i Østerdalen og vitja Garborg paa Kolbotnen og Savalguten paa Einabu<ref>[[Ivar Mortensson-Egnund]].</ref>. Du ser soleis, at eg likesom kjenner denne Storhøvdingen, me Maalmenn no er Eigar av; han er so reint innteki i Ordboksarbeide, at det er det grummaste han veit, og da han høyrer, at Schjøtt finn god Hjelp i Vaagaamaale, so er det nok mykje for di han likesom gjenne umgaast med meg. Og kanhende mykje fordi eg er ein heimeale Døl med Mold paa av Hola eg er kropen utur og som rautar so det rynn atti Haugom. Eg likar Garborg betre og betre og Kjeringi er ei endefram, livleg og tyleg Menneskje – det er ei som arbeider seg fram! Just no tenkjer ho seg aat Tyskland, kanhende for aa faa “Edderkoppen” (som Kritiken her slog seg ihop um aa drepa) upp ved eit av Teatri. Kjem ho til aa reise vilde ho sende Garborg uppaa Kleivsætri i Julom, men daa Tuften er klein etter eit Beinvrid, er det usikkert baade med Reisa og allt. Nei, nei, dette lyt vera Slutt – du fær koma ihug eg held paa vert gamal og taalar ikkje slike svære “Udladninger” paa 3 Ark. Eg er frisk, men held paa trenar og eg “likar paa Leiken ille”; men det skal eg ta forr meg ein annan Gong. Med alle mine er allt paa gamal Gjerd for det meste; Mor er enno frisk og røkjen enda ho var 80 Aar i Haust. God Jul!


Din gamle
Din gamle
Skribenter
10 586

redigeringer