Kjeldearkiv:1906-02-18 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
Kjære Kristian!
Kjære Kristian!
      
      
Igjaarkveld, Paal kom att fraa Bygdi med Post, var “Symra” med og eg laag og las langt utyvi Natti. No lyt eg idag skrive og seja deg hjarteleg Takk for Boki. Symra er rigtig gjild, skiftande og godt Indhald og ikkje minnst er Stykkje ditt um Sivle klaart, varmt og hugtakande, kormykje du no lastar det sjøl! Det skulde glede meg um dette Tiltake fekk slik Medhug, at Aarboki vert eit fast Skrivt til kvar Jul; kunde døkk kvart Aar koma med so mykje godt og gjildt, so vilde det vera noko anna, enn alle desse Jolehefterne vi her heime kvart Aar plaagast med. Ja “Hans” held eg unda denne Rosingi, for han er styggande folin millom di andre; men det gaar meg stødt soleis, naar eg skal gje Karakterskildringor, allervist paa Rix. Og so laag eg no so nedklembd og vonlaus den Tide, eg knuvla og skreiv han, at det var ikkje likare vente. Beint fram Haar i Smøre er det kanhende ikkje likevæl, men at det ikkje held Maal med det andre i Boki, er lett aa verta var. Den sama Ferdi fôr eg umlag sama Tidi eg skulde skrive eit Stykkje aat det einaste nynorske Julehefte vi har, “Jolekvelden”. Dette er au eit Tiltak som skal freiste og vinne seg Fotfeste og difor treng Innhald av beste Slag. No skulde eg freiste gje ei Skildring av ei Kveldsetostund paa ein Gard so umlag 1863 med “Husflid” og Heimehygge – desse Stunder, som skapte meire “Karakter” i Ungdomen, en baade Skulen og Presten. Men – det gjekk væl ned i Oska: eit avbragdsleg langt, seigt og livlaust Stykkje! Og Bilæti aat Berner til Stykkje mit, umframt Umslage, er hellerikkje av deim, som “løfter i Aanden”. Jau, det vart til aa stydja Tiltake! eg vert nuvot kvar Gong eg tenkjer paa det.
Igjaarkveld, Paal kom att fraa Bygdi med Post, var “Symra” med og eg laag og las langt utyvi Natti. No lyt eg idag skrive og seja deg hjarteleg Takk for Boki. Symra er rigtig gjild, skiftande og godt Indhald og ikkje minnst er Stykkje ditt um [[Per Sivle|Sivle]] klaart, varmt og hugtakande, kormykje du no lastar det sjøl! Det skulde glede meg um dette Tiltake fekk slik Medhug, at Aarboki vert eit fast Skrivt til kvar Jul; kunde døkk kvart Aar koma med so mykje godt og gjildt, so vilde det vera noko anna, enn alle desse Jolehefterne vi her heime kvart Aar plaagast med. Ja “Hans” held eg unda denne Rosingi, for han er styggande folin millom di andre; men det gaar meg stødt soleis, naar eg skal gje Karakterskildringor, allervist paa Rix. Og so laag eg no so nedklembd og vonlaus den Tide, eg knuvla og skreiv han, at det var ikkje likare vente. Beint fram Haar i Smøre er det kanhende ikkje likevæl, men at det ikkje held Maal med det andre i Boki, er lett aa verta var. Den sama Ferdi fôr eg umlag sama Tidi eg skulde skrive eit Stykkje aat det einaste nynorske Julehefte vi har, “Jolekvelden”. Dette er au eit Tiltak som skal freiste og vinne seg Fotfeste og difor treng Innhald av beste Slag. No skulde eg freiste gje ei Skildring av ei Kveldsetostund paa ein Gard so umlag 1863 med “Husflid” og Heimehygge – desse Stunder, som skapte meire “Karakter” i Ungdomen, en baade Skulen og Presten. Men – det gjekk væl ned i Oska: eit avbragdsleg langt, seigt og livlaust Stykkje! Og Bilæti aat Berner til Stykkje mit, umframt Umslage, er hellerikkje av deim, som “løfter i Aanden”. Jau, det vart til aa stydja Tiltake! eg vert nuvot kvar Gong eg tenkjer paa det.
      
      
Men er det ikkje forunderlegt, at ein Tanke kan fødast samstundes paa baae Siur av Have! Nettup denne sama Plani du nemner i siste Breve ditt, fekk Liv i Konservator Kristofer Visted ved Bergens Musæum ihaust. Trast førre Jul fekk eg Brev fraa honom um, at han “fra Begyndelsen af næste Aar agter at udgi et “Tidsskrift for norsk Bondekultur”. Jeg har haabet heri at kunne samle alle de forskjellige Penne, som arbeider med dette Emne, og som nu arbeider spredt rundt omkring i Aviser og Tidsskrifter. – – Moltke Mo har lovet at yde det sin Støtte. – – Tidsskriftets Indhold vil udelukkende bli kulturhistorisk, Filologi er ganske banlyst derfra. – – Der skrives baade Rigsmaal, Landsmaal og Bygdemaal; Hvis De skulde ville yde Bidrag til Tidsskriftet, vilde jeg helst ha det paa Landsmaal – – – –”. No er allt 1ste Hefte kome – 4 um Aare berre – og eg skal daa ha ei “Ættesoge” (Kleppeætti) gangandes gjennom heile Aargangen. Det er mange gjilde Folk som er med og fyrste Hefte lovar godt, men um det fær so god Studnad, at det ber seg, er nok paa Voni. Eg fekk Brev fraa Visted daa fyrste Hefte kom, og daa var det forrtidlegt til aa sjaa kor det bar av, men det spaar ikkje godt, at han ikkje har faatt Forleggjar, men lyt bala med Utgjevingi sjøl. (12–16 Ark um Aare Kr. 4.00).
Men er det ikkje forunderlegt, at ein Tanke kan fødast samstundes paa baae Siur av Have! Nettup denne sama Plani du nemner i siste Breve ditt, fekk Liv i Konservator [[Kristofer Visted]] ved Bergens Musæum ihaust. Trast førre Jul fekk eg Brev fraa honom um, at han “fra Begyndelsen af næste Aar agter at udgi et “Tidsskrift for norsk Bondekultur”. Jeg har haabet heri at kunne samle alle de forskjellige Penne, som arbeider med dette Emne, og som nu arbeider spredt rundt omkring i Aviser og Tidsskrifter. – – Moltke Mo har lovet at yde det sin Støtte. – – Tidsskriftets Indhold vil udelukkende bli kulturhistorisk, Filologi er ganske banlyst derfra. – – Der skrives baade Rigsmaal, Landsmaal og Bygdemaal; Hvis De skulde ville yde Bidrag til Tidsskriftet, vilde jeg helst ha det paa Landsmaal – – – –”. No er allt 1ste Hefte kome – 4 um Aare berre – og eg skal daa ha ei “Ættesoge” (Kleppeætti) gangandes gjennom heile Aargangen. Det er mange gjilde Folk som er med og fyrste Hefte lovar godt, men um det fær so god Studnad, at det ber seg, er nok paa Voni. Eg fekk Brev fraa Visted daa fyrste Hefte kom, og daa var det forrtidlegt til aa sjaa kor det bar av, men det spaar ikkje godt, at han ikkje har faatt Forleggjar, men lyt bala med Utgjevingi sjøl. (12–16 Ark um Aare Kr. 4.00).
      
      
Skulde du sêtt noko slikt! og eg kan ikkje anna enn bera meg ille for, at Kr. Visted fekk sett Plani di i Verk førr, før du Eingong fekk tenkt ho heilt ut. No kan det nok vera, at det hadde vore vaagsamt og sett Framtidi si inn paa det, og eg hadde ikkje med eitt torst raadt deg til di, men all Studnad og Beinke eg kunde gjevi, skulde med hjartans Glede vore fal. Med god Fyrebuing har eg Von um det skulde gaatt, berre det, at du kunde faatt nokre Hundre Tingarar i Amerika, hadde stydt godt under. Kr. Visted har gjort forrlite i Fyrivegen, ikkje Eingong lyst i Bladi um Tiltake!
Skulde du sêtt noko slikt! og eg kan ikkje anna enn bera meg ille for, at Kr. Visted fekk sett Plani di i Verk førr, før du Eingong fekk tenkt ho heilt ut. No kan det nok vera, at det hadde vore vaagsamt og sett Framtidi si inn paa det, og eg hadde ikkje med eitt torst raadt deg til di, men all Studnad og Beinke eg kunde gjevi, skulde med hjartans Glede vore fal. Med god Fyrebuing har eg Von um det skulde gaatt, berre det, at du kunde faatt nokre Hundre Tingarar i Amerika, hadde stydt godt under. Kr. Visted har gjort forrlite i Fyrivegen, ikkje Eingong lyst i Bladi um Tiltake!
Linje 28: Linje 28:
Desse næraste Dagane skal eg til med Gudbrandsdalen for Præmieboki aat Dekorap. Um det no berre ikkje skulde verta ei daamlaus, utfaadd Skildring att, det au, for “Barometre” det staar nok helst paa “Optikus Petersen” og daa er det ikkje Aandi, som driv.
Desse næraste Dagane skal eg til med Gudbrandsdalen for Præmieboki aat Dekorap. Um det no berre ikkje skulde verta ei daamlaus, utfaadd Skildring att, det au, for “Barometre” det staar nok helst paa “Optikus Petersen” og daa er det ikkje Aandi, som driv.
      
      
Det ser mest ut til aa blaase upp til Bør for Maalmannsskuta att no, ein ser det paa mangt: Skulestyri utover Lande lyt til aa raa seg til Landsmaalstillegge aat Rolvsens Læsebok, Gjelsvik er vorte Professor og “Verdens Gang” held paa vert sinnt. I næste Maanad kjem kanhende fyrste Hefte av “Dansk-norsk Ordbog” og i Tinge skal dei ha Maaldebat. Aa jau, det ekar seg nok fram eit Hanastig, best det er, att. Og det sama gjerer Dagen og Soli her no – ho skin snart heile Dagen og Skogen og Fjelle fær ein Daam av Vaarver over seg. Marts er ein fager Maanad i Fjelle, skulde du sjaa og eg gleder meg paa denne Tidi. Med oss er de i alle Maatar status quo og eg skal helse fraa Mor, Iver og Paal so mange Vendur! Og so ei hjarteleg Helsing aat deg, Kjerring og Born fraa  
Det ser mest ut til aa blaase upp til Bør for Maalmannsskuta att no, ein ser det paa mangt: Skulestyri utover Lande lyt til aa raa seg til Landsmaalstillegge aat Rolvsens Læsebok, [[Nikolaus Gjelsvik|Gjelsvik]] er vorte Professor og “Verdens Gang” held paa vert sinnt. I næste Maanad kjem kanhende fyrste Hefte av “Dansk-norsk Ordbog” og i Tinge skal dei ha Maaldebat. Aa jau, det ekar seg nok fram eit Hanastig, best det er, att. Og det sama gjerer Dagen og Soli her no – ho skin snart heile Dagen og Skogen og Fjelle fær ein Daam av Vaarver over seg. Marts er ein fager Maanad i Fjelle, skulde du sjaa og eg gleder meg paa denne Tidi. Med oss er de i alle Maatar status quo og eg skal helse fraa Mor, Iver og Paal so mange Vendur! Og so ei hjarteleg Helsing aat deg, Kjerring og Born fraa  


din
din
Skribenter
10 586

redigeringer