Kjeldearkiv:Austefjordske stubbar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. aug. 2014 kl. 20:03 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Eit eksperiment)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kviejetmunde og han Lodnefar (bjørnen)

Han Kvie-Jetmunde (Jetmund Johannes Pedersen 1824 - 1902, i Måna-Kvia under Måna og Eide) var på tur heim att frå Fyrde mot Kalvatn ein kveld det var godt skymt, i ferde med å verte heilt mørkt. Då han var komen fram til Lissjevatnet såg han ein røsleg kar med vaggande gange som gjekk føre han på veg mot Kalvatn. Jetmund skunda på for å få pratarlag på heimvegen. Det var alltid tryggare å vere fleire i lag når ein gjekk slik etter vegen i mørkret grunna stor rovdyrplage.

Jetmund nådde att vandraren rett før dei kom til utmarksledet til Fyrde (om lag der padda står i dag). I det Jetmund gjekk opp på sida snudde den røslege skapningen seg og slo. Jetmund hadde nått att ein bjørn som gjekk oppreist på bakføtene på den mørke heimvegen. Jetmund datt og vart liggjande. Han forstod situasjonen og reagerte slik han skulle gjere.

Bjørnen kom så og lukta på Jetmund, snudde litt i han og oppfatta han som daud. Han slo ikkje fleire gonger. Jetmund visste han måtte spele daud og om han skulle kome levande der i frå.

Bjørnen gjekk i gang med å grave plass til byttet/maten sin. Han Jetmund spela daud når bjørnen kontrollerte han og fylgde elles nøye med medan bjørnen grov. Då bjørnen hadde grave så djupt at augene var under torva når den heldt hovudet ned tok Jetmund sjangsen. Han kara seg på føtene og sprang for livet.....

Historia er etter Nille Djuvik, f. Botn 1883

Bruker:Oddvar Høydalsvik (eit eksperiment frå ein I -pad, må nok rettast frå kjent maskin)