Kjeldearkiv:Brislingåret 1928: Forskjell mellom sideversjoner

m
krympa onlyincluden litt for forside
(onlyinclude og en setning som innledning ifm onlyinclude'n)
m (krympa onlyincluden litt for forside)
Linje 18: Linje 18:
}}
}}
<onlyinclude>{{thumb| Brisling1928.jpg| Del av Knut si handskriva bok|Stein Høydalsvik}}
<onlyinclude>{{thumb| Brisling1928.jpg| Del av Knut si handskriva bok|Stein Høydalsvik}}
'''[[Kjeldearkiv:Brislingåret 1928|Brislingåret 1928]]''' er historia om korleis ti-åringen Knut Høydalsvik opplevde fisket i [[Høydalen (Volda)|Høydalen]] i [[Volda]]. Han fortel sjølv:
'''[[Kjeldearkiv:Brislingåret 1928|Brislingåret 1928]]''' er historia om korleis ti-åringen [[Knut Høydalsvik]] opplevde fisket i [[Høydalen (Volda)|Høydalen]] i [[Volda]]. Han fortel sjølv:

Her i bygda var det eit stort [[Høydal notlag|notlag]]. Det var 14 partar. Alle so nær som Dalingane var med. Han far var notbas ei årrekke. Eg var vel 10 år då denne hendinga var.
Her i bygda var det eit stort [[Høydal notlag|notlag]]. Det var 14 partar. Alle so nær som Dalingane var med. Han far var notbas ei årrekke. Eg var vel 10 år då denne hendinga var.

Han far var ein morgonfugl, og det var ganske vanleg at han tok ein tur om morgonen i 5-tida inn på Rabben for å sjå etter bronkar. Når silda stod høgt i sjøen, var sjøen litt myrkare der silda var. Denne dagen såg han ein sildebronke inn på Bugane. Han gjorde laust som dei sa, bles i bukkehornet og sette upp «blikk» som var to båtebord i notahusgavlen. Og folka kom. Dei fyrste gjekk laus med ein gong på å tok nota inn i notabåten. So snart dei var ferdige og dei fleste var komne, var det å ro i full fart inn over mot Bugane. Det var notabåten med nota, spelbåten og elles ei drøss med færingar. Det var langt å ro, og årane var lange og tunge, men farta var ganske god. Alt dette tok sjølsagt tid og det var ikkje uvanleg, at ein etter ein slik manøver kom for seint, og at silda var vekk når ein kom fram.
Han far var ein morgonfugl, og det var ganske vanleg at han tok ein tur om morgonen i 5-tida inn på Rabben for å sjå etter [[bronkar]]. Når silda stod høgt i sjøen, var sjøen litt myrkare der silda var. Denne dagen såg han ein sildebronke inn på Bugane. Han gjorde laust som dei sa, bles i bukkehornet og sette upp «blikk» som var to båtebord i notahusgavlen. Og folka kom. Dei fyrste gjekk laus med ein gong på å tok nota inn i notabåten. So snart dei var ferdige og dei fleste var komne, var det å ro i full fart inn over mot Bugane. Det var notabåten med nota, spelbåten og elles ei drøss med færingar. Det var langt å ro, og årane var lange og tunge, men farta var ganske god. Alt dette tok sjølsagt tid og det var ikkje uvanleg, at ein etter ein slik manøver kom for seint, og at silda var vekk når ein kom fram.</onlyinclude>

Men denne gongen stod ho der framleis. Det vart full fart med ein gong. Spelbåten til lands for å få feste i land, og det var ikkje altid so greidt for ofte var det berre slette fjellet. So gikk notadråtten som var i spelbåten ut, til nota skulle gå. Då var det å setje fast dråtten i spelbåten. Nota gjekk ut og notebåten gjekk mot land i andre enden. Kring um på nota var det dubbel med ein lang togtamp i, for nota ville søkke og ho vart senka so langt ned at ein hadde kontroll med silda.</onlyinclude>
Men denne gongen stod ho der framleis. Det vart full fart med ein gong. Spelbåten til lands for å få feste i land, og det var ikkje altid so greidt for ofte var det berre slette fjellet. So gikk notadråtten som var i spelbåten ut, til nota skulle gå. Då var det å setje fast dråtten i spelbåten. Nota gjekk ut og notebåten gjekk mot land i andre enden. Kring um på nota var det dubbel med ein lang togtamp i, for nota ville søkke og ho vart senka so langt ned at ein hadde kontroll med silda.

Det var handspel på båe båtane, og alle sveiva so sveitten rann. Av og til stakk silda før nota botna, men denne gongen gjekk det godt. Det vart eit ganske godt kast, og enno betre: det var brisling, og den var svært godt betalt. Prisen var 7,50 kr for skjeppa (20 liter), og det var ein svært god pris, for brislingen var mangelvare det året. Då fangsten vart innmeldt for salg, vart det slutt på freden i fjorden. Dei fyrst snurparane som kom var fra Herøy, men etterpå kom dei like frå Egersund. Til saman so var her i alt ei 30-40 snurparar.