Kjeldearkiv:Første reinsjakt i Lesjafjella: Forskjell mellom sideversjoner

m
ingen redigeringsforklaring
(lenkefiks)
mIngen redigeringsforklaring
Linje 33: Linje 33:
Slik gjekk dagen fram til ca kl 1700. Da såg det ut til at flokken hadde roa seg. Vi var inne ved Buabergvatnet, ca 17-19 km inne i fjellet sør for Rånå. Vi sneik oss inn på flokken og la oss ned; svigerfar litt høgare opp enn meg og klar med rifla han òg. Akkurat da følte eg meg litt som ein av dei overklassejegerane ein les om i forteljingar frå storviltjakt i Afrika tidleg på 1900-talet; med den profesjonelle jegeren klar til å skyte og drepe byttet dersom kunden ikkje trefte eller skadeskaut. Svigerfar sa frå kva for dyr eg skulle ta, og eg trefte faktisk og bukken datt.

Men da vart det travelt! Og eg skjønte snart kvifor: det å slakte ein storbukk tek si tid, det ville bli tunge sekkar, det var langt tilbygda og det blir tidlegare mørkt når ein er kome til slutten av august! Svigerfar gauv laus på bukken, flådde og parterte og gav ordrar: hald her! Skjer der! – og etter eit par timar var dyret grovoppdelt, geviret skore frå og sekkane pakka. Eit raskt måltid og det var berre å sette i marsj. Da oppdaga eg elles at ein på slike dagar treng noko meir niste enn til ein vanleg dag på kontoret, men svigerfar hadde sjølvsagt med litt ekstra.
Men da vart det travelt! Og eg skjønte snart kvifor: det å slakte ein storbukk tek si tid, det ville bli tunge sekkar, det var langt til bygda og det blir tidlegare mørkt når ein er kome til slutten av august! Svigerfar gauv laus på bukken, flådde og parterte og gav ordrar: hald her! Skjer der! – og etter eit par timar var dyret grovoppdelt, geviret skore frå og sekkane pakka. Eit raskt måltid og det var berre å sette i marsj. Da oppdaga eg elles at ein på slike dagar treng noko meir niste enn til ein vanleg dag på kontoret, men svigerfar hadde sjølvsagt med litt ekstra.

Eg skjønte etter kvart kvifor svigerfar hadde det travelt: tunge sekkar på grov og ujamn sti i mørket er vanskeleg. Det er fort gjort å snuble eller trakke over, men det gjekk tilnærma bra sjølv om klokka vart 2330 før vi kom ned til parkeringsplassen. Da var det litt uro i familien. Dagen etter gjekk kona og eg attende og henta resten av kjøtet, også det ein dryg tur. Slaktevekta på bukken var 96 kg. Men det vart mange gode middagar den vinteren!

Veiledere, Administratorer, Skribenter
7 190

redigeringer