Kjeldearkiv:Frå Bjorli da eg var ti år: Forskjell mellom sideversjoner

m
Robot: Endrer mal: Infoboks minne
m (bilde i onlyinclude og faktaboks :))
m (Robot: Endrer mal: Infoboks minne)
 
(12 mellomliggende versjoner av 7 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{Infoboks minne
{{Infoboks kjelde
| bgfarge      =  
| bgfarge      =  
| tittel        = Frå Bjorli da eg var ti år
| tittel        = Frå Bjorli da eg var ti år
Linje 15: Linje 15:
| nedtegnetav  =  
| nedtegnetav  =  
| ekstern      =  
| ekstern      =  
| beskrivelse  =  
| beskrivelse  =}}
}}
<onlyinclude><includeonly>{{thumb|Bjorli stasjon.jpg|Bjorli stasjon 1922|Anders Beer Wilse}}</includeonly>'''[[Kjeldearkiv:Frå Bjorli da eg var ti år|Frå Bjorli da eg var ti år]]''' </onlyinclude>: [[Bjorli]] er ei grend i [[Lesja kommune]] i Nord-Gudbrandsdalen, og ein jernbanestasjon på [[Raumabanen]], som går mellom [[Dombås]] og [[Åndalsnes]]. På Bjorli voks det etterkvart fram eit lite sentrum, med jernbanestasjonen med tilhøyrande vaktarboligar, ein butikk, eit posthus og skule. På denne måten styrde [[Jernbane|jernbaneutbygginga]] strukturutviklinga i mange bygder i landet.  
<onlyinclude><includeonly>{{thumb|Bjorli stasjon.jpg|Bjorli stasjon 1922|Anders Beer Wilse}}</includeonly>'''[[Kjeldearkiv:Frå Bjorli da eg var ti år|Frå Bjorli da eg var ti år]]''' </onlyinclude>: [[Bjorli]] er ei grend i [[Lesja kommune]] i Nord-Gudbrandsdalen, og ein jernbanestasjon på [[Raumabanen]], som går mellom Dombås og Åndalsnes. På Bjorli voks det etterkvart fram eit lite sentrum, med jernbanestasjonen med tilhøyrande vaktarboligar, ein butikk, eit posthus og skule. På denne måten styrde [[jernbaneutbygginga]] strukturutviklinga i mange bygder i landet.  


Folketalet i Bjorli var i [[1946]] (det året eg vart fødd) på heile 184 personar, men hadde nok gått noko ned allereie til først på 1950-talet, som eg skriv om. Vi flytte frå Bjorli da eg var ti år. I 1960 var folketalet nede i 119. I seinare tid, frå først på 1960-talet er Bjorli smått om senn bygd opp som turiststad, idag med tre [[hotell]], skiheisar, [[bensinstasjon]] og nokre hundre [[hytter]], mest sunnmøringar og romsdøler.
Folketalet i Bjorli var i [[1946]] (det året eg vart fødd) på heile 184 personar, men hadde nok gått noko ned allereie til først på 1950-talet, som eg skriv om. Vi flytte frå Bjorli da eg var ti år. I 1960 var folketalet nede i 119. I seinare tid, frå først på 1960-talet er Bjorli smått om senn bygd opp som turiststad, idag med tre [[hotell]], skiheisar, [[bensinstasjon]] og nokre hundre [[hytter]], mest sunnmøringar og romsdøler.
Linje 31: Linje 30:
<onlyinclude>Far min var styrar på [[Bjorli Landhandel]]. Butikken låg ved riksvegen, eit steinkast frå Bjorli stasjon. Vi budde i andre etasje over butikken.</onlyinclude>  
<onlyinclude>Far min var styrar på [[Bjorli Landhandel]]. Butikken låg ved riksvegen, eit steinkast frå Bjorli stasjon. Vi budde i andre etasje over butikken.</onlyinclude>  


Kundar på butikken var sjølvsagt folk frå Bjorligardane og frå nyare busetnad som dels var bygd der på grunn av jernbanen. Frå Rånå kom dei, og frå nørdre delen av nabokrinsen Enebo. Og frå Øverdalen og Brøste (øvre del av Romsdalen).  
Kundar på butikken var sjølvsagt folk frå Bjorligardane og frå nyare busetnad som dels var bygd der på grunn av jernbanen. Frå Rånå kom dei, og frå nørdre delen av nabokrinsen Enebo. Og frå [[Øverdalen (Rauma)|Øverdalen]] og [[Brøstet (Rauma)|Brøste]] (øvre del av Romsdalen).  


Eg var nok ein litt sjenert, men nysgjerrig tilskodar til det som gjekk føre seg i butikklokalet. Og eg fekk med skjelvande hender lov til å prøve dei opptrekkbare leikebilane som kom i hyllene til jul, men det var ikkje snakk om at eg kunne bli eigar av ein slik bil.
Eg var nok ein litt sjenert, men nysgjerrig tilskodar til det som gjekk føre seg i butikklokalet. Og eg fekk med skjelvande hender lov til å prøve dei opptrekkbare leikebilane som kom i hyllene til jul, men det var ikkje snakk om at eg kunne bli eigar av ein slik bil.
Linje 39: Linje 38:
Meir spektakulært var det når det kom passasjerar frå turistskip til Åndalsnes med tog opp den ville og vakre Romsdalen. Det var amerikanarar og kanskje frå andre stader. Dei hadde eit par timars opphald på Bjorli. Sidan det ikkje var noko turistverksemd på Bjorli da, så vart dei teke inn i private heimar og fekk enkel servering: Kaffe og kake. Kva foreldre mine fekk, veit eg ikkje, kanskje nokre kroner. Vi ungane fekk tyggegummi og godteri. Nokre av dei kunne nok litt gamalmodig norsk, frå foreldre eller besteforeldre. Og [[Sigurd T. Bjorli|Sigurd T.]] som hadde vore i Amerika i ungdommen, vart nok nytta som tolk.
Meir spektakulært var det når det kom passasjerar frå turistskip til Åndalsnes med tog opp den ville og vakre Romsdalen. Det var amerikanarar og kanskje frå andre stader. Dei hadde eit par timars opphald på Bjorli. Sidan det ikkje var noko turistverksemd på Bjorli da, så vart dei teke inn i private heimar og fekk enkel servering: Kaffe og kake. Kva foreldre mine fekk, veit eg ikkje, kanskje nokre kroner. Vi ungane fekk tyggegummi og godteri. Nokre av dei kunne nok litt gamalmodig norsk, frå foreldre eller besteforeldre. Og [[Sigurd T. Bjorli|Sigurd T.]] som hadde vore i Amerika i ungdommen, vart nok nytta som tolk.


[[Kategori: Personlige minner|{{PAGENAME}}]]
==Jernbanestasjonen==
[[Kategori: Lesja kommune|{{PAGENAME}}]]
Stasjonen på Bjorli var viktig, her kryssa toga, og her var det vasstårn og svingskive. Vitale funksjonar på ei 11 mil lang jernbaneline i damplokomotivets tid. På Bjorli var det derfor stasjonsmeister, med høg sosial status i grenda. Her arbeidde han og telegrafisten, som meldte frå om når tog kom og reiste vidare.
 
Her var òg restaurant, med alkoholservering til mat. Men berre medan toget stod på stasjonen. I helgene var det derfor stor trafikk ved stasjonen ved togtidene, både av lokal ungdom og andre. Ungdom frå [[Øverdalen (Rauma)|Øverdalen]] og [[Verma]], vel ei mil lenger nede i Romsdalen, sykla til Bjorli og fekk servering, eit enkelt smørbrød og øl. Og så sykla dei heimatt, i unnabakke heile vegen.
 
Nattoget frå Åndalsnes til Oslo hadde «- femten minutter opphold, restaurant».
 
Mor var ofte med og hjelpte til med serveringa. Eg hugsar at det vart sagt at ho kunne koma nedpå «- i ti på ti titida», eit ordspel som ikkje gjekk meg forbi.
 
==Posthuset==
Posthuset låg midt mellom stasjonen og butikken. Posten kom med toget på eftasida, og i seks-sjutida samlast karane på posthuset for å hente aviser og brevpost. Dette sikkert medan kvinnfolka gjorde fjøsstellet. Praten gjekk sterk og intens, ulike emne måtte diskuterast, jakt var eit gjevt tema. Tobakksrøyken var så stinn at han kunne skjerast med kniv! Postmeisteren var av dei ivrigaste i diskusjonen, og prata og gestikulerte med eit brev eller ei avis i høgrehanda, før han var ferdig med innlegget og kunne leggja posten inn i rett hylle. Etter postutdelinga gjekk karane ofte ned på stasjonen for å sjå på kveldstoget. Og vi ungane sprang etter der noko skjedde.
 
Stasjonsområdet var på ein måte eit friområde. Det låg slik til at dei ikkje kunne sjå kva vi dreiv med frå heime. Men dei kunne sjå oss frå stasjonen, så vi måtte vera litt forsiktige. Det var spennande å leike seg ved svingskiva og vasstårnet. Vi greidde ikkje å rikke på svingskiva, men syster mi og gjengen greidde det visst.
 
==Bøvermoen, geografi==
På andre sida av riksvegen låg [[Bøvermoen]], flat, tørr og snau. I «'Sangen om Bjorli», (med ukjent opphav, men tydelegvis skrive av ein tidleg turist), står, etter litt geografisk orientering: «Midt imot har Rånåkollen funnet / ensom plass på Lesjaskogens mo / og fra Arilds tider stått og grunnet / på at intet mere der vil gro» ([[Årsskrift for Lesja historielag]] 1998 s. 121).
 
Langs riksvegen over Bøvermoen var det store snøskjermar. Så var det Storhaugen og Vesl-Storhaugen, begge med hoppbakkar og slalåmløyper. Bak desse haugane ny flat Bøvermo, før ein kom opp i Bjorligardane, etter Bjorlivegen. Eg var berre ti år da vi flytte frå Bjorli, så i gardane vart eg dårleg kjent.
 
==Riksvegen==
Sjølv tidleg på 1950-talet var det noko langtransport-trafikk. «Mørebilar» kalla vi dei. Dei hadde T-skilt. Øvre del av Romsdalen og Bjorli var snørike område da som nå. Eg hugsar at Romsdalen var stengt eit par døger eingong først på 1950-talet. Da hadde vi rundt 15 lastebilsjåførar på matservering og overnatting på flatseng i heile andre etasje. Likeins var det nok hjå naboar omkring oss. Det var spennande med så mange framande i huset, romsdølar og sunnmøringar. Noko for ein liten gutsprel.
 
==Folket==
Eg hugsar folket, særleg karane, dei hadde ærend på butikk og post iallfall ein gong for dagen. Det var han Emil Enstad som laga knivar og var jovial og levande, han Olav Enstad som var religiøs og meir stillfaren. Han Sigurd T. Bjorli var litt filosofisk og uforståeleg. Han Jonas Enstad som var god til å fortelja («Nå lyver du Jonas», sa Emilie, kona hans, ein gong iblant). Han Torstein Bjorli var litt yngre enn desse, og ikkje så interessant. Han Peder Lysbakken arbeidde på vegen, og var å sjå på sykkel med spade. Han Ragnvald Sveen og han Edvard Lysbakken arbeidde ved jernbanen, begge budde i vaktarboligane, og med seg i arbeidet hadde dei han Olav Svendsrud, som budde i Brekka i Rånå. Naboen til vaktarboligane var Else og Asbjørn Raanaa, han skar figurar i tre. I Nymo budde syskena Sigrid og Mathias, støe og alvorlege begge to.
 
Av dei næraste naboane våre var den eine elektrikar, den andre var møbelsnikkar. På Lyngstad budde Anna og Trygve Bjorli. Han var skreddar. Nedover mot Romsdalen budde Endre Stueflotten, (postmeisteren), Hans Stueflotten, (drosjesjåfør og hotellvert), samstundes som dei dreiv kvar sin gard. Vidare Peder Nystuen og Johan Kågen, som begge var gardbrukarar.
 
Kvar var alle kvinnfolka? Dei var nok på butikken, men var vel meir stillfarne enn mennene, derfor la eg ikkje så nøye merke til dei. Men eg hugsar fleire av dei: Ho Anna Enstad på Vollen og ho Brita Lysbakken frå Sogn, og Thea Skreden. Ho Mathea Svendsrud var frå Kvam, ho Else Rånå var frå Venabygd, og ho Tora Sveen var frå Ringebu. Ragna Nystuen og Emma Stueflotten var frå bygda.
 
==Dei andre dimensjonane==
Var det andre dimensjonar i Bjorlisamfunnet enn berre dette med butikk, jernbanestasjon og posthus? Dei var nok der, men ikkje spesielt uttrykt i dagleglivet, og eg var vel ikkje så mottakeleg for slike impulsar heller den gong.
 
For å peike på det som hadde manifestert seg i bygningar: På Bjorli var det to bedehus: Det søre heitte [[Bjorli Samlingshus]], det nørdre heitte [[Bjorli Misjonshus]]. Det var berre ca. ein kilometer mellom dei, men dei var vel ikkje samde, verken i geografi eller sak dei som bygde dei.
 
Mor og far budde i andre etasje på Bjorli Samlingshus ei kort tid før nybutikken var ferdig til innflytting i 1939. Mor fortalde at når det hadde vore samankomster hjå dei laurdagskveldar, så dei måtte rydde og klargjera både kjøken og sal når det skulle vera samling søndag. Eg har ikkje fleire detaljar omkring dette, men det kunne vore artig og visst litt meir.
 
På Bjorli Samlingshus hadde [[Lesjaskog Mannskor]] øvingane sine. Eg var med mang ein gong, og høyrde songen: «Kom til den hvitmalte kirke-». Som sjølvsagt var [[Lesjaskog kyrkje|Lesjaskogkyrkja]], som var kvitmåla. Men dette var ikkje tida for gutesopranar, det var stødige mannsstemmer som var berande.
 
==Krigen==
[[Andre verdskrig|Krigen]] var det mykje snakk om, særleg om kveldane når fleire vaksne var samla. Eg opplevde ikkje krigen, men da eg voks opp var han likevel så nær at dei vaksne ikkje var heilt ferdige med han ennå (sjå generelt om [[Hverdagsliv_under_andre verdenskrig|kvardagslivet]]). Det var prat om rasjoneringa (som ikkje var slutt før utpå 1950-talet for enkelte vareslag). Kaffeerstatning hadde dei, men ekte kaffe kunne òg kjøpast mot klypp i rasjoneringskortet. Mor fortalde at når ho kokte kaffe av ekte vare, så trudde ho at dette kunne kjennast over heile Bøvermoen.
 
Mor og far flytta til nybutikken i 1939, og i Bjorli fekk dei elektrisitet same året, frå [[Grytten kraftverk]] i Romsdalen. Da tyskarane hadde rydda seg veg våren 1940 og kom til Bjorli, flytte mor og far frå butikken og tok inn hjå Sigurd T. og Gudrun Bjorli i Systugun. Da dei sat i mørkret oppi Systugun om kveldane og stirde utover Bøvermoen, kunne dei sjå småfuruene bevege seg og koma nærmare. Det var nok tyskarar alt ihop!
 
Far var på butikken om dagane, og fleire netter på rad hadde det vore innbrot.
 
Krigen på Bjorli var ikkje utan dramatikk. Tyskarane bomba både etter vasstårnet og jernbanebrua da engelske og norske troppar trekte seg vestover. Dei fekk ikkje inn nokon fulltreffar, anna enn på Jernbanerestauranten, bygd i 1920-åra. Omkring på og ved stasjonsområdet var det derfor bombeholer fleire stader, der vi leikte oss.
 
==Avslutning==
Det er vinterkveld på Bjorli, og kaldt ute. Eg har lagt meg, mor har gått på stasjonen for å hjelpe til med serveringa. (Klokka er vel «-ti på ti, ti»). Eg høyrer nattoget som kjem opp Romsdalen, eg høyrer damplokomotivet i mange minutt før det pesar seg inn på Bjorli stasjon. Eg søv når mor kjem heim, nærmare elleve.
 
 
{{F1}}  
{{DEFAULTSORT:Frå Bjorli da eg var ti år}}
[[Kategori:Andre verdenskrig]]
[[Kategori:Bjorli]]
[[Kategori:Personlige minner]]
[[Kategori:Lesja kommune]]
{{F1}}
{{F1}}
{{nn}}