Kjeldearkiv:Frå Bjorli da eg var ti år

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. sep. 2009 kl. 18:02 av Tor Einbu (samtale | bidrag) (Ny side: [Bjorli]] er ei grend i Lesja kommune i Nord-Gudbrandsdalen, og ein jernbanestasjon på Raumabanen, som går mellom Dombås og Åndalsnes. På Bjorli voks det etterkvart fram eit li...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

[Bjorli]] er ei grend i Lesja kommune i Nord-Gudbrandsdalen, og ein jernbanestasjon på Raumabanen, som går mellom Dombås og Åndalsnes. På Bjorli voks det etterkvart fram eit lite sentrum, med jernbanestasjonen med tilhøyrande vaktarboligar, ein butikk, eit posthus og skule. På denne måten styrde jernbaneutbygginga strukturutviklinga i mange bygder i landet.

Folketalet i Bjorli var i 1946 (det året eg vart fødd) på heile 184 personar, men hadde nok gått noko ned allereie til først på 1950-talet, som eg skriv om. Vi flytte frå Bjorli da eg var ti år. I 1960 var folketalet nede i 119. I seinare tid, frå først på 1960-talet er Bjorli smått om senn bygd opp som turiststad, idag med tre hotell, skiheisar, bensinstasjon og nokre hundre hytter, mest sunnmøringar og romsdøler.

Eg vil gjera merksam på at desse notatane er skrive etter observasjonar da eg var ti år eller yngre. Enkelte korrigerande opplysningar har eg fått, notatet er dels kommentert av eldre nåverande og tidlegare bjorliverar undervegs.

Eg og dei andre

Eg var vel ein gut som andre gutar på Bjorli den gongen. Men eg hoppa ikkje på ski, ikkje var eg noko særleg i andre fysiske aktivitetar heller. Men når vi leikte cowboy og indianar så var eg med.

Eg har ikkje noko klart bilde av meg som barn. Eg har ikkje spurt så mange heller; kven ønskjer å høyre den fulle sanninga? Syster mi er sju år eldre enn meg, så eg vaks nok opp som eitslags einebarn, med ei beskyttande mor og ein far som hadde meir enn nok å gjera i arbeidet sitt. Denne organiseringa var nok heilt vanleg først på 1950-talet, mor tok seg av meg og hus og heim, far arbeidde på butikk og kontor. Men når det skulle vera skirenn fekk vi låne kontoret til far. Vi fekk papplater og hyssing, blyantar, og startnummer vart laga i lange seriar.

Butikken

Far min var styrar på Bjorli Landhandel. Butikken låg ved riksvegen, eit steinkast frå Bjorli stasjon. Vi budde i andre etasje over butikken.

Kundar på butikken var sjølvsagt folk frå Bjorligardane og frå nyare busetnad som dels var bygd der på grunn av jernbanen. Frå Rånå kom dei, og frå nørdre delen av nabokrinsen Enebo. Og frå Øverdalen og Brøste (øvre del av Romsdalen).

Eg var nok ein litt sjenert men nysgjerrig tilskodar til det som gjekk føre seg i butikklokalet. Og eg fekk med skjelvande hender lov til å prøve dei opptrekkbare leikebilane som kom i hyllene til jul, men det var ikkje snakk om at eg kunne bli eigar av ein slik bil.

Ei episode eg hugsar spesiellt, iallefall dels etter omtale: Det var da ein av kundane på butikken kasta eit fullt sildspann etter far. Dette fordi han hadde tenkt ut at far hadde underslege Marshall-hjelpa hans. Eg hugsar at vi sat i mørkret i daglegstugu og heldt auga med vegen, om denne mannen ville gjera alvor av trugsmålet om å setja fyr på butikken. Eg la meg vel til å sova, men eg trur nok foreldra mine sat oppe lenge og følgde med. Men det er ei anna historie.

Meir spektakulært var det når det kom passasjerar frå turistskip til Åndalsnes med tog opp den ville og vakre Romsdalen. Det var amerikanarar og kanskje frå andre stader. Dei hadde eit par timars opphald på Bjorli. Sidan det ikkje var noko turistverksemd på Bjorli da, så vart dei teke inn i private heimar og fekk enkel servering: Kaffe og kake. Kva foreldre mine fekk, veit eg ikkje, kanskje nokre kroner. Vi ungane fekk tyggegummi og godteri. Nokre av dei kunne nok litt gamalmodig norsk, frå foreldre eller besteforeldre. Og Sigurd T. som hadde vore i Amerika i ungdommen, vart nok nytta som tolk.