Sigurd T. Bjorli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sigurd T. Bjorli

Sigurd T. Bjorli (fødd 1890Bjorli død 1979) var gardbrukar i Systugu Bjorlie og ivrig amatørfotograf. Han reiste til Amerika i 1911, og var i Nord-Dakota som snikkar, gardsarbeidar og slaktar. Det var nok òg der han kjøpte seg fotoutstyr.

I 1917 returnerte han til heimbygda. Heimreisa vart dramatisk, for den gjekk med S/S Kristianiafjord, som forliste ved New-Foundlandsbankane. Men alle dei 1600 passasjerane overlevde og vart ført inn til Halifax. Sigurd fekk skyss med ein svensk båt heimatt. Han gifta seg i 1926 med Gudrun O. Sæther frå Sætra i Eikesdalen, og tok over Systugu i 1928. Attåt garden dreiv han som bygdeslaktar og hadde sag.

I Systugu bygde han seg mørkerom i klevan. Der framkalla og kopierte han bilde sjølv. Han fotograferte mykje kring om i bygda, ved festlege lag og tilstelningar. Medan «anlegget gjekk» tok han mange bilde.

Sigurd hadde interesse for mekanikk, og utvikla på sine eldre dagar mellom anna ei handdriven maskin for såing av eitt og eitt frø av turnips, kålrot og gulrøter. Den laga han og selde fleire kopiar av, og meldte til Patentkontoret i Oslo.

Sjå òg:

Litteratur og kjelder