Bjorli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjorli stasjon 1922.

Bjorli er ei grend og ein vintersportsstad i Lesja kommune i Nord-Gudbrandsdalen. Utgangspunktet for staden er namnegarden Bjorlie, men grenda omfattar òg namnegardane Stuguflotten og Rånå.

Dei gamle gardsbruka på Bjorlie ligg i solhellinga på nordsida av Bøvermoen. Nede på moen var det ikkje busetting før Raumabanen vart bygd (opna 1921). Jernbanebygginga gjekk raskt mellom Dombås og Bjorli, men da arbeidet nedover Romsdalen kom i gang gjekk det naturleg nok mykje saktare. Det førte til at arbeidsfolket måtte innlosjerast i grenda, delvis på gardsbruka, delvis i eigne brakker. Bjorli stasjon vart eit knutepunkt i grenda, med tilhøyrande voktarboligar, butikk, posthus, restaurant og skule. Ein kan på eit vis seie at jernbaneutbygginga styrte strukturutviklinga i bygda.[1]

Bilde frå Bjorli

Sjå fleire bilde og artiklar under Bjorli på kategorilina nedst i stykket.

Referanser

Kjelder

Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjonNettbiblioteket side 25-32.


Koordinater: 62.2579878° N 8.2058269° Ø