Kjeldearkiv:Frå kraftutbygginga på Tysnes i Sunnhordland, 1950-åra - intervju: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 64: Linje 64:
- Jau, då me flytta inn i nyehuset kjøpte me oss elektrisk omn. Tariffen var slik at me gjerne kunne bruka omn. Men det var framleis vedfyring det gjekk på. Me hadde ein panelomn bortunder glaset. Me brukte litt koks og kol også. Det fekk me kjøpt i Våge.
- Jau, då me flytta inn i nyehuset kjøpte me oss elektrisk omn. Tariffen var slik at me gjerne kunne bruka omn. Men det var framleis vedfyring det gjekk på. Me hadde ein panelomn bortunder glaset. Me brukte litt koks og kol også. Det fekk me kjøpt i Våge.


- Var du med i Kraftlaget heilt frå byrjinga?
- Var du med i kraftlaget heilt frå byrjinga?


- Ja, frå 1951. Den første jobben min var å samla materiellet og skaffa oversikt over kva me hadde. I førstninga vart det kjøpt stort inn til Kraftlaget. Desse sakene vart lagra alle stader. Me hadde fleire lagerstader rundtom. Den sommaren eg byrja i Kraftlaget var det nokre austlendingar som arbeidde her. Dei mangla noko som heitte opphengingsboltar. Stansemaskina som stansa ut desse boltane var gått i ustand, så det var uråd å få tak i nye boltar. Dermed måtte dei berre stoppa arbeidet med linestrekkinga. Men på Klinkholmen kom eg over to heile kassar med opphengingsboltar! Eg fortel dette berre for å visa kor hakkande gale det var å ha materiellet så spreidd at ein ikkje visste kva ein hadde. Desse sakene vart så samla, og me leigde lager i Våge. Den første tida var eg oppteken med å få oversyn over kva me hadde og kva me mangla.
- Ja, frå 1951. Den første jobben min var å samla materiellet og skaffa oversikt over kva me hadde. I førstninga vart det kjøpt stort inn til kraftlaget. Desse sakene vart lagra alle stader. Me hadde fleire lagerstader rundtom. Den sommaren eg byrja i kraftlaget var det nokre austlendingar som arbeidde her. Dei mangla noko som heitte opphengingsboltar. Stansemaskina som stansa ut desse boltane var gått i ustand, så det var uråd å få tak i nye boltar. Dermed måtte dei berre stoppa arbeidet med linestrekkinga. Men på Klinkholmen kom eg over to heile kassar med opphengingsboltar! Eg fortel dette berre for å visa kor hakkande gale det var å ha materiellet så spreidd at ein ikkje visste kva ein hadde. Desse sakene vart så samla, og me leigde lager i Våge. Den første tida var eg oppteken med å få oversyn over kva me hadde og kva me mangla.


- Austlendingane som arbeidde her, har du noko å fortelja om dei?
- Austlendingane som arbeidde her, har du noko å fortelja om dei?
Linje 105: Linje 105:
- Det gjekk ein ti års tid frå det me kan kalla den første linebyggingsperioden til den andre utbygginga på byrjinga av 60-talet. Det skjedde ei veldig utvikling hos folk flest på desse ti åra?
- Det gjekk ein ti års tid frå det me kan kalla den første linebyggingsperioden til den andre utbygginga på byrjinga av 60-talet. Det skjedde ei veldig utvikling hos folk flest på desse ti åra?


- Ja, eg gjekk og las av målarane hos folk. Eg trur eg har vore innom dei fleste heimar, både på Tysnes og på Reksteren. Eg fekk godt kjennskap til folk. Samstundes fekk eg godt kjennskap til eigedomane og terrenget, og snakka med grunneigarane. Det var ikkje alle som var like viljuge til å avstå jord. Dei kunne vera vanskelege, somme av dei. Det var ikkje lenger den same velviljen som i byrjinga. Det hadde endra seg med åra. Eg trur at Kraftlaget tok godt omsyn til grunneigarane, men det er jo klårt at det kunne opplevast som eit hinder for mange. Men stort sett var det greie folk å ha med å gjera. Og eg så jo kor straumforbruket auka på desse åra, i takt med velstanden elles. Mange gjekk over til høgare tariffar. Det viste på straumforbruket at folk fekk betre råd.
- Ja, eg gjekk og las av målarane hos folk. Eg trur eg har vore innom dei fleste heimar, både på Tysnes og på Reksteren. Eg fekk godt kjennskap til folk. Samstundes fekk eg godt kjennskap til eigedomane og terrenget, og snakka med grunneigarane. Det var ikkje alle som var like viljuge til å avstå jord. Dei kunne vera vanskelege, somme av dei. Det var ikkje lenger den same velviljen som i byrjinga. Det hadde endra seg med åra. Eg trur at kraftlaget tok godt omsyn til grunneigarane, men det er jo klårt at det kunne opplevast som eit hinder for mange. Men stort sett var det greie folk å ha med å gjera. Og eg så jo kor straumforbruket auka på desse åra, i takt med velstanden elles. Mange gjekk over til høgare tariffar. Det viste på straumforbruket at folk fekk betre råd.


== Sverre Linde (1921-2008) - smed og lineformann ==
== Sverre Linde (1921-2008) - smed og lineformann ==
Skribenter
1 575

redigeringer