Kjeldearkiv:Gamle spelemenn i Vang i Valdres: Forskjell mellom sideversjoner

Laga mellomtitlar og andre mindre redigeringar
m (Gamle spelemenn i Vang i Valdres flyttet til Kjeldearkiv:Gamle spelemenn i Vang i Valdres: Ordrett attgjeving av bygdebok - eignar seg som kunnskapskjelde til sjølvstendige wiki-artiklar om ulike spelemenn)
(Laga mellomtitlar og andre mindre redigeringar)
Linje 1: Linje 1:
'''Denne teksta er henta frå Valdres bygdebok nr. 6, gjeven ut av Valdres bygdeboknemnd i 1968
'''[[Kjeldearkiv:Gamle spelemenn i Vang i Valdres]]''' Denne teksta er utdrag frå Valdres bygdebok nr. 6, gjeven ut av Valdres bygdeboknemnd i 1968. Avskrifta er lett redigert for å tilpassast wikiformatet.
 
Teksten er skriven av Knut Hermundstad og delvis av Olav Moe.

'''

'''Lars Mikkjelsson Krøsshaug'''
 
== Lars Mikkjelsson Krøsshaug ==
 
var ein av stor-spelemennene i Vang og ein av dei eldste spelemenn i Valdres. Han var fødd 26. juni 1785 på ein husmannsplass til Ellingbø. I kyrkjeboki er han Lars kalla "Ellingbø-eiet". Seinare er han kalla Krøsshaug, etter ein plass ova midtre Tune. "Navne kom tå di at de ligg fire kjempehauga i krøss der."18

Linje 70: Linje 73:
6. Ragndi. Fødd 1815. Ho var gift 2 gonger og ei ætt lever att.

'''Lars Larsson Krøsshaug,
== Lars Larsson Krøsshaug ==
'''
 
kjøpte Tørto i Beito i Ø, S. og budde der. Han budde lenge i Vang før han kjøpte Tørto (Tølto). Han var fødd 1812 og gift med Ingebjørg Massdotter Åstad i 1842. Han var då 33 år og ho 30. Han døydde ikring 1888. Lars var ein god felemakar, skreddar, utrosar og den beste spelemannen av ungane til Lars M. Krøsshaug.

Linje 82: Linje 85:
Ola G, Okshovd tala om at når Lars Larsson Krøsshaug spelte siste lydarlåtten faren hadde spelt heime, før han bleiv, då trilla tårone stødt nedetter kjakane hans. Han tala då gjerne om at faren var kledd i sylvknappa vadmålstrøye og vest. Rundt fela si hadde han sveipt eit silkeplagg, Ei av felone hans eig no Nils Nerre Kvame, Lærdal. 17

'''Andris Larsson Krøsshaug''' (Andris på Teige og Andris i Plasse)
== Andris Larsson Krøsshaug ==
(Andris på Teige og Andris i Plasse)

var glup spelemann og budde på ein plass under Kvie i Høre i Vang. Han var fødd 1821 og gift 1856 med Gunhild Andrisdotter Kvåle. Då var han 35 år og ho 27.

Linje 98: Linje 102:
Attåt plassen Teigen nærde Andris seg og med skreddararbeid. Då han og kona fall bort, vart plassen utlagd.

'''Torger Olsson Strand'''
== Torger Olsson Strand ==

skulle ha vore ein omframt god felespelar. Han var ein av læremeisterane til Ola Strand på Søyne. Torger var visst ein av dei fyrste som for til Amerika saman med Johan-Henrik Sveji. Då han var på ferd til Amerika, gjekk han om Sveji med feleskrinet i handi.39

Linje 104: Linje 108:
Torgeir var nok son til Ola Olsson Øye-Eiga ("Marka-Ola frå Øye") (1788-1843) og Kari Guttormsdotter født Strand (1796-1859). Torgeir var født i 1834 og drog til Amerika i 1855. (Frøholm band A, side 196).

'''Øystein Sveji'''
== Øystein Sveji ==
 
kom til Amerika ikring 1860. Han var død før 1903. Øystein Sveji skulle ha vore svært god til å spela "taterdansar" (vals). J. O. Quale kjende tre av sønene hans. Dei var spelemann alle tre. To av dei levde i 1959 i South Dakota, men var fødde i Goodhue county. Øystein var nok eldre enn Trond Eltun (s. h.). Det var dusinvis av Svejis-folk i Goodhue. Kona til ein av brørne døydde 112 år gamal. I Valdres heitte ho Velgjerd Nystøga. Øystein Sveji var bror til ein Johannes Sveji som kom til Goodhue county, Minnesota, med heile sin huslyd, mellom anna 4 søner.10

Linje 112: Linje 115:
(Frøholm band A, side 140).
(Frøholm band A, side 140).

'''Christoffer I. Heen''' (22. Mai 1855 – 14. Nov. 1921)
== Christoffer I. Heen ==
(22. Mai 1855 – 14. Nov. 1921)

spelte fele på Valdres-stemna i St. Paul, Minn. i 1904. Valdres Helsing nr. 5 skriv: "Springaren som no følgde, "var en kunstprestation som var værd at se på". Han spelte og på 10. Valdresstemna 1908 (Valdres Helsing nr. 21). Så spelte han på Valdresfesten i Minneapolis 1914. Om dette heiter det i Valdres Helsing nr. 78:

Linje 122: Linje 126:
Kristoffer kom til Amerika i lag med foreldra (Jon Einarsson Heen og Eli Endresdotter Rogn) og søskena Anne og Marit våren 1866.

'''Ola I. Flaten'''
== Ola I. Flaten ==

var ein uvanleg god spelemann som hadde utvandra til Amerika. Han spelte mel. a. på 7. Valdres-stemna 1905 i Normanna Hall (Valdres Helsing nr. 9). Han var "den eneste og uforlignelige spelemand". Ved alle dei "gjestebø" i Valdres Samband, som hadde vore før, hadde stemnenemndi fåfengt freista få Flaten til å spela, men no kom han ikkje frå det. "Da han først fik fela under hagen og buen i venstre haand, kom ogsaa begeistringen og geniet i høisædet, og han spillede som vi vel aldrig har hørt det før ved disse anledninger. Det ser tid som han spiller med "kjeiva", men det er ikke sandt, han spiller med hele sin sjæl, og han havde ikke gjort saa mange drag med buen, førend han stod igjen oppe i Valdres med hele sin ungdomsild og færdighed, og mange fulgte ham deropp og glemte sine aar og krakheder for et lidet beel, de vare unge igjen."40

Linje 128: Linje 132:
O. I. Flaten spelte og fele i Valdres-gjestebodi 1906, 1907 og 1908. I desse lag var det ikkje vanleg dans, men halling og springar etter Valdres-spel var tillate.

'''Hølgji Gøleiksson Høverstad
== Hølgji Gøleiksson Høverstad ==
'''
 
var ein av dei fyrste spelemenn i Valdres som det er tradisjon om. Han var f. 1759 og d.1800 (Tore Ey).

Linje 144: Linje 148:
Hølgji var g. m. Kirsti Trondsdtr. Kjøs.42

'''Finnkjell Toresson
== Finnkjell Toresson ==
'''
 
var spelemann. Han hadde lært mykje av spelet sitt av Ola Strand på Søyne og Lars Krøsshaug, sa han. l 1912 spelte han fleire låttar åt Jøger Quale, endå han då var omlag 85 år. Ein av dei var Teigen etter Andris Krøsshaug på Teige på Kvie.

Finnkjell kom til Goodhue ca. i 1855. Han hadde visst vore ein flink spelemann i unge dagar. Han var morbror til far min, Ola i Brøta.10

'''Hans Wangensten
== Hans Wangensten ==
'''
 
levde ikr. 1750. Han var då spelemann på Lærdalsøyri, truleg ein presteson frå Valdres. Han var g. m. Inga Paulsdtr. frå Lærdal. Dei budde på Lærdalsøyri, der gjestgjevar Testrup saksøkte Wangensten avdi han hadde selt øl til folk på marknaden. Om dette heiter det i vitneprovi "at medens Konen skjenkede Øl til Gjesterne, sad Hans og spillede Fiol".37

'''[[Nils Endresson Sveji]]
== [[Nils Endresson Sveji]] ==
'''
 
var noko av ein meisterspelemann. Han var mellom anna ein av læremeisterane til Ola Strand på Søyne. Nils var komen frå Hermundstad-Haugen og fekk plassen Rødningen under Uvdal. Sidan kjøpte han nordre Sveji. Han var f. 1801. Av far sin Endre Knutsson Eltun, f. 1769, lærde han felespel, men vart snart mykje betre enn han. Mori heitte Kari Knutsdtr. Høle, g. 1799.

Linje 162: Linje 166:
Dei sa at Nils var særs flink til å låte både lyalæte, springlæte og meir moderne musikk. Han hadde ei merkeleg god takt og var god både med bogen og fingrane. Dei sa at Nils var ein av dei beste spelemenn i Vang i si tid. Nils for mest rundt i Vang med spelet sitt, men han var og i Årdal, Lærdal og i andre bygder på Vestlandet. Nils var ein edrugeleg og staut spelemann.

'''Kristafør Vøvle
== Kristafør Vøvle ==
'''
 
var frå Høre. Til vanleg kalla dei han Kristafør i Ruskehauge. Han kom til U. S. A. visstnok ikr. 1900. Der vart han farmar i vestre parten av N. Dak. Han døydde ikr. 195 6-57. Då var han ikr. 80 år. Quale råkte han på Valdres-stemna i Minot, N. Dak. for mange år sidan. Han var då spelemann og spelte ekstra fint."

'''[[Andris Andrisson Skogstad]]
 
'''
== [[Andris Andrisson Skogstad]] ==
 
i Vang var makalaus til å låte lyalåttar. Ofte var han borti Brubakkstogun, no Elvheim, og sat der og svalla om gamal tid. Han var bonde på Skogstad i lang tid.

Linje 188: Linje 193:
Då vart Skogstad'n redd og skreik: "Nei, Gud vara me! Gå i frå me! Du æ visst ein skapning e ikkji ska ha noko mæ!" Det var nok den ljøte sjøl eller rette ruggen Skogstad'n hadde råkt den gongen.43

'''Endre Lien'''
== Endre Lien ==

søre, var spelemann og felemakar.
søre, var spelemann og felemakar.

'''Torstein Trondsson Brekke
== Torstein Trondsson Brekke ==
'''
 
(1786-1869) var bonde på Brekke i Øye ei tid. Men så tok han Jon, bror hans (f. 1773), garden att etter odelstakst Han Jon hadde i 1799 vorte g. m. Tørend Knutsdtr. Eltun, som var jordjente. Men så totte han Brekke var likare gard enn Eltun.

Linje 204: Linje 209:
Torstein var ein stillfarande mann og i mange leier ein kunstnar. (Sjå V. B. 5 I!)

'''Anfin Olsson Kvame
== Anfin Olsson Kvame ==
'''
 
f. 1799, var uvanleg flink felespelar og god felemakar. Særs var han ein meister til å låte gamalt lydarlæte. (Bøye Ellingbø.) Til å låte slikt læte var han mest like god som Ola Strand på Søyne. Far hans, Ola Helgesson Kvame, gjekk med i ei snøskrede oppved Kvamsstølen i 1804, då Anfin var 6 år. Kona hans vart så g. att m. Knut Steinde.45

'''Knut Nordland''' på Øldre (1794-7/10 1877)
== Knut Nordland på Øldre ==
(1794-7/10 1877)

var ein av dei eldste og aller gjævaste spelemenn i Valdres. Ofte kalla dei han berre Nordlanden eller Øldrin.

Linje 248: Linje 254:
Knut Nordland var ein stor kunstnar i felespel. Det var nok eit og anna karakterdrag hjå han som ein lyt mislike. Han var såleis litt av ein vikingnatur. Men i spelet sitt var han ruvande stor. (Sjå og 7. band av Tidsskr. s. 349 og 354 fg.: Høverstad og Hermundstad om Knut Nordland.)

'''Ola Knutsson Strand'''
== Ola Knutsson Strand ==

på Søyne (1813-1902) var vel den mest namngjetne spelemannen i Vang jamsides Lars M. Krøsshaug og Knut Nordland. Faren var Knut Håvardsson Steinde (f. 1776) g. m. enkja Dorte Anfinsdtr. Kvame frå Bergji i Vangssokni. Faren kjøpte Strand i 1827 av Guttorm Sjugurdsson Strand.

Linje 294: Linje 300:
Ola Søyne fall bort 4/12-1902 vel 89 år gamal. Ragnhild, kona, døydde 7/8 -1905 og var 83 år. Med Ola Strand på Søyne miste Valdres ein av sine merkelegaste menn. Minnet om han vil mana ætter som kjem til dåd.

'''Trond Ivarsson Eltun
== Trond Ivarsson Eltun ==
'''
 
var ein av dei aller beste spelemennene i Nord-Valdres. Far hans heitte Ivar og var frå nedre Eltun i Øye i Valdres. Spelemannen Torstein Brekke på Ellingbø var bror hans. Trond var fødd 23/1-1823, og i 1845 gifte han seg med Gjartrud Johan-Henriksdtr. Sveji, f. 1824.

Linje 384: Linje 390:
I Valdres-musikksoge er Trond Eltun av dei store.

'''Nils Snøyo
== Nils Snøyo ==
'''
 
i Vang spelte både fele og trekkspel. 17

'''[[Johan-Henrik Eltun Kvam|Johan-Henrik Trondsson Eltun]]
 
'''
== [[Johan-Henrik Eltun Kvam|Johan-Henrik Trondsson Eltun]] ==
 
på nordre Kvam (10/4-1850 - 6/11-1948) tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga.

Linje 406: Linje 413:
Attåt spelemannsyrket var Johan Henrik Eltun bonde, fyrst forpaktar og så sjølveigande bonde i nordre Kvam. Så arbeidde han på fjellvegen, mest som formann, frå 1897-1935. Mange år var han postførar. Skogvaktar var han for Statens skog og for Prestli'n. For det siste fekk han sylvpokal og sidan Kong Håkon den VII's påskjøningsmedalje i sylv for gjævt samfunnsarbeid. Så hadde han ei mengd kommunale yrke. I det heile var Johan Henrik Eltun på Kvam ein vyrd mann og ein av dei beste spelemenn som Vang har fostra.

'''Sjugurd Strand,
== Sjugurd Strand ==
'''
 
g. m. Ingebjørg Tomasdtr. øvre Eltun, skulle ha vore ein god spelemann. Han tente 8 somrar på søre Sveji før han for til U. S. A. I alle kvilor, og ofte når han kom inn om kvelden, tok han fela og let. Så var han uvanleg spræk. Det fanst ikkje himling i Øye, som ikkje han greidde spenne opp i med eit stempla rundkast. (Ola Sveji.)

Sjugurd for til U. S. A. ikr. 1860, til Goodhue co., der ei stor ætt lever etter han og kona. Då Jøger O. Quale og Knut Ellingbø frå Eltun var hjå han, var Sjugurd 100 år og kona 96. Endå til då spelte han eit par låttar åt karane. Den eine var Teigen, ein Krøsshaugspringlått Han sa då, at det han kunne, hadde han mest lært av Ola Strand på Søyne.

'''Nils Kvale (Kvåle)
== Nils Kvale (Kvåle) ==
'''
 
frå Northfield, Minn., spelte i 1907 "egte Valdris-låtter med stor ferdighede i "Valdris-gjestebøe for 1. gang". Etter maten "var han den betydeligste person i laget".32

'''Lars Lokreimshaugen
== Lars Lokreimshaugen ==
'''
 
var spelemann og skraddar. Han var g. m. Anne Øysteinsdtr. Bergji. Dei fór til Amerika føre 1900.58

'''Helge Amundsson Flaten
== Helge Amundsson Flaten ==
'''
 
var ein god bygdespelemann og skomakar. Han var ein heidersmann. (Sjå V. B. 5 1 s. 702.)

'''Ola Olsson Lokreim''' (1825-1911)
== Ola Olsson Lokreim ==
 
(1825-1911)

var ein dugande felespelar attåt at han var rosemålar. Han kom til Sævartveit i Ullvik i Hardanger, der han vart gift og har ei stor ætt (V. B. 5 I s. 714-715.) Bestemor til Hallvard Lokreim tala om at "Ola møbro" hennar var svær til å låte på fele.

==
Andris Bunde ==

'''Andris Bunde
'''
var ein ekta god spelemann. Han hadde gått i lære hjå Andris Teigen frå Høre. Tidleg fór han til Strandebarm i Hardanger og busette seg der. Arne Bjørndal har skrive opp mange låttar etter han. Fela hans er no på eit muse i Strandebarm. Det var ei Trondefele etter Halvor Hansegarden han hadde, sa dei.  

'''Ivar Lajord
== Ivar Lajord ==
'''
 
lærde frå seg felespel til mel.a. Ivar L. Røynstrand frå Granvin i Hardanger. Lajord kunne mange huldrelåttar.

'''Ove Olsson Strand
== Ove Olsson Strand ==
'''
 
g. m. Smed-Marit var god spelemann. Faren var Ola Olsson Kjerstein og mori Kari Guttormsdtr. Strand, f. 1796.

'''Ola Øydgarden
== Ola Øydgarden ==
'''
 
or Tørpegøro var sonen til Torstein L. Krøsshaug og bror til mel. a. Ola og Eivind Krøsshaug. Han var flink spelemann og budde i Lake Mils i Iowa.

== [Andre] ==
'''Ola Olsson Leikvollen, Anfinn A . Hermundstad, Helge Flaten og sonen Ola Flaten, Knut Johannesson Bø, Gudbrand Grøv, Knut J. Nystova ("Basen"), Tomas Gøleiksson Jøvne, Ola Helle og Lars K. Tveit

var alle hjelpeleg gode spelemenn. (V. B. 5 I.)

[[Kategori:Bygdebøker]]
[[Kategori:Folkemusikere i Oppland]]
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer