Kjeldearkiv:Slåtteonn på Dysje i åra 1954–63: Forskjell mellom sideversjoner

m
mellomlagring etter å ha blitt kasta ut
mIngen redigeringsforklaring
m (mellomlagring etter å ha blitt kasta ut)
Linje 8: Linje 8:
Me budde i dei gamle husa på Dysje, som stod innmed loptet som me ser på biletet. Eit år budde me i det nye huset, men papa tykte det var for fint her, og for mykje vasking, slik at me budde resten av tida i dei gamle husa, med åren som varme til matlaging. Huset var i to etasjar, og me ungane låg oppe og papa og Torleiv nede i stoga. Me høyrde heile tida den evige susen frå Dysjebekken, når det var regn auka bekkesusen kraftig. Me var redde hoggormen heime, men her trong me ikkje tenke på den, for her var ingen hoggorm.  

Ved Dysjebekken var der både sag, kvenn og slipestell, etter stadnamna ”Stampefloti” og ”Stampebakken”, tydar det på at her òg har vore [[vadmålsstampe]]. Slipesteinen bruka me dagleg, og det var som oftast nok slipevatn, men det hendte me måtte til [[Brotteli (Bykle gnr 7)|Brotteli]] og slipe, for her var slipestellet ved Brotteliåne, og der var det alltid nok vatn. Første året me var på Dysje budde Margit og Ola Breivegen i Brotteli og det hendte vel at papa tok tur for å slipe, sjølv om det var nok slipevatn i Dysjebekken. Når me kom til Brotteli, diska Margit alltid opp med det beste matstell ein kunne tenke seg. Eg og Olav var som regel med på ”slipereisa”.
Ved Dysjebekken var der både sag, kvenn og slipestell, etter stadnamna ”Stampefloti” og ”Stampebakken”, tydar det på at her òg har vore [[vadmålsstampe]]. Slipesteinen bruka me dagleg, og det var som oftast nok slipevatn, men det hendte me måtte til [[Brotteli (Bykle gnr 7)|Brotteli]] og slipe, for her var slipestellet ved Brotteliåne, og der var det alltid nok vatn. Første året me var på Dysje budde Margit og [[Ola Breivegen (1912–1991)|Ola Breivegen]] i Brotteli og det hendte vel at papa tok tur for å slipe, sjølv om det var nok slipevatn i Dysjebekken. Når me kom til Brotteli, diska Margit alltid opp med det beste matstell ein kunne tenke seg. Eg og Olav var som regel med på ”slipereisa”.

Ved løa på Dysje var det smidje, denne kjøpte papa av Tarjei. ”Feltæse”, ambolt og utstyr hadde min bestefar selt til Dysje om lag 1910. Dette lika bestemor svært kleint, og papa var glad då han fekk kjøpt den tilbake. Smidja har vore i bruk heilt fram til i dag, papa ”kveste” minebor og hakker og eg har smidd knivblad og munnharpe og mangt anna på æsa.  

Linje 19: Linje 19:

<!--Foto: Folke Nesland  1968 – utsikt frå toppen av Fossbekkskaret.-->
<!--Foto: Folke Nesland  1968 – utsikt frå toppen av Fossbekkskaret.-->
Turen vidare gjekk greitt, så vidt eg kan minnast, heilt til me kom til Fossbekkskaret og skulle ned Neslandslii. Papa hadde sagt at før me kom hit så måtte me gå på vestsida av høgaste Barsfjødd og ned Margitmesskaret og over Fossbekk, eit stykke under fossen. Då me likevel stod oppå Fossbekkskaret og såg ned til Nesland, over 300 høgdmeter under oss, og var våte og trøytte, tykte me det var surt å gå tilbake, og leite etter den andre vegen. Me ville difor prøve å gå med hesten rett ned skaret. Ingebjørg leidde hesten og eg gjekk bak og drog i hesterova slik at hesten ikkje skulle tippe framover. Her har truleg ingen kome ned med hest nokon gong. Papa var nok redd for oss, for då me gjekk ned skaret stod han i Viki og såg koss me streva. Me fekk ikkje noko kjeft av han då me kom heim, men han var stille og sa lite.  
Turen vidare gjekk greitt, så vidt eg kan minnast, heilt til me kom til Fossbekkskaret og skulle ned Neslandslii. Papa hadde sagt at før me kom hit så måtte me gå på vestsida av høgaste Barsfjødd og ned Margitmesskaret og over Fossbekk, eit stykke under fossen. Då me likevel stod oppå Fossbekkskaret og såg ned til [[Nesland (Bykle gnr 10)|Nesland]], over 300 høgdmeter under oss, og var våte og trøytte, tykte me det var surt å gå tilbake, og leite etter den andre vegen. Me ville difor prøve å gå med hesten rett ned skaret. Ingebjørg leidde hesten og eg gjekk bak og drog i hesterova slik at hesten ikkje skulle tippe framover. Her har truleg ingen kome ned med hest nokon gong. Papa var nok redd for oss, for då me gjekk ned skaret stod han i Viki og såg koss me streva. Me fekk ikkje noko kjeft av han då me kom heim, men han var stille og sa lite.  

Dette var ein dryg tur, over halvannan mil og over 700 m. høgdestigning. Då me kom ned til Nesland kom papa med båten og tok hesten seiste halvmila heim.
Dette var ein dryg tur, over halvannan mil og over 700 m. høgdestigning. Då me kom ned til Nesland kom papa med båten og tok hesten seiste halvmila heim.
Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043

redigeringer