Kjeldearkiv:Slåtteonn på Dysje i åra 1954–63

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Slåtteonn på Dysje i åra 1954–63
skrive av Folke Nesland f. 1948 i Nordbygdi, bur no i Bykle. Tre år ved MTI i Sverige, arbeidd som kommuneingeniør i Bykle. Interesser: Fotografering, samle inn stadnamn, lokalhistorie.
Trykt på sidene 90–97 i årsskriftet Setesdal og setesdølar i 2017.


Dysje ca. 1970.
Foto: Folke Nesland.
Dysje

Me leigde slåtten på Dysje frå om lag 1954 til 1963. Slåtten starta som regel første veka i juli og me var her i om lag 3 veker, før me tok til med slåtten heime. Graset vart tidligare utvekst i Botnen enn heime. Her er høge fjødd og eit varmare klima enn heime. Etter gamalt sa dei at kornet mogna like tidleg i Botnen som i Bjørnarå.

Me budde i dei gamle husa på Dysje, som stod innmed loptet som me ser på biletet. Eit år budde me i det nye huset, men papa tykte det var for fint her, og for mykje vasking, slik at me budde resten av tida i dei gamle husa, med åren som varme til matlaging. Huset var i to etasjar, og me ungane låg oppe og papa og Torleiv nede i stoga. Me høyrde heile tida den evige susen frå Dysjebekken, når det var regn auka bekkesusen kraftig. Me var redde hoggormen heime, men her trong me ikkje tenke på den, for her var ingen hoggorm.

Ved Dysjebekken var der både sag, kvenn og slipestell, etter stadnamna ”Stampefloti” og ”Stampebakken”, tydar det på at her òg har vore vadmålsstampe. Slipesteinen bruka me dagleg, og det var som oftast nok slipevatn, men det hendte me måtte til Brotteli og slipe, for her var slipestellet ved Brotteliåne, og der var det alltid nok vatn. Første året me var på Dysje budde Margit og Ola Breivegen i Brotteli og det hendte vel at papa tok tur for å slipe, sjølv om det var nok slipevatn i Dysjebekken. Når me kom til Brotteli, diska Margit alltid opp med det beste matstell ein kunne tenke seg. Eg og Olav var som regel med på ”slipereisa”.

Ved løa på Dysje var det smidje, denne kjøpte papa av Tarjei. ”Feltæse”, ambolt og utstyr hadde min bestefar selt til Dysje om lag 1910. Dette lika bestemor svært kleint, og papa var glad då han fekk kjøpt den tilbake. Smidja har vore i bruk heilt fram til i dag, papa ”kveste” minebor og hakker og eg har smidd knivblad og munnharpe og mangt anna på æsa.

På Dysje er det mura opp mange fine murar ved rudningsrøysane, eit fagarbeid av Tarjei Dysje. Alt var så fint, solid og greitt utført. I løa hadde han endå treskemaskin for kornet.

Dysje hadde om lag 35 dekar dyrka mark og det var mykje grei maskinslått. Me hadde med hest og slåmaskin i mange av åra. Me tok med slåmaskina i båten og leidde hesten over heii. Me gjekk opp Neslandslii, vest om Margitmesskaret, Hisbekk, Raustøylheii og opp Mørkholtnuten, vidare på sørsida av Strondefjøddet og ned i Ånarådalen. Kan minnast at eg og Olav var med farbror Torleiv ein gong og ”nylte” / merka opp den gamle førdslevegen. Der var mange stadar det var vanskeleg å kome fram med hest. Det var store urar som måtte steinsettast og ordnast. Ånaråne kunne ved mykje regn og flaum vere lei å kome over. På vestsida av åne gjekk me forbi Skolåsstøylen og ned den bratte lii til Skolås. Her var ein godt syneleg sti, men det var nokre bratte oppstig med glatte svaberg. Langs vatnet til Bratteland og Dysje var der grei sti.

Eg og Ingebjørg gjekk eit år heimatt med hesten frå Dysje. Eg var vel om lag 12 år og Ingebjørg 7 år eldre. Det var og hadde vore mykje regn, og berg og steinar vart sleipe og glatte. Då me skulle over Ånaråne måtte me gå heilt innom Legetjønni, ein kilometer omveg inn i Ånarådalen, før me torde vasse over åne. Me fekk også problem med å finne att stien på austsida av åne, då me kom attende til der me skulla ha kryssa åne.


Utsikt frå toppen av Fossbekkskaret.
Foto: Folke Nesland (1968).

Turen vidare gjekk greitt, så vidt eg kan minnast, heilt til me kom til Fossbekkskaret og skulle ned Neslandslii. Papa hadde sagt at før me kom hit så måtte me gå på vestsida av høgaste Barsfjødd og ned Margitmesskaret og over Fossbekk, eit stykke under fossen. Då me likevel stod oppå Fossbekkskaret og såg ned til Nesland, over 300 høgdmeter under oss, og var våte og trøytte, tykte me det var surt å gå tilbake, og leite etter den andre vegen. Me ville difor prøve å gå med hesten rett ned skaret. Ingebjørg leidde hesten og eg gjekk bak og drog i hesterova slik at hesten ikkje skulle tippe framover. Her har truleg ingen kome ned med hest nokon gong. Papa var nok redd for oss, for då me gjekk ned skaret stod han i Viki og såg koss me streva. Me fekk ikkje noko kjeft av han då me kom heim, men han var stille og sa lite.

Dette var ein dryg tur, over halvannan mil og over 700 m. høgdestigning. Då me kom ned til Nesland kom papa med båten og tok hesten seiste halvmila heim.

Hesten ”Bella” vart mest 24 år. Eg var med papa då han reiste med han til Skarg og fekk han på slakteribilen. Då me skulle heim att, såg eg at papa gråt , eg gjekk langt bak han, og sa ikkje eit ord. Han var så glad i denne stødige og snille hesten. Han gav hesten ei tjukk brødskive med smør på, kvar morgon. Mamme sa tidt at han måtte ikkje bruke opp alt smøret på hesten, men brødskiva med smør skulle Bella likevel ha i alle år.

Eit år gjekk papa med Bella frå Viki, Haugemellom, Buvegskaret til støylen Skurven og vidare ned under brattaste Storefjødd og ned til Brotteli. Dette gjorde han bare ein gong. Under Storefjødd var det så bratt at det var fleire gonger hesten mista fotfestet og ville til å skli nedover lii og ut i mot Bossvatn, over 200 høgdemeter lenger nede. Denne turen nemnde papa som ein av dei farlige turane han hadde gjort. Støkken sat i i fleire dagar etter turen.


Frå Brotteli. Det var langs toni og ned lii, midt på biletet, papa kom ned med hesten.
Foto: Folke Nesland

Før han tok av frå turistvegen og skulle ned til Skurven, møtte han ein eldre mann som bar på eit lite spann. Han hadde kome frå Gyvatn denne dagen, og skulle gå turistvegen til Lyngtveit, som då var turiststasjon. Papa såg at han ikkje hadde ryggsekk og spurde om han hadde mat. Jau, det hadde han, og synte han spannet, der han hadde ein god del sjokolade, dette skulle han greie seg med, meinte han.

Morgonen etter var eg og Knut vestover, ein god kilometer frå Viki, og skulle få geitene på beite ved Tjønnefjøddgrødi. Etter eit bel, ved Spækekjerret, møtte me ein mann som ikkje heilt visste kor han var og kor han skulle. Han sa han hadde lege mellom eit par store steinar om natta. Det hadde vore regn og myggen hadde plaga han fælt, han var kald og svolten. Me fylgde han og henta sjokoladespannet og nokre våte klede han hadde lagt ned der han hadde sove, og så blei han med heim. Han var heilt utsliten og var heime hos oss i fleire dagar, med god mat og seng. Han fortalte at han hadde vore sjøkaptein og segla verda rundt. Kvar gong han kom til Noreg og såg dei høge fjella, så ønskte han å tilbringe resten av tida si med å gå fotturar i desse fjella. Han fekk ønsket sitt oppfylt, for me høyrde at han blei funnen død nokre år seinare, på Kolbeinstrondi, ved turistvegen, vest for Store Aurevatn. Han var frå Madla, og hadde familie og synte oss bilete av to av barnebarna sine. Han var svært takksam for at han vart teken så godt hånd om.

Då Viki låg like ved turistvegen, var det mange som var innom og fekk mat og kvile og ein god prat.


Dysje 1958. Me budde i det gamle huset til høgre for løa. Vatnet går no heilt opp til grunnmuren på huset. F.v. Far, Gunvor Brokke med Grete, Ingebjørg, Jorunn, Folke, Torleiv, Olav.
Foto: Hallvard G. Brokke, foto lånt av sonen Lars Gunnar Brokke.

Tida på Dysje ser me alle tilbake på som ein god tid. Det var slik god fred og ro på Dysje. Kan minnast ein gong eg og Olav skulle vere her ei helg og passe på hesten, saman med Torleiv. Han hadde ei bok som var skriva av ein Amerikansk predikant, Billy Graham trur eg det var. Torleiv las høgt or boka og prøvde å lære oss ei song som stod der; ”Jeg er så lykkelig fordi, at også jeg kan si, at jeg er en av dem, som har Jesus til venn og himmelen som hjem.” trur eg det var. Me måtte i alle fall pugge den heile kvelden, òg Olav, som var eit år yngre enn meg, hugsar den framleis.

Om sundagen skulle me opp til Dysjedalen, støl til Dysje. Men først skulle me ha middag. Me hadde lite mat, papa skulle ta med mat når han kom at frå Viki på måndagen. Torleiv sette på ei gryte med gule ertar og noko kjøtt i, på gruva. Me skulle passe på gryta og røre i den av og til , medan han skulle slipe lje. Då han kom tilbake, hadde me gløymt heile gryta og det var eit tykt lag på botnen av gryta med kolsvarte brente ertar. Noko god ertesuppe blei det no ikkje, men det blei likevel tur til Dysjedalen, og like opp under Signalen, eller som dei gamle sa; Låvedynn-nuten. Soga var den at dei tok ei låvedør frå Bratteland og bar oppå toppen av fjøddet, som er heile 1317 m.o.h.. Dette var ein del av eit varslingssystem under Napoleon-krigen. Same system hadde dei langs norskekysten. Men kvifor det var eit slikt varslingssystem her har eg ikkje lukkast å få kunnskap om.

Her var vetevardar fleire stadar sørover Setesdalen, men ikkje dette varslingssystemet. Då me var komne til eit svaberg ved tjønna under Låvedynn-nuten, Dysjetjønni, skulle me mure opp ein varde til minne om turen. ”Når de kjem forbi her, må de minnast denne turen”, sa Torleiv . Om kvelden hadde me sniglestuing, som me kalla – havregrynsgraut koka på vatn.

På Dysje var mykje grei maskinslått, men alle dei små og bratte teigane som Stampefloti, Lødokkbakken, Lisleliåkrane, Brattåker, Badstogrova, Nylendet og den bratte Liåkeren, var det ljåslåtte, med langorv og stuttorv. Etter ei veke med ljåslått var me både stive og såre i mest kvart ledd og serlig magemusklane. Me var no ikkje meir enn 10-12 år før me måtte starte med å slå med stuttorv. Når det var regn og mykje mygg og me klaga til papa om det, bruka han å fortelje om då han var med bestefar sin ( Bjørgulv O. Nesland f.1833), og slo ei slåtte på Øvre Mørkholt. Der var heilt svart med ”viglemy” som me sa, eller knott, og far sa forsiktig at dette kunne dei vel ikkje halde ut. Bestefaren svara då: ”Å jo, farr, dette lyt me vel tole.” Dette var no ikkje rare trøysta for oss.

Me hadde som regel 35–40 vinterlass med høy i løa på Dysje. Dette måtte køyrast heim, ei god mil kvar veg. Det blei mange lange og kalde turar. Isen på Bossvatn la som regel rett før jol eller i romjola. Når isen var vel 10 cm kunne ein køyre den med hest. Når det var blank stålis, utpå nyåret, tok dei til med høykøyringa. Når det var stålis eller glatte og islagde sledespor, kunne ein kjøre med to sledar etter kvarandre. Køyringa varde det meste av vinteren, dersom det var mykje snø på isen, som det tidt var, måtte ein vente til mars og april.

Papa sette rjupesnore fram til 1. mars, og dei måtte ”sygnast”, ha tilsyn, annankvar dag. Hadde det kome snø, måtte me gå kvar dag. Me gjekk på skule annankvar veke, og i friveka var det tidt at me måtte ”sygne” snarone, slik at papa fekk køyre høy. Snorelina var lang, han hadde om lag 250-300 snorer. Me starta som regel i sjutida, og var ferdige i 3 - 4 tida. Så vidt eg kan minnast, så kunne me få 6-8 rjupo og ein gong heile 17 på ein dag. I alt 200-250 rjupor i året.

Eg har fanga ein ”skarrhane”- fjellrjupe.
Foto: Folke Nesland (1969).

Ein dag eg og Olav skulle sjå til snarone hadde det kome mykje nysnø. Papa sa at når me var komne til Den store steinen under Skurvenuten, så måtte me gå etter løypa hans, langt ned under der snøraset bruka å gå, og gå over her. Me stod lenge og tenkte om me skulle la vere å gå den lange omvegen, og heller gå rett over der me bruka å gå. Me vart samde om at dette ville papa oppdage når han kom og såg skispora. Me kroka derfor nedanfor.

Då eg var midt ute på glenna,høyrde eg ein kraftig lyd, noko lik eit fjernt tordenbrak. Eg rakk ikkje å tenke før eg blei kasta overende av eit kraftig lufttrykk. Deretter kom snøraset og kasta meg nedover og pakka rundt meg til snøen rakk under armane. Snøen var så hardpakka at eg hadde vanskar med å grave opp ski og stavar. Etter eit bel kom Olav etter, og me fann ski og stavar, men me var redde for at det skulle kome nytt snøras. Dette skjedde om lag 50 m ovanfor der snøraset hadde stoppa. Me var glade at me hadde høyrt på papa denne gonga – òg.

Jorunn hadde òg denne jobben eitt år. Ho lika ikkje å drepe rjupa når den var levande i snora, og det skjedde nokså ofte.

Det blei òg slege graset på Brotteli, Systog og Nordstog-Bratteland og Skolås, av og til òg på Skarberg, så det kunne vere 4-5 hestar vestover vatnet etter høylass. Dei seinare åra, då me hadde fått påhengsmotor – Penta 4,5 hk- frakta me ein del av høyet heim vatnet med båt. Dette var gjerne i november og desember, men det kunne fort blåse opp til farleg vind. Papa var alltid tideleg om morgonen, og starta båtturen gjerne i 5-6 tida. Båtturen tok om lag halvannan time ein veg, og langt meir med høylass tilbake. Båten/eikja me hadde var det papa og Torleiv som bygde, og den kunne frakte eit heilt mål med bjørkeved.

Farbror Torleiv var med som slåttekar på Dysje mest kvart år, og han skulle ha fri mat. Det var ikkje alltid han tykte maten var god nok. Han skulle ha egg og mjølk og anna som me ikkje alltid hadde med oss. Han hogg ved om vinteren langsmed Bossvatn, om lag 30 mål om året. Kvar vår måtte far vere med og frakte heim veden med båt, m.m. Så ved å arbeide for kvarandre slik, trur eg rekneskapet tidt gjekk i null.

Ingebjørg og Olav startar opp båten, våren 1967.
Foto: Folke Nesland (1967).

Den tida me var på Dysje måtte mamme vere heime og mjølke 24-25 geiter morgon og kveld. Jage dei på beite og hente dei heim om kvelden. Ho ysta ost annan kvar dag, og det tok mange timar å røre i den store gryta som måtte fyrast under heile tida. Ho hadde geitosten sin med på Setesdalsutstillinga 1956, på Byglandsfjord, og fekk førstepremie for geitosten.

Så måtte ho mjølke, som regel 4 kyr, og kinne smør og levere dette på butikken i Bykle kvar veke. Ho passa òg på Knut som då var 4-5 år. Etter som han voks til, jaga han geitane om morgonen og passa på dei. Mamme hadde lange arbeidsdagar, om kveldane måtte ho vaske, lappe og saume klede for oss, bake brau og steike stomp m.m. Ein gong sauma ho oss kvar sin regnfrakk. Ho bruka kvit bomull og la dei ned i koka linolje. Me vart no ikkje våte med eingong, men dei lukta fælt linolje og var no ikkje så veldig tette. Ho måtte òg kjøpe inn ekstra godt pålegg og anna me skulle ha med som niste på Dysje. Ha-På lika me godt, men ein gong hadde ho kjøpt Ha-På med ananassmak, dette hadde me aldri smaka før og det var stor stas å ha dette på stompeskiva. Me fekk eit glas kvar, og det var konkurranse om kven som hadde glaset lengst. Sunda var òg eit pålegg me bruka, i tillegg til geitost og tyttebærsyltetøy.

Jorunn kjem heim med geitene.
Foto: Folke Nesland (ca. 1963).
Her står Bella, og den nye hesten Fola, som er to år, medan bukken står på leikehuset. Stolpen med tak over, bak bukken, har to trehjul og går ned til eit bygg med eit stort vasshjul ved bekken. Her vart det strekt ein stålveier opp til løa, som dreiv kappsaga til veden. Det gjekk med over 6-7 mål med ved om året, for ystinga av geitost, om sommaren trong mykje ved.
Foto: Folke Nesland (1963).