Skolås (Bykle gnr 9/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skolås
Bratteland 20.jpg
Skolås 1970.
Foto: Folke Nesland
Rydda: 1812/1813
Utskilt: 1846
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 9
Bnr: 2
Type: Husmannsplass / småbruk

Skolås vart rudd og bygd som husmannsplass i 1812-13, og vart eit sjølveigande småbruk frå 1846. Det ligg på strandbakken ved Bossvatn i Bykle kommune, omlag 1,5 km austanfor Bratteland. Under husa var tolleg slakt hallande jorde ned mot vatnet.

Han som rudde seg ein heim her heitte Olav Høljesson og kom frå Midtre Lien i Svartdal, Seljord. Foreldra hans var Hølje Høljesson Lien og kona, Margit Høljesdotter, fødd Svartdal. Av Seljords bygdebok går det fram at foreldra, ved det leitet då Olav kom til verda, heldt til på Siljudale i Flatdal. Men både fyre og sidan budde dei det meste av tida på Midtre Lien i Svartdal, og dei er førde under det bruket i Seljord-soga (Flatin, T.: Seljord III, 1954, s. 15). Etter det me kan skjøne budde også Olav og kona hans der dei fyrste 10 åra av ekteskapet sitt. Her nyttar me difor Lien som etternamn på Olav.

Her er to løvefigurar av Olav Høljesson som framleis finst i privateige i Bykle. Dei er omlag 25 cm lange., og omtrent like høge. Utforminga kan minne om nokre av figurskildringane i rosemålinga, som vel atter var inspirerte av dei såkalla «kineserier», dvs. kinesiske figurar som det kom ei mengd av til Europa i 1700-åra.
Foto: Aanund Olsnes (2006).
  • Olav Høljesson Lien, f 1764, til Amerika 1846, d 1847
g 1790 m Anne Olavsdtr. Svartdal, f 1766, d 1835. Born:
  • Hølje, f 1792, konf. Øyfjell 1808, seinare lagnad ukj.
  • Kjersti, f 1794, g 1821 m Ånund Mikkelsson Bratteland, til Amerika 1846, sjå nedanfor, jfr Bratteland
  • Olav, f 1797, g 1826 m Margit Salmundsdtr. Ryningen, sjå Løyning under Ryningen
  • Margit, f 1800, g 1823 m Tarjei Tarjeisson Bjones, sjå Bjones
  • Arne, f 1802, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor
  • Neri, f 1803, d 1869, g m Eli Salmundsdotter, Nedstrand, busett Hjelmeland, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1807, g 1836 m Ingebjørg Olavsdtr. Dysje, til Amerika 1846, sjå nedanfor
  • Anne, f 1813 g 1840 m Olav Olsson Ljosådalen, til Stavanger 1850, sidan Amerika, sjå nedanfor

Foreldra av Anne Olavsdotter var frå Sud-Svartdal i Seljord, dotter åt Olav Olavsson Svartdal og kona, Kjersti Gregarsdotter. Olav og Anne budde som busetar i Svartdal då dei i desember 1799 fekk feste på garden Skolås i Øyfjell. Denne garden låg i kyrkjeeige, og var ein del av det såkalla prestebordsgodset i Lårdal. Såvorne eigedomar var gjerne gode å vera leiglending på, avdi dei som regel vart bortleigde for snaue landskylda. Truleg flutte Olav og Anne åt Skolås hausten 1800, for i juni det året hadde dei dottera Margit til dåpen i Flatdal, og dei vart då framleis oppskrivne med etternamn Lien. Men i folketeljinga frå 1801 er dei registrerte som husbondsfolk på Skolås. I 1803 vart det skrive ei ny festekontrakt der Olav og Halvor, bror hans, samdest om å bruke kvar sin halvpart av Skolås. Såleis hadde dei det då eit par år frametter, men i 1805 flutte Halvor Høljesson ifrå, og i 1807 kom eit syskenbarn frå Seljord som heitte Halvor Aslaksson, og overtok Halvor sin part i garden. I 1810 avsto Olav Høljesson sin halvpart av Skolås til den same Halvor Aslaksson, som dermed vart brukar av heile garden.

Etter dette flutte Olav og Anne til Bykle. I 1812 budde dei som busetar einkvarstad i Byklum, dottera Kjersti vart konfirmert derifrå den våren, men året etter var dei på plassen her, så herifrå døypte dei yngstedottera Anne.

I den gamle gards- og ættesoga (79) står det at Olav «kjøpte plassen av M.O. Bratteland.» I ein artikkel i Setesdølen i 1998 er dette modifisert til at han «ca 1813 hadde kjøpt retten i Bratteland og byrja å rydje seg eit bruk. Dette bruket er Skolås». Me har ikkje hatt høve til å undersøkje den kjelda dette kan byggje på, men går ut ifrå at det Olav i fylgje ei ikkje-tinglyst kontrakt kan ha kaupt, var det som vart kalla «rydningsrett». Men kaup av rydningsrett var omlag det same som å bygsle eller å feste: Ein betala ein innfestingssum og fekk dermed rett til å setje i gang med å rydje seg ein plass. Om festepengane vart omtala som «festeafgift», «stedsmaal» eller «den for rydningsretten indbetalede kjøbesum», gjorde, så seint som i 1812, i praksis ingen skilnad. At det i eldre tid låg tildels ulike juridiske realitetar i desse omgrepa er ei anna sak. Dei som måtte vera interesserte i dette spursmålet kan lesa om det i Kviteseidsoga, III, 1987, 466 ff.

Vidare vert det i den ovanomtala avisartikkelen funne «merkeleg [..] at då ungane er konfirmerte heiter dei Bratterud». At dei heitte Bratterud er vel noko sterkt sagt, men presten laut etter sin instruks skrive opp desse borna med ei eller anna adresse. Han visste tydelegvis at dei budde på ein rudningsplass under Bratteland, men at foreldra deira hadde kalla denne plassen opp etter garden i Øyfjell, hadde den geistlege protokollføraren ikkje greie på. Så vart det, såleis på ein slump, «Bratterud».

Anne Skolås døydde i 1835, men Olav og fleire av borna vart inntil vidare verande på plassen. I 1834-1835 budde også versonen, Ånund Mikkelsson Bratteland, her med kona Kjersti og borna deira. Som me har fortalt i bolken om hovudbruket skulle desse reise til Amerika i 1835, men stogga i staden i Årdal i Ryfylke, og kom att etter to år. Men i 1846 ville dei gjera alvor av å emigerere. Då vart det til at liksåvel gamle Olav Høljesson slo seg med. Han var 82 år, men hadde då vore med på så mang ei flytjing tidlegare. Det var meininga at også bror av Kjersti, Olav Olavsson på Ryningsløyning, og huslyden hans, skulle vera med på utferda. Men dei kom ikkje lenger enn til Kristiansand, og slo seg sidan ned i Konsmo i Vest-Agder (sjå Løyning under Ryningen).

I den ovanomtala artikkelen i Setesdølen vert det vidare fortalt at Olav Høljesson, medan han budde i Bykle, dreiv og skar ut treskulpturar. Det var «hestar og lysestakar forma som løver. Sjølve lyshaldaren var plassert på ryggen eller på hovudet på løva. Ofte var det skore ut fleire løver som stod med bakenden mot kvarandre. Lyshaldaren var då plassert i midten der løvekroppane møttest. Løvene ser snille og koselege ut. [...] Ein av lysestakane er i Norsk Folkemuseum, og ein er i Nordiska Museet [i Stockholm]. Det finst og ein svartmåla fireløvestake i Bergens Museum. Dessutan finst det [nokre] som er i privat eige».

Olav døydde i Amerika berre omlag eit halvår etter utreisa, og vart gravlagd i Rock River Settlement i Dodge County, Wisconsin. Men fyrr han døydde rakk han å skjera ut ei geit og ein tiger i full storleik. Dette står å lesa i stykket av Julia Eggen, som me har nemnt i bolken om Bratteland. Julia Eggen var dotterdotter åt Kjersti Bratteland, dotter åt treskjeraren. At Olav Høljesson døydde i Wisconsin i 1847 har elles vorte stadfest frå JoLeen Randolph, Victoria, Minnesota.

To av sønene av Olav Høljesson, Hølje og Arne, har me kleint med spor etter. Hølje vart konfirmert i Øyfjell i 1808. Etter dette har me ikkje sett han omtala, korkje i Valle kyrkjebok eller andre kjelder. Men ettersom han var vaksen då foreldra drog åt Bykle, treng han ikkje ha vore med hit. Det burde derimot Arne, eller kanskje rettare Åni, ha vore, men me har ikkje sett noko til han, korkje i konfirmantlistene, mellom dei gravlagde eller i folketeljinga frå 1865. Kanskje har han døytt fyre konfirmasjonsalderen, og i så fall helst fyre foreldra kom til Bykle? Når det gjeld Hølje, veit me like lite, men me lyt vel halde døra på glytt for han kan ha fare til Amerika, jamvel om er det på vona.

Men Neri vart iallfall verande i landet. I 1865 budde han på ein plass under Groven i Hjelmeland, står det i folketeljinga frå den bygda.

  • Neri Olavsson Skolås, f 1803, til Høyland m kone og ugifte born 1867, d 1869
g m Eli Salmundsdtr., f 1810, d 1870. Born:
  • Ola, f 1833, lagnad ukj.
  • Anna, f 1834, til Amerika 1854,
  • Ola, f 1836, busett Røykjanes, Jelsa, g m Guri Danielsdatter
  • Ane Kirstine, f 1838, g 1861 m Sjur Olsson, busett Hagali under Låtveit, Hjelmeland
  • Eli, f 1840, g m Olav Johnson, f 1831, busett Hjelmelandsvågen
  • Salmund, f 1842, g m Margrete Gunnarsdtr., Kvinnherad, frå 1867 husmann på plassen etter faren, born iallfall:
  • Eli
  • Johanna f 1845, lagnad ukj.
  • Marta, f 1847, lagnad ukj.
  • Peder, f 1850, lagnad ukj.
  • Liva, f 1853, lagnad ukj.

Dei ovanfor refererte opplysningane om kona og borna åt Neri er henta or bygdeboka frå Hjelmeland (bd I, 149), som også opplyser at Neri attåt jordbruket dreiv med skomakararbeid. Her skal me berre leggje innåt at Eli Salmundsdotter etter den nemnde bygdeboka var frå Stjernarøy (Finnøy prestegjeld), medan folketeljinga seier at ho var frå Hjelmeland. Me skal halde litt meir enn ein knapp på det siste, og rekne med at ho var dotter åt sjølveigarbonden Salmund Salmundsson på Helgeland i den bygda. Dette byggjer me på at Salmund Nerisson i 1865 var busete hjå skyldfolka på Helgeland.

Heller ikkje yngstedottera Anne, og Olav O. Ljosådalen, mannen hennes, var med i Brattelandsfylgjet til Amerika. Dei budde truleg i Ljosådalen til dei flutte til Stavanger i 1850. Der finn me dei i 1865-folketeljinga. Olav var då «støberiarbeider», står det. Med seg hadde dei borna Olav, fødd ca 1843; Gurine, fødd ca 1848; Kirsten, fødd ca 1854, og Anette fødd 1859.

Seinare reiste denne huslyden til Amerika, og budde i 1874 i Otisco Township, Waseca County, Minnesota. Yngstejenta, som i Amerika vart kalla «Anette Juren», vart i 1874 gift i Otisco med Ånund Mikkelsson Bratteland. Denne Ånund var son til Mikkel Ånundsson Bratteland, og fødd i Minnesota i 1853. Anette og Ånund hadde 9 born. Dei flytte sidan til Kanada, til ein stad som heiter Saskatoon i Sakatchewan. Der døydde Ånund i 1903.

Anette omkom i ei bilulukke i Coopertown, Nord-Dakota, i 1930.

Men lat oss koma oss attende til Skolås. Fyre brattelandfylgjet tok ut til Amerika overtok Hallvard Olavsson Skolås-plassen. Formelt sett var det ei pantsetjing, men ettersom han fekk plassen på same slags vilkår som Olav T. Bjørnarå overtok Nordstog Bratteland på, må ein seia at det i røynda var eit kaup, og at Skolås etter denne kontrakta, som vart skrive 7. mars 1846, var eit sjølveigande småbruk. Prisen Hallvard betala til Ånund M. Bratteland var 300 speciedalar.

  • Hallvard Olavsson Skolås, f 1807, til Stavanger 1849, sidan til Amerika med kone og born
g 1836 m Ingebjørg Olavsdtr. Dysje, f 1816. Born:
  • Olav, f 1837
  • Anne, f 1839
  • Olav, f 1841
  • Tone, f 1844, d 1844
  • Hallvard, f 1845
  • Knut, f 1848

Ingebjørg Olavsdotter var frå Evre Dysje. Foreldra var Olav Gunnarsson Nesland og Tone Tarjeisdotter, fødd Mosdøl.

Hallvard og Ingebjørg bia ikkje så lenge på Skolås etter kaupet av plassen. I 1858 var Hallvard heimatt til Valle-presten, og skaffa seg utflytjingsattest til Stavanger, «efter opgivende fra 4.7. 1849». Med andre ord fekk han seg attest 9 år etter at dei hadde reist. I 1863 vart det halde skifte etter Olav Gunnarsson, far av Ingebjørg. Då budde dei framleis i Stavanger, men då folketeljinga vart oppteke i 1865 var dei ikkje der. I 1902 vart det halde skifte etter Jon Gunnarsson Dysje, syskenbarnet hennes. Dei budde då i Amerika, adressa var Dalton, Otter Tail County, Minnesota. Av dette vil me slutte at dei må ha emigrert ein gong i åra 1863-1865. Etter det Tellef B. Nesland har fortalt i det fyrrnemnde ættesogemanuskriptet frå 1939, døydde dei i Fergus Falls, Minnesota.

Den som overtok Skolås, då Hallvard og Ingebjørg flutte til Stavanger, var Tarjei, bror hennes. Det er ikkje tinglyst at han kaupte bruket, så me veit ikkje kva han gav, men i 1853 vart Skolås formelt utskilt frå Bratteland og matrikulert til eit eige bruk «som tilhørende Torgeir Olsen». Det vart tildela bnr 2 under Bratteland og ei landskyld på 16 skilling.

  • Tarjei Olavsson Dysje, f 1825, d 1901
g 1. 1853 m Ingebjørg Arnesdtr. Berdalen, f 1816, d 1866. Born:
g 2. 1870 m Ingebjørg Eivindsdtr. Trydal, f 1832, d 1912. Born:
  • Eivind, f 1871, konf. 1888, til Amerika med attest pr 3.6.1893
  • Ingebjørg, f 1872, g 1896 m (syskenbarn) Auver Olsson Trydal, sjå Stigamidjom Trydal.
  • Knut, f 1877, til Amerika med att. pr 20.7.1896, g 1906 m Tone Knutsdtr. Bratteland, sjå Stigamidjom Trydal.

Fyre han gifte seg hadde Tarjei i 1851 fått dottera Tone. Mora var Gunhild Tarjeisdotter Bratteland. Nokre år seinare fekk han som gift mann også døtrene Gyro, fødd 1858, og Ingebjørg, f 1860, med den same jenta. Det me har funne ut om desse kan ein lesa i bolken om Nordstog Bratteland.

I 1853 gifte Tarjei seg med Ingebjørg Arnesdotter, som var dotter åt Arne Olavsson Berdalen og kona, Sigrid Knutsdotter, fødd Berdalen. Desse er omtala under Berdalen Der uppe. Ingebjørg Arnesdotter døydde i 1866. Tre år etter fekk Tarjei fyrst sonen Knut, som kom til 11.5. 1869. Mor hans heitte Birgit og var dotter åt Eivind Ånundsson Stavenes i Stigamidjom. Dinest kom sonen Olav til verda, det var joleftan 1869. Hans mor var Sigrid Knutsdotter, ei dotter åt Knut Åvoldsen på Juvet under Byklum og kona, Gro Arnesdotter. Gro att kom frå Berdalen og var syster åt fyrste kona av Tarjei. Sigrid hadde også sonen Olav, fødd 1869, med enkemannen Tarald Olavsson Mosdøl. Korleis det gjekk med borna hennes, har me ikkje funne ut, men sjølv døydde ho som ugift fatiglem i Stavenes i 1884.

Året etter at Olav Tarjeisson vart fødd, gifte Tarjei seg omatt med Ingebjørg Eivindsdotter. Ho var frå Stigamidjom, og syster åt Birgit, som han hadde fått sonen Knut med. Den nye kona hadde også nokre born fyre ho gifte seg. Fyrst var det Knut Ånundsson. Han var fødd i 1855, og far hans var Ånund Asbjørnsson Berdalen. Dinest kom Birgit Bjørgulvsdotter, fødd 15.1. 1858 og død 3 dagar seinare. Hennes far var Bjørgulv Tarjeisson Bratteland, bror åt ovanomtala Gunhild, som Tarjei hadde fått 3 born med. Endeleg fekk ho to år seinare dottera Gyro Drengsdotter, ho var fødd i 1860 og døydde 3 år gamal. Kyrkjeboka gjev ikkje opp dato for korkje fødselen eller dødsfallet, men faren var iallfall Dreng Torleivsson Homme.

Som ein skjønar vart dette etter måten kompliserte familietilhøve å halde styr på, og det var ikkje til å unngå at lensmann, fut og sorenskrivar blanda seg inn. Sedugskapslovgjevinga hadde vorte liberalisert i 1812, slik at det sidan ikkje lenger var straffbart å få eitt barn eller to utanfor ekteskap, men framleis grunnlag for «justitiens tiltale» om ein «udenfor ægteskab besvangret eller blev besvangret af tre forskjellige personer». Ingebjørg fekk 5 dagar i lensmannsarresten på vatn og brød i 1861, Tarjei fekk 8 dagar på same dietten hausten 1870. Etter dette fekk dei 3 born saman, og ingen med andre folk.

I folketeljinga frå 1875 ser ein at Tarjei og Ingebjørg det året budde i Hjelmeland. Kva tid dei hadde fare dit, eller kor lenge dei vart der, er uvisst. Men det er tydeleg at det ikkje var berre ein snartur, for dei hadde late Torbjørg Torleivsdotter Skarberg og Olav Bendiksson, mannen hennes, flytje hit frå Skarberg, som då hadde vorte ståande tomt. Torbjørg og Olav hadde med seg krøtera sine hit, ser ein, og det går også fram at dei hadde gjort avtale om å taka seg av den 4 år gamle Eivind Tarjeisson, som foreldra hadde reist ifrå. «Bortleiet til husfaderen», heiter det om han. Men Torbjørg og Olav hadde tydelegvis ikkje leigd buskapen av Tarjei og Ingebjørg. Om dei hadde dyra sine med seg til Hjelmeland, eller om dei var ein annan stad, kan me ikkje vita. Men dei hadde visst ikkje reist til Hjelmeland med sikte på å verta verande der. I folketeljinga figurerer dei som «midlertidig fraværende», og me veit då også at dei sidan kom attende til Skolås, og at Torbjørg og Olav då drog til Skarberg att, men kva tid dette var, går ikkje fram av kjeldene våre.

Korleis gjekk det så med alle borna av Tarjei og Ingebjørg? Dei som vart verande i Bykle er det fortalt om under dei seinare verestadene deira. Tone Tarjeisdotter, fødd 1851, og samsystrene Gyro, fødd 1858, og Ingebjørg, fødd 1860, er såleis noko lite omtala under Nordstog Bratteland. I det fylgjande tek me med det me kan vita om dei andre som livde opp, men som sidan ikkje budde i Bykle.

Olav Tarjeisson, fødd 1854, flutte i 1885 til Skafså og fekk seg arbeid på Åmdals Verk. Der vart han i 1887 gift med Turid Andresdotter Dokki, og fekk med henne 4 born som livde opp og 3 som døydde som små (Mo bygdebok II, 365). Kring 1900 flutte dei frå Skafså til Skotfoss ved Skien. Der var dei då det vart halde skifte etter Jon G. Bratteland i 1902. Rimelegvis har Olav hatt arbeid i papirindustrien på Skotfoss. Mange frå Åmdals Verk hamna der.

Knut Tarjeisson, fødd 1869, fylgde, etter det Reidar Vollen i Kristiansand har funne ut, med mora, Birgit Eivindsdotter Trydal, til Bygland i 1881. Ho gifte seg då i den bygda med ein enkemann som heitte Gunnar Torleivsson Nordihus. Knut vart konfirmert i Bygland i 1886, og flytte i 1896 til Mykland. Der vart i han 1898 gift med Gunvor Tjøstolvsdotter Ramse, fødd i Tovdal i 1874. I 1900 budde dei som husmannsfolk på ein plass under Auestad i Mykland, gnr 18, bnr 1 (Jfr. Mykland, Knut.: Mykland, ei bygd i Råbyggelaget, bd 1, 1967, s. 169 ). Dei nytta Bratteland som famlienamn. I 1900 hadde dei med seg sonen Tjøstolv, fødd i 1899. Sidan fekk dei fleire born. Me kjenner ikkje til alle, men nemner sønene Olav, fødd 1902, og Aslak, fødd 1913. Aslak arbeidde som politimann i Arendal. Ei dotter hans att heiter Gerd Margareta. Ho er fødd i 1944, og gift med Torgeir Byklum. Dei bur i Teigen, Stavenes, og er omtala i bolken om det bruket. Eivind Tarjeisson, fødd 1871, han som var «bortleiet» i 1875, vart konfirmert i Bykle i 1888. I 1893 reiste han til Amerika, men me har ikkje lukkast i å oppspore han der.

Dei som vankar på Skolås idag er mest turgåarar. Her er det Olav M. Holen, Folke B. Nesland og Bjørgulv F. Nesland som er på innstig sumaren 2000. Foto: Olav B. Nesland, hit frå Folke Nesland.

Tarjei Skolås døydde i 1901. På skiftet etter han, som vart slutta i 1904, vart heimelen til bruket overført til enka, Ingebjørg Eivindsdotter. Nokre år seinare, det var i 1909, selde ho til Auver Olsson Trydal i Stigamidjom. Dette var eit kastebyte, reknar me med, for eit par år etter ser me at Knut Tarjeisson Skolås, fødd 1879, fekk skøyte på Stigamidjom hjå Auver Olsson, og flutte dit. Ein kan lesa meir om han og familien hans i bolken om det bruket.

Auver Olsson bia ikkje lenge på Skolås, berre i åra 1909 til 1911. Han vart den siste av eigarane av bruket som kom til å bu her, men han var longe busett på Åsen, Flateland, bnr 18 (jfr. Valle VI 246, f ), då han i 1916 selde Skolås for 1000 kr til Folke Torleivsson Nesland. Folke er nærare omtala under Nesland Der heime. Kaupet av Skolås var nok berre ei pengeplassering, men det var ei vellukka plassering, ser me, for i 1918 selde han vidare til Thina Lund for 3000 kr, som ho hadde lånt hjå broren, kjøpmann Søren Lund (sjå Brotteli). Ho sat med bruket til 1924, då Auver Olsson Trydal tok det att på odel i namnet åt Olav, son sin (f 1909). Prisen då var 2800 kr. Men heller ikkje denne venda vart eigarskapen til Auver langvarig, for same året selde han til Auver Helleiksson Bratteland, som hadde bruk for denne eigedomen innåt Nordstog Bratteland. Sidan er det eigarane av Nordstog som sit med Skolås, så når det gjeld seinare eigarskifte syner me til bolken om det bruket.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Skolås (Bykle gnr 9/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skolås • Neste bolk: Skarberg

Koordinater: 59.32309° N 7.14242° Ø