Brotteli (Bykle gnr 7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Brotteli
Brotteli 1.jpg
Brotteli etter oppdemminga av Bossvatn.
Foto: Folke Nesland
Stad: Botnen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 7
Bnr: 1
Type: Gardsbruk
Brotteli ein gong mellom 1903 og 1910. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: August Abrahamson

Brotteli ligg heilt i vestre enden av Nordbygdi og inst i Bossvatn i Bykle kommune. Garden er bratt og går heilt ned mot Brotteliåni. Lenger ut, ned mot vatnet, var det flatare jorde, men desse vart neddemde i vassdragsreguleringa i 1978. Dei fyrste husa sto etter alt å døme oppå flaten i øvre enden av jordet. Her står framleis grunnmuren av ei husrekkje på over 24 meter. C14-dateringar viser at denne går attende til 1600-åra.

Brotteli ligg djupt i terrenget, så her var sollaust 24 veker i året, men endå rekna dei med at her var like tidleg vår som i Bjørnarå. Kornet fraus mest aldri om hausten. Støylen Flatstøyl låg på sørsida av elva, og var ein grei og god heimestøyl.

Gardsnamnet er det ikkje så mykje å seia om. Det tyder den bratte lia, og bratte liar er her nok av, både nordover og sørover.

Den gamle landskylda på garden var sett til 1/2 hud. Etter landskyldrekninga i Bykle i eldre tid svarar 1/2 hud til 12 nottungar, 6 kalveskinn eller 2 geiteskinn. Då det vart sett på ny skyld i 1838-matrikkelen vart Brotteli tildela 1 dalar 2 ort og 11 skilling, og i 1886 vart skyldverdet sett til 2,07 nye skyldmark.

Garden er nokså gamal, og eit brev frå 1614 peikar mot mellomalderbusetnad. Dette kjem me straks attende til. I nyare tid finn me ingen oppsitjarar nemnde fyrr i året 1622, men eigarar får me vita om litt tidlegare.

Det er i det nemnde brevet frå 1614, der Olav Taraldsson på Brokke kunngjer at han sjølv og Gjermund, verfar hans, saman med Dreng Vetlesson Hoftuft og Lidvard og Torgrim Heggland, har selt øydegarden Brotteli til Bjørgulv Nesland for til saman 24 riksdalar. Dette tyder kanskje på skyldskap mellom ættene på Nesland, Brokke, Hoftuft og Heggland kring år 1600, men det har me ikkje grunnlag for å greie nærare ut.

Derimot må me avgjera kva det tyder at garden vert kalla «øydegard», for det er ikkje utan vidare klårt: Anten er det ein gard som står tom, eller så er det ein gard der det vert ytt «ødegaards skat», dvs. fjerdeparten av skatten for ein «fullgard». I dette tilfellet oppfattar me det slik at meininga må vera at garden var folketom då brevet vart skrive, ettersom me ikkje finn han nemnd i noka skatteliste fyrr 8 år seinare. Men ein matrikulert gard utan busetnad lyt sjølvsagt ha vore busett fyrr i tida. Då vert omtalen i brevet frå 1614 ein indikasjon på at Brotteli sannsynlegvis var busett i høgmellomalderen, men hadde stått tomt i lange tider, helst sidan Svartedauden (1349/50).

I 1622 dukkar fyrste oppsitjaren fram. Han heitte Svein, og går att i skattelistene frametter. Denne Svein har då truleg overteke garden frå Bjørgulv Nesland. I koppskattemanntalet frå 1645 står det at det i det året var tre brukarar på garden, som alle var gifte. Det var Svein og «hans quinde», Ånund og «hans quinde» og Andres og «hans quinde». Ettersom skattelistene både fyre og etter 1645 viser at Svein åtte heile garden, og ettersom me frå andre kjelder veit at Andres var son hans, reknar me med at Ånund også var ein son, og avdi han vert nemnd fyre Andres i dei kjeldene som omtalar båe, var han nok den eldre av dei. Svein døydde i eller nest fyre 1660, og eit brev frå det året fortel at garden då vart bruka av Andres Sveinsson, og at eigedomsretten var dela mellom Andres, som hadde to nottungar, dei 5 systrene hans som hadde 1 nottung kvar, og stykmora Jorunn og borna hennes som hadde 5 nottungar. Heile garden hadde ei skyld på 6 kalveskinn, veit me, og når desse 6 skinna var dela opp i partar som til saman utgjorde 12 nottungar, skjønar me at dei rekna at ein nottung landskyld hadde same verdet som 1/2 skinn. Når me dertil får vita at dei på Agder rekna at det gjekk 24 nottungar på ei tunne (Norsk historisk leksikon, 1972, 239), fylgjer det at korntunna og kuhuda som landskyldeiningar var likestilte i verde.

Skiftet etter Svein vart ikkje avslutta fyrr i 1666. I brevet om dette får me vita namnet på borna hans, dvs. dei som livde då, og kan då stille opp ei familieoversikt som fylgjer:

  • Svein, d ca 1660
g 1. m NN Bjørgulvsdtr. Nesland. Born, iallfall:
  • Ånund (?), n. 1645, gift då, d fyre 1660, sjå Bratteland, gnr 9
  • Andres, f ca 1625, Oddbjørg Tarjeisdtr. Hoftuft, d ca 1690, sjå nedanfor
  • Karen, n 1666
  • Margit, n 1666
  • Birgit, n 1666
  • Sigrid, n 1666
  • Jorunn, g m Jacob Gunnarsson, n 1666
g. 2 m Jorunn, n 1666. Born, iallfall:
  • Gunhild g m Jørund Ånundsson, n 1666
  • Bjørgulv, f ca 1648, 1666, 1670
  • Olav, f ca 1650, sjå Mosdøl, bnr 3

Ingen av konene av Svein er såleis omtala i kjeldene at det er råd å identifisere dei skikkeleg. At han var gift to vender, og at andre kona heitte Jorunn, går fram av skiftet frå 1666. At den fyrste kona var dotter av Bjørgulv Tallaksson Nesland, går fram av at Svein åtte ein systerpart på Nesland i 1624, men kvar Jorunn stamme frå er på vona.

Ettersom Ånund Sveinsson ikkje er nemnd på 1660-talet, og ingen erving etter han er omtala i skiftet frå 1666, vil me tru at han var død fyre 1660, og at han ikkje hadde born som livde opp. I bolken om Bratteland har me sett fram ei gjeting om at han kan ha budd på den garden nokre år på 1650-talet.

Når det gjeld dei yngre syskena, er det lite me får vita om dei utover snaue namna. Alderen deira vart ikkje oppgjeve i skiftebrevet frå 1666, og jamvel om me finn namna på ektemakane åt eit par av systrene, står det ikkje kvar dei budde. Me lyt difor lata dei fleste spursmål om syskena stå svarlause, og nøye oss med det me kan finne om han som overtok Brotteli etter faren.

  • Andres Sveinsson Brotteli, f ca 1625, d ca 1695 (?)
g m Oddbjørg Tarjeisdtr. Hoftuft, d ca 1693. Born, iallfall:
  • Tallak, f ca 1644, sjå nedanfor
  • Einar, n 1699
  • Tarjei, g m Torbjørg Auversdtr. Holen, sjå Holen
  • Vetle, n 1699
  • Vrål, n 1699
  • Gunhild, g m Halvor Ånundsson Tveiten, sjå Heimtveiti, gnr 11, bnr 1

At kona åt Andres var frå Nordigard Hoftuft, og dotter åt Tarjei Drengsson på det bruket og Birgit Tallaksdotter, kona hans, går fram av eit rettssak mellom Nørdre og Syndre Hoftuft i 1713. I denne saka vitna Tallak Andresson Brotteli om kva Oddbjørg Tarjeisdotter, mor hans, hadde fortalt om deildene mellom dei to Hoftuft-bruka. Mor hans døydde 20 år fyre saka var oppe, står det, og om Tallak sjølv vert det opplyst at han var 80 år i 1713. Det siste er sikkert misvisande, i røynda var han nok omlag 10 år yngre, men det fyrste kan vera omtrentleg rett, så me satsar på at ho døydde ca 1693.

Namna på dei yngre borna åt Oddbjørg og Andres har me funne i ei tingbokinnførsle frå 1699. Rekkjefylgja dei imellom i familielista ovanfor er som i den nemnde kjelda, men treng ikkje nødvendigvis vera den korrekte aldersrekkjefylgja.

Me har lite av sikre, faktiske opplysningar å vise til når det gjeld livslaupet åt Andres Sveinsson. At han var fødd ca 1625, byggjer på manntalsoppføringane frå 1664 og 1665, der det står at han på den tid var 40 år. Kva tid han døydde er usikkert. Men i den gamle gards- og ættesoga (92), står det at dei skifte etter han så seint som i 1696, og jamvel om me ikkje har greidd å finne att det skiftet, vil me helst tru at den hermde opplysninga er rett. Grunnen til dette er den ovannemnde tingbokinnførsla, som syner at Tallak Andresson i 1699 nyleg hadde kaupt i hop partar i garden hjå syskena, og det tyder på at det på den tid ikkje var så lenge sidan faren var død.

Men etter jordeboka frå 1670 åtte Andres Sveinsson det året berre 1 kalveskinn. Dei 5 andre skinna, står det, høyrde til Tallak Andresson og Bjørgulv Sveinsson. Andres hadde ein son, som heitte Tallak, og ein bror, som heitte Bjørgulv, veit me, så dette passar i og for seg godt. Men så finst det også eit brev frå 1683, som viser at Tallak Andresson det året løyste ut 5 skinn i eigedomen, dvs. 5/6 av han, hjå Tallak og Bjørgulv Tarjeissøner Bratteland. Dette gjer at me får ei kjensle av at den refererte jordebokinnførsla helst byggjer på ei samanblanding av namn, og at det var brattelandane som åtte det meste av garden alt i 1670. I 1683 gjorde dei iallfall det, og Tallak Andresson kaupte dei ut for 155 rd.

Det neste me har funne er den ovannemnde innførsla frå tingboka frå 1699, der det går fram at Tallak då fekk tinglyst at han hadde løyst ut ei rekkje med mindre partar i garden, dei fleste av desse ervepartar frå syskena. At desse hadde fått såpass til farsarv, virkar rart, ettersom Tallak som nemnt hadde kaupt 5 skinn av brattelandane i 1683, men tingboka seier likevel at Tallak hadde kaupt til saman 2 1/2 nottungar med skyldeige av dei 4 brørne og av mannen åt systera, og endå 4 nottungar til av Åvold Bjørgulvsson. Dette vert då i alt 6 1/2 nottungar, som skulle tilsvara 3 1/4 kalveskinn. I og med kaupet av dei 4 nottungane frå Åvold Bjørgulvsson hadde Tallak skaffa seg attende «alt det far hans hadde selt til Svålaug Andresdotter», står det, men me veit ikkje kven korkje Åvold Bjørgulvsson eller Svålaug Andresdotter var.

Det me her har gjeve att etter tingboka tyder på at det etter 1683 har vore fleire handlar om partar i Brotteli mellom Tallak, far hans og ymse andre. Me har ikkje virke til å gjera nærare greie for dette, og lyt nøye oss med å referere det me har funne omtala.

Men dette tyder iallfall på at Tallak åtte heile garden frå 1699 og frametter, og det finn me stadfest i skattelistene frå byrjinga av 1700-talet.

  • Tallak Andresson Brotteli, f ca 1644, d 1731
g m ukj. Born, iallfall:
  • Folke f 1670-1677, d 1747, g m Jorunn Kjetilsdotter Trydal, sjå nedanfor
  • Gyro, f ca 1675, g m Orm Olsson Røysland, sjå Valle VI, 490

I den gamle gards- og ættesoga (92) står det at Tallak var gift med ei «Ellen Folkesdotter». Dette byggjer rimelegvis på at det døydde ein person med det namnet i Brotteli i 1718, men då det ikkje er oppgjeve nokon alder på dette mennesket i kyrkjeboka, vil me helst tru at Eli, som ho bør ha heitt, har vore eit lite barn. I så fall var det nok ei dotter åt Folke Tallaksson, det høver godt at kona hans kan ha gjort barsel ved det leitet. For den skuld kunne det kanskje likevel vera mogeleg at Eli var mor av Folke, men då ville det vel ha stått «Tallak Brattelis quinde», for såleis vart konene helst omtala i kyrkjeboka på denne tid. På denne bakgrunnen set me Eli inn i barneflokken åt Folke, rett nok med eit lite spørjeteikn etter, og seier at me ikkje veit namnet på mor hans. Dermed går me over til Folke sjølv.

  • Folke Tallaksson Brotteli, f 1670-77, d 1747
g m Jorunn Kjetilsdotter Trydal, d 1732. Born, iallfall:
  • Andres, f ca 1706, d 1735, ug
  • Jon, f fyre 1710, g 1745 m Sigrid Tallaksdtr. Bratteland, sjå nedanfor
  • Vrål, f ca 1710, d fyre 1735
  • Gunhild, f ca 1711, d fyre 1735
  • Sigrid, f 1715, g 1735 m Olav Sveinsson Uppigard Hoslemo, sjå gnr 4, bnr 2
  • Eli(?), f 1718, d 1718
  • Tallak, f 1720, d 1720
  • Tallak, f 1724, d 1744, ug

Då Jorunn Kjetilsdotter døydde i 1732, noterte presten berre at han hadde gravlagt «Folke Brattelis quinde». Namnet får me vita i skiftet etter henne, som vart slutta 4 år seinare. Her går det også fram at ho var syster åt Arne Kjetilsson Trydal, og dermed dotter åt Kjetil Arnesson og kona, Tone Olavsdotter, fødd Stavenes. Foreldra budde i Nordstog Trydal.

Jorunn og systera, som heitte Ingjerd, og var gift med Olav Torleivsson Byklum, hadde ervt kvar sine 1 1/8 kalveskinn i Trydal. I 1734 løyste Arne Kjetilsson desse partane inn hjå Folke Brotteli og Olav Byklum.

Lista over borna åt Folke og Jorunn ovanfor er nok ufullstendig, me har inga kyrkjebok fyre 1714, men rimelegvis kan her ha vore ein eldsteson Tallak, fødd fyre 1706 og død fyre 1714. Dette lyt likevel stå som ei gjeting, men det er sikkert at Jon var den eldste av borna i skiftet etter Jorunn i september 1735. Han var då «fullmyndig» står det, og altså minst 25 år. Elles var det ved dette skiftet berre Sigrid og Tallak som vart nemnde, så dei andre borna var altså døde fyre mora.

Stor velstand var det vel ikkje i Brotteli i 1735, men der var ikkje gjeld heller. Garden vart verdsett til 48 dalar, og med lausøyren kom eiga opp i 120. Buskapen var hest, 5 kyr, 2 ungdyr, 12 sauer og 2 geiter.

Tallak Folkesson (y.) vart berre 20 år. Men året fyre han døydde rakk han å få ei dotter, som vart døypt Birgit. Mora heitte Birgit Olavsdotter, og kan kanskje vera den same som nokre år seinare vart gift med Olav Tallaksson Dysje (sjå Bjones), men kvar denne Birgit kom frå har me ikkje funne ut, og dottera Birgit Tallaksdotter har me ikkje funne spor av etter at ho vart døypt.

Jon Folkesson fekk i 1734 dottera Ingebjørg med Sigrid Tallaksdotter Bratteland, ei dotter åt Tallak Andresson Bratteland og kona, Gunhild Olavsdotter. Etter det som vart opplyst på tinget, då saka var framme der, var Jon og Sigrid tremenningar. Dermed kan me gå ut ifrå at dei hadde anten ein sams oldefar eller ei sams oldemor. Korleis denne skyldskapen eigentleg heng i hop er likevel uråd å finne ut, dertil har me for mange ukjende koner i dei eldre generasjonane både på Bratteland og her på garden. Ingebjørg Jonsdotter vart i 1756 gift med Olav Åsmundsson Berdalen. Desse kom sidan til å bu på plassen Strandestøyl under Brotteli, og vert nærare omtala der.

Sommaren 1736 fekk Jon dottera Åshild med Ingebjørg Olavsdotter Stavenes, ei dotter åt Olav Torleivsson Utistog Stavenes og kona, Gunhild Salmundsdotter, fødd Breive. Jon og Ingebjørg var ikkje nettopp syskenborn, slik det står i tingboka at dei var, men bestemor hans på morssida var syster åt far hennes. Ingebjørg Stavenes vart i 1744 gift med Bjørgulv Tallaksson Dysje, og ei jente som døydde 13 år gamal på Dysje i 1749 må vera den same som Åshild Jonsdotter, jamvel om kyrkjeboka gjev henne gale namn ved dødsfallet, og kallar henne Ingebjørg Jonsdotter.

Men Jon Folkesson var endå frampå fleire stader, og nokre månader etter Åshild Jonsdotter kom det også ein Knut Jonsson til verda. Han vart døypt 2.9. 1736, og mora var Margit Alvsdotter Mosdøl, som var tenestejente her på garden og dotter åt Alv Ånundsson i Lunden. Knut Jonsson døydde i Brotteli sumaren 1737, og vart gravlagd 30.6. det året. Kvar det vart av mor hans etterpå har me ikkje funne ut. I 1762 finn me henne rett nok att som ugift busete hjå Tarjei Mikkelsson(y.) i Berget, men kor lenge ho livde er ikkje kjent.

Jon var stendig innstemnd for retten for det noko uryddige kjærleikslivet sitt, og sorenskrivaren dømde han jamvel til 3 års straffearbeid på festninga i Kristiansand. Om han faktisk kom til å sone denne domen, veit me likevel ikkje. Det me ser er at han med tida vart gift med Sigrid Tallaksdotter, den fyrste kjærasten sin, men det var bortimot 11 år etter at fyrste dotter deira kom til verda. Sidan fekk dei endå 5 born.

  • Jon Folkesson Brotteli, f 1706-1710, d 1766
g 1745 m Sigrid Tallaksdtr. Bratteland, f fyre 1715, d 1789. Born:
  • Ingebjørg, f 1734, d fyre 1793, g 1756 m Olav Åsmundsson Berdalen, sjå Strandestøyl, jfr. ovanfor
  • Tallak, f 1746, d Brotteli 1766
  • Andres f 1748, d Brotteli 1752
  • Jorunn, f 1751, g 1783 m em Tarjei Tovsson Mosdøl, sjå Mosdøl, bnr 3
  • Andres, f 1755, g 1791 m Ingjerd Torleivsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor
  • Vrål, f 1758, d 1792, ug. sjå nedanfor

Han skal ha vore så overlag sterk, Jon. Johannes Skar har fortalt om dette (Gamalt or Sætesdal I, 254f):

Jon Brotteliin' e den sterkaste kar her hev vori i Valle; han kasta i lause armo dei beste kara 'er var. Han ville sekkj' upp me Haddvår Åkri, at 'an sill bere frækjeri 'ass fullt med fræ - kjeri tok fjora tunnu. Men Haddvår tor' inkji.

Han skodde seg alli um vetro, barre gjødde seg. Va der bryddaup la 'an av å kasta ut. I a bryddaup i Åmli va 'an so mastig'e; der va 'kji fre fyr o. Seiste la dei av etter staura; heile bryddaupi, å elta'n. Jon rymde av 'ni drumba. Då rauk 'an i ote med da vonde. Dei såg koss 'an slo å koss 'an slong, men de va 'kji noko rek med dei.

«Her e 'kji ko tvei slike kara i verdinn!», sa den vondi.

Dei timra upp våningji å Nesland. So kom Jon. Dei våre då ti sill lang' upp stavlægja; men dei vunn' inkji me æ - hu va toll alni lång å tjuge tuma i tverrmål. Jon tok æ på heri å gjekk upp å timra ette sleipunn'.

Våningjen varte rumpla å umbygd i seinare ti; no e stav- lægja trii stokkjen frå syddin'.

Yngstesonen Vrål var utan utsikt til å få overtaka noko bruk og vart gåande ugift. Han fraus i hel i fjellet vinteren 1792, han var på heimveg frå Suldal, står det i kyrkjeboka. Ettersom dei eldre brørne, Tallak og Andres(e.), også var døde, vart det Andres (y.) som overtok garden på skiftet etter mora i 1789.

  • Andres Jonsson Brotteli (y.), f 1755, d 1831
g 1791 m Ingjerd Torleivsdtr. Bjørnarå, d 1821. Born:
  • Sigrid, d 1791, 8 dgr. gml.
  • Jon, f 1792, g 1818 m Gunhild Knutsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Tallak, f 1794, d Brotteli 1820, ug
  • Sigrid, f 1795, g 1817 m Hallvard Knutsson Nesland, sjå Sygard Nesland, gnr 10, bnr 3
  • Ingebjørg, f 1798, g 1827 m Olav Tarjeisson Nesland, sjå Strandestøyl
  • Torleiv, f 1802, g 1832 m Borghild Åvoldsdtr. Dysje, sjå Strandestøyl

Ingjerd Torleivsdotter var frå Der heime i Bjørnarå. Foreldra hennes var Torleiv Olavsson på det bruket og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, fødd Gjerden.

Tilliks med faren var Andres Jonsson ein sterk ryse, som lika å bruke kreftene sine. Om han har Johannes Skar fortalt den fylgjande passasjen ('Gamalt or Sætesdal; I, 68):

Andres Brotteli og Talleiv Mosdøl vilde vera sterkare båe; men dei var so gode vener allstødt. Eingong der skulde vera messe med Bykle, gjekk Talleiv imot han til å prøvast med han. Dei møttest nordi skogen, med Storetjørn. Ota stodst av i ei dokk dei kallar Kumli. So fylgdest dei heimigjenom til kyrkja. Dei var inn i «Lunden». Då hadde dei slite håret av kvarandre so dei var plent snaude. Der stod blodsyt utyver heile hovudet. Dei var so gode vener alle dagar, Andres og Talleiv.

Om det var styrken hans som gjorde at dei greidde seg nokså godt økonomisk, skal vera usagt. Men då Ingjerd døydde i 1821, kom det fram at liksåvel denne generasjonen sat gjeldfritt på garden.

Eldstesonen, Jon, som i 1821 var 29 år og gift mann, overtok eigedomen ved dette leitet, og faren fekk foddog. Overdragingsdokument vart likevel ikkje skrive og tinglyst fyrr 6 år seinare.

  • Jon Andresson Brotteli, f 1792, d 1853
g 1818 m Gunhild Knutsdtr. Nesland, f 1796, d 1860. Born:
  • Ingjerd, f 1819, g 1845 m Gunnar Olavsson Dysje, sjå Øvre Dysje, gnr 8, bnr 1
  • Andres, f 1822, d 1822
  • Andres, f 1823, g 1849 m Tone Hallvardsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1826, d 1826
  • Asgjerd, f 1830, g 1855 m Tallak Hallvardsson Nesland, sjå Sygard Nesland, gnr 10, bnr 3
  • Jorunn, f 1834, d 1893, ug
  • Knut, f 1839, d 1839.

Gunhild Knutsdotter vart oppskrive som gardmannsdotter frå Nordstog Gjerden då ho gifte seg, så då budde nok foreldra hennes der. Men dei åtte også Sygard Nesland, og i denne boka er dei handsama i bolken om det bruket. Knut Olavsson Nesland og Asgjerd Jonsdotter, fødd Holen, heitte dei.

I 1832-33 budde Olav Olavsson Nesland og huslyden hans her som busetar. Desse er nærare omtala under Systog Nesland, gnr 10, bnr 4.

Jon sat med garden til 1852, då han tok foddog, og skreiv skøyte til eldstesonen for 220 speciedalar.

  • Andres Jonsson Brotteli, f 1823, d 1884
g 1849 m Tone Hallvardsdtr Mosdøl, f Tveiten 1826, d 1863. Born:
  • Jon, f 1850, g 1875 m Margit Knutsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1851, d 1851
  • Hallvard, f 1852, g 1884 m Jorunn Mikkelsdtr. Nesland, til USA 1890, sjå nedanfor, jfr. Systog Nesland, gnr 10, bnr 4 og Valle VI, 351
  • Gunhild, f 1856, d 1865
  • Knut, f 1858, d 1859
  • Birgit, f 1860, g 1883 m Knut Aslaksson Bratteland, sjå Systog Bratteland, gnr 9, bnr 5
  • Knut, f 1863, d 1863

Tone Hallvardsdotter kom frå Mosdøl. Foreldra hennes var Hallvard Ånundsson Tveiten og kona, Ingebjørg Drengsdotter, fødd Byklum.

Hallvard Andresson gifte seg med Jorunn Mikkelsdotter Nesland i 1883. Ho var dotter åt Mikkel Torkjellsson Rygnestad og kona, Gunhild Arnesdotter, fødd Flateland. Foreldra hadde kaupt Systog Nesland hjå Knut Gunnarsson Nesland i 1863, men flutte ikkje dit, anna berre heldt fram med å leige bruket bort til Tallak Hallvardsson Nesland, som hadde vore bruksmann der sidan 1855. Hallvard og Jorunn åtte Systog i åra 1884 til 1889, og budde der i denne tida. I 1889 selde dei bruket sitt til Olav Tarjeisson Sanden, og drog til USA året etter. At desse hadde reist fyre, var nok ein av grunnane til at dei fleste av borna frå Brotteli i den neste ættleden, borna åt Jon Andresson, sidan kom til å emigrere.

I 1865 hadde dei i Brotteli 2 hestar, 9 kyr, 21 sauer og 15 geiter. Sånaden på garden var 5 tunner bygg og 7 tunner jordeple.

Andres var enkemann og utan vaksne born. Difor hadde han ved dette leitet både «husholderske» og dreng. Husholderska var systera Jorunn, medan drengen heitte Andres Olavsson, og var syskenbarnet hans frå Strandestøyl.

Ti år seinare var her berre 1 hest, men Andres og eldstesonen, Jon, hadde til saman 8 kyr, 7 ungdyr, 27 sauer og 18 geiter, så det var framleis ein etter måten stor buskap. Sånaden av bygg hadde gått litt ned sidan 1865, til 4 tunner, men av jordeple sette dei nå 8 tunner.

Jon Andresson var nygift då folketeljinga frå 1875 vart oppteke. At det var meininga at han skulle taka over garden med tida, går fram av at Andres alt hadde dela buskapen med han. Den ugifte farsyster hans, Jorunn, budde framleis på garden, men etter at her nå hadde kome ungkone til gards, høvde det ikkje lenger å notere henne som «husholderske», slik dei hadde gjort i 1865.

«Tyende» står det om henne i 1875. Då ho døydde i 1890 skreiv presten at ho var «forsørget» av brorsonen Jon. For ved det leitet var Jon forlengst husbond, Andres hadde døytt i 1884, og Jon hadde sidan ått garden. Skøyte frå medervingane sine fekk han likevel ikkje fyrr i 1889, prisen var då 1200 kr, og dei pengane lånte han i Hypotekbanken.

  • Jon Andresson Brotteli, f 1850, d 1916
g 1875 m Margit Knutsdtr. Nesland, f 1854, d 1914. Born:
  • Andres, f 1876, d 1880
  • Knut, f 1878, d 1937, til USA 1904, budde hjå Tone og Torvald Lillevold, Lee Township, Beltrami County, nær Grygla, Minnesota, ug, sjå Tone nedanfor
  • Tone, f 1879, d 1880
  • Andres, f 1881, konf 1896, til stades i 1900, til Amerika 1909.
  • Olav, f 1881, til USA 1900, g m Hæge Sveinsdtr. Berg, d 1939, busett Benville Township, Beltrami County, nær Grygla, Minnesota, born iallfall:
  • Margaret, f 1912, g Nubgaard
  • Selmer, f 1914, d 2002, g m Ruby Mattison
  • Thelma, f 1916, g Spokely
  • Betzy, f 1917, g Parker
  • Julia, f 1919, g Paulsrud
  • Tillie, f 1921, g Larson
  • Halvor, f 1923
  • Knut, f 1885, g 1923 m Anne Gunnarsdtr. Holen, sjå Vodden Nesland, gnr 10, bnr 1
  • Ånund, f 1887, g 1909 m Thina Hartvigine Olsdtr. Lund, til USA 1913, sidan busett Vågsbygd, jfr. Valle, IV, 550, born: sjå gnr 14, bnr 11 Solbakken (Bykle Hotell)
  • Tone, f 1890, til USA 1913, d 1951, g 1914 m Torvald Julius Lillevold, Gol, busett Lee Township, Beltrami County, nær Grygla, Minnesota, born iallfall:
  • Clara, f 1916
  • Margaret, f 1917
  • Ida, f 1919
  • Caroline, f 1920
  • Torvald, f 1921
  • Jon, f 1923
  • Tore, f 1892, g 1912 m Folke Knutsson Trydal, sjå Store-Hisdal, gnr 20, gnr 2
  • Gunhild f 1895 g 1921 m Knut Olavsson Byklum, sjå Nordstog Nesland, gnr 10, bnr 5-9
  • Hallvard, f 1898, d 1963, busett Pennington County, Minnesota, ug

Margit Knutsdotter var frå Vodden Nesland, dotter åt Knut Olavsson Nesland og kona, Tore Olavsdotter, fødd Løyland. I 1892 selde Jon og Margit Brotteli til samen Jon Tomassen. Dette salet vart kort etter gjort om inkje, men familien åt Jon Tomassen kom likevel til å bu her nokre år frå 1892 og frametter.

Etter det Tellef B. Nesland kan fortelje («Slektsoversikt for Nesland») budde Jon og familien hans her «hele tiden», inntil dei kaupte Vodden Nesland i 1903. At her var rom for to huslydar er greitt, for me veit frå andre kjelder at her på denne tid var to stoger på garden.

Samane kjem til Bykle. Utsnitt av stor historisk kartakvarell av Egil Torin Næsheim i Hovden Fjellstoge.
Lars Emanuel Johnsen, (1867-1940), og kona, Sigrid Anna Johansdotter (Jeiskelid) (f 1867). Dette paret flutte frå Bykle til Hol i Hallingdal ein gong mot slutten av 1890-åra. Biletet her er teke av ein fotograf Szacinski i Kristiania, truleg var dei innom hjå han på vegen til Hallingdal. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Foto: Ludwik Szacinski De Ravicz

Me kjem attende til Jon Brotteli og folket hans, men lat oss nå fyrst få med oss noko meir om samane i Brotteli. Stoffet er vesentleg henta frå ein artikkel «Samene i Setesdal», som konservator Adolf Steen ved Norsk Folkemuseum hadde på prent i Sameliv.

Jon Tomassen, som kaupte Brotteli, skal ha vore «den rikeste reinsamen i landet». At det gjekk an å drive med reinsdrift i Bykle, hadde han nok fått vita av systera, Kristine, som var gift med Jon Andersen Stanfjell, og budde i Jeiskeli. Våren 1892 emna Jon Tomassen på å flytje til Bykle med 4000 rein, og difor hadde han sjølv reist i fyrevegen, treft Jon Brotteli og gjort gardhandelsavtale med han. Men Jon Tomassen var 72 år, og ikkje i lenger ved god helse. Alt på reisa oppetter Setesdal hadde han vore så sjuk at han måtte køyrast, og han kom aldri til å bu i Brotteli. Han slo seg mellombils ned i Holen, og døydde der 9.4.1892. Då han døydde, hadde reinsflokken og huslyden hans endå ikkje kome, reinsflokken og tenestefolka kom over Hardangervidda utpå sumaren. Men familien nådde Bykle til gravferda som vart halde 27.4.

Då Jon Tomassen døydde, var Brotteli ikkje betala, og då kontrakta ikkje vart oppfylt, gjekk garden attende til Jon Brotteli. Men familien åt Jon Tomassen leigde likevel eigedomen nokre år, og budde her. På grunnlag av den ovannemnde artikkelen av Adolf Steen kan ein stille opp den fylgjande, noko uheile, familieoversikta:

g m Margrete Nilsdtr., f Tärna, Sverige 1834, d Sandvasskvæven i Rysstadheia 1912. Born, iallfall:
  • Maria Rebekka, f Västerbotten, Sverige 1869, g 1. m Lars Mortensen, g 2. m John Stengel Kjellsberg
  • Lars Emanuel, f Tärna, Sverige 1867, d Meldal 1940, g i Bykle 1896 m e Sigrid Anne Johansdtr. Jeiskeli, ikkje born
  • Anna Tomine, f i Holtålen 1871, g m Hans Axel Rensberg
  • Margrete, f Holtålen, Sør-Trøndelag, 1877, d Uvdal, Buskerud 1948, g m Nils Andersen Stubbe

Etter det me kan skjøne må det ha vore Lars Emanuel, kona hans, mora og systrene, og vel også eit par av systermennene, som budde i Brotteli. «[...] Margreta, døtrene og sonen Lars dreiv med rein i Botne-, Neslands- og Tveiteheiane heilt fram til 1901 [...]», heiter det i Bykle kultursoge (1993, 57 f), der det også vert sagt at Lars Emmanuel og Sigrid Anna i det sistnemnde året flutte åt Hol i Hallingdal, der dei hadde teke på seg gjætararbeid for Hols reinsamlag. Dette er sikkert nokonlunde rett, men me veit at iallfall Lars Emanuel og kona hans hadde hadde flutt til Hol fyre 1900-folketeljinga vart oppteke.

I 1900 finn me enka Margreta Nilsdotter i eldhuset i Nordgarden Breive, saman med døtrene Maria Rebekka, Anna Tomine og Margrete Jonsdøtrer. Ei dotterdotter Kristine, fødd 1896, var også til stades. Ho var dotter åt Margrete Jonsdotter og Jon Jonassen. Dei her opprekna var altså mellom dei samane som var i Bykle til 1901, skjønar me.

Men i folketeljingslista frå Hol frå 1900 finn me også ei rekkje med byklesamar. Dei er registrerte med fast tilhald på ein stad i den bygda som vert kalla Ørterdalen. Rett nok var dei ikkje der då folketeljinga vart oppteke, men på ein annan stad i same bygda som heitte Osestølen, men der hadde dei då «midlertidig ophold», står det. Dei som var i Hol då var for det fyrste Lars Jonsen og Sigrid Johansdotter, kona hans. Vidare var det far hennes, Johan Andersen Stanfjell, og Brita Nilsdotter, hans kone nr 2.

Saman med desse var også ein reineigar og reingjætar Lars Mortensen og Marja Tomasdotter, kona hans, og endå ein reineigar og reingjætar, enkemann Johan Sarissen og Nils Johansen, son hans. Johan (eller Jon, båe namna er nytta) og Brita hadde tidlegare budd i Jeiskelid, og er omtala der. Dei hine har me ikkje sett noko til i Bykle, men dei var rimelegvis i skyldskap med samane her.

Det var Jon Brotteli og familien hans som budde i Brotteli under 1900-folketeljinga. Men same hausten ser me at Jon kaupte Vodden Nesland for kr 3500 hjå handelsmannen Søren Lund på Rysstad, og kort etter, truleg våren 1901, flutte dei dit. I røynda var vel dette eit makeskifte, ettersom det 2 år seinare vart tinglyst at Søren Lund hadde kaupt Brotteli av Jon for kr 4000. I denne samanhengen bør det vel også skjotast inn at Ånund Jonsson Brotteli sidan gifte seg med syster åt Søren Lund.

Med salet i 1900 er det slutt på den lange historia om odelsætta i Brotteli. At greiner av henne sidan fanst att i bygda, kjem me attende til andre stader i boka.

Andres J. Brotteli fotografert i Kristiansand i 1909, like fyre han gjekk ombord i Amerikabåten. Foto frå Tore K. Mosdøl.
«Brotteli Turiststation» ein sumar i åra 1903-1910. Dei to kvinnene i eldhussvala er Sigrid og Ingebjørg Hoslemo, som arbeidde på turiststasjonen, medan ho framanfor dei med langt skjørt og rutete skjorte er Borgny Abrahamson, dotter til August Abrahamson, som tok biletet. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: August Abrahamson

Men på denne staden lyt me taka med at dei fleste av borna åt Jon og Margit drog or landet. Store-Knut, Olav, Ånund, Tone, Hallvard og Andres tok ut til Amerika. Ånund kom sidan att derfrå, og hamna på slutten i Vågsbygd. Om han har me fortalt meir i bolken om Bykle hotell (gnr 14, bnr 11). Lisle-Knut hadde også tenkt på å emigrere, og skaffa seg presteattest med sikte på det, ser me i kyrkjeboka, men han vart likevel verande på Vodden Nesland, og får nærare omtala der.

Kva skulle så Søren Lund med Brotteli? Fyrst skal nemnast at han dreiv gardhandel som forretningsdrift, og sikkert vona på å tena pengar på å selje vidare. Men Brotteli hadde han også andre planar med: Her skulle det drivast med turisme og geitostysteri. På denne tid hadde han også ysteri i Store Hisdal, veit me.

I åra 1903 til 1907 bruka Knut Ånundsson Trydal frå Skarberg Brotteli for Søren Lund. Kor lønsam ysteriverksemda og turismen var i Brotteli, skal vera usagt, men etter 4 år selde iallfall Søren Lund garden til dr. philos. Thv. Heiberg for 7000 kr. Det var ein nokså hyggeleg verdiauke på 4 år, men pengane skulle Lund i fylgje kontrakta ikkje få sjå.

Hypotekbanken skulle ha vel så 1000 kr, og resten skulle betalast til ein grosserar John P. Johnsen i Kristiania. Salet vart elles gjort på det vilkåret at Lund skulle få leige att «gårdsbruget og turiststationen med ret til at drive gjedostysteriet for en årlig leie af kr 300», og det ser ut til at han disponerte eigedomen nokre år etter salet, til hausten 1910. Kven han sette til å stå for gardsdrifta i denne tida har me ikkje funne ut, endå det finst iallfall to bilete av dei, diverre ikkje gode nok til at det går an for nokon å kjenne att personane.

Heiberg sette opp mange jakthytter kringom i fjellet. Dei var noko ulikt utforma, men alle hadde blekplater til ytterkledning. Den me har bilete av her vart bygt i 1911 på Trongi i Ljosådalen, sør for Brotteli. I 1999 vart ho rive, og i 2001 kom ho opp att på Kvæven bygdetun i Sirdal. Foto frå Kvæven bygdetun. Det skal elles nemnast at det har vorte litt diskusjon om namnet på staden der denne hytta sto, etterdi Gunnar B. Holen seier at ”eg høyrde alltid at jegerane tala om Trongjen, ikkje Trongi”. Holen har rett i dette, så langt ein held seg til setesdalsmål. Forma ”Trongi” vert visst berre nytta av sirdølar.
Dette biletet viser «Familien i Bratteli», og det er teke ein gong i åra 1907-10, men namna på personane er diverre ikkje kjende.
Foto: August Abrahamson, frå Setesdalsmuseet.

Thorvald Heiberg (1875-1962) var ein rik forretningsmann frå Oslo, som frå 1904 og frametter dreiv og kaupte opp fjell- og heieigedomar i Bykle, Valle, Sirdal, Hjelmeland og Forsand, og såleis grov i hop den godssamlinga som sidan skulle verta kalla Njardarheim, med ei samla flatevidde på 810 kvadratkilometer. Det ligg fyre ei nokså omfattande gransking av eigedomssamlinga til Thv. Heiberg. Dette er mellomfagsoppgåva av Magnar Undheim: «Njardarheim», utgjeve av Kvæven bygdetun i Sirdal i 1999. I 2004 kom også boka Heibergheiene. Fra rikmannsjakt til enkelt friluftsliv, redigert av Kjell Helle Olsen, og utgjeve av Stavanger Turistforening. Her vert mykje av stoffet åt Undheim presentert i komprimert form, men der står også ein del som ikkje har kome med i den eldre boka. Me har henta mange opplysningar i desse framstillingane.

Heibergs uttrykte motivering for eigedomskaupa var å taka vare på villreinstammene i området. Men han hadde sjølvsagt også finansielle motiv, jamvel om han aldri vedgjekk dette annleis enn som fylgjer: «Det har vært leit å tape penger. Moro å tjene dem. Ikke så meget for pengenes skyld. Men de er likevel målet for suksessen» («Njardarheim», 142). Han var fullt på det reine med dei store verdiane som vassrettane i området representerte, men den fremste forretningsideen var likevel å organisere «sportsjakt» for pengesterke byfolk, særleg utlendingar. Lønsemda i dette var det både opp og ned med, men den viktigaste årsaka til at fjellstrekningane hans ikkje vart særleg god forretning, var nok at nazistane pressa han til å selje ut for tidleg og for billeg. Dette var i 1942, då han overdrog heile godssamlinga si under eitt for ein million kr til Vidkun Quisling: Kaupesummen vart betala kontant med pengar som «NS hjelpefond» hadde skaffa gjennom å selje tilrana eigedom. Heibergs utgifter til eigedomskaup og hyttebyggjing hadde langt overstige millionen, så samla sett tykkjest han ha tapa, jamvel om han i periodar hadde bra driftsinntekter.

I 1943 overførde Quisling fjellstrekningane til «Stiftelsen Njardarheim Veidemork». I 1945 vart denne stiftinga funne å vera ikkje rettsgyldig, og staten overtok Njardarheim som eit krigsbyte, som inntil vidare vart administrert av Erstatningsdirektoratet. Direktoratet gav Heiberg tilbod om å kaupe eigedomane attende, men då takka han nei, visstnok mest avdi familien hans var imot. Såleis vart då eigedomane verande i statseige, og nå for tida vert området administrert av Statskog.

Dei som har ått Brotteli etter at odelsætta flutte ifrå reknar me oss hermed ferdige med. Men jamvel om her var utanbygdes eigarar, sto garden endå ikkje folketom. For både Heiberg og staten sette inn jaktoppsynsmenn. Desse bruka Brotteli som ein del av løna, og liksåvel dei høyrer då sjølvsagt heime i byklesoga. Dei fyrste ein høyrer gjete er to utanbygdes ungkarar, som me finn oppskrivne i folketeljinga frå 1910. Den eine heitte Harald Mohn. Han var utdanna forstmann, og fødd i Kristiania i 1885, står det. Den andre var Ole A. Tungen, fødd i 1868 i Gulsvik i Hallingdal. Me har ikkje funne ut meir om desse karane, eller kor lenge dei arbeidde og budde her. Me lyt difor taka atterhald om at her kan ha vore fleire jaktoppsynsmenn, som me i så fall ikkje har funne spor etter i dei undersøkte kjeldene.

I 1922 kom Gunnar H. Brokke til Brotteli, etter at han tidlegare hadde vore jaktoppsynsmann for Heiberg i Rysstadheiane sidan 1918. Same arbeidet skulle han nå utføre i Vestheiane i Bykle, og syte for at byklarane ikkje forsynte seg for mykje av villreinen i området. Frå andre stader i bygdesoga kjenner me til fleire som arbeidde som jaktoppsyn for Heiberg, såleis Andres Knutsson Bratteland, Tarjei Helleiksson Bratteland, Olav Arneson Nesland, Torleiv Folkesson Nesland og Tarjei Eivindsson Sanden, og truleg var det også fleire innom.

Viltvaktinga gav opphav til ein god del konfliktar og rettssaker, som me her skal springe lettvint over, og berre nemne at det til tider kunne vera spente tilhøve mellom jaktoppsyna og kjøtsvoltne jaktarar, om det enn ikkje gjekk så dramatisk til i Bykle som det stundom gjorde i Valle. Gunnar Brokke vart i alle høve buande i Brotteli til 1952, og arbeidde altså med jaktoppsyn også for nye eigarar. Under krigen hadde det ikkje vore noko organisert jaktoppsyn, men frå 1945 vart det oppsynsapparatet som hadde vore i sving fyre 1940 sett på føter att, så langt det let seg gjera med det same mannskapet.

I 1930 fekk Gunnar Brokke tinglyst kontrakta si med Heiberg, der det m.a. heiter at han leigde «dette brug [dvs. Brotteli] med Dysje og Strandestøil [...] for leie der ansees opgjort ved at Brokke er jagtopsynsmand. I kontanter oppebærer Brokke kr 100 pr maaned». Når Dysje i denne kontrakta vert omtala som eit underbruk under Brotteli, må det gjelde Neire Dysje, som hadde vore i Heibergs eige sidan 1908. Evre Dysje fekk han ikkje tak i.

Gunnar var frå Myri, Brokke, gnr 61, bnr 11, og son åt Hallvard Olsson Brokke og kona, Gyro Gunnarsdotter, f Nordihus (sjå Valle II, 391).

Gunnar Brokke og borna hans i Brotteli, truleg ein gong i andre halvdelen av 1940-talet. Gunnar sjølv i midten bak, mannen med vest og slips er Hallvard Gunnarsson. Foto: Gert Magne Høie, frå Setesdalsmuseet.
  • Gunnar Hallvardsson Brokke, f 1890, d 1966
g 1920 m Gunhild Taraldsdtr. Hovet, f 1898, d 1959. Born:
  • Gyro, f 1920, d fyre 1923
  • Hallvard, f 1921, d 1982, g 1958 m Gunvor Larsdtr. Kåvenes, f 1935, d 1998, born:
  • Grethe Lillian, f 1958, busett Ålesund
  • Wenche Jorunn, f 1962, busett Hovden, sjå Belglii 2, gnr 2, bnr 561
  • Gunnhild Vigdis, f 1967, busett Hovden, sjå Belglii 28, gnr 2, bnr 473
  • Lars Gunnar, f 1974, busett Hovden, sjå Malmvegen 20, gnr 2, bnr 325, sjå også nedanfor, jfr Valle II, 392
  • Gyro, f 1923, d 1983, g 1949 m Tarjei Torsson Trydal, d 1978, busett Nodeland, seinare Søgne. Born: Sjå Moen Trydal, gnr 17, bnr 8
  • Ingebjørg, f 1926, g 1945 m Johan Hanssen, Saltdal, busett Saltdal, born:
  • Edel, f 1946, d 1999
  • Gunhild Gjertine, f 1947, sjå Nystog Mosdøl, gnr 13, bnr 10;
  • Ulla Ingrid, f 1952; sjå gnr 13, bnr 37
  • Walter Gunnar, f 1956, sjå Solbakken, gnr 13, bnr 13
  • Tarjei, f 1928, g 1963 m Jorunn Bjørgulvsdotter Bjørnarå, born:
  • Gunvald, f 1964, g m Anne Vatnedalen, busett Brokke, bnr 33, jfr Valle II, 399
  • Olav, f 1930, d 1930
  • Olav, f 1931, g 1962 m Anne Marie Stangeland, Sandnes, busett Sandnes

Foreldra åt Gunhild var Tarald Tarjeisson Hovet og kona, Ingebjørg Olsdotter, f Uppstad (jfr. Valle II, 210 f). Av borna til Gunnar og Gunhild var den eldste fødd i Hylestad, medan resten kom til i Brotteli.

Som det kjem fram ovanfor budde Hallvard Gunnarsson i Valle. Han og kona, Gunvor, vart separerte midt på 1970-talet, og ho arbeidde sidan som kokke fleire stader. Kring 1980 flutte ho til Hovden, og dei tre yngste av borna hennes vart med dit, og bur der framleis. Dei får omtale på kvar sine verestader.

Margit og Ola Breivegen i Brotteli med sønene Olav og Per i 1953. Bilete frå Per Breivegen.
Margit Breivegen med son og tre kyr i Brotteli 1952. Bilete frå Per Breivegen.

Etter Gunnar Brokke kom Ola Breivegen til Brotteli. Han var frå Ringebu i Gudbrandsdalen. Då han og huslyden hans flutte åt Brotteli, hadde dei fyrst vore eit år, 1951-1952, i Bjåen, der han hadde arbeidd som reingjetar. Arbeidsgjevaren hans i Brotteli var Staten ved Landbruksdepartementet, som administrerte Njardarheim på denne tid.

I ein artikkel i årboka til Kristiansand og Oplands Turistforening (1955) har Ola m.a. skildra møtet sitt med Brotteli og folket i Botnen. Me hermer ein stubb frå dette stykket, som her vert sitert etter antologien av Tarjei Haugen: Setesdal og Setesdøler. Poesi og prosa gjennom tusen år (Arendal 1993, 204):

Då eg ein augustdag i 1952 sette kursen inn Bossvatn i Bykle med den gamle motorbåten til Njardarheim Veidemork, var eg nok likeså spend på kva framtida her ville by, som dei bøndene som møtte meg der. [Dette må m.a. ha vore Tarjei og Andres Bratteland.] Men det gjekk greitt. Dei var nok litt i undring over denne gudbrandsdølen som ville slå seg ned med sine i Bratteli, i halvårs-skuggen av Storefjell (ja, for sola er borte halve året der), men dei ville no sjå litt på han. Eg hadde att all slåtten i Bratteli, og var ute etter hjelp. Dei fleste var ferdige, med unntak av skogslåtten. Og dei var uventa villige til å hjelpe meg. Det kunne komme både to og tre og fleire om ettermiddagane. Hest fekk eg låne, og onna gjekk unna i ein fart. Vi snakka om daglegdagse saker saman, men eg merka liksom heile tida at dei kjende seg ikkje trygge på meg. Dei var som fjellfolk alltid er, litt vare og blyge og undrande, når dei står framfor noe nytt. Og dei hadde så visst grunn til det andsynes meg, som skulle vere eit slags politi. For frå den kanten har dei svært sjeldan hatt noe godt å vente seg, då det heilt til i dag har vanta forståing for fjellfolkets livsinteresser frå høgare hald. Og eg er glad for at eg visste dette, at eg kjende fjellfolket og visste at dei høgg ingen, dersom dei får vera i fred.

Som det går fram av sitatet ovanfor var Ola aktiv gardbrukar i Brotteli. Liksom for fyremannen var ordninga at bruken av eigedomen gjekk inn som ein del av løna. I 1955 gjekk han over i ny stilling på Hovden som hovuddamvaktar for Otteraaens Brugeierforening, som nå var ledig etter Knut T. Hovden. I samband med dette arbeidet overtok Ola og huslyden hans bruken av Hovden Der sø, og flutte dit. Dei vert nærare omtala i bolken om det bruket. Dei var dei siste som budde i Brotteli.


0941 Bykle komm.png Brotteli (Bykle gnr 7) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Trudvang • Neste bolk: Strandestøyl

Koordinater: 59.31312° N 7.05962° Ø