Nesland (Bykle gnr 10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesland
Nesland 1.jpg
Nesland fyre neddemminga.
Foto: Folke Nesland
Rydda: Truleg folkevandringstida
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 10
Type: Gardsbruk

Nesland ligg ved Bossvatn i Bykle kommune, noko vestanfor Tveiti, avstanden frå Nordtveiti til Sygard Nesland er omlag 1 ½ km. Dei gamle Nesland-gardane ligg alle ved sidan av kvarandre på nordsida av vatnet, med tilhøyrande utmarksareal både på nord- og sørsida. I tillegg til den utmarka som høyrer berre Nesland til, kjem også eit stort fjell- og heiområde der Nesland-gardane har sameige med Tveiten-gardane. Dette vert oppgjeve til å vera på 82.570 mål. I eldre tid var det også mykje sameige og teigblanding Nesland-gardane imellom. Innmarka vart utskift i 1908, utmarka i 1988.

Alle dei fire gamle bruka på Nesland hadde tuna så langt frå stranda at dei ikkje vart neddemde ved reguleringa av Bossvatn, men dei hadde jorda sine på nedsida av husa, så storparten av den dyrka marka vart borte.

Når det gjeld tydinga av gardsnamnet, så er ho i og for seg aldeles beint fram: 'Nes-' er nes og '-land' er land, men kva for nes namnet siktar til, er ikkje like sjølvsagt. «Garden ligg på eit rundvore, ikkje særleg markert nes» skriv Alfred Ryningen (1568 stadnamn frå Nordbygdi i Bykle, h.oppg. norsk, UiO, 1979, s. 55), medan Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (s. 219) talar om «garden ved neset», og då truleg tenkjer på neset vestanfor Neslandsgarden. Folke Nesland, som, ved sidan av Alfred Ryningen, truleg er den som veit mest om stadnamna i Bykle, meiner garden må vera namnsett austfrå, ettersom ein haug nedunder jorda i Vodden, som heiter Orrehaugjen, tek seg ut som eit nes, når ein ror vestetter vatnet. Denne siste forklaringa virkar som den mest rimelege av dei me har vore inne på.

Strond er den eldste kjende buplassen i Bykle. Her er registrert funn frå yngre steinalder.
Foto: Folke Nesland
På Strond ca 1960. Olav G. Holen jr. og Torleiv F. Nesland. Bilete frå Folke Nesland.

Namnegranskarane fortel oss vidare at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs frå perioden mellom åra 400 og 600 e.Kr., og når det gjeld Nesland har me ingen grunn til å tvile på at busetnaden minst må vera så gamal som namnet tilseier. For på Strond, ein knapp kilometer vestanfor garden, har arkeologar funne ein buplass frå ca 1500 f.Kr., dvs. frå yngre steinalder, og ein pilspiss av flint, som vart funnen i fjellet opp for Nesland, vert datert til omlag same tida.

At det er funne ein steinalderbuplass på Nesland er i og for seg ikkje noko prov på samanhengjande gardsbusetnad så langt attende. Det kan heller ikkje avgjera om Nesland er den eldste garden i Nordbygdi, ettersom det også er gjort steinalderfunn i Tveiti. Men namnet Tveiti er eit typisk vikingtidsnamn, så om ein la hovudvekta på namnedateringa, ville denne peike i retning av at gardsbusetnaden på Nesland er eldre. Om dette er rett, kunne det tykkjast underleg at Nesland skulle vera namnsett frå aust, men på den andre sida har sikkert ferdsla på vatnet alltid vore viktig, så at garden skulle få namnet sitt etter synsinntrykket derifrå er vel likevel rimeleg nok.

Det me kan konkludere med når det gjeld alderen på garden vert då at han er svært gamal, at den faste busetnaden iallfall går attende til folkevandringstida, og sannsynlegvis endå lenger attende. Men om ein kan skimte at her må ha budd folk svært langt attover i tida, må ein ut mot slutten av 1500-åra fyrr ein får greie på noko meir om dei. Det kjem me til etter kvart, men fyrst lyt me få med oss eit oversyn over bruksdelinga og skyldsetjinga av dei ymse bruka i garden.

Fyrst på 1600-talet var heile Nesland skyldsett til 2 huder eller 24 kalveskinn. Ved matrikkelrevisjonen i 1647 vart skylda redusert til 1 1/2 hud eller 18 skinn. Når det gjeld bruksutviklinga, reknar me med at garden var berre eitt bruk til utpå 1680-talet, jamvel om det også tidlegare var fleire oppsitjarar. Men i 1682 vart Vodden kløyvd ut frå det gamle hovudbølet, og etablert som eit bruk for seg sjølv, med ei skyld som tilsvara 1/3 av heile garden.

Nokre få år seinare, helst i andre halvparten av 1680-åra, vart det attverande hovudbølet, Der heime, dela i 2 bruk, Der heime og Sygard, båe med ei landskyld på 6 skinn, dvs det same som Vodden. Dermed var det 3 jamgode bruk på garden.

Den neste delinga fylgde i 1798, då Systog vart kløyvd ut frå Sygard. Kort etter denne delinga vart bruka tildela såkalla løpenummer i matrikkelen. Merkeleg nok fekk Vodden lnr 17, medan Der heime vart lnr 18 Dette er då bakgrunnen for at Vodden sidan vart bnr 1, Der heime bnr 2. Sygard og Systog vart derimot kronologisk korrekt nummererte, Sygard vart lnr 19 og Systog lnr 20, og sidan bnr 3 og 4.

I 1838-matrikkelen vart Vodden og Der heime tildela ei skyld på 1 dalar og 3 skilling kvar, medan kvar av Sygard og Systog vart sette i 2 ort og 14 skill., noko som gjev ei samla skyld på 3 dalar og 10 skill.

I 1852 vart halve Der heime, ein part som vart vurdert til å ha eit bruksverde på line med kvar av Sygard og Systog, overført til Vodden i samband med eit erveskifte. Dermed fekk Vodden ei skyld og eit areal som tilsvara dei tre andre til saman.

Men i den nye matrikkelen frå 1886, då den samla skylda vart sett til 5,17 skyldmark, ser ein at Vodden står i 2,77 mark, Der heime i 0,77 og Sygard og Systog i 0,68 mark kvar. Dermed har då Vodden fått endå høgre skyld i høve til dei hine bruka enn det omskipinga i 1852 skulle tilseia. Dette kan me ikkje forklare på anna vis enn at matrikkelkommisjonen på 1880-talet må ha lagt noko annleis vurderingsnormer til grunn enn dei som tidlegare hadde vore i bruk. Om me tenkjer oss at halve Der heime ikkje hadde vorte overført til Vodden i 1852, skulle Vodden i 1888 truleg ha vorte rekna til 2,09 skyldmark, Der heime til 1,45.

Den neste bruksdelinga gjekk fyre seg i 1925, då Knut O. Byklum kaupte ein parsell i utmarka på vestsida av Vodden for å setje i gang med bureising på det som sidan vart kalla Nordstog Nesland. Det stykket han kaupte låg i sameige mellom dei 4 eldre bruka, så skylda på nybruket vart trekt i frå dei hine si skyld med eitt øre frå kvart av bnr 2, 3 og 4, og med 2 øre frå bnr 1, som åtte noko meir der enn hine. På grunn av dette noko innfløkte utgangspunktet vart Nordstog tildela bnr 5-9 i matrikkelen.

I 1927 vart frådela ein utmarksteig på sørsida av Bossvatn frå Systog, bnr 4. Denne teigen, som fekk namnet Viki, vart tildela bnr 10, og skyldsett til 5 øre. Dette er utgangspunktet for det som sidan skulle verta bureisingsbruket Viki, som Bjørgulv F. Nesland bygde og rudde frå 1937 og frametter.

I tillegg til dei matrikulerte einingane kjem tre husmannsplassar, som var busette ei tid, men aldri skyldsette til eigne bruk. Det var Steinstøyl og Naustdøl under Vodden og Libu under Sygard. Steinstøyl var busett frå ca 1770 til ca 1790, Naustdøl frå ca 1860 til 1916, og Libu frå 1852 til 1883.

Det som ovanfor er sagt om bruksdelinga vert oppsummert i den fylgjande tabellen:

Bruk under gnr 10 Nesland

Bnr Bruksnamn Etabl. år Skyld i øre Utskilt ifrå Matr.- år Kategori og merknader
2 Der heime Fyre år 600 77 1660 Hovudbøle
1 Vodden 1682 265 10/2 1682 Gardsbruk
3 Sygard 1688 85 10/2 1688 Gardsbruk
Steinstøyl Ca 1770 10/1 Plass, busett ca 1770-ca 1790
4 Systog 1792 85 10/2 1792 Gardsbruk
Libu 1852 10/3 Plass, busett 1752-ca 1883
Naustdøl 1860 10/1 Plass, busett ca 1860-1916
5-9 Nordstog 1925 5 10/1, 10/2, 10/3 og 10/4 1925 Bureisningsbruk
10 Viki 1937 5 10/4 1927 Bureisingsbruk

Me kjem attende til dei einskilde bruka og plassane i tabellen i eigne artiklar. Men fyrst skal me sjå noko på personar, hendingar og vendingar i tida fyre garden vart dela.

Den udela garden

Fyrst på 1600-talet møter me to karar som vart oppskrivne som Bjørgulv og Jon Nesland, og som iallfall frå 1610 og frametter var oppsitjarar på kvar sin part av Nesland. Me reknar med at dei ikkje hadde kvar sitt bruk, men hadde sambruk av eit udela gardsvald. Vidare ser me at dei to partane ikkje var like store, ettersom Bjørgulv betala skatt som halvgardsmann, medan Jon berre svara husmannsskatt.

Den eldste av dei to oppsitjarane var sikkert Bjørgulv, men avdi me trur at etterkomarane åt Jon sidan heldt til på Bratteland, medan Bjørgulv sine budde på Nesland, tykkjer me det gjev betre flyt i framstillinga å handsama Jon fyrst.

Fyrste venda me finn han nemnd er i 1610, og sidan er han med i kvar skatteliste frametter til og med 1620, men etter det året ser me ikkje meir til han på Nesland. Som nemnt vart han skattlagd som husmann, noko som på denne tid rett og slett berre er eit skatteteknisk omgrep for ein bonde med lite råd. Me trur då heller ikkje at han var husmann i den nyare tydinga av ordet, tvert om vil me rekne med at han åtte parten sin i garden, og grunnen til at me trur dette er at me har ei opplysning i eit brev frå 1597 om at garden då var i eiga av Bjørgulv Nesland «og hans medbrødre». Dette tyder ikkje nødvendigvis at Jon og Bjørgulv var brør, ettersom «medbroder» berre er eit ålment uttrykk for familiesamband. Korleis sambandet mellom Jon og Bjørgulv kan ha vore laga, kjem me litt attende til nedanfor.

Mellom dei tinga Jon laut svara straffeskatt av var ein koparkjele og ei lita gryte, står det i skattelista. Kjelen her høyrer heime i Henriksen-samlinga, og er nok snautt så gamal som frå 1600-åra, men vonleg kan han likevel likne på den Jon hadde med seg til straffeskattetinget. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Bjørgulv Nesland åtte ein tessak, fortel straffeskattelista. Desse sablane hadde noko ulik utforming, men den på biletet her er typisk nok. Om me seier at festet var 17 cm langt, så var bladet på ca 97 cm. Forsvarsmuseet har mange av desse blankvåpena, som vart innkaupte i store mengder frå Holland og Tyskland under kongane Fredrik II og Christian IV, og sidan tvangsselde til bøndene, som etter lova skulle vera utstyrde med kvar si «værge» i tilfelle krig. På denne bakgrunnne er det snodig at dei sidan kunne verta ekstra skattelagde for å eige våpena sine, men såleis var det.

Som gardbrukar på Nesland i 1614 kom Jon til å vera mellom dei bøndene som den hausten laut stille opp på straffeskattetinget på Rike med husgeråd og kretur, for å få eignelutene sine takserte. Grunnen til dette var at alle bønder i Råbyggjelaget hadde vorte pålagde å yte halve verdet av lausøyren sin til kongens kasse som straff for skatte- og militærnekting i samband med Kalmarkrigen 1611-13. Jon Nesland møtte som sagt på tinget, og dei eignelutene han synte fram var dei fylgjande:

  • 7 mk. forbrent kopar [1 kjele] (1 ort 13 skill)
  • 1 lita gryte (1 ort)
  • 1 bile (1 ort)
  • 1 halvslite skinndekken og 1 halvslite tjeld (3 ort)
  • 1 børse utan pipe (1rd)
  • 1 2-årsgamal fole (2 1/2 rd)
  • 3 kyr (9 rd)
  • 2 sauer og 2 geiter (2 1/2 rd)
  • 1 vetrungslam (1 ort)
  • 2 sumarlam og 2 sumarkje (1 ort 12 skill).

Verdetakstane burde vore summert til 17 rd 1 ort 1 skilling, men skrivaren rekna gale og fekk 23 1/8 skilling meir. Då han dela summen sin på 2 for å finne den skuldige skatten, fekk han endå 1 skill 2 1/4 pening for mykje, så i alt tapa Jon 24 skilling 3 1/4 pening på rekneoperasjonane.

Som nemnt ser me ikkje meir til Jon på Nesland etter 1620, men frå 1624 og frametter var det ein Jon på Bratteland, og den Jon-en veit me var gift med ei dotter åt Bjørgulv. Ettersom det ikkje var nokon på Bratteland i den tida Jon budde på Nesland, vil me tenkje oss at Jon Bratteland og Jon Nesland var same mannen, og at han og kona hans flutte frå Nesland til Bratteland i samband med erveoppgjeret etter Bjørgulv. Dette let seg ikkje prove, men me meiner at det helst var såleis.

Då har me ikkje stort meir å seia om Jon, og det lisle me elles har å melde om han står i bolken om Bratteland. Dermed går me over til Bjørgulv, som me meiner var verfar hans. Han er nemnd i fleire gamle dokument, og det er difor litt meir å fortelje om han.

Frå 1580 ligg det fyre eit brev som tilsynelatande ikkje har noko med Bjørgulv Nesland å gjera, men gjeld ein Tallak, som me meiner var far hans. I dette dokumentet står det at «Torgrim Aslaksson og Bendik» stadfeste at dei hadde teke imot full betaling av Tallak Salmundsson for noko ervegods han hadde løyst ut frå syskena sine, deriblant Nesland i Bykle. Kven brevskrivarane var, er mykje på vona, men Torgrim kan kanskje ha vore Torgrim Aslaksson Sagneskar (jfr. Valle IV, 480 ff, 526 f).

I 1595 vart Bjørgulv Nesland stemnd saman med Åsmund Byklum, Dreng Haugen, Bjug Myrom og Jon Åmli. Saksøkjaren var Dreng Hoftuft, og søksmålet gjaldt noko eigedom dei innstemnde hadde sete med i lang tid og nekta å betale jordleige for, endå om dei for lengst hadde vorte dømde til å punge ut. Me veit ikkje stort meir om denne saka, men ho syner i minsto at Bjørgulv var innblanda i eigedomstvistar i Valle hovudsokn, og tyder vel au på at han har hatt skyldfolk der.

Det neste brevet me skal taka fram er eit rettsreferat frå 1597. Her står det å lesa at Bjørgulv Nesland «og hans medbrødre» også åtte Tveiti, og at Bjug Myrom i Valle prøva å taka den eigedomen på odel. Det me elles har å fortelje om denne saka, står i bolken om Tveiti. På denne staden treng me berre nemne at det også kjem fram at den mannen som Bjørgulv og skyldfolka hans hadde ervt Tveiti etter, var ovannemnde Tallak Salmundsson. Så pass stutt tid som det er mellom dei refererte dokumenta, vil me taka dei som ein indikasjon på Bjørgulv Nesland var son åt Tallak, og altså heitte Bjørgulv Tallaksson.

At det fanst ein Bjørgulv Tallaksson i bygda på denne tid, vert stadfest av eit anna brev frå 1595, der denne Bjørgulv, saman med tre andre karar, vitna om dei noko uklåre omstenda kring ein hestehandel mellom Olav på Bjørnarå og Åsmund på Rygnestad (jfr. Valle VI, 343). I det sistomtala brevet står det rett nok ikkje noko om at vitnet Bjørgulv Tallaksson budde på Nesland, men me skal likevel halde det for sannsynleg at det dreiar seg om same mannen, ettersom det var så få som heitte Bjørgulv i Bykle og Valle kring år 1600, og så vidt me kan sjå berre ein Bjørgulv Tallaksson (jfr. Valle IX, 41-44).

Hausten 1614 måtte vår Bjørgulv tilliks med andre byklebønder møte på straffeskattetinget i Rike med eignelutene sine, for å få dei takserte for skattleggjing. Det han synte fram var det fylgjande:

  • Uteståande pengekrav (1 1/2 rd )
  • kopar (1 1/2 rd 2 ort)
  • 2 øksar (1/2 rd)
  • 1 halvslitne skinndekken og 3 halvslitne tjeld (2 rd)
  • 1 gamal takke (1/2 rd)
  • 1 gamal børse (3 1/2 rd)
  • 1 gamal tessak (1/2 rd)
  • 1 hest med lyte (3 rd)
  • 1 vetrungsstut (1 rd)
  • 4 kyr (12 rd)
  • 2 kviger (5 rd)
  • 1 årsgamal kvige (1 rd)
  • 3 spekalvar (1 1/2 rd)
  • 3 geiter (1 1/2 rd)
  • 2 årsgamle kje (1/2 rd)
  • 3 sumarkje (36 skill)
  • 9 sauer (4 1/2 rd)
  • 3 vetrungslam (3 ort)
  • 3 sumarlam (36 skilling).

Verdetakstane vart, for ein gong skuld korrekt, samanrekna til 41 1/2 dalar, og skatten like korrekt utrekna til halvparten: 20 dalar 3 ort.

Som ein av dei få i Bykle tykkjest Bjørgulv å ha hatt med seg så mykje kretur til mønstringa, at det kunne tenkjast å vera heile buskapen. Om det faktisk var det, er kanskje tvilsamt, men iallfall tykkjest samansetjinga av flokken vera truverdig nok. Rett nok kunne vel eit mistenksamt augnekast på sauehaldet fort få ein til å tenkje at han sette på nokså få lam, men då skal ein koma ihug at det på denne tid var mange som gjorde både smør og ost av sauemjølk, og då kan det stemme at berre ein tredjepart av årskullet fekk vekse opp.

Elles merker me oss at det vart sett ulik takst på «kviger» og «årsgamle kviger». Dette samstavar med det me elles meiner å vita om kreturavlen på denne tid, at kyrne vanlegvis fekk fyrste kalven sin 2 år gamle. Deretter var det sume som let dei taka ei pause i kalvinga til dei var 4, for då skulle dei sidan koma til å mjølke meir, meinte dei. Andre stader bar kyrne også ved 3 års alder. Då vart det meir mjølk med det same, men sidan kanskje mindre, men så vann dei ein kalv. Kva som lønte seg best vart ulikt vurdert, og praksis var difor skiftande (jfr. Kviteseid bygdesoge III, 384).

Same året som han måtte taka med seg eignelutene sine til Rike for taksering, fekk Bjørgulv Nesland kvittering for at han hadde kaupt Brotteli av nokre valldølar, denne handelen har me omtala nærare under Brotteli. Men som me var inne på ovanfor, finn me nokre år seinare at den fyrste oppsitjaren me veit om på Brotteli truleg var gift med ei dotter åt Bjørgulv.

Etter skattelistene var Bjørgulv oppsitjar på Nesland til ca 1620. Ei odelsjordebok frå 1624, då Bjørgulv var død, gjev eit oversyn over dei som då åtte garden, og som me reknar med var ervingane hans. Det var brørne Knut og Tallak, som sat med ei halv hud kvar. Knut budde på Nesland, medan Tallak heldt til i Nordstog Stavenes.

Vidare var eigedomsretten til garden oppdela i 4 systerpartar, kvar av dei på eit geiteskinn. Me kjenner ikkje namna på systrene av Knut og Tallak, men me veit kvar dei fleste av dei vart av.

  • Bjørgulv Tallaksson Nesland, n 1595-1617
g m ukj. Born:
  • Knut, gm ukj. sjå nedanfor
  • Tallak, sjå Nordstog Stavenes
  • dotter NN, n 1624, g m Jon Bratteland, sjå Bratteland
  • dotter NN, n 1624, g m Svein Brotteli, sjå Brotteli
  • dotter NN, n 1624, g m Knut Knutsson Breive(e.), sjå Breive
  • dotter NN, n 1624, ug eller barnlaus enke då, sjå nedanfor

Rekkjefylgja i denne barneflokken er stort sett oppsett på slump.

Lagnaden til den eine av døtrene er ukjend. Av odelsjordeboka frå 1624 går det fram at ho då hadde Knut Knutsson Breive (e.), som var gift med systera, som verje. Når ho trong verje, var det avdi ho var ugift, eller kanskje enke. Men om ho hadde hatt born, ville vanlegvis ein av skyldfolka til den avlidne mannen hennes vorte utpeika til å taka vare på interessene hennes. Dette er då grunnen til at me i familieoversynet ovanfor har skrive at ho anten var ugift eller barnlaus enke.

Eldstesonen tykkjest ha overteke bruken av garden ca 1620, og har truleg kaupt ihop ervepartane av syskena sidan. Me veit ikkje stort om han, men kjenner namna på nokre søner.

  • Knut Bjørgulvsson Nesland, n 1620-1657, d fyre 1659?
g m ukj. Born:
  • Gunnar, f ca 1609, d fyre 1683, sjå Der heime
  • Tarjei (?), n 1645, d fyre 1659, g m ukj., ikkje kjende born
  • Olav, n 1647, d fyre 1689, sjå Vodden

Av koppskattemanntalet frå 1645 ser me at her då var tre familiar på garden. Det var Knut og «hans quinde», Gunnar og «hans quinde», og Tarjei og «hans quinde». Knut åtte heile garden, ser me i andre skattelister frå denne tida. Det er ingen tvil om at Gunnar var son av Knut, og me trur helst at Tarjei au var det. Litt seinare ser me at der var endå ein son, som heitte Olav, og på 1660-talet dukkar det opp ein Bjørgulv som oppsitjar, han var son åt Gunnar. Knut, Gunnar og Olav bruka ei halv hud i garden kvar på 1640- og frametter på 1650-talet. Men i eit skattemanntal frå 1659 står det berre at «Olav og Gunnar eig og brukar», så då var Knut tilsynelatande ute or biletet, kanskje var han død då.

I 1668-matrikkelen finn me ei kvinne som heitte Asgjerd som eigar av ei hud i Nesland, medan Bjørgulv og Gunnar då åtte 3 kalveskinn kvar. Det tyder ikkje på at Asgjerd var kona åt Gunnar, slik den gamle gards- og ættesoga (s. 74) melder. Manntalslista frå 1666 peikar i retning av at ho må ha vore gift med Olav Knutsson, ikkje med broren. Iallfall står det der at ho hadde ein 7 år gamal son, som heitte Knut Olavsson. Kvifor ho då skulle førast opp som eigar, i staden for mannen, som så vidt me kan skjøne må ha vore livs livande, veit me ikkje. Men kjeldene frå 1660-åra spriker og ymsar så mykje at det er vanskeleg å finne ut korleis det eigentleg hekk i hop både med skyldskap og eigarskap. Til saman tyder dei likevel på at Gunnar, Bjørgulv, Olav og Tarjei alle budde her i desse åra, og bruka garden saman.

Dei skiftande og ustabile tilhøva eigedomspartane og eigarane imellom er elles i seg sjølve ein indikasjon på at det i denne tida framleis dreia seg om sambruk av ein udela gard, ikkje om ei rekkje med utskilde og klårt definerte bruk.

I 1670-jordeboka står det at Gunnar det året åtte 1 hud, og Tarjei 1/2 hud, medan Bjørgulv og Olav ikkje er nemnde. Bjørgulv vert sidan ikkje omtala, og kan ha vore død i 1670. Olav dukkar derimot seinare fram att som eigar av ein part av Nesland. Det var i 1682, då det vart tinglyst eit brev om at Gunnar og Olav Knutssøner hadde «gjort forening og jordebytte» om 1 1/2 hud på Nesland, som dei hadde ervt etter faren, Knut Nesland.

Gunnar skulle ha 1 hud og Olav 1/2 hud, står det. Kvifor denne delinga av eigarskapen meir enn tidlegare skifte skulle trengje tinglysing, kunne ein kanskje undre seg over, men forklaringa er nok at garden ved dette høvet vart dela i to, klårt åtskilde bruk. Det er det som ligg i nemninga jordebyte. Gunnar fekk då det større bruket, og Olav det mindre.

Ettersom Vodden i nyare tid var langt det største bruket på Nesland, og fekk lnr 17 og sidan bnr 1, medan Der heime vart lnr 18 og bnr 2, kunne ein tru at Vodden hadde vore det gamle hovudbølet på garden, og at det var Der heime som vart kløyvt ifrå i 1682. Men såleis var det ikkje. Det som vart fråkløyd i 1682 var utan tvil Vodden, medan Der heime var hovudbølet, og til så lenge var i hopsett av det som sidan skulle verta Der heime, Systog og Sygard.

I det fylgjande tek me for oss dei ulike bruka eitt om gongen, og byrjar med det eldste av dei.


0941 Bykle komm.png Nesland (Bykle gnr 10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skarberg • Neste bolk: Der heime