Nordstog (Bykle gnr 16/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordstog
Stavenes 14.jpg
Nordstog 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: Fyre 1540
Utskilt: 1660
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 16
Bnr: 2
Type: Gardsbruk

Nordstog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Den opphavlege Stavenesgarden vart dela i to einingar ein gong langt attende i tida, helst i vikingtid eller tidleg mellomalder. Me reknar med at den eine av desse einingane var ihopsett av Nordstog og Teigen, medan Utistog og Systog utgjorde den andre.

Nordstog/Teigen har så på eitt eller anna tidspunkt hamna i eiga til Valle sokneprestembete, som ein del av det det såkalla prestebordsgodset. Eit brev frå 1592 viser at denne eigedomsoverdraginga var ein del av ei større gåve til kyrkja frå ei gruppe av dei rikare bøndene i Valle, mellom desse truleg oppsitjaren på Hoftuft, men kva tid denne overdraginga gjekk fyre seg er ikkje nemnt i brevet. Me reknar likevel med at det var fyre 1540, etterdi ihopdraginga av kyrkjegods slutta i og med reformasjonen.

Nordstog/Teigen var altså lenge eitt bruk, der eldste verestaden var Nordstog. Teigen vart kløyvt ut noko etter år 1700, omlag på same tida som Systog vart skilt ut frå Utistog. Men i motsetnad til delinga mellom Utistog og Systog, der sistnemnde var berre 1/4 av den opphavlege eininga, vart den gamle Nordstog/Teigen-eininga dela midt i to, så dei vart ståande med ei landskyld på 6 kalveskinn kvar.

Fyrste oppsitjaren me veit om på prestebordshuda i Stavenes er ein Åsmund, som i den eldste av landskattelistene vert nemnd som ein av ei gruppe «husmenn» i Bykle i 1610. Husmann i vår tyding av omgrepet var han nok likevel ikkje, såvorne dukka ikkje opp fyrr ein del tiår seinare. Men i Danmark hadde dei husmenn, og når nå futane i Noreg hadde bruk for ei nemning for jordbrukarar med låg skatteevne, treiv dei til husmanns-omgrepet. «Husmannen» Åsmund kverv frå kjeldene etter 1610, og me veit ikkje meir om han.

  • Åsmund, n 1610

I åra frå 1612 til og med 1617 er det ein øydegardsmann i Stavenes som heiter Knut. Ein «øydegardsmann» var også ein bonde som hadde greidd å få futen til å tru at han hadde låg skatteevne, men han sto seg noko betre enn ein «husmann». Me veit ikkje stort om øydegardsmannen Knut Stavenes heller, men iallfall var han mellom dei byklarane som, iallfall i namnet, laut yte halve eiga si i straffeskatt til kongen i 1615.

Eignelutene hans og verdet av dei vart då registrerte som fylgjer:

  • 1 lodd sylv ( 7 1 2 skill.)
  • 11 merkar kopar (1 dalar 1 ort 12 skill.)
  • 1 jerngryte med to føter (6 skill.)
  • 1 boløks (1 ort)
  • 1 hoppe (4 dalar 1 ort )
  • 4 kyr (12 dalar)
  • 1 kvige (2 1/2 dalar)
  • 3 kalvar (1 1/2 dalar)
  • 5 sauer, 4 geiter (4 dalar)
  • 7 lam, kje (1 1/2 dalar)
  • 1 gris (1/2 dalar)
  • 1 sprekt takke (1/2 dalar)

Dette vart (litt omtrentleg) ihoprekna til 29 dalar 15 skill (det rette skulle vera 29 dalar 13 1/2 skill.). Skatten vart då 14 dalar 2 ort 7 1/2 skill. Me kan vanskeleg tru at dei opprekna sakene var alt Knut åtte, men rik var han sikkert ikkje. Gryta med avslegen fot og den sprekte takka tykkjest bera bod om heller magre kår, men kanskje var det det som var meininga med dei? Han kan godt ha sett att betre saker heime, og teke med gamalt skrammel til å syne fram på tinget.

Om det var ekstraskatten som knekte han, så han laut frå garden, kan me ikkje vita, men etter 1617 ser me ikkje meir til han.

  • Knut, n 1612, 1617, ikkje kjend familie.

Etter øydegardsmannen Knut fylgde halvgardsmannen Tallak. Han er nemnd som oppsitjar i Nordstog/Teigen frå 1620 og til og med 1628. Han gav dobbelt så mykje skatt som fyremannen på bruket, og like mykje som den samtidige oppsitjaren i Utistog. I 1624 åtte han ei halv hud i Nesland, som ved det leitet elles var skift i ein brorpart på 1/2 hud og 4 systerpartar på 3 skinn kvar. Dei andre eigarane på Nesland var borna åt Bjørgulv Tallaksson Nesland, og då fylgjer det at Tallak i Stavenes høyrde til i den syskenflokken.

  • Tallak Bjørgulvsson Nesland, n 1620, 1628, ikkje kjend familie.

Frå 1630 kverv Tallak or skattelistene utan at det dukkar opp nokon ettermann på bruket hans. Dette kjem av at oppsitjaren i Utistog nokre tiår bruka heile garden. I skattelistene frå 1645 og frametter heiter det at «Olav bruger alt» , både den huda han sjølv åtte og prestebordshuda. Farsnamnet åt denne Olav-en var Niklosson, og det ser ut til at han var son åt Niklos Åkre i Valle (jfr. Valle IV, 118). Olav sat i Utistog frå 1624 til kring 1660 (sist nemnd 1659), og frå 1629 var han den einaste skatteytaren på garden. Det me elles har å melde om Olav Niklosson står i bolken om Utistog.

Men i 1664 møter me to atter to stavenesbønder. Båe heitte Torleiv Olavsson, den eine vert kalla «Gamle Tollef» og vert sagt å vera 32 år, medan «Unge Tollef» vert oppgjeve til å ha vore 24 år. Aldersoppgåvene treng me ikkje lite for hardt på, men namna er sikkert rette. Me reknar med at Torleiv-ane var brør og søner åt Olav Niklosson. Den eldre av dei budde i Utistog og vert omtala i bolken om det bruket. Den yngre overtok farens leigekontrakt med presten, og hadde bruket her.

Siste venda me finn Torleiv (y.) nemnd i Stavenes er i ei skatteliste frå 1712, der han framleis figurerer som oppsitjar, nå rett nok saman med sonen Såve. Men i ei anna skatteliste frå same året ser me at Torleiv (y.) i Nordstog har forsvunne frå garden, og at Såve har vorte oppsitjar på sitt eige bruk, som lyt vera Teigen. I staden av Torleiv i Nordstog hadde det då kome ein ny mann som heitte Olav Niklosson. Me kjem straks attende til han, men fyrst lyt forteljast at Torleiv (y.) ikkje var død då Olav og Såve dela bruket. På sine eldre dagar hadde han kaupt Der aust i Bjørnarå, gnr 18, bnr 1, og flutt dit. Ettersom han vart verande der, har me teke hovudomtalen av han og familien hans i bolken om det bruket.

Det var skikken at barselskonene vart «innleidde» i kyrkja og liksom «kristna» på nytt ei tid etter fødselen. I Bykle og Valle tykkjest dette vanlegvis å ha blitt gjort 2 til 4 veker etter barnedåpen, som mødrene då ikkje fekk vera med på, for inntil innleinga laut dei fint halde seg heime. Dette var avdi dei etter folketrua skulle vera så utsette for trollpakk. Inngangsritualet gjekk or bruk utetter 1800- åra, men endå i mellomkrigstida var det sume som heldt det ved lag. Teikning: Solveig Muren Sanden 1970.

Om den nye mannen i Nordstog var soneson åt den tidlegare omtala Olav Niklosson Åkre er tvilsamt, jamvel om det ein stad i Vallesoga er ymta om at det kanskje kunne vera såleis (Valle IV, 119). Men Vallesoga har også framlegg om eit anna, og meir truleg, svar på spursmålet om kvar den yngre Olav Niklosson kom ifrå: Han kan ha vore ein son åt Niklos Pålsson Brokka og kona, Margit Olsdotter, fødd Åmli. Nå er heller ikkje dette heilt sikkert, men iallfall hadde desse folka ein son som heitte Olav. Då denne Olav-en døypte ei dotter i 1714, vart han oppskriven som «Ole Nicolais. Broche» , men høveleg tid seinare vart det innleidd ei barselskone i kyrkja som vart omtala som «Ole Stavenes quinde». Me får det ikkje til å stemme at den ovannemnde innførsla kunne gjelde kona åt Olav Torleivsson i Utistog, og då veit me ikkje om fleire som kan ha vorte kalla «Ole Stavenes». Dette vil me då taka som ein indikasjon på at Olav Niklosson Brokka og Olav Niklosson Stavenes er same mannen. Eit anna moment, som dreg i same lei, er at Olav i Stavenes hadde ei dotter som heitte Eli, og det er eit namn ein finn att i morsætta åt Olav frå Brokka (jfr. Valle VI, 408). På denne bakgrunnen set me han opp som fylgjer:

  • Olav Niklosson (Brokka ?), f ca 1673, d 1749
g 1. m Anne Tarjeisdtr. Byklum, f ca 1685, d 1725. Born, iallfall:
  • Signe, f ca 1708, d fyre 1749, g m Rikard Gunnarsson Ørnefjødd, sjå Ørnefjødd
  • Tone, f 1714, d fyre 1749, g m Torleiv Alvsson Breive, sjå Berdalen Der uppe, gnr 3, bnr 4 (14)
  • Eli, f 1716, d 1732
  • Tarjei, f 1719, n 1749, ug då, seinare lagnad ukj.
  • udøypt gut, f 1722, d 1722, trill.
  • udøypt gut, f 1722, d 1722, trill.
  • udøypt jente, f 1722, d 1722, trill.
  • Gunvor, f 1724, d 1752, ug
g 2. 1728 m Ingebjørg Torbjørnsdtr. Vatnedalen, d 1750, ikkje born.

I 1701 vart Olav bøtelagd for å ha fått ein unge med ei Birgit Olavsdotter, men kvar den jenta kom ifrå har det ikkje vore råd å finne ut. Kvar det vart av barnet hennes er også usikkert, men Alfred Ryningen ymtar om at det kanskje kunne vera ein «Ole Olsen Broche», (vanskeleg å lesa, kunne også tolkast som «Ole Olsen Bychle»!) som vart gravlagd i 1714, 11 år gamal (sjå Valle VI, 408).

Anne Tarjeisdotter, fyrste kona åt Olav, var dotter åt Tarjei Folkesson Byklum. Grunnnen til at me kan vita dette er at Olav i 1727 hadde ein systerpart i Uppistog å selje til Gjermund Ormsson Viki. Gjermund var gift med Tone Hallvardsdotter, dotter åt Hallvard Tarjeisson, og Hallvard var altså bror åt Anne. Kone nummer to, Ingebjørg Torbjørnsdotter, var fødd i Vatnedalen som dotter åt Torbjørn Knutsson og andre kona, Margit Gunnarsdotter.

Olav og borna hans flutte heim til Ingebjørg i Vatnedalen etter at han gifte seg med henne i 1728. Dei budde der då dottera Eli døydde i 1732, og framleis då Olav sjølv døydde i 1749.

Etter at Olav Niklosson flutte ifrå overtok Såve Torleivsson i Teigen bruket hans, og leigde då nokre år både både Teigen og Nordstog hjå presten. I 1735 gifte Niklos Såvesson seg, og faren avsto då festet på halvparten til han. I 1744 overtok Pål Såvesson leigekontrakta på den andre halvparten. Pål fekk Teigen, medan Niklos hadde bruket her.

Kona åt Såve Torleivsson, og mor åt Niklos Såvesson, heitte Gyro Niklosdotter. Ho var syster åt ovanomtala Olav Niklosson, og såleis kan ein seia at bruket vart verande i ætta då Niklos overtok i 1735.

Som bjørneskyttar hadde Niklos Stavenes sjølvsagt bruk for kruthorn. Det var truleg noko i likskap med det me har bilete av her. Det ligg i Henriksen-samlinga med reg.nr MOR 0310, og Setesdalsmuseet skaffa biletet av det.
  • Niklos Såvesson Stavenes, f ca 1709, d 1792
g 1735 m Anne Tarjeisdtr. Trydal, f ca 1713, d 1783. Born:
  • Gunvor, f 1736, g 1768 m Tallak Torleivsson Byklum, sjå Austistog Byklum.
  • Margit, f 1739, d 1742
  • Tarjei, f 1742, d fyre 1745(?)
  • Tarjei, f 1745, d fyre 1755(?)
  • Margit, f 1749, g 1783 m Folke Olavsson Strandestøyl, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1755, d 1831, ug(?)

Tarjei Tarjeisson og kona, Targjerd Tarjeisdtr., som budde i Systog Trydal, var truleg foreldra åt Anne Tarjeisdotter.

Niklos var god bjørnejeger. Såleis ser me at han i 1751 fekk utbetala skotpremie for to bjørnar han hadde skote året fyre.

Dottera Margit og familien hennes tykkjest ha vore busetar hjå far hennes. Iallfall budde dei i Stavenes, og då er det her det er mest rimeleg å plassere dei:

  • Margit Niklosdtr. Stavenes, f 1749, d 1807
g 1783 m Folke Olavsson Strandestøyl, f 1757, d 1786. Born:
  • Ingebjørg, f 1783, d 1784
  • Ingebjørg, f 1785, d 1785

Folke Olavsson var frå Strandestøyl under Brotteli, og son åt Olav Åsmundsson Berdalen og kona, Ingebjørg Jonsdotter, fødd Brotteli. Som det går fram ovanfor vart han ikkje meir enn 30 år, og båe døtrene døydde små. Margit vart truleg verande her på bruket så lenge ho livde, iallfall ser me at ho var her då ho døydde.

Som ein vil sjå, har me plassert nokre spørjeteikn i oversynet over syskena av Margit ovanfor. Desse gjeld lagnaden av dei tre Tarjei-ane. Mot. dei to eldste har me ikkje funne gravferdsoppgåver for dei, men reknar det for usannsynleg at tre søner på rad skulle verta døypte med namnet åt morfaren, om ikkje dei eldre av brørne var døde. Når det gjeld den tredje broren, har me funne ei oppgåve om ein person som vert kalla «Tarjer Nicolaidtr.» , som døydde som fatiglem i Byklum i 1831, 73 år gamal. Då me ikkje kan finne at nokon kjend Niklos hadde ei dotter som heitte Targjerd, og aldersoppgåva ved dødsfallet høver tolleg vel - ho peikar mot at vedkomande var fødd ca 1758 - vil me tru at det dreiar seg om ei feilskriving i kyrkjeboka, og at den som døydde i 1831 i røynda var Tarjei Niklosson.

Den gamle gards- og ættesoga (152) fortel at Gunstein Såvesson, ein yngre bror av Niklos, overtok Nordstog etter han. Dette er gale. Niklos sat i Nordstog heile si livetid, medan Gunstein var bruksmann i Uppistog Byklum og Nomeland (Valle) til han hamna i Trydal i 1789 (sjå Stigamoen under Trydal).

Nordstog 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Derimot er det heilt rett, som den nemnde boka også opplyser (113, 152), at Gjermund Gunsteinsson, som var son av ovannemnde Gunstein og kona, Gunvor Gjermundsdotter, bygsla Nordstog i nokså mange år. Dei budde her frå dei gifte seg i 1793 og til Gjermund fekk tak i Uppistog Byklum i 1812. Me har valt å plassere hovudomtalen av han i bolken om det sistnemnde bruket, men lyt likevel koma noko attende til han nedanfor.

Etter at Gjermund flutte til Uppistog, ymsa det med brukarar i Nordstog frametter, men desse har lite sett spor etter seg i kjeldene våre, og me veit berre om eit par av dei. Det høyrer med å nemne at dei var brukarar for Gjermund, som heldt fast på leigeavtala si med presten, jamvel om han ikkje budde her.

Den fyrste av dei me har funne nemnd heitte Torleiv Torleivsson Holen, og tykkjest ha budd her frå 1831 og frametter til 1836 eller 1837. Han var son åt Torleiv Hallvardsson Tveiten i Holen Der uppe. I 1837 var han husmann på ein plass under Mosdøl, og i 1838/39 slo han seg ned på plassen Haugo under farsgarden. Han og familien hans vert nærare omtala under den verestaden.

Den neste brukaren me kjenner til heitte Eivind Knutsson Vatnedalen. Han ser ut til å ha vore her nokre år frå slutten av 1830-talet. I 1842 budde han einkvarstad i Gjerden, i 1844 var han attende i Vatnedalen for ei stund, men eit par år seinare finn me han atter som brukar i Nordstog, og etter dette vart han truleg erande her på bruket det meste av tida. Iallfall ser me at han budde her i 1865, og framleis då han vart gravlagd 10 år seinare.

  • Eivind Knutsson Vatnedalen, f 1807, d 1875
g 1838 m Anne Salmundsdtr. Ryningen, f 1811, d 1864 (?). Born:
  • Knut, f 1838, til Suldal med att. pr 10.12.1867, d fyre 1883, lagnad elles ukj.
  • Sigrid, f 1840, g 1874 m Sveinung Knutsson Guggedal, Suldal, sjå Neire Haugen under Byklum, gnr 14, bnr 22
  • Salmund, f 1842, 1883 busett Dakota, USA, lagnad elles ukj.
  • Hallvard, f 1844, d 1849
  • Kjetil, f 1847, 1883 busett Gjerstad, lagnad elles ukj.
  • Margit, f 1850, til Amerika etter 1875, fyre 1883, lagnad elles ukj.

Salmund Snærisson Ryningen og kona, Sigrid Kjetilsdotter, var foreldra av Anne Salmundsdotter (sjå Ryningen. Nett kva tid Anne døydde er me usikre på. Det ser ut til at ho livde då sonen Kjetil vart konfirmert i 1864, men året etter må ho ha vore død, etterdi ho vantar i folketeljinga frå det året, og Eivind då er oppførd som enkemann. Ho er ikkje gravlagd i Bykle eller Valle, og lyt vel då ha døytt utanfor bygda.

Når me kan vita kvar borna hennes heldt til i 1883, er det avdi det då vart halde skifte etter Torbjørn Salmundsson, ein ugift bror av Anne, som budde i Holen, og alle borna av syskena hans var då ervingar.

Sigrid Eivindsdotter gifte seg i 1874 med Sveinung Knutsson frå plassen Smeavika under Guggedal i Suldal. Far åt Sveinung var frå Kviteseid, og heitte Knut Tjøstovsson. Sveinung og Sigrid budde nokre år på Neire Haugen under Byklum, og får nærare omtale i bolken om den verestaden.

Me kan ikkje finne at Salmund Eivindsson fekk presteattest for å reise til USA, og me finn han heller ikkje i nokon emigrantprotokoll. Men då dei skifte etter morbroren i 1883, budde han ein stad i Dakota. Nærare adresse vert ikkje nemnd. Systera Margit emigrerte også, men då det vart skift etter morbroren i 1883, visste dei ikkje kvar ho budde, eller om ho livde då.

Kjetil Eivindsson fekk 8.12.1870 presteattest for å flytje til Sand i Ryfylke. I folketeljinga frå 1875 finn me han att som fargar i Skien, men då morbroren døydde i 1883 dreiv han fargeri og landhandel på Egelands Verk i Gjerstad. Der misser me han av syne.

Som det har gått fram ovanfor, høyrde Nordstog Stavenes til Valle sokneprestembete. Men på 1830- og 1840-talet dreiv staten og selde unna av kyrkjegodset, og ovanomtala Gjermund Gunsteinsson fekk i 1844 kongeleg skøyte på bruket her for 200 speciar. Rett nok var det ikkje eit heilt reint kaup, for framleis skulle det svarast 1 3/8 tunner korn i året til soknepresten i Valle, står det, men denne lause landskylda til presten vog ikkje særleg tungt.

I den gamle gards- og ættesoga (151) les me at garden var «prestegods heilt fram til 1930-åra». Meininga med dette er kanskje at den lause landskylda vart hangande som eit hefte på bruket inntil då, men i røynda hekk ho nok til 1942. Iallfall ser me at ei rekkje innførsler for manglande landskyldkorn til presten det året vart sletta i panteregisteret.

Gjermund Gunsteinsson kaupte som nemnt bruket her i 1844, men året etter selde han det vidare til Tarald Olavsson Mosdøl. Gjermund hadde då gift seg til Bjørnarå, og budde nok der til kring 1850, men etter dette reknar me med at han heldt til her på bruket. Då Tarjei Bjørgulvson fekk skøyte på Bjørnarå Der aust i det sistnemnde året, vart det ikkje skrive noko om foddog til Gjermund, og dersom det er rett, slik Aasmund Tveiten meiner, at kona, Borghild, kort etter tok ut frå han og reiste til Amerika, vil me tru at Gjermund laut pakke seg frå Bjørnarå, og då flutte hit.

Det står ikkje noko om foddog til Gjermund i det skøytet han skreiv til Tarald O. Mosdøl i 1845, men då Tarald i 1857 skreiv bruket over på sonen Ånund, vart det fastsett at Gjermund skulle ha foddog, så då budde han her iallfall.

Då Gjermund selde bruket til Tarald Mosdøl i 1845 var prisen 350 speciar. Då Ånund Taraldsson kaupte det av far sin i 1857 var kaupesummen 200 dalar, men så kom kåret til Gjermund i tillegg: Årleg 3 tunner korn, 1 skjeppe salt, 1 kvartel malt, 20 tobakksrullar, 1 kyrfødsle og 6 småkreturfødsler.

Dette var eit tolleg godt foddog, vil me tru. På den andre sida heiter det også i kontrakta at når Gjermund døydde, skulle Ånund Taraldsson få alt det han måtte etterlata seg av pengar og lausøyre.

Gjermund døydde året etter at foddogsbrevet vart skrive. Om Ånund Taraldsson flutte hit for å bu og bruke med det same etter den formelle overtakinga, er tvilsamt. Han var på den tid ungkar og berre 18 år gamal, så den som i praksis laut yte kåret til Gjermund var nok brukaren Eivind Vatnedalen. Men etter at Ånund gifte seg i 1861 flutte han nok hit, vil me tenkje. Eivind vart buande livet ut, men etter 1861 vart han omtala som busete eller «inderst».

I 1864 vart det sett opp nye hus på garden, står det i Norges Bebyggelse. Ånund Taraldsson må ha stått for dette. I røynda var det nok helst, iallfall når det gjeld hovudbygningen, tale om ei ombyggjing og påbyggjing av det som fanst av eldre hus. Men iallfall vart resultatet ei tradisjonell setesdalsstoge i 1 1/2 høgd med 2 rom oppe og 2 rom nede og gang og kammers i midten. Ånund bygde også ny uthusbygning, går det fram av den nemnde boka.

Iallfall bygde han fjos. Om han også sette opp køyreløa, som fjoset står ved sidan av, er meir uvisst, for når ein ser på desse husa, får ein fort det inntrykket at løa er eldre. På tunet står også eit gamalt bur, som iallfall lyt skrive seg attende til fyrste halvdelen av 1700-talet, kanskje endå lenger attende.

Forutan Ånund sjølv, kona Birgit og ein liten son, budde her i 1865 også nokre andre. Det var for det fyrste drengen Knut Tarjeisson, som me meiner var son åt Tarjei Åvoldsson Byklum i Utistog. Rett nok stemmer ikkje alderen aldeles, ettersom drengen Knut Tarjeisson i fylgje folketeljinga skal ha vore 37 år i 1865, medan Knut T. Byklum var 35, men såpass galne aldersoppgåver er ikkje så sjeldne i 1865-teljinga. For det andre var her ei tenestejente som heitte Birgit Gunnarsdotter. Ho var dotter åt Gunnar Knutsson i Systog Nesland, og fødd i 1837, slik folketeljinga seier. Sidan finn me henne på Bykilsmoen som kona åt Knut Vetlesson Nesland på den plassen. For det tredje var den ovanomtala Eivind Knutsson Vatnedalen framleis her. Han hadde med seg den 16 år gamle dottera Margit.

Sånaden på bruket ved dette leitet var 2 tunner bygg og 4 1/2 tunner jordeple. Av buskap sat dei med hest, 10 kyr, 8 sauer og 16 geiter.

Ånund Taraldsson budde i Stavenes til heimebruket i Mosdøl vart ledig etter broren Olav, som døydde i 1871. Ettersom han både var fødd og døydde i Mosdøl, plasserer me den nærare presentasjonen av han og familien hans under den garden.

Ånund døydde i 1874. Han åtte då framleis bruket her, og Olav Hallvardsson Nesland fekk kaupe det av dødsbuet for 650 dalar. Framleis var den lause landskylda til vallepresten med som ein del av salsvilkåra, ser ein.

Olav Nesland var son åt Hallvard Knutsson og kona, Sigrid Andresdotter, fødd Brotteli, som budde i Sygard Nesland. I 1862 fekk Olav støylen Libu hjå faren, og rudde seg ein plass der, men i 1874 overtok han altså Nordstog etter Ånund Taraldsson, og flutte hit.

  • Olav Hallvardsson Nesland, f 1841, d 1919, til Amerika 1902, sjå nedanfor
g 1871 m Anne Ånundsdtr. Tveiten, f 1846, d 1875. Born:
  • Hallvard, f 1872, utfl. til Mo 1891, til Amerika 1902, busett Stoughton, Wisconsin, g m Margit Jørgensdotter Lie, Mo, Telemark
  • Sigrid, f 1874, d 1875

Anne Ånundsdotter var frå Heimtveiti, og dotter åt Ånund Hallvardsson Tveiten og kona, Vilborg Gunnarsdotter. Ei eldre syster åt Anne var Birgit, som hadde vore gift med Ånund Taraldsson Mosdøl, inntil ho døydde av tæring våren etter at dei flutte attende til Mosdøl i 1871. Anne døydde av den same sjukdomen sumaren 1875

I folketeljinga frå 1875 finn me den nyslegne enkemannen Olav Hallvardsson og son hans i Nordstog. Til å stelle huset for seg hadde dei brordotter åt Olav, Ingjerd Knutsdotter Nesland heitte ho. Ho var då 20 år, og kom sidan til å gifte seg med Olav Auversson Stavenes (sjå Systog). Her var også ein tenestekar og jeger som heitte Salmund Olavsson. Han er det fortalt meir om i bolken om Åsdokk i Trydal.

Sånaden på bruket ved dette leitet var 3 tunner bygg og 4 tunner jordeple. Av buskap hadde dei hest, 5 kyr, 3 ungdyr, 7 sauer og 7 geiter.

I 1876 selde Olav nokre slåtter i marka si til Olav Tarjeisson i Systog Trydal. Desse vart matrikulerte, og står framleis i matrikkelen som bnr 3 under Stavenes.

Olav Nesland vart verande i Stavenes til 1891. Då flutte han til Mosokn, det fekk han seg presteattest for så seint som i 1900. Denne attesta sa ikkje noko om kvarhelst i Mo han flutte, men i 1893 meldte sonen, Hallvard, seg ut or statskyrkja. Han var då tenestedreng på ein av Fellandsgardane, ungkar og 21 år, står det i kyrkjeboka. I 1900 budde både Olav og sonen som innerstar og dagarbeidarar på Kvålen i Mo. I juni 1902 var Olav til presten i Valle og fekk seg utflytjingsattest til Amerika. Sonen gjorde same reisa, og vart verande i Amerika, men Olav kom på slutten av livet attende til Noreg, og døydde på Kvålen i Mo i 1919.

Knut K. Breive på utsnitt av eit bilete frå ca 1890 i samlinga til Ingebjørg Vegestog.

Av panteboka ser me at Olav Nesland skøytte bruket sitt over til Knut Knutsson Breive for 2720 kr i 1883. Men ettersom Olav ikkje flutte frå Stavenes fyrr i 1891, lyt me tenkje at han har vore busete eller lutbruksmann hjå Knut nokre år.

Knut kom frå Midbø Breive. Han var son av Knut Knutsson og kona, Åshild Bjørgulvsdotter, fødd Gunvaldjord. Vår Knut Knutsson Breive gifte seg i 1874 med Margit Knutsdotter Hovden, og paret budde hjå foreldra hennes på Hovden fyrste åra dei var gifte.

Som nemnt fekk Knut skøyte på Nordstog Stavenes i 1883, men det ser ut til at sjølve handelen hadde gått fyre seg endå nokre år tidlegare, medan den formelle overdraginga hadde drege ut. For Knut og Margit hadde ein son til dåpen frå Stavenes så tidleg som 1878, så då lyt dei ha budd her, og i Norges Bebyggelse ser me at Knut K. Stavenes fyrst på 1950-talet har gjeve opp at garden «har vært i slektens eie siden 1877».

  • Knut Knutsson Breive, f 1835, d 1912
g 1874 m Margit Knutsdtr. Hovden, f 1857, d 1935. Born:
  • Knut (e.), f 1875, d 1891, ug, drukna under fiske i Sarv
  • Knut (y.), f 1878, g 1902 m Hæge Knutsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1881, g 1910 m Jorunn Hallvardsdtr. Mosdøl, sjå Systog Stavenes
  • Torjus, f 1885, g 1914 m Angjerd Taraldsdtr. Mosdøl, sjå gnr 14 bnr 11, Bykle hotell
  • Olav, f 1888, g 1911 m Gunhild Hallvardsdtr. Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl
  • Tarjei, f 1891, g 1911 m Gunhild Ånundsdtr. Tveiten, sjå Nordtveiti
  • Åshild, f 1894, g 1914 m Sjur Sjursson Vatnedalen, sjå Der sø, Vatnedalen, bnr 1
  • Knut (d.a.y.), f 1898, d 1971, ug

Margit Knutsdotter var frå Der nede i Hovden, dotter åt Knut Olavsson Hovden og kona, Torbjørg Tarjeisdotter, fødd Breive.

Margit og Knut sat med bruket til 1909, då dei overdrog det til Knut (y.) mot foddog.

Knut og Hæge i 1912 eller 1913 med borna Margit, Knut, Gyro og Torbjørg. Bilete frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
Knut K. Stavenes (e.) med Blakken ein gong i 1970-åra.
Foto: Folke Nesland
  • Knut Knutsson Stavenes, f 1878, d 1971
g 1902 m Hæge Knutsdtr Trydal, f 1878, d 1920. Born:
  • Margit, f 1904, d 1981 g 1934 m Knut Arnesson Byklum, sjå Berg i Gjerden, gnr 15, bnr 12
  • Knut (e.), («Storen»), f 1906, d 1986 ug (sjå nedanfor)
  • Gyro, f 1909, d 1997, g m Tønnes A. Hansen, Flekkefjord, f 1913, d 1996, born:
  • Knut Torstein, f 1937
  • Sonja Helene, f 1944, d 1991
  • Torbjørg, f 1912, d 1994, g m Andreas Lone, Flekkefjord, f 1909, d 1981, born:
  • Knut Jostein, f 1946
  • Anna Helga, f 1948
  • Knut (y.), («Lislen») f 1914, d 1990, g m Tone S. Åsheim f 1920, sjå Skogly, gnr 4, bnr 33
  • Gunhild, f 1918, d 1994, busett Oslo, ug

Hæge døydde tidleg, og sidan dreiv Knut garden med hjelp av dei to sønene, som båe au heitte Knut («Storen» og «Lislen»). Fyrst på 1950-talet hadde dei hest, 4 kyr og 4 ungdyr, og 20 sauer. «Lislen» gifte seg og flutte til Åsheim i 1960. «Storen» fekk skøyte på bruket hjå faren same året.

Knut K. Stavenes (e.), f 1906, d 1986, ug

I 1974 skøytte han eigedomen over på borna av systrene Gyro og Torbjørg. Dei har han framleis (2003) i fellessskap, og har nytta han til fritidsfyremål.


0941 Bykle komm.png Nordstog (Bykle gnr 16/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Teigen • Neste bolk: Utistog