Utistog (Bykle gnr 16/4-5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utistog
Stavenes 23.jpg
Utistog 5.9.2005. Det nye fjoset i bakgrunnen høyrer til Systog.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: Fyre 1350
Utskilt: 1660
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 16
Bnr: 4-5
Type: Gardsbruk

Utistog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Kva for eit bruk som var det fyrste i Stavenes kunne eigentleg vera usikkert nok, men med utgangspunkt i at halve garden (Nordstog og Teigen) var kyrkjeeige, er det minst truleg at det var hovudbølet som fekk denne lagnaden. Då vert me ståande med at Utistog/Systog lyt vera eldst, noko som også tykkjest vera i samsvar med oppfatninga i den gamle ættesoga (151), der dei eldste kjende brukarnamna er oppførde under Utistog.

Dermed kjem me attende til 1610, då oppsitjaren på det større av dei to stavenesbruka i landskattelista heitte Svein. I 1612 får han avløysing av ein Jens, i 1613 og 1614 er Svein attende, og i 1617 er det Knut som svarar skatten av dette bruket.

Dei ustabile tilhøva tykkjest bera bod om at dei nemnde oppsitjarane snautt kan ha vore odelsbønder og sjølveigarar. Heller vil me tru at dei må ha leigd bruket av ein eigar som var vanskeleg å koma til med. Kven dette kan ha vore kjem me attende til.

I straffeskattelista frå 1615 er Svein Stavenes oppførd som «halvgardsmann». Det han skal ha ått var den fylgjande lausøyren (verditaksten står i parentes etter kvar ting):

  • 12 pund kopar (1 1/2 rd)
  • 1 boløks (18 skill.)
  • 1 takke (1 rd),
  • 3 tjeld og 1 fydde (1 rd 3 ort)
  • 1 tessak [= infanterisabel] (3 ort)
  • 1 hoppe (4 1/2 rd)
  • 4 kyr (12 rd)
  • 1 kvige (2 1/2 rd)
  • 2 kalvar (1 rd)
  • 2 geiter (1 rd)
  • 4 kje (2 ort 12 skill.)
  • 6 sauer (3 rd)
  • 6 lam (3 ort 12 skill.)
  • 1 gryte (1 rd)

Verditakstane vart gale ihoprekna til 32 rd 2 ort og 18 skill. (det rette er 1 dalar mindre), og skatten vart fylgjeleg 16 rd 1 ort og 9 skill (som då var 1/2 rd for mykje). Me trur vel ikkje at det som vert opplista ovanfor var alt Svein åtte, men når ein jamfører med det andre byklarar laut skatte av ved dette høvet, gjev registreringa likevel eit nokonlunde rimeleg bilete av den relative stoda.

Etter 1617 tykkjest Svein ha sete på garden til omlag 1620. Om han døydde ved det leittet eller flutte ifrå er uvisst nok, så når me oppsummerer det det lisle me kan vita om han, vert det berre som fylgjer:

  • Svein, n 1610, 1619, ikkje kjend familie

Frå 1623 og til slutten av 1650-åra heitte husbonden på den større av stavenesgardane Olav Niklosson, og han er den fyrste me kan vita såpass om at det kan nytte å drøfte han nærare. Når det gjeld opphavet hans har Alfred Ryningen gjort framlegg om at han var son åt Niklos Åkre i Valle (jfr. Valle IV 118 f ), og dette virkar vel underbygd. Ma. ser me at Olav Stavenes åtte ein part i Åkre i 1649-52, og tilknytinga hans til Åkre vert også stadfest i eit uheilt og udatert brev frå Flateland, der det går fram at han ein gong vart stemnd saman med Niklos Åkre i ei rettssak om ein hestehandel. Saksøkjaren var Torgrim Steinarsson Flateland (jfr. Valle VI, 192).

Frå ei rettssak i 1611 der Niklos Åkre var eitt av vitna, er det kjent at han var (eller hadde vore) gift med ei dotter åt ein Tallak Stavenes. Me har funne ein mann med det namnet som oppsitjar på Prestebordshuda (Nordstog og Teigen) i perioden 1619-29, altså i byrjinga av Olav Niklosson sin oppsitjarperiode i Utistog.

Det gamle loptet frå Utistog vert datert til «ca 1600». Torer me då gjeta på at det var Tallak som kosta det oppført? Iallfall vart det sidan flutt minst to vender. Fyrste venda var ein gong i åra 1846-50, då det vart teke ned og flutt til Teigen av Olav Såvesson, som på den tid hadde både Teigen og Utistog. Biletet her er teke i 1916, dvs. medan det framleis sto i Teigen. Fotografen var Gisle Midtun, og Norsk Folkemuseum skaffa ein kopi til bygdeboka. Som ein ser ber huset i 1916 merke av skortande vedlikehald, og 5-6 år seinare vart det selt til Knut T. Hovden og ført av garden. Så låg det lagra til 1943, då Hallvard Kultro fekk kaupe det av Knut Hovden, og sidan sette det oppatt på sin gard. På Kultro står det framleis. Elles legg ein merke til at dette loptet har blitt lyft opp på ei stabbegrime. Dette var vanleg i Telemark frå midten av 1750-åra og frametter, men ikkje i Setesdal, der lopta vanlegvis hadde berre ein låg røysemyr eller holdsteinar under botnesvillene.

Kan me då tenkje oss at Tallak flutte til Nordstog då dottersonen kom til gards? Dette vert vanskeleg å få til å gå i hop, for om han var morfar åt Olav Niklosson, må han på den tid då Olav kom hit ha vore ein eldre mann, som hadde budd lenge på garden. Men i så fall passar det ikkje med tida at han var son åt Bjørgulv Nesland, slik me kan vera temmeleg sikre på at Tallak i Nordstog var.

Me lyt då tenkje at det har funnist to Tallak-ar i Stavenes. Den eldre av dei har nok sete i Utistog langt attende, og på slutten hatt andre (ovannemnde Jens, Svein og Knut) til å bruke for seg inntil dottersonen overtok eigedomen. Den yngre av dei to Tallak-ane var son åt Bjørgulv Nesland, og budde i Nordstog på 1620-talet. I perioden frå ca 1630 til ca 1660 bruka Olav Niklosson heile Stavenes, både det han åtte sjølv og det som var i kyrkjeeige.

Av manntalslistene frå 1664 og 1666 og seinare skattelister ser me at det då var to oppsitjarar som heitte Torleiv Olavsson på Stavenes, den eine var nokre år eldre enn hin. Me meiner at dei var brør og sønene åt Olav Niklosson. Faren er ikkje nemnd på 1660-talet, så me reknar med at han må ha vore avliden ved det leitet. Den eldre av Torleiv-ane overtok odelsgodset av faren, og sat i Utistog. Den yngre overtok leigeavtala med presten og bruka Nordstog/Teigen.

Vidare ser me at Torleiv (e.) i eitt av manntala, det frå 1665, er erstatta av ei Eli Såvesdotter, og denne Eli, som var enke, kjem att i oversynet over eigarar i Stavenes i jordeboka frå 1670. Ho åtte då 1 geiteskinn (= 3 kalveskinn = 1/4 hud), står det. I same jordeboka vert oppgjeve at Torleiv Olavsson (e.) åtte 2 1/2 geiteskinn (= 7 1/2 kalveskinn), og at Olav Olavsson åtte 1 1/2 kalveskinn. Til saman sat då desse 3 eigarene med 1 hud (=12 kalveskinn), medan den andre huda i garden høyrde til prestebordet. Det er rimeleg å tenkje seg at dei nemnde personane var i familie med kvarandre, og så langt dette er rett, lyt vel Eli Såvesdotter ha vore enke etter Olav Niklosson, og mor åt Olav Olavsson.

Olav Niklosson var gift to vender. Dette kan me slå fast avdi skiftet etter eldste sonen, Torleiv og kona hans, som vart halde i 1700, viser at han hadde ein halvbror Olav, som var erving. Me reknar med at det var same mannen som hadde 1 1/2 skinn i 1670, og Eli Såvesdotter lyt då ha vore andre kona.

Så langt det me her har kome til er rett, kan me då stille opp den fylgjande (uheile) familielista:

  • Olav Niklosson Åkre, f ca 1600, d ca 1660
g 1. m. ukj. Born, iallfall:
  • Torleiv (e.), f ca 1632, d fyre 1680, g 1. m Jorunn Pålsdtr., g 2. m Tone Gunnarsdtr., sjå nedanfor
  • Torleiv (y.), f ca 1640, sjå Teigen, bnr 1
g 2. m Eli Såvesdtr. (Mosdøl?). Born, iallfall:
  • Olav, n 1670, 1700, lagnad elles ukj.
  • Anne, n 1700, lagnad elles ukj.

Namnet på den fyrste kona åt Olav kjenner me ikkje, og kvar Eli Såvesdotter var ifrå er også uvisst. Etter tida vile det høve godt om ho var dotter åt Såve Knutsson i Mosdøl, eller kanskje like gjerne åt Såve Torbjørnsson i Trydal, men båe framlegga er usikre.

Torleiv Olavsson overtok Utistog etter faren og stykmora, og sat med bruket livet ut. Me set opp eit familieoversyn for han med det same.

  • Torleiv Olavsson Stavenes (e.), f ca 1632, d fyre 1689
g 1. Jorunn Pålsdotter (Dale?), n 1700
g 2. m Tone Gunnarsdtr. Nesland, d ca 1700
Born, iallfall
  • Anne, g 1. m ukj., g 2. m ukj., d fyre 1700, sjå nedanfor
  • Olav (e.), f ca 1662, d 1729, g m NN Knutsdotter Mosdøl, sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5
  • Pål, til stades og gift i 1700, lagnad elles ukj.
  • Olav (y.), f ca 1672, d 1757, g m Gunhild Salmundsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Jorunn, g m Såve Ånundsson Trydal, sjå Der inne i Trydal, gnr 17, bnr 1
  • Gunhild, g m Kjetil Arnesson Trydal, sjå Nordstog Trydal, gnr 17
  • Åsne, g m Åsmund Olavsson Åmli (?), sjå Valle III, 465
  • Gunhild y, ug 1700, lagnad elles ukj.

Det me veit om familien av Torleiv (e.) er vesentleg henta frå skiftet etter han, som ikkje vart halde fyrr i 1700, då også Tone, andre kona var død. Om den fyrste kona åt Torleiv opplyser dette skiftet berre det snaue namnet. Me skal likevel halde det for mogeleg at ho kan ha vore dotter åt Pål Tarjeisson Dale i Valle og kona, Margit Ånundsdtr. Iallfall hadde desse folka ei dotter Jorunn, som høver med tida, og som Vallesoga ikkje veit kvar vart av (Valle VI, 47). Det er då ikkje utruleg at ho kan ha hamna i Stavenes. Men same korleis det var med dette, var denne Jorunn Pålsdotter død då skiftet vart halde, og det var også ei dotter hennes som heitte Anne. Denne Anne hadde vore to vender gift, og hadde born, men desse ervingane var longe utløyste or buet, står det, og difor vart dei ikkje nærare omtala. Me kan då ikkje vita noko om dei.

Men Tone Gunnarsdotter, andre gifta av Torleiv, var utan tvil dotter åt Gunnar Knutsson på Nesland Der heime. Dette skjønar me av at Torleiv hadde ein gardpart etter Vetle Gunnarsson til sals i 1726.

Som ein ser var to av sønene åt Torleiv Olavssson kalla Olav. Dette er underleg, og leier innpå den tanken at Torleiv kanskje kan ha vore 3 vender gift, men det veit me ikkje. Det er også underleg at det var den yngre av Olav-ane som kom til å taka over heimegarden, medan den eldre heldt til som bruksmann, og sidan truleg som busete, i Uppistog Byklum. Korleis dette kunne ha seg, har me ikkje funne noko rimeleg forklaring på, men skiftet etter Olav (e.) frå 1730 syner at såleis var det. Det me elles har å melde om Olav (e.) står i bolken om Uppistog Byklum.

Olav Torleivsson (y.) overtok bruket då faren døydde. Torleiv åtte då berre 9 skinn, står det i skiftet etter han. Halvbroren Olav i Byklum hadde to skinn, og ervingane etter systera Anne hadde 1 skinn. Kvar dei sistnemnde budde er uvisst. Når det gjeld Olav (y.), er me nokså trygge på alderen hans. I det militære manntalet frå 1718 står det at han då var 46 år, og altså var fødd ca 1672, og ved dødsfallet hans i 1757 opplyser kyrkjeboka at han då var 85 år, noko som også peikar mot 1672 som fødselsår.

  • Olav Torleivsson Stavenes (y.), f 1672, d 1757
g m Gunhild Salmundsdtr. Breive, f ca 1670 (?), d 1740. Born, iallfall:
  • ?Torleiv, f ca 1689?, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Tone, f fyre 1714, g 1737 m Asbjørn Sørensson Stavenes, sjå Systog Stavenes, bnr 6
  • Anne, f 1714, g 1740 m Dreng Alvsson Mosdøl, sjå Mosdøl, bnr 3
  • Ingebjørg, f ca 1717, g 1744 m Bjørgulv Tallaksson Dysje, sjå Dysje
  • Tore, f 1719, d 1720

Gunhild Salmundsdotter var dotter åt Salmund Tarjeisson Breive og kona, Gyrid Åsmundsdotter, fødd Rygnestad. Gunhild døydde i 1740, og vart då oppgjeve til å vera 70 år. Så langt den aldersoppgåva er rett, måtte ho ha vore fødd ca 1670, men me trur helst ho var noko yngre.

I bolkane om Systog og Bjones er det fortalt om ein Torleiv Olavsson, som me meiner var son åt Olav Torleivsson. Om denne identifiseringa er korrekt, veit me ikkje heilt sikkert, men det høver godt i hop med det me elles har kome fram til, og tykkjest truleg, då bortsett frå at den oppgjevne alderen hans må vera feil.

Me fører han i alle høve opp her med spørjeteikn framfor. Torleiv er ikkje medrekna i denne barneflokken i den gamle gards- og ættesoga (150). Der finn ein derimot dei 4 døtrene i lista ovanfor, og dertil er der med ein son som vert kalla Eivind. Det siste er heilt sikkert gale, men feilen er lett å skjøne, avdi ettermannen til Olav Torleivsson (y.) i Utistog faktisk heitte Eivind Olavsson. Men denne Eivind Olavsson var son åt Olav Torleivsson Stavenes (e.), som døydde i Uppistog Byklum i 1730. Som son av eldste son hadde Eivind betre odel enn borna åt den yngre av Olav-ane. Til Utistog kom han ikkje fyrr i byrjinga av 1730-åra, men av skattelistene ser me at han var oppsitjar i Stavenes alt i 1719, altså bortimot 40 år fyre farbroren døydde, og ingenting tyder på anna enn at Olav(y.) budde i Utistog livet ut. Med andre ord har me her ei overlapping av brukarperiodane åt Eivind og Olav. Det kunne vel vera mogeleg at dei var sambrukarar, men slik dei er oppskrivne i skattelistene ser det ut til at dei hadde kvar sitt bruk. Den forklaringa me har landa på, er at Eivind i fyrste omgang tok Systog på odel av Torleiv, og at denne då flutte til Bjones. Eivind reknar me då med budde i Systog inntil Utistog vart bruksledig etter farbroren.

Systog var utkløyvd som eige bruk seinast i 1712, og Torleiv Olavsson budde der iallfall i åra 1712-17. Sidan kverv han derifrå i futens skattelister, men som me var inne på ovanfor, meiner me altså at det er han me har funne att i Bjones.

Eivind Olavsson overtok bruket her etter farbroren, me meiner det var i 1731 eller 1732. Olav Torleivsson (y.) vart nok foddogsmann då.

  • Eivind Olavsson Byklum, f ca 1692, d 1783
g 1716 m Hæge Gunnarsdtr. Bjørnarå, f ca 1694, d 1758. Born:
  • Tore, f 1718, d 1718
  • Pål, f 1719, g 1752 m Borghild Sveinsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Ånund, f 1722, d 1754, ug
  • Knut, f 1725, lagnad ukj., død fyre 1758 (?)
  • Ingebjørg, f 1726, g 1. 1748 m Ånund Olavsson Byklum, sjå Innistog Byklum, g 2. 1762 m Alv Bjørgulvsson Breive, g 3. 1791 m Tarjei Vetlesson Edland, sjå Breive Der inne, bnr 2
  • Birgit, f 1729, g 1753 m Tarjei Åvoldsson Byklum, sjå Utistog Byklum, bnr 2
  • Åse, f 1733, d 1733
  • Åse, f 1734, g 1760 m Tarjei Mikkelsson Mosdøl(y.), sjå Lunden Mosdøl, bnr 1

Gunnar Olavsson Bjørnarå og kona, Birgit Arnesdotter frå Trydal, var foreldra åt Hæge. I 1732 var ervingane etter Esaias Bugge ute etter Eivind for ei gjeld som sto ubetala etter far hans, Olav Torleivsson (e.) i Byklum. Saka verserte for retten eit par år, men enda med at sorenskrivaren slo fast at «Even Olsen Stavenes, som den der intet arvet, ei kan tilpligtes at svare sin faders gjeld!».

Eivind og Hæge sat med bruket til 1752, då dei tok foddog og overdrog eigedomen til eldstesonen. Pål Eivindsson svara landskatten av Utistog frå 1754. Han hadde då eit par års tid vore gift med Borghild Sveinsdotter, enka etter Tarjei Tarjeisson i Systog Trydal, og han budde med henne på bruket etter mannen hennes til ca 1760. Det ser altså ut til at han overtok bruken av Utistog medan han framleis budde i Trydal, og han har vel då drive eigedomen her med leigefolk.

  • Pål Eivindsson Stavenes, f 1719, d 1793
g 1752 m Borghild Sveinsdtr. Hoslemo, f 1717, d 1776. Born:
  • Margit, f 1753, d 1754
  • Margit, f 1755, d 1755
  • Ånund, f 1757, g 1.1789 m Ingebjørg Tarjeisdtr. Byklum, g 2.1816 m Ingebjørg Kjetilsdtr. Ørnefjødd, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1761, g1785 m Tarjei Torleivsson Bjørnarå, sjå Bjørnarå Der heime, gnr 18, bnr 2

Borghild var dotter åt Svein Knutsson og kona, Margit Gunnarsdotter, som budde i Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2. Margit att var syster åt Hæge, mor åt Pål, så Pål og Borghild var syskenborn, og laut difor ut med ei ekstraavgift til kongen for å få gifte seg. Ånund Pålsson vart i 1780 far til eit barn, som mora, Gunhild Svenkesdotter Berdalen, same året vart dømd for å ha teke livet av. Denne saka er nærare omtala i bolken om Hagen Berdalen, gnr 3, bnr 5.

For å unngå samanblanding lyt det her nemnast at det var to mann som heitte Ånund Pålsson Stavenes, som båe var fødde i 1757, den andre var son åt Pål Såvesson frå Teigen. Den Pål-en budde på Storstein i Trydal, og vert nærare omrødd der.

Ånund her vart neste oppsitjar i Utistog. Han gifte seg i 1789, og fekk skøyte på garden hjå faren året etter.

  • Ånund Pålsson Stavenes, f 1757, d 1841
g 1.1789 m Ingebjørg Tarjeisdtr. Byklum, f 1762, d 1814. Born:
  • Pål, f 1791, d 1792
  • Pål, f 1793, utfl. Avaldsnes ca 1842, d fyre 1865 g 1820 m Tone Auversdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor
  • Eivind, f 1796, g m Åse Tarjeisdtotter Bjones, sjå Stigamidjom under Trydal
  • Hæge, f 1799, d 1801
  • Arne, f 1802, d 1873, ug
g 2. 1816 m Ingebjørg Kjetilsdtr. Løyning, f 1790, g 2. 1843 m Auver Knutsson Gjerden. Born:
  • Ingebjørg, f 1829, g 1850 m Åsmund Olavsson Trydal, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2

Fyrste kona åt Ånund var dotter åt Tarjei Åvoldsson Byklum og kona, Birgit Eivindsdotter Stavenes, og såleis syskenbarnet av mannen sin, så dei laut «løyse kongebrev» for å få gifte seg.

Ingebjørg Tarjeisdotter døydde i 1814, og Ånund gifte seg eit par år seinare omatt med ei ny Ingebjørg. Ho var 33 år yngre enn han, kom frå Løyning, og var dotter åt Kjetil Eivindsson og Anne Helleiksdotter på det bruket. Ingebjørg Kjetilsdotter fekk berre eitt barn med Ånund Pålsson, og det fyrst etter 13 års ekteskap. I den gamle gards- og ættesoga (149) les me at det ikkje var born i det andre ekteskapet til Rike-Ånund, men der var altså eitt, ser me. Likevel har den nemnde boka (27) helt korrekt registrert at kona til Åsmund Olavsson frå Systog Trydal heitte Ingebjørg Ånundsdotter Stavenes, og at desse parfolka reiste til Amerika.

Ånund Pålsson her hadde lenge mykje pengar, og har i all ettertid vorte ihugkomen som «Rike-Ånund». I fylgje tradisjonen lei han så store tap under hyperinflasjonen i åra kring 1814, at rikdomen hans tok ende.

I 1811 kaupte han Systog Trydal, gnr 17, bnr 2, av Olav Tarjeisson Trydal, for 3500 riksdalar. Men to år seinare kaupte Tarjei Olsson Berg, far av Olav, den eigedomen attende. Prisen på dei 9 skinna i Trydal vart nå sett til 1225 riksbankdalar «nævneverdi», som vert oppgjeve å svara til 7350 «Rigsdaler Dansk Kurant». Som ein ser er det her tale om nokså store pengesummar, men med all ugreia i pengevesenet på denne tid, var nok ikkje dei papirpengane Ånund fekk for Trydal stort verde. Me vil difor tru at dette har vore ein av dei handlane han tapa på.

Forutan bruket sitt i Stavenes åtte Ånund også ein part på 1 1/2 kalveskinn i Bjørnarå, som han kaupte av Knut Bjørgulvsson Breive for 500 rd i 1805. Denne parten har nok sidan hamna i eiga til Arne Ånundsson, som så i sin tur har overdrege han til Tarjei Bjørgulvsson Stavenes. Dette kan forklare at Tarjei i 1854 fekk tinglyst at han hadde bunde seg til å yte foddog til Arne så lenge han livde. Arne døydde hjå Tarjei i Bjørnarå Der heime i 1873.

På skiftet etter Ingebjørg Tarjeisdotter, som vart slutta i 1818, vart dei tre sønene Pål, Eivind og Arne tillotta kvar sin gardpart på 1 1/2 skinn, medan Ånund heldt att 4 1/2 skinn eller halve bruket til trygd for foddoget sitt.

Eit ektepar frå Mo var innom og budde som busetar her nokre år frå kring 1813.

  • Tarjei Ånundsson Felland, f 1765, d 1843
g 1800 m Ingebjørg Olavsdtr. Haugen, f 1780, n 1853. Born, m.a.:
  • Tone, f 1842, d 1916, ug
  • Tarjei, f 1845, d 1938, ug, jfr. Fyresdal bygdebok III, 1337
  • Liv, f 1815, d 1908, g 1851 m Sigurd Olavsson Snodalskleivi, Metveit, Fyresdal, born:
  • Olav, f 1851, d 1897, ug
  • Ingebjørg, f 1857, d 1941, ug, jfr. Fyresdal Bygdebok, III, 1165

Tarjei var frå Runningen under Felland, og son åt Ånund Torleivsson Felland og kona, Liv Tarjeisdotter, fødd Tveiten (Byrte). Ingebjørg var frå Haugen under Haugland, og dotter åt Olav Gunnarsson Bakken og kona, Sigrid Olavsdotter (jfr. Mo bygdebok I, 496, 573).

Fyre dei kom til Stavenes hadde Tarjei og Ingebjørg budd på Visli i Skafså, og etter at dei flutte herifrå var dei ma. på Flaten under Bondal i Fyresdal, det ser ut til at dei drog til Fyresdal fyre 1820 (jfr. Fyresdal bygdebok III, 1122). Dei hadde 9 born, og har alt i alt nokså mange etterkomarar, men me har her berre teke med dei av borna som vart fødde i Bykle.

Ein gong mellom 1821 og 1825 flutte Helleik Kjetilsson Løyning og huslyden hans inn som busetar i Utistog. Helleik var bror til nykona av Ånund. I 1827 ser ein at han hadde stige i status til «leilending», dvs. bruksmann. Året etter fekk han overtaka Glidbjørg, og flutte då dit. Det me vidare har å fortelje om han og familien hans står i bolken om det bruket.

I 1826 vart det tinglyst ei avtale mellom Pål og Eivind Ånundssøner, som hadde kome til om at Utistog skulle delast i to bruk, Utistog og Uppistog, og at Pål skulle ha Utistog, som fekk lnr 39 a i den gamle matrikkelen, sidan bnr 4, medan Eivind skulle ha Uppistog, som fekk lnr 39 b, sidan bnr 5. I 1833 skøytte Ånund dei 4 1/2 skinna han framleis sat med over til Pål, som dermed vart eigar av 6 skinn eller 2/3 av bruket, medan dei to brørne Arne og Eivind åtte resten ihop.

  • Pål Ånundsson Stavenes, f 1793, utfl. Avaldsnes med kone og born 1842, d fyre 1865
g 1820 m Tone Auversdtr Vatnedalen, f 1801, d etter 1865. Born:
  • Ingebjørg, f 1821, konf.1836, seinare lagnad ukj.
  • Ånund, f 1824, g 1876 m Tone Olavsdtr. Felland, utfl. til Mo 1876, d Nystad, Mo 1906
  • Auver, f 1826, d 1826
  • Turid (e.), f 1827, d 1827
  • Auver, f 1830, d 1833
  • Turid (y.), f 1830, tfl. d etter 1875 g m Anders Andersen Velde, Avaldsnes
  • Hæge, f 1833, n 1845, seinare lagnad ukj.
  • Birgit, f 1835, g 1862 m Osmund Hansen, Avaldsnes
  • Torbjørg, f 1839, n 1845, seinare lagnad ukj

Tone Auversdotter kom hit frå Vatnedalen. Foreldra hennes var Auver Jonsson Tveiten og kona, Turid Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen. Pål fekk tydelegvis problem med å greie seg på bruket sitt, for i 1842 flutte han or bygda med kone og born. I den gamle gards- og ættesoga (149) les me at Pål og Tone drog til Telemark i 1845, men i kyrkjeboka vart det i 1845 innført at dei hadde reist til Avaldsnes «for aar siden». Avaldsnes ligg på Karmøy, og altså eit stykke unna Telemark.

Av folketeljinga frå 1865 går det fram at Turid Pålsdotter og mor hennes det året framleis budde i Avaldsnes. Tone Auversdotter vert då omtala som enke, så Pål må altså ha vore død på den tida. Turid var gift med ein «strandsitter» Anders Andersen på Nordre Velde i Avaldsnes, gnr 28, bnr 5, og hadde i 1865 5 born med han. I alt fekk dei 9 stykke, men av desse døydde 4 som små, og den 5. veit ein ikkje meir om. Såleis er det berre 3 ein veit vart vaksne, går det fram av Avaldsnes bygdebok, og alle desse hamna i Amerika. Namna deira var Severin Johan, f 1860; Anna Engeline, f 1862; Ingeborg Sofie, f 1864 (jfr. Lillehammer, Arnvid: Karmøy-Avaldsnes, I, 1991, 304).

Dottera Birgit fekk fem born . Eitt av desse var Ingeborg f. 1874, som vart mor til den kjende norske skodespelaren Bjarne Osvald Andersen.

Dei andre pålsdøtrene har me ikkje greidd å finne spor etter, korkje i Avaldsnes eller andre stader i landet. Kanskje kan ein gjeta på at også dei har reist til Amerika? Men Ånund Pålsson, broren som var vaksen og vart verande i Bykle, då systrene fylgde foreldra til Vestlandet, kom sidan til å flytje til Mo for å gifte seg, og fekk iallfall to born som livde opp og fekk folk etter seg: Tone, f 1876; Olav, f 1881 (jfr. Mo bygdebok I, 563).

Etter at Pål Ånundsson og huslyden hans flutte ut, sat brørne, Eivind og Arne nokre år med kvar sitt bruk. Arne kaupte det austre bruket hjå Pål, då han drog, men skøyte vart ikkje skrive fyrr i 1846, då Arne skulle selje vidare til Olav Såvesson Stavenes (Teigen). Arne var ugift, og budde nok ilag med Eivind og huslyden hans så lenge dei sat i Stavenes. Kvar han vanka i åra som fylgde, er godt som ukjent, men me veit at han fekk foddog i Bjørnarå i 1854, og at han døydde der 20 år seinare.

Eivind Ånundssen var gift med Åse Tarjeisdtotter, som var dotter åt Tarjei Knutsson Maurlii i Bjones, og kona, Birgit Tarjeisdotter. Også Eivind og Åse fekk problem med å greie seg økonomisk. I 1848 laut dei lata garden ifrå seg, og flutte då inn som busetar («innerstar») hjå bror hennes i Bjones. Ved dette leitet byrja Eivind å rydje seg ein plass i Stigamidjom under Trydal, og eit par år seinare flutte dei dit. Den nærare omtala av han og familien hans er å finne i bolken om den verestaden.

Han som kaupte bruket av Eivind Ånundsson var Olav Såvesson på Teigen, som dermed vart eigar av båe bruka i Utistog. Frå då av fungerte dei som einskap att, så delinga frå 1826 vart gjort om inkje. Tor Olsson Haugen frå Valle, som i fylgje den gamle gards- ættesoga (148) kaupte bruket, budde visseleg her nokre år, men lyt ha vore brukar for Olav Såvesson.

  • Tor Olsson Haugen, f 1813, til Amerika med kone og born 1852
g 1844 m Anne Olavsdtr. Trydal, f 1823. Born, iallfall:
  • Gyro, f 1845
  • Eli, f 1846
  • Anne, f 1849
  • Olav, f 1851

Tor var frå Oppundhaug Steinsland i Valle, son åt Olav Torsson og kona, Gyro Torgrimsdotter, på det bruket (jfr. Valle III, 574 f). Anne var frå Systog Trydal og dotter åt Tarjei Olsson Berg og fyrste kona, Tore Augundsdotter, fødd Bø.

Tor og Anne vart berre 4 år i Stavenes, for i juli 1852 drog dei til Amerika. Dei tok ut frå Kragerø med briggen «Alert», og kom til New York 16.8.1852. Med på same skipet var Åsmund Olavsson frå Systog, bror åt Anne, Ingebjørg Ånundsdotter, kona hans, og dottera Ingebjørg (f 1850).

Etter at dei kom til Amerika fekk Tor og Anne borna Olav, f 1854, Thomas, f 1857 og Tilda, f 1863. Olav var fødd i Jefferson Prairie, Wisconsin, dei to sistnemnde i York Township, Fillmore County, lengst sør i Minnesota.

Det som gav støyten til at Tor og Anne tok ut, var rimelegvis at bruket hadde skift eigar, og at den nye eigaren hadde flutt hit for å bu og bruke. Eigarskiftet var i 1850, då Olav Såvesson Teigen selde Utistog til Olav Torleivsson Bjørnarå. Olav var son åt Torleiv Ditleivsson Bjørnarå og kona, Angjerd Torleivsdotter Nomeland, som budde i Bjørnarå Der aust, bnr 1.

Olav Torleivsson hadde kaupt Bratteland av Ånund Mikkelsson i 1847, men kom aldri til å slå seg ned der, ettersom han same året kaupte [[Kultro av Tarjei Oddsson. Der budde då han og kona hans dei fyrste par åra dei var gifte. Sidan sat dei eitt år eller to i Attistog Gjerden, men etter at dei flutte hit i 1850, vart dei verande her livet ut.

Økonomien på bruket i deira periode tykkjest ha vore god. I 1865 sette dei 5 tunner jordeple og sådde 4 tunner bygg. Av kretur hadde dei det året hest, 14 storfe, 32 sauer og 16 geiter.

  • Olav Torleivsson Bjørnarå, f 1821, d 1896
g 1846 m Ingebjørg Olavsdtr. Trydal, f 1826, d 1890. Born:
  • Torleiv, f 1847, g 1873 m Eli Tarjeisdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Olav, f 1850, g 1882 m Anlaug Torleivsdtr. Holen, sjå Haugo under Holen, til Amerika 1895
  • Angjerd, f 1851, d 1856

Ingebjørg Olavsdotter var dotter åt Olav Tarjeisson i Systog Trydal, gnr 17, bnr 2, og kona, Eli Åsmundsdotter, fødd Rygnestad. Ingebjørg var syster åt Anne, kona åt ovennemnde Tor Haugen, så Olav og Tor var altså verbrør.

Dagen fyre han gifte seg med Ingebjørg fekk Olav dottera Torbjørg. Mora var Anne Asbjørnsdotter, ei dotter åt Asbjørn Knutsson Stavenes og kona, Gunvor Torleivsdotter, som budde i Berdalen Der nede. Torbjørg Olavsdotter døydde etter nokre veker, mor hennes gifte seg i 1854 med Kjetil Helleiksson Glidbjørg.

Torleiv O. Stavenes og kona, Eli Tarjeisdotter, fødd Trydal. Biletet kjem frå Setesdalsmuseet. Det er truleg teke kring 1910.

I 1874 tok Olav foddog, og skøytte garden over på eldstesonen:

  • Torleiv Olavsson Stavenes f 1847, d 1919
g 1873 m Eli Tarjeisdtr. Trydal f 1856, d 1935. Born:
  • Olav, f 1874, g 1915 m Gunhild Olavsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1876, g 1916 m Birgit Olavsdtr. Åsen, sjå Nybu, gnr 16, bnr 10
  • Ingebjørg, f 1878, g 1907 m Tarjei Torleivsson Stavenes, sjå Teigen, gnr 16, bnr 1
  • Folke, f 1881, g 1907 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Nesland, sjå Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2
  • Tore, f 1884, g 1914 m Tallak Olsson Hoftuft, sjå Valle V, 228

Eli Tarjeisdotter, som vart kona av Torleiv i 1873, var dotter åt Tarjei Olavsson i Systog Trydal og andre kona, Birgit Taraldsdotter, fødd Mosdøl. Tarjei att var bror til mor av Torleiv, så Torleiv og Eli var altså syskenborn. Så vidt ein kan sjå budde Torleiv og Eli i Utistog i heile ekteskapet sitt.

I 1875 sette dei 7 tunner jordeple og sådde 4 tunner bygg. Dei hadde hest, 13 kyr og 4 kalvar, 13 sauer og 13 geiter.

I 1897 gjekk Systog Trydal sin part av den heimkaupte Trydalsskogen frå 1843 på skatteauksjon, og Torleiv Olavsson fekk tilslaget. Sidan har småbruka Strondi, bnr 5, og Strandehagen, bnr 9, vorte selde ifrå denne eigedomen. Desse er omtala i bolken om Trydal. Men framleis finst det eit skogstykke i Trydal på 715 mål, som høyrer Stavenes til. Dette er bnr 4 under Trydal.

Eigaren i dag (2006) er Torleiv Tarjeisson i Nybu, som er dotterson til Torleiv Olavsson. Eldsteson åt Torleiv gifte seg i 1915, og same året fekk han skøyte på garden hjå faren.

Gunhild O., f Hoslemo. (1886-1961), gifte seg med Olav T. Stavenes i Utistog i 1915. Her er ho fotografert saman med dei to eldste borna: Torleiv, f 1920 og Eli, f 1921. Biletet lyt vera teke i 1921 eller 1922. Bilete frå Torleiv O. Stavenes.
Eli T. Stavenes, f. 1921, våren 1941. Jon O. Løyland tok dette passbiletet, som ligg i samlinga til Setesdalsmuseet.
  • Olav Torleivsson Stavenes, f 1874, d 1954
g 1915 m Gunhild Olavsdtr. Hoslemo, f 1886, d 1961. Born:
  • Torleiv, f 1920, ug
  • Eli, f 1921, g m Olav Sigurdsson Langeid, Bygland, born:
  • Sigurd, f 1950
  • Solveig, f 1956, d 2001
  • Sigrid, f 1928, g m Jon Knutsson Nesland, sjå Vodden Nesland, gnr 10, bnr 1

Gunhild var dotter åt Olav Tallaksson og kona, Sigrid Gjermundsdotter, som budde i Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1.

Eldstesonen fekk skøyte på garden hjå faren i 1944.

  • Torleiv Olavsson Stavenes, f 1920

Torleiv er ugift, og har drive som gardbrukar i Utistog heile sitt yrkesaktive liv. I 1948 bygde han på den gamle stoga på garden. Fyrst på 1950-talet hadde han hest, 5 kyr, 2 kalvar og 20 sauer, står det i Norges Bebyggelse, som også opplyser at bruket har 50 mål innmark.

Torleiv O.Stavenes har vore ivrig fiskar og jeger. Her er han på fisketur til Krokvatn i 1994. Han tykte fisken var «skarkaktig» det året, sa han.
Ein lyt tru han var meir nøgd då han i 1982 hadde skote den gilde bukken, som biletet til høgre viser. Fotografia kjem frå Torleivs eige album.


0941 Bykle komm.png Utistog (Bykle gnr 16/4-5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog • Neste bolk: Systog