Der nede (Bykle gnr 3/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Der nede
Berdalen 12.jpg
Berdalen Der nede 18.7. 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Berdalen Der nede;
Skjerstøyl
Utskilt: seinast 1715, mogleg før 1350
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 1
Type: Gardsbruk
Tunet på Berdalen Der nede, sett nedanfrå bygdevegen 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Som namnet Der nede tyder på har dette bruket tunet og jordet beint nedanfor Der uppe, og som det vil ha gått fram, er me samde med den gamle gards- og ættesoga i at Der uppe må vera det gamle hovudbølet, som alle dei andre bruka i garden i si tid har gått ut ifrå. At Der nede likevel har fått bnr 1, vil me oppfatte som tilfeldig.

Når det gjeld tida for den fyrste garddelinga, påsto den dåverande oppsitjaren her i rettssaka 1728, som me fortalde om i bolken om Der uppe, at Der nede var ein gamal øydegard, som heitte Skjerstøyl, og at denne verestaden «alltid» hadde vore eit bruk for seg. Men ettersom retten ikkje fann at dette var noko å leggje vekt på, torer ikkje me heller tru for sikkert på påstanden. Likevel finn me han interessant nok til å nemne, for kanskje bygde han på røynlege tilhøve. I så fall er det ein indikasjon på at Berdalen helst var dela i to bruk alt i mellomalderen.

Men den fyrste kjende oppsitjaren her var iallfall Såve Olavsson, son åt Olav Knutsson.

Såve Olavsson Berdalen, f ca 1657, d 1737

g m ukj. Born:
  • Knut, f 1678, til stades 1718, seinare lagnad ukj.
  • Ånund, f ca 1691, g m Astrid Alvsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Hallvard, f ca 1692, til stades 1718, seinare lagnad ukj.

Såve hadde bruka ein part i garden iallfall attende til ca 1700. Seinast frå kring 1715 vart denne parten fråkløyvd som eit bruk for seg med eige tun og eigne jordteigar. Men som me har vore inne på framanfor, bygde ikkje dette på ei formell og lovformeleg garddeling, berre på ei munnleg semje mellom Såve og far hans, og faren heldt fram med å eige heile garden, og det same gjorde den neste oppsitjaren i Der uppe.

Diverre for Såve Olavsson og son hans var denne interessert i å disponere alt. Såve greidde likevel å unngå dette, men etter at det hadde vore generasjonsskifte på båe bruka, slik at Åsmund Tarjeisson hadde Der uppe, medan Ånund Såvesson hadde overteke styren Der nede, vart det vanskelegare. Me skundar oss å setje opp ei lita familieliste for Ånund, fyrr me kjem til at han laut flytje ifrå:

Ånund Såvesson Berdalen, f ca 1691, d 1758

g 1720 m Astrid Alvsdtr. Breive, ikkje kjende born.

Astrid var frå Breive Der inne, og dotter åt Alv Knutsson på det bruket. Kva kona åt Alv heitte er uvisst. Me veit ikkje stort om korkje Astrid eller mannen hennes, og når det gjeld henne, kjenner me ikkje ein gong dåps- eller gravferdsåret. Då dei gifte seg i 1720, vart han oppskriven som husmann i Breive, utan at me kan vita kvar i Breive han budde.

Kort etter giftemålet trur me at dei flutte hit, og at Ånund då overtok styringa med bruket her hjå faren. Iallfall var det Ånund som var part i tretta med Åsmund Tarjeisson Der uppe, som førde til at både Ånund og faren vart dømde til å reise frå Berdalen i 1728. I og med at Ånund på den tid hadde stelt så mykje med husa her at han vart tildømd heile 81 riksdalar i erstatning for dei, vil me tru at dei må ha budd her ein god del år.

Kvar dei gjorde av seg etter at dei reiste herifrå er uvisst nok, men då Ånund døydde i 1758, budde han einkvarstad i Stavenes, og har vel då vore busete der. Fyre dette tykkjest han å ha vore ei tid i Breive. Såve Olavsson, far hans, døydde sameleis som busete, det var i 1737, og han budde då i Gjerden.

Etter at Ånund Såvesson og faren flutte ifrå tykkjest Torleiv Olavsson Stavenes og kona hans å ha overteke som bruksfolk for Åsmund Tarjeisson ei tid. Iallfall ser me at dei hadde dottera Ingebjørg til dåpen herifrå i 1729. Desse folka er nærare omrødde i bolken om Bjones, gnr 17, bnr 8.

Dei neste me kan vita budde her er Tarjei Åsmundsson frå Der uppe og familien hans. Tarjei åtte 2 kalveskinn i garden. Det eine skinnet hadde han løyst inn hjå Svenke og Tarjei Knutssøner Tveit, står det i skiftet etter han frå 1765, og det andre hadde han kaupt hjå broren Arne i Der uppe. Den siste handelen vert datert til 1760, men den fyrste parten må han ha fått tak i fyre Svenke Knutsson døydde i 1750.

Tarjei Åsmundsson Berdalen, f 1722, d 1764

g 1755 m Gunhild Mikkelsdtr. Mosdøl, f 1733, d 1813. Born:
  • Mikkel, f 1756, d fyre 1765
  • Birgit, f 1757, g 1784 m Mikkel Tarjeisson Mosdøl, sjå nedanfor, jfr. Lunden Mosdøl, gnr 13, bnr 1
  • Åsmund, f 1760, d 1779, sjå nedanfor
  • Åse, f 1763, g 1792 m Åvold Tarjeisson Byklum, sjå Utistog Byklum, gnr 14 bnr 2

Gunhild Mikkelsdotter var frå Lunden, dotter åt Mikkel Knutsson på det bruket og kona, Birgit Torleivsdotter, fødd Byklum. Når det gjeld borna åt Tarjei og Gunhild, har me vanskar med kyrkjeboka att. At Mikkel var død står der ikkje noko om, men han var ikkje med mellom ervingane då dei skifte etter faren i 1765, og kan då ikkje godt ha vore i live det året. I den gamle gards- og ættesoga (180) står det at han var fødd 1760, men kyrkjeboka seier 1756. I den gamle gards- og ættesoga finn me også ei Ragnhild, som skal ha vore fødd 1759, men i kyrkjeboka er det namnet skrive mellom dei døypte 15.6.1760. Derimot har kyrkjeboka ikkje nokon Åsmund mellom dei døypte, men han er med mellom ervingane i 1765, og skal då vera 5 år gamal, og ved det høvet er Ragnhild ikkje nemnd. Me finn heller ikkje Ragnhild Tarjeisdotter Berdalen nokon stad mellom dei gravlagde, medan Åsmund Tarjeisson derimot døydde i 1779, og jamvel vart halde offentleg skifte etter i 1785. På denne bakgrunnen får me mistanke om at Ragnhild aldri har funnist, medan Åsmund utan tvil har det. Helst trur me då at namnet Ragnhild frå 1760 er ei rein feilføring i kyrkjeboka, og at det barnet som vart døypt 15. juni det året i røynda var Åsmund. Iallfall stemmer dette med alle dei andre opplysningane som har late seg finne.

Birgit Tarjeisdotter gifte seg med Mikkel Tarjeisson Mosdøl, syskenbarnet sitt, og så vidt me kan skjøne budde dei her frå dei gifte seg i 1755 og til Birgit døydde i 1787. Seinare same året flutte Mikkel heim til Lunden. Det er verd å notere at vermora, Gunhild Mikkelsdotter, vart med dit og døydde der i 1813. Ein kan lesa meir om Birgit, Mikkel og borna deira i bolken om Lunden, gnr 13, bnr 1.

Kort etter at Mikkel Tarjeisson hadde flutt, selde han bruket her til Snære Arnesson Ryningen, som på denne tid budde i Bjones, og truleg akta seg derifrå. Men det vart aldri noko av at han flutte hit, og 12.10. 1788 selde han vidare til Knut Asbjørnsson Stavenes. Han flutte hit, men ikkje fyrr i 1802, så me kjem attende til han ved det leitet. Inntil vidare leigde han bort eigedomen her til andre. I den gamle gards- og ættesoga (179) les me at «Olav Arnesson kjøpte truleg [bruket her] av ervingane etter Tarjei Åsmundsson», men som me har sett selde altså desse til Snære Ryningen.

Dei fyrste som leigde bruket hjå Knut Asbjørnsson var Nils Nilsson Husevoll frå Tinn og kona, Gunhild Jonsdotter frå Svartdal i Seljord, truleg kom dei hit frå HovdenMøsstrond. Desse tykkjest ha vore her frå hausten 1788 til våren 1794. I det sistnemnde året flutte dei åt Bjones, gnr 16, bnr 8, og ein finn nærare omtale av dei der.

Det er mogeleg at her kan ha vore einkvan me ikkje har funne i kjeldene våre mellom Nils Nilsson og dei neste me veit om budde her, men ein skal heller ikkje sjå bort ifrå at Olav Arnesson i Der uppe eller Vrål Gunsteinsson i Hagen ei tid kan ha bruka jorda her innåt sin eigen gard. Nokre år etter at Nils Nilsson flutte åt Bjones, kom det i alle høve flytjande ein ny utanbygds huslyd hit.

Mannen i denne familien heitte Nils Tarjeisson, og kona hans heitte Anne Jonsdotter. Nett kva tid dei flutte hit, veit me ikkje, men det var mellom 1795 og 1801, skjønar me. For i det fyrstnemnde året gifte dei seg i Vinje, og sidan var dei ei tid i Mo, men i 1801 finn me dei busette her på bruket.

Nils var fødd på Urdbø i Arabygdi, Vinje, men hit kom han og familien hans frå ein plass under LoftsgardenByrte i Mo. Det er rett som det står i den gamle gards- og ættesoga (179), at «det kan ikkje ha vore lange stunda han sat på garden» her. Derimot er det gale når den same boka gjev inntrykk av at Nils Tarjeisson var her fyre Nils Nilsson. Men i alle høve, alt våren 1802 må Nils Tarjeisson og folket hans ha flutt åt Bjones, og den nærare omtalen av dei står i bolken om det bruket.

Dei som kom hit i 1802, var han som hadde kaupt bruket 14 år tidlegare og huslyden hans. Han var frå Systog Stavenes, og son åt Ingebjørg Knutsdotter frå det bruket og Asbjørn Sørensson, andre mannen hennes.

Knut Asbjørnsson Stavenes, f 1746, d 1812

g 1776 m Ingebjørg Pålsdtr. Stavenes, f 1751, d 1819. Born:
  • Asbjørn, f 1777, g 1809 m Gunvor Torleivsdtr. Holen, sjå nedanfor
  • Tone, f 1779, g 1802 m Olav Drengsson Byklum, sjå Innistog Byklum, gnr 14, bnr 1
  • Olav, f 1781, g 1806 m Gunhild Bjørgulvsdtr. Nesland, sjå Nesland Der heime, gnr 10, bnr 2
  • Ingebjørg, f 1785, g 1831 m Jon Ånundsson Homme, sjå Valle V, 362, 402
  • Sigrid, f 1788, g 1813 m Arne Olavsson Berdalen, sjå Der uppe, bnr 4
  • Pål, f 1790, d 1790
  • Jorunn, f 1796, g 1829 m Odd Tarjeisson Røysland, sjå Austistog, bnr 7
  • Pål, f 1791, g 1822 m Jorunn Olavsdtr. Mosdøl, sjå Krone under Byklum, gnr 14, bnr 6

Ingebjørg Pålsdotter var frå Teigen Stavenes, dotter åt Pål Såvesson på det bruket og kona, Ingebjørg Ånundsdotter, fødd Vatnedalen.

Jordtakstkommisjonen i 1802 sette gardverdet til 120 riksdalar, og meinte at garden skulle kunna fø hest, 3 kyr og 12 småkretur. Ein burde kunna så 2 tunner bygg og hauste 7 tunner, tykte takstmennene, som også rekna med eit årleg smørsal på 3 bismarpund, eller omlag 18 kg. Her var «skov til husbehov og gode græsgange», står det.

Då skiftet etter Knut vart slutta i 1814, kom det fram at han åtte dei 2 kalveskinna i bruket sitt fullt ut, verdien vart ved dette høvet sett til 280 riksdalar. Buskapen var på 2 kyr, 1 stut, 2 kviger, 4 sauer, 2 bøkrar, 2 bukkar og 1 geit, som vart takserte til i alt 714 dalar, medan annan lausøyre vart sett til 780. Såleis kom den samla eiga opp i 1784 riksdalar. Gjeld var her ikkje. Dei refererte tala kunne gjeva inntrykk av rikdom, men då skal ein koma i hug at det på denne tid var hyperinflasjon og «fillepening», så i røynda var det ikkje tale om meir enn middels gode kår, og helst snautt nok det.

Men tilstandet var iallfall såpass at eldstesonen fekk taka over bruket utan anna gjeld enn til syskena. Ettersom odelstakstane i utgangspunktet var låge, og 1814-dalarane var så lite verde, kan me vita at han kom billeg til eigedomen.

Asbjørn Knutsson Berdalen, f 1777, d 1846

g 1809 m Gunvor Torleivsdtr. Holen, f 1793, d 1869. Born:
  • Knut, f 1810, d 1884, ug
  • Tone, f 1811, g 1. 1827 m Olav Såvesson Stavenes, g 2. 1860 m Olav Tarjeisson Bjones, sjå Teigen Stavenes, gnr 16, bnr 1, jfr. Bjones, gnr 16, bnr 8, Bjones u Der nede og nedanfor
  • Torleiv, f 1820, d 1820
  • Ingebjørg (e.), f 1821, g 1845 m Tarjei Olsson Rygnestad, sjå Valle VI, 389
  • Torleiv, f 1827, d 1828
  • Anne, f 1828, g 1854 m em Kjetil Helleiksson Glidbjørg, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1829, g 1864 m Birgit Tarjeisdtr. Byklum, sjå nedanfor, jfr. Teigen Stavenes, gnr 16, bnr 1
  • Ånund, f 1831, g 1856 m Ingebjørg Arnesdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Ingebjørg (y.), f 1833, d 1906, ug, sjå nedanfor.

Torleiv Hallvardsson Tveiten og kona Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Kvósåk, var foreldra åt Gunvor Torleivsdotter. På den tid dottera gifte seg budde dei i Holen Der uppe.

Den piperøykjande kvinna på biletet er Ingebjørg Asbjørnsdotter Berdalen(y.). Fotografiet er teke i tunet i Innistog Byklum, og dei tre karane er Dreng O. Byklum, Gunnar D. Byklum og Ånund Å. Tveiten. Dette er truleg eitt av dei eldste fotografia frå Bykle som eksisterer i det heile, då det kan daterast til august 1888. Ved det leitet var fotografen Axel Lindahl i bygda, og tok av alle han tenkte seg kunne brukast på prospektkort for sal i Kristiania. Dei hadde ikkje fargefilm på den tida, så biletet er «haandcoloreret». Kor rette fargane kan vera torer me ikkje gå gode for, men prospektkortet er iallfall rett attgjeve. Kopi frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Foto: Axel Lindahl (1888).

Lisle-Ingebjørg, som døydde i Trydal i 1906, vart kalla «Tugga». Om henne har Jon Løyland fortalt det fylgjande:

Ho heldt seg i Kyrkjebygdi og tok arbeid der det høvde. Det måtte vera smått for henne, for dei fortel at fyrst ho kom ein stad der dei heldt på ville reide graut, so spurde ho om ho måtte reide. Fekk ho lov til det, reidde ho ein stinn graut, og sveivde tvora rundt før ho tok henne opp, [...] så ho vart full av graut mellom tindane. Då sleikte ho tvora og fekk seg eit godt måltid.

Sume vil kanskje meine at det er for brutalt å taka med slikt som dette, men me tykkjer denne soga er eit nokså slåande døme på kor vanskeleg det kunne vera for eldre, ugifte jenter å greie seg for 100 år sidan, og såvore er også ein del av bygdehistoria.

Ånund Asbjørnsson og kona hans var busetar einkvarstad i Hoslemo då han døydde, 3 månader etter brudlaupet deira i 1856. I den gamle gards- og ættesoga (s. 178) heiter det at «det ser ut som Ånund Asbjørnsen hadde garden [her] eit lite bel», men me har ikkje sett noka samtidskjelde som tyder på det. Men ettersom me ikkje veit kvar i Hoslemo han og kona budde, set me dei likevel inn her.

Enka Ingebjørg Arnesdotter Berdalen åtte ein einaste sau, står det i folketeljinga frå 1875. Teikning av Tove Krogh 2004.

Ånund Asbjørnsson Berdalen, f 1831, d 1856

g 16.3. 1856 m Ingebjørg Arnesdotter Berdalen, f 1821, d 1909. Born:
  • Gunvor, f 1856, g 1881 m Olav Tarjeisson Trydal, sjå Systog Trydal, gnr 17, bnr 2

Fyre han gifte seg hadde Ånund fått sonen Knut, fødd 5.1.1855, mora var Ingebjørg Eivindsdotter Stavenes frå Stigamidjom. Knut Ånundsson er nærare omrødd i bolken om Skarberg, gnr 9, bnr 3. Ingebjørg Arnesdotter var frå Berdalen Der uppe. Foreldra hennes var Arne Olavsson på det bruket og kona, Sigrid Knutsdotter, fødd Berdalen.

Korleis Ingebjørg greidde seg etter at Ånund døydde så ung, veit me ikkje større om, men me kan fylgje henne gjennom folketeljingane. I 1865 vart ho oppskrive som busete hjå Olav Knutsson i Breive, i 1875 budde ho hjå systera Tone og mannen hennes i Bjones. I det sistnemnde året åtte ho forresten ein sau, som sto på leige hjå Pål Knutsson i Kroné, legg me merke til. I 1891 var ho hjå dottera og mannen hennes i Systog Trydal. Der budde ho sidan til ho døydde i 1909.

Så langt komne kan me vende attende til Asbjørn og Gunvor, foreldra åt Ånund, og til bruket her. Hausten 1824 brann både stoga og uthusa deira opp, så dei miste alt dei åtte. Etter dette vart det halde rettsleg avhøyr av alle som hadde vore til stades, men utan at det kom nokon spesifikk brannårsak for dagen.

Etter dette måtte dei låne pengar, så dei kunne få seg nye hus og ny buskap, og ettersom det ser ut vart denne gjelda med tida årsak til at dei laut sleppe garden i frå seg. I november 1843 gjekk eigedomen på auksjon etter krav frå Norges Banks avdeling i Kristiansand. Kravshavaren fekk tilslaget for 130 speciedalar, som me vil tru har vore storleiken på restgjelda. Året etter overdrog banken bruket til Olav Såvesson Stavenes, mannen til den eldste av asbjørnsdøtrene, prisen då var 117 dalar.

Som det går fram ovanfor døydde Asbjørn i 1846. I skiftet etter han, som vart slutta året etter, var heile innhaldet lausøyre for 6 speciar og gjeld for 15, så det var eit magert bu.

Eigaren av bruket var som nemnt Olav Såvesson Stavenes, og han let vermora bruke garden vidare. Men til jol 1851 tykkjest han å ha råka usams med henne, for då sa han henne opp. Ho vart likevel sitjande, så for å få henne avstad stemnde Olav henne 2 år seinare for retten, og eitt år etter dette att, altså i 1854, fall den fylgjande domen:

Gunvor Tellefsdatter bør til Lovens første Fardag fravige inden 15 Dage under Udkastelses Tvang. Samt betale Ole Salvesen 12 Spd. i årlig Leie f.o.m. 1849 til fravigelse sker, endelig bør hun betale ham Restbeløpet af hendes Gjeld etter den fremlagde Lodseddel af Skiftet etter Asbjørn Knutsen pr 11.9. 1849 med 19 spd + 4 procent p.a. rente.

Nå ser det likevel ikkje ut til at ho kom til å verta utkasta, for ho budde her framleis i 1861, då Olav Såvesson selde bruket til Torleiv Asbjørnsson, son hennes, som altså var verbror åt Olav. Prisen denne venda var 120 speciar, eller m.a.o. omlag det same som Olav hadde gjeve i 1843. Men dermed er ikkje alt fortalt.

I 1854 hadde Olav selt Teigen, bruket sitt i Stavenes, til Kjetil Helleiksson Glidbjørg, bruksmannen sin, for 200 speciar. Kjetil var gift med Anne Asbjørnsdotter, syster åt Tone og Torleiv. Med det same Torleiv Asbjørnsson hadde overteke bruket her, selde han det vidare til Kjetil Glidbjørg for 195 speciar, og samstundes kaupte han att Teigen hjå Kjetil for 500.

Attåt dette laut Torleiv taka på seg foddog for Tone Asbjørnsdotter, syster si, Olav Såvesson, mannen hennes, og jamvel for Knut Asbjørnsson, den eldste broren, som hadde beste odelen til bruket her. Dermed skulle ein vel tru at dette verset av visa hadde vore til endes, men så døydde Olav Såvesson i 1857, og 3 år seinare gifte Tone seg oppatt med den 25 år yngre ungkaren Olav Tarjeisson Bjones. Olav åtte halve Bjones, men likevel vart han og Tone buande nokre år hjå bror hennes. På dette viset kom då tre av borna åt Asbjørn Knutsson til å hamne på Teigen i Stavenes, Torleiv som eigar, Knut som foddogsmann, og Tone ei tid som innerstkone. Dertil laut sjølvsagt Gunvor Torleivsdotter, mor deira, vera med på lasset. Ho døydde på Teigen i 1869.

Såleis må ein vel tykkje at Torleiv kaupte det nye bruket sitt meir enn dyrt nok, men han kom til å greie seg godt der, og budde der livet ut.

Ny oppsitjar på bruket her vart som nemnt han som hadde hatt Teigen tidlegare. Han var son åt Helleik Kjetilsson Glidbjørg og kona, Torbjørg Auversdotter, fødd Vatnedalen.

Kjetil Helleiksson Glidbjørg, f 1819, d 1873

g 1. 1847 m Ingebjørg Folkesdotter Breive, f 1810, d 1850. Born:
  • Torbjørg, f 1848, g 1871 m Olav Oddsson Byklum, sjå Myri Berdalen, bnr 2
  • Helleik, f 1850, d 1850
g 2. 1854 m Anne Asbjørnsdtr. Berdalen, f 1824, d 1869. Born:
  • Asbjørn, f 1854, g 1879 m Eldrid Hadlesdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Gunvor, f 1855, g 1879 m Torleiv Åvoldsson Trydal, sjå Grasbrokke, gnr 17, bnr 14
  • Helleik, f 1856, d 1875
  • Olav, f 1862, g 1889 m Tone Olavsdtr. Gjerden, sjå Bykilsmoen, gnr 13, bnr 8
  • Birgit, f 1866, d 1877
  • Ånund, f 1865, d 1865

Ingebjørg, fyrste kona åt Kjetil, var dotter åt Gunhild Knutsdotter Breive, faren var Folke Jonsson Holen. Ingebjørg døydde på barselseng i 1850, dei budde på den tid som busetar på Hovden.

Anne, andre kona, var som nemnt frå bruket her. Året fyre ho gifte seg med Kjetil fekk ho dottera Torbjørg, f 1846, d 1846. Faren var Olav T. Bjørnarå (sidan Utistog Stavenes).

I 1865 sat Kjetil og Anne med hest, 9 storfe, 16 sauer og 6 geiter. Sånaden det året var 2 1/2 tunner bygg og 2 1/2 tunner jordeple.

Nest fyre han døydde i 1873 selde Kjetil ein part av garden til Olav Oddsson Byklum. Denne parten vart sidan tildela bnr 2, og hadde ei landskyld på 4 skilling, sidan 6 øre. Tunet vart lagt ved sidan av ei myr, og bruket fekk difor namnet Myri. Me kjem attende til dette.

Etter at Kjetil var borte overtok Asbjørn, den eldste av sønene, bruket. Men han var ved det leitet berre 19 år, og tykte seg truleg endå ikkje kar til å styre med sjølvstendig gardsdrift. Iallfall ser me at farbroren, Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg, flutte hit med familie og krøter, og bruka eigedomen nokre år, han var her frå hausten 1873 til våren 1876. Han og folket hans er nærare omtala i bolken om Glidbjørg.

Ein annan farbror, Olav Helleiksson Glidbjørg, var også her med huslyden sin eit par år kring denne tid. Hit kom dei frå Hisdal, sidan budde dei i Glidbjørg (1876), Dysje (1880), Sanden (1883) og endeleg i Hagen eller Strandehagen Trydal, gnr 17, bnr 9, frå 1885. Dei vert nærare presenterte i bolken om det sistnemnde bruket.

Med huslydane åt dei to farbrørne, og gardeigaren, som vart oppskriven som «Inderst, Dagarbeider, Selveier», og to yngre sysken, var her i alt 15 menneske på bruket i 1875. Buskapen då var hest, 4 kyr, 4 ungnaut og kalvar, 19 sauer og lam og 13 geiter og kje, og sånaden vert oppgjeven til 2 tunner bygg og 3 tunner jordeple. I tillegg til dette kom åkrane på Glidbjørg, som Sigbjørn nytta attåt dei på bruket her. Der sådde han 2 1/2 tunner bygg og 3 tunner jordeple.

Men det økonomiske tilstandet kan likevel ikkje ha vore for godt, for av folketeljinga frå 1875 går det vidare fram at den 13 år gamle Olav Kjetilsson og den 9 år gamle systera Birgit det året var «Helt forsørget af Fattigvæsenet». Me har ikkje funne noko offentleg skifte etter Kjetil Helleiksson, så me veit ikkje visst kor mykje gjeld der var, men me veit at Asbjørn fekk det som var att av bruket, då buet var oppgjort, men fyrst hadde som nemnt Hagen, bnr 2, vorte overdrege til Olav Oddsson Byklum for 60 riksdalar, og vidare hadde «brugets andel i Drifteheien, Kringskjærsmo og Juvandsbeitet» gått til Olav Arnesson Der uppe for den same summen. Dette vart matrikulert som bnr 3.

Våren 1876 flutte Sigbjørn og familien hans attende til Glidbjørg, og Olav og hans folk slo i fyrste omgang fylgje dit. Etter at farbrørne flutte ifrå var det då ei tid berre den unge gardeigaren og dei to yngre syskena att på bruket, men frå 1879 auka folkesetnaden att, for då gifte Asbjørn seg.

Asbjørn Kjetilsson Berdalen, f 1854, til Amerika med heile huslyden 25.5.1885, d fyre 1900

g 1879 m Eldrid Hadlesdtr. Hoslemo, f 1847, livde 1900. Born:
  • Anne, f 1880
  • Kjetil, f 1882, d 1882
  • Kjetil, f 1883, tvill.
  • Inga, f 1883, tvill.

Eldrid var frå Uppigard Hoslemo, foreldra hennes var Hadle Torsson på det bruket og kona, Inga Kolbeinsdotter, fødd Fisketjønn.

I 1878 hadde heradskassa kravt auksjon over bruket på grunn av nokre års ubetala gardskatt. Asbjørn hadde fått tilslaget for 1000 kr, men for at bodet skulle verta godkjent måtte han skaffe seg kausjonistar. Alv Arnesson Berdalen frå Der uppe og Gunstein Gjermundsson i Uppistog Byklum stilte den påkravde garantien, men det trega dei truleg på, ettersom Asbjørn ikkje greidde å skaffe pengane. På denne bakgrunnen vart då Asbjørn, Alv og Gunstein i 1879 dregne for forlikskommisjonen av lensmann Lund, som forlanga at dei skulle betale «en for alle og alle for en», og at dei måtte fråskrive seg odelsløysingsretten til eigedomane sine, om kravet gjekk til utpanting. Dette skreiv dei under på, og dermed var saka forlikt. Kven av dei som til sist måtte punge ut, veit me ikkje, men ettersom dei alle vart sitjande på bruka sine i åra som fylgde, vil me tru at gjelda vart betala.

I 1883 var Asbjørn ute etter Olav Salmundsson Ryningen i Åsdokk, gnr 17, nr 21, for ei påstått gjeld på 136 kr. Bakgrunnen var at Torstein Torsson i Hoslemo, som var farbror åt Eldrid, i 1857 hadde selt ei hoppe til Olav. Men denne hoppa var «i høi grad mannevond», og spente ut to sidebein på kauparen, som difor såg seg nøydd til å avlive henne, og sidan nekta å betale.

Torstein hadde late kravet liggje til i 1880, men då skreiv han transport på det til Asbjørn, som altså let det liggje i endå tre år fyrr han prøva seg på å fremje det. Det fekk han ingenting ut av, ettersom retten slo fast at «fordringen er aabenbart foreldet». Korleis Asbjørn stuka etter dette veit me ikkje så mykje om, men iallfall reiste han og familien hans ut frå Kristiansand til Amerika våren 1885. Dei skulle til Minnesota, står det i emigrantprotokollen, og der finn me dei att i den amerikanske folketeljinga frå 1900, på ein farm i Eagle Lake Township, Otter Tail County. Det vil seia, me finn enka Eldrid og borna Kjetil (Charley), Inga (17 år), Henry (9 år) og Esther (4 år). Asbjørn torer me då rekne med må ha døytt mellom 1895 og 1900.

Asbjørn avhenda truleg eigedomen fyrr han tok ut til Amerika, men det vart ikkje tinglyst noko sal. Men når me ser at Olav Arnesson i Der uppe 3 år seinare kunne overdraga bruket til verbroren Sigbjørn Olavsson, kan me vita sikkert at Arne sjølv var eigar ei tid. Sjølvsagt er det mogeleg at Asbjørn kan ha selt til einkvan annan, som så i sin tur har selt til Arne, men me har ingen indikasjonar på at det gjekk såleis til, så helst kaupte Arne hjå Asbjørn.

Den neste oppsitjaren her var i alle høve den fyrrnemnde mågen Der uppe. Han var frå Myri Holen, og yngste son åt Olav Olavsson Bratteland på det bruket og kona, Gyro Knutsdotter, fødd Vatnedalen.

Sigbjørn Olavsson Holen, f 1843, d 1916

g 1888 m Margit Olavsdtr. Berdalen, f 1859, d 1919. Born:
  • Olav, f 1890, g 1917 m Birgit Pålsdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Gyrid, f 1893, d 1973, g 1921 m Torbjørn Knutsson Breive, busett Evre Reindal, Mo, gnr 28, bnr 2, born:
  • Knut, f 1924, busett Svelvik
  • Margit, f 1927, d 1930, sjå nedanfor
  • Gyro, f 1897, d 1986, ug, busett Dalen i Tokke.
  • Olav, f 1902, d 1903

Margit og Sigbjørn budde her den fyrste tida dei var gifte, men kring 1893 var dei eit bil hjå bror hennes i Sudigard Nordgarden i Mo, gnr 27, bnr 3, og Gyrid vart fødd der. Sigbjørn vart der oppskriven som vegarbeidar.

Medan Margit og Sigbjørn var i Mo ser det ut til at Olav Tarjeisson Bjones har bruka garden for dei. For då han gifte seg andre venda i 1896 vart han oppskriven som bruksmann på bnr 1 i Berdalen. Då Sigbjørn og Margit kort etter kom attende frå Mo, fekk han høve til å overtaka ein parsell av bruket, som vart til småbruket eller plassen Bjones. Dette kjem me attende til lenger ut.

At Margit og Sigbjørn må ha kome attende hit i 1897 (eller kanskje året fyre?) ser me av at dottera Gyro vart døypt herifrå. Gyro hamna sidan på Dalen i Telemark, veit me. Gyrid, den eldre syster hennes, gifte seg på Froland med ein annan utflutt byklar, Torbjørn Knutsson Breive, son åt Knut Torbjørnsson frå Haugen Breive og kona, Josefine Kristine Jonsdotter. Knut hadde kaupt Uppigard Reindal i Mo, gnr 28, bnr 2 i 1908. Torbjørn og Gyrid overtok det bruket då dei gifte seg, og budde sidan der (jfr. Mo bygdebok I, 427).

I 1898 selde Sigbjørn eigedomane sine til Bjerke og Foss for 1200 kr. Der nede gjekk for 900, medan parten hans i Hagen henta 300. Tømmerspekulantane overtok parten i Hagen utan avkorting, men når det gjeld bruket her heldt Sigbjørn att bruksretten for seg sjølv og sonen, så han hadde altså planar om å verta buande. Det vart han så lenge han livde, for etter at eigedomane åt Bjerke og Foss vart selde til A/S Sætersdalen i 1907, hadde han framleis bruksretten sin.

Etter at Sigbjørn var død i 1913, kunne såleis sonen overtaka som brukar i kraft av den same retten:

Olav Sigbjørnsson Berdalen, f 1890, d 1975

g 1917 m Birgit Pålsdtr. Røysland, f 1898, d 1977. Born:
  • Sigbjørn, f 1918, d 1999, ug, sjå nedanfor
  • Margit, f 1921, husmor, d 1978, g m Helleik Lihegna, busett Bø i Telemark, barn:
  • Pål, f 1923, d 1999, ind.arb., busett Kr.sand, g 1954 m Inger Ånundsdtr. Uppstad (jfr. Valle II, 523), born:
  • Olav, f 1954, busett Kristiansand, ug.
  • Sigrid, f 1956, busett Kristiansand, g m Harald Opdal
  • Birgit, f 1958, busett Arendal, g m Svein Ove Stallmo; Torbjørg, f 1966, busett Kristiansand, g m Frank Dåstøl
  • Ånund, f 1961, d 1962
  • Olav, f 1930, ind.arb, busett Kristiansand, d 1962 (arbeidsulukke), ug
  • Knut, f 1932, gbr., busett Åraksbø, g m Ragnhild Haugen, Åraksbø, born:
  • Margit, f 1958, busett Farsund, g m Bjørn Oddvar Steinsvåg
  • Marie, f 1971, busett Bygland, g m Arild Bue
  • Gunnar, f 1935, d 1999, lastebilsjåfør, busett Kristiansand til 1991, sidan her, g m Ingebjørg Rinden, Nissedal, f 1939, born:
  • Arne Trygve, f 1939, bussjåfør, busett Evje, ug

Birgit kom frå Odden Røysland, gnr 21, bnr 22, 3. Foreldra hennes var Pål Gunnarsson Røysland på det bruket, og kona, Torbjørg Augundsdotter, fødd Øyne (jfr. Valle VI, 541).

Olav sette opp nytt fjos i 1922, og løe året etter. I 1949 bygde han nytt våningshus. Det har ei grunnflate på 7 x 16 m i 2 fulle høgder. I 1953 hadde han hest, 4 kyr, 3 kalvar og 10 sauer i fjoset.

Han leigde bruket av A/S Sætersdalen inntil selskapet i 1964 gjekk med på å selje det til han for 50 øre målet. Eigedomen vart då rekna til å vera på i alt ca 11.000 mål, av dette kring 20 mål dyrka mark, så med omkostningar på 1000 kr vart prisen kr 6.500. Samstundes gjekk Olav, saman med Salmund O. Berdalen i Hagen, til ekspropriasjonssak mot eigarane av Juvassbeitet med Krenkjarsmo, bnr 3 og 8. Dette er fjelleigedomar som hadde vorte selde frå Hagen og Der nede til Olav Vetlesson Bakken (f 1858, d 1912) i Mo i 1895. I 1903 selde Bakken vidare (i namnet åt sonen, Ånund O. Felland, f 1889, d 1918) til Ragnar Wettre og Ivar Enger, som i sin tur let eigedomen gå til ervingane sine, Sigrid Ryder-Larsen, Amund Enger og Trygve Wettre, det var i 1949 og 1959. Etter at ekspropriasjonssaka var til endes i 1966 gjekk omlag ein femtepart av bnr 8 frå dei nemnde via Staten over på Olav og Salmund. Dei fekk 5000 mål kvar, og prisen vart denne venda sett til kr 2 pr mål. Den neste generasjonen av utanbygds eigarar sit framleis med bnr 8 og bnr 3, som til saman femner over omlag 41.000 mål i vestkanten av gardsvaldet, inn mot grensa mot Tokke kommune.

Sigbjørn O. Berdalen ca 1939. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.

I 1973 overdrog Olav eigedomen til eldstesonen:

Sigbjørn Olavsson Berdalen, f 1918, d 1999, ug

Sigbjørn Olavsson arbeidde i vegstellet til han gjekk av med pensjon i 1985. Han dreiv ikkje gard, men budde her til han døydde. I 1991 flutte den yngre broren, Gunnar, og Ingebjørg, kona hans, hit frå Kristiansand. Dei renoverte då våningshuset frå 1949, og stelte også opp det gamle loptet på tunet, som skal vera frå ca 1800.

Gunnar Olavsson Berdalen, f 1935, d 1999, lastebilsjåfør, busett her frå 1991

g m Ingebjørg Rinden, Nissedal, f 1939. Born:

Etter at Sigbjørn døydde våren 1999 overtok dei eigedomen. Men så døydde også Gunnar, seinare same året. Sidan har Ingebjørg budd åleine på bruket.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der nede (Bykle gnr 3/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Berdalen Der uppe • Neste bolk: Hagen Berdalen