Innistog (Bykle gnr 14/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Innistog
Byklum 005.jpg
Innistog Byklum 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Innistog Byklum
Rydda: fyre 1350
Utskilt: 1665
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 14
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Slik Innistog i Bykle ligg i dag har det Austistog på vestsida og Utistog på austsida. Men den nåverande plasseringa av tunet og innmarka fortel lite og ingenting om tilhøva i eldre tid, ettersom husa i Innistog vart flutte ut frå det gamle fellestunet i 1835, og utskifting av innmarka vart gjennomført i 1905. Men også i gamle dagar låg Innistog heilt sikkert i midten.

Om det er rett, slik me har kome til, at driftseiningane med kvar sine tun på «Tuptine» vart etablerte kring 1650, eller jamvel fyre dette året, vil me tru at også nemningane Innistog, Utistog og Austistog kom i bruk samstundes. Så langt dette stemmer, gjev det meining å plassere oppsitjarane på kvar si eining. Me lyt då setje Jon Åsmundsson i Innistog. Han var den eldste av åsmundssønene, og ville då ha krav på den eldste og dermed gjævaste eininga. Vidare er det på det reine at ætlingane hans sidan budde i Innistog. Dette samstavar også med det som står i den gamle gards- og ættesoga (107).

  • Jon Åsmundsson Byklum, n 1644, d ca 1685
g m Birgit Olavsdtr. Brokka (?). Born, iallfall:
  • Olav, f. ca 1625, g 1 m Ingebjørg Eivindsdtr, g 2. m Inger Asbjørnsdtr., g 3. m Geirlaug Bjørnsdtr., sjå nedanfor
  • Ånund, f ca 1627, n 1664, d etter 1700, g m ukj. sjå nedanfor
  • Jorunn, g m Auver Holum, sjå nedanfor
  • Gunhild (e.), g m Ånund Eivindsson Trydal, sjå Nordstog, gnr 17, lnr 42
  • Svålaug, g m Torleiv Jonsson Gjerden, sjå Attistog, gnr 15, bnr 1
  • Gunhild (y.), g m Folke Olavsson Hovden, sjå Der nor, gnr 2, bnr 1

At kona åt Jon heitte Birgit Olavsdotter er sikkert nok. At ho var frå Brokka i Skafså, og dotter åt Olav Knutsson på den garden, har me frå Mosoga, men der står berre at det truleg var såleis, så det er nok ikkje aldeles sikkert (jfr. Mo bygdebok II, 19).

Den 16. juli 1685 skreiv dei fire jonsdøtrene skøyte på 1/2 tunne skyld i Viki i Valle til Gunhild Torgrimsdotter Sagneskar i Viki. Denne parten hadde far deira selt til henne «i levende live» og fått 20 riksdalar i betaling, står det, men det var altså døtrene som utferda skøytet. Dette får oss til å tru at det var dei som hadde ervt pengane, og at faren nyleg var død, då skøytet vart skrive.

Det er ikkje nemnt nokon Auver Holum på 1600-talet i Vallesoga, og heller inga Jorunn Jonsdotter. Men det ser heller ikkje ut til at «Holum» i det nemnde skøytet kan vera feilskriving for Holen, ingen av Auver-ane der var gift med Jorunn, så då lyt me vel berre slå oss til ro med at ho og mannen hennes budde i Holum i 1685.

Jon er ikkje oppskriven som oppsitjar i Byklum etter 1660, så me vil gå ut ifrå at han har teke foddog ved det leitet, og overlate gardsbruket til sønene Olav og Ånund, som sidan åtte det saman. Me tek fyre oss den eldste fyrst:

  • Olav Jonsson Byklum, f ca 1625, d 1711
g 1. m Ingebjørg Eivindsdtr. (Trydal?) d fyre 1665. Born, iallfall:
  • Olav, f ca 1656, d fyre 1711, ug.
  • Torleiv, f ca 1659 g m Åste Olavsdtr., sjå nedanfor
g 2. m Ingjerd Asbjørnsdtr. Born, iallfall:
  • Tallak, f ca 1664, d fyre 1711, g 1702 m tremenning Gro Olavsdtr., sjå Utistog, bnr 2
  • Jon, f ca 1665, g 1726 m Gunvor Torbjørnsdtr. Vatnedalen, sjå Vatnedalen
  • Ingebjørg, g m Åsmund Gunsteinsson Ryningen, sjå Ryningen
g 3. m Geirlaug Bjørnsdtr., f ca 1671, d fyre 1714. Born, iallfall:
  • Geirlaug, n 1711, ug, d 1755

Me greier ikkje å identifisere nokon av dei tre konene åt Olav heilt sikkert. Men under fyresetnad av feilskriving i skiftet etter far hennes frå 1667, var Ingebjørg mykje truleg yngste dotter åt Eivind Åsmundsson i Trydal, som i fylgje det nemnde skiftet skulle ha vore gift med ein «Ulf» i Byklum, og hadde sønene Olav og Torleiv. Så ustøtt som det var med bokstaveringa i denne tida er det ikkje utruleg at skrivaren kan ha kome i skade for å føre opp «Ulff» i staden for «Olluf». Om denne tanken er rett, var bror åt Ingebjørg gift med syster av mannen hennes.

For Ingjerd Asbjørnsdotter har me ingen brukelege framlegg til opphav, og heller ikkje for Geirlaug Bjørnsdotter. Den siste, som hadde så sjeldant eit namn (i kyrkjeboka er det skrive «Gelov», og i Vallesoga finn ein namneforma Gjeiddaug), trur me knapt var frå Bykle eller Valle. Namna på konene har me frå skiftet etter Olav frå 1711. Der står det også at Olav og Torleiv var søner åt Ingebjørg, at Ingjerd var mor åt Jon og Ingebjørg, og at Geirlaug var Geirlaug si dotter.

Om Tallak høyrer heime i det fyrste eller det andre kullet, er uvisst, men det siste tykkjest mest rimeleg.

Diverre er det ikkje teke vare på meir enn den fyrste sida av det nemnde skiftebrevet, og difor kan me ikkje vita meir om Olav og familien hans. Etterdi den eldste av sønene døydde fyre faren, vart den nest eldste neste oppsitjar. Men fyre me kjem til han, skal me taka med eit avsnitt om Ånund, bror åt Olav, for han budde her og var sambrukar med broren. I 1670 åtte dei 6 1/2 kalveskinn kvar.

  • Ånund Jonsson Byklum, f ca 1627, n 1700
g m ukj. Born, iallfall:
  • Olav, f ca 1663, g m Margit Torleivsdtr., sjå Torsbu, gnr 13, bnr 4

Ikkje veit me kven Ånund var gift med, og ikkje er det stort å finne om han sjølv heller. Han er nemnd i manntala frå 1664 og 1665, og i jordeboka frå 1670, men elles har me ikkje sett han omtala i livande live andre stader enn i ei restanseliste frå 1700, der det er notert at han skulda skatt for 1 1/2 kalveskinn i Byklum.

Men skiftet etter Olav Jonsson frå 1711 viser at Ånund hadde ein son som heitte Olav, og at han var den Olav Ånundsson som hamna i Torsbu.

Som me var inne på ovanfor vart det den andre av sønene åt Olav Jonsson som overtok åsætet etter faren.

  • Torleiv Olavsson Byklum, f ca 1659, d 1737
g m Åste Olavsdtr., f ca 1655, d 1729. Born, iallfall:
  • Olav, f ca 1682, g m Ingjerd Kjetilsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Signe, g 1. m Torleiv Kjetilsson Trydal, g 2. 1716 m Olav Olsson Gråmannshus, sjå Trydal Der inne, gnr 17, bnr 1, jfr. Valle V, 426
  • Birgit, g m Mikkel Knutsson Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl, gnr 13, bnr 1
  • Åsne, f ca 1692, g 1718 m Folke Olsson Rygnestad, sjå Valle VI,
  • Ingebjørg, g 1738 m Arne Drengsson (Nomeland) Viki, sjå Valle III, 592
  • Gunhild, g 1727 m Bjørgulv Sveinsson Gjerden, sjå Attistog Gjerden, gnr 15, bnr 1

Kvar Åste Olavsdotter kom frå, har me ikkje funne ut.

Då Torleiv Olavsson overtok Innistog, vart det skilt ut eit nytt bruk. Dette var Torsbu, som framstår som ei sjølvstendig eining med Olav Ånundsson som oppsitjar i skattelistene frå 1712 og frametter. Det kan vera rett, det som står i den gamle gards- og ættesoga (118), at det bruket i utgangspunktet har høyrt til Uppistog. Men då Olav Ånundsson overtok det, gjekk det ut or buet etter Olav Jonsson i Innistog. I brevet om skiftet etter han frå 1711 står det at Olav Ånundsson «Effter Foreening for sin Faders og sin Egen Arvelod [skall] være berettiged 6 Kalfskind». I matrikkelframlegget frå 1723 finn me han som oppsitjar på dei 6 skinna. Likevel kan Torsbu koma frå Uppistog, men i så fall har den parten som vart av uti Torsbu på eit tidlegare tidspunkt (etter 1670, fyre 1711), vorte overdregen frå Uppistog til innistogsoppsitjarane.

Torleiv Olavsson heldt friviljug oppgjevingsskifte i 1724. Eldstesonen overtok åsætet. Han ervde sjølv 2 1/2 skinn, og kaupte i hop ervepartane åt systrene, som til saman utgjorde 6 1/4 skinn. Vidare overtok han bygselen av dei 1 1/4 skinn som var i kyrkjeeige, og såleis «blifver efterdags hands fulde odel og eyendom 8 3/4 kalvskind, og hands brug og besiddelse 10 kalvskind», heiter det i skøytet.

Så langt komme kan me gå over til den nye oppsitjaren og huslyden hans:

Dette biletet av Innistog med Uppistog i øvre, høgre biletkant, er teke fyrst på 1900-talet. Men dei fleste av husa er langt eldre enn dette, og stoga ser ut til å vera frå fyrste delen av 1700-talet. I så fall er det grunn til å tenkje at det må ha vore Olav Torleivsson som bygde henne. Bilete frå Ingebjørg K. Byklum.
  • Olav Torleivsson Byklum, f ca 1682, d 1756
g m Ingjerd Kjetilsdtr. Trydal, f ca 1684, d 1753. Born, iallfall:
  • Ingebjørg, f ca 1708, g 1730 m Torleiv Drengsson Nomeland, sjå Torsbu, gnr 13, bnr 4
  • Olav, f 1714, d 1714.
  • Svålaug, f 1715, g 1741 m Tarjei Augundsson Gjerden, sjå Gjerden Der inne, gnr 15, bnr 3
  • Jorunn, f 1718, g 1738 m Tarald Ånundsson Mosdøl, sjå Evre Mosdøl, bnr 3
  • Olav, f 1721, d 1722
  • Margit, f ca 1723, g 1754 m Åsmund Bjørgulvsson Gjerden, sjå Attistog Gjerden, gnr 15, bnr 1
  • Ånund, f 1725, d 1748, g 1748 m Ingebjørg Eivindsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Åshild, f 1729, d 1729
  • Torleiv, f 1730, d fyre 1746 (1730?)
  • Kjetil, f 1731, d 1763, ug., sjå nedanfor
  • Åshild, f 1734, g 1759 m Olav Jonsson, sjå nedanfor

Ingjerd Kjetilsdotter var frå Nordstog Trydal, gnr 17, bnr 5. Foreldra hennes var Kjetil Arnesson Trydal og kona, Gunnhild Torleivsdotter, fødd Stavenes.

Fyrr me fylgjer lagnaden åt eigedomen og oppsitjarfamiliane vidare, skal me taka inn eit avsnitt om Åshild, yngstedotter åt Olav og Ingjerd, og mannen hennes, som heitte Olav Jonsson, for desse folka kverv sporlaust or kjeldene våre etter 1773, og då me trur dei budde på bruket her, har me ikkje andre stader det er rimeleg å setje dei.

  • Åshild Olavsdtr. Byklum, f 1734, n 1773
g 1759 m Olav Jonsson, n 1759-73. Born:
  • Gunhild, f 1759
  • Olav, f 1761
  • Jon, f 1764
  • Kjetil, f 1770
  • Ingjerd, f 1773

Olav Jonsson vart oppskriven med adressa Byklum då han gifte seg i 1759. I den gamle gards- og ættesoga (107) finn me han omtala som Olav Jonsson Tveiten, og det vert også sagt at han skulle vera frå Bykle. I skiftet etter Kjetil Olavsson, bror hennes, frå 1763, står det at Åshild og Olav «opholder sig paa Tveten», men det kan ikkje ha vore lange stunda, ettersom dei fire eldste borna deira alle vart døypte frå Byklum. Nå kjenner me elles til ein Olav Jonsson Tveiten, som var fødd i 1742, men den mannen gifte seg i 1770 med Gro Torleivsdotter Byklum, brordotter åt Åshild, og budde med henne i Nordtveiti, sidan i Attistog Gjerden og dinest i Utistog Byklum. Om dette hadde vore same personen, skulle han vore berre 17 år ved det fyrste giftarmålet, noko som ville vore nokså spesielt, men likevel mogeleg. Men vidare skulle Åshild vore død fyre 1770, og Olav vore oppskriven som enkemann då han gifte seg med Gro, og det står det ingenting om i kyrkjeboka. Derimot står der at Olav Jonsson og kona Åshild Olavsdotter i 1773 døypte ei dotter Ingjerd i Valle. Dei vart då oppskrivne med adresse Flateland, og lyt ha halde til ein stad på den garden. Då me ikkje kjenner til fleire Olav-ar Jonsson i Bykle eller Valle som kan vera aktuelle, og ikkje kan finne at Olav, Åshild eller nokon av borna deira døydde i desse bygdene, og borna også vantar i konfirmantlistene, lyt me berre gjeta på at Olav var utanbygds frå, og at han etter 1773 tok med seg familien sin og flutte ut.

Etter dette innskotet kan me vende attende til foreldra og syskena åt Åshild. Olav Torleivsson må ei tid ha hatt bra med pengar til rådvelde. I 1726 kaupte han ei slåtte i Nystøylmarka, som vart kalla Subsåteigen, av Auver Bjørnarå. Denne gav han 14 riksdalar for. Omlag samstundes overtok han Kileteigen av Dreng Olavsson Mosdøl som brukeleg pant for eit lån på 16 dalar. Året etter kaupte han nokre fleire slåtter i Nystøylmarka av Åvold Tarjeisson Gjerden for 30 dalar, og same året kaupte han eit stykke av Hoslemoskogen av Svein Knutsson Hoslemo. Prisen ved det siste kaupet er unemnd i tingboka, og sameleis då Olav i 1732 selde stykket i Hoslemoskogen vidare til Claus Pederssen Topdal i Kristiansand. I 1734 selde Olav ein part på 2 1/2 kalveskinn med skyldeige i Trydal. Dette var farsarven åt kona hans, og kauparen var verbroren, Arne Kjetilsson Trydal. Prisen var 22 dalar 2 ort.

I 1746 heldt Olav og Ingjerd friviljug oppgjevingsskifte. Dei hadde då 4 kyr og 1 stut, 7 sauer og 11 geiter, og det samla verdet av lausøyren vart sett til 83 dalar. Gadsbruket var på 10 2/3 kalveskinn. Av dette åtte Olav 8 3/4 skinn, og leigde resten av prestebordet. Så heldt han attende 6 skinn til trygd for foddoget sitt, slik at det som vart att å skifte ut vart 2 3/4 skinn, verdsett til 22 dalar.

Saman med dei ovanfor opprekna utmarksstykka vart likevel verdet av jordegodset i buet 82 dalar, slik at bruttoeiga vart på 165 dalar. På gjeldssida vart oppført litt til heimangåver for dei endå ugifte døtrene, noko attståande ervemidlar til Jon Olavsson Vatnedalen, farbror åt Olav, og noko uinnløyst «myndlingsgods», dvs. ein ervelut til einkvan Olav hadde vore verje for. Til saman utgjorde denne gjelda 74 dalar, så nettoen i buet vart på 91.

Eldstesonen ervde såleis ikkje stort, men løyste ut partane av syskena, og gjorde avtale med faren at han, når den tid kom, skulle få dei 6 kalveskinna hans utan anna vederlag enn foddoget.

  • Ånund Olavsson Byklum, f 1725, d 1748
g 1748 m Ingebjørg Eivindsdotter Stavenes, f 1726, g 2. 1762 m Alv Bjørgulvsson Breive, g 3. 1791 m em Tarjei Vetlesson (Felland) Breive. Born:
  • Ånund, f 1748, d 1769, ug

Ingebjørg Eivindsdotter var dotter åt Eivind Olavsson Byklum i Utistog Stavenes og kona, Hæge Gunnarsdotter, fødd Bjørnarå.

Eivind Olavsson att var syskenbarnet til Arne Kjetilsson Trydal, far til mor åt Ånund, etterdi dei hadde Torleiv Olavsson Utistog Stavenes til sams bestefar. Dermed var Ånund og Ingebjørg tremenningar, og ikkje nok med det: Ånund var også syskebarnet åt mor av Ingebjørg, etterdi mor åt Hæge Gunnarsdotter Bjørnarå var Birgit Arnesdotter Trydal. På denne bakgrunnen laut då Ånund og Ingebjørg «løyse kongebrev» for 10 riksdalar for å få lov til å gifte seg.

Men ekteskapet deira vart ikkje langt, Ånund døydde eit snautt år etter brudlaupet. Ånund Ånundsson, som var 8 månader gamal då skiftet vart avslutta, ervde faren sine 2 1/2 kalveskinn. Etter vanleg skikk skulle Ånund Ånundsson nå også ha overteke faren si avtale med farfaren om foddog og overtaking av resten av bruket, men såleis ville ikkje Olav Torleivsson ha det. Kanskje fælte han at han kom til å lide overlast, dersom han gav seg i foddog til formyndaren åt den lisle sonesonen? Iallfall ser me at han i staden trenerte overdraginga så lenge han kunne, og i 1751 stelte han til ein pro forma auksjon over dei 6 kalveskinna han hadde halde attende under skifteoppgjeret i 1746. Torleiv Tarjeisson Bjørnarå, som var formyndar for Ånund Ånundsson, protesterte, men auksjonen vart avvikla, og tilslaget gjekk til den ugifte yngstesonen Kjetil for den uhøyrt høge summen 540 riksdalar. Torleiv Bjørnarå gjekk straks til odelssak på Ånund sine vegner, men av ein eller annan grunn vart denne av uti ingenting, så Kjetil vart sitjande med gardparten.

  • Kjetil Olavsson Byklum, f 1731, d 1763, ug

Men eigarskapen åt Kjetil bygde på den tvilsame auksjonen, og sto ikkje støtt. Torleiv Bjørnarå, som ikkje hadde greidd å vinne opp med Kjetil og far hans, bad seg friteken for formyndaransvaret. Pål Eivindsson Stavenes overtok, og stemnde på nytt på Ånund Ånundsson sine vegner. Saka var oppe til doms sumaren 1757, og Kjetil og far hans tapa så det small. Ikkje berre vart dei dømde til å overgjeva åsætet til Pål Stavenes på Ånund sine vegner, dei laut også yte både erstatning og bot, og attpåtil laut Kjetil nøye seg med ein pris på 8 riksdalar pr kalveskinn, dvs. 48 riksdalar i alt, så tilsynelatande leid han då eit tap på handelen på nærare 500 dalar. Men i røynda hadde auksjonspengane aldri vorte betala, så slik sett skulle vel tapet vore til å liva med.

Men Kjetil var ikkje innstilt på å gjeva seg, og anka difor saka oppetter i rettssystemet, og lei nye nederlag i stiftsoverrett og høgsterett. Så lenge saka verserte for retten slapp han å skøyte parten sin over til brorsonen, men utover dette vann han ingenting, og kunne vel ikkje godt gjera det heller, for at Ånund hadde beste odelen var det ingen tvil om. Men Kjetil lukkast i å utsetje overdraginga så lenge han livde. Det vart likevel ikkje så mange åra, for midt i krangelen om kven som skulle vera husbond i Innistog døydde han brått, sumaren 1763. Han etterlet seg lausøyre for 75 dalar og 6 kalveskinn i Byklum. Han hadde forringa garden, slo sorenskrivaren fast, hogge ut skogen og late husa forfalle, helst avdi han hadde bruka alle ressursane sine på å føre vonlause prosessar. Dette var då bakgrunnen for at han sette gardverdet så lågt som 8 riksdalar pr kalveskinn, endå det nå, etter skrivarens meining, burde vore langt høgre.

Fyre han døydde rakk Kjetil å verta far åt ei Ingjerd, som vart døypt 2.6.1764. Mora var Åsne Folkesdotter, ei dotter åt Folke Ånundsson Brottveit i Trydal Der inne og kona, Tone Torleivsdotter, fødd Trydal. Åsne var tenestejente hjå Kjetil, dei var endå litt skylde, ettersom Kjetil var son åt syster av bestefar hennes. Då barnet vart oppkalla etter mor hans, vil me tru at dei har vore meinte på å gifte seg, men då Kjetil døydde, vart det gravferd i staden for brudlaup. Sidan hamna Åsne nedi Valle, der ho i 1775 fekk problem med eit forhold til Hallvard Olsson Holum. Dette er nærare omtala i bolken om Trydal Der inne, og elles viser me til Vallesoga (V, 36). Om Åsne Folkesdotter har me etter dette ikkje stort meir å fortelje, anna enn at korkje ho eller dottera er synlege i kjeldene våre etter 1775. Ikkje kan me sjå at dei har døytt i Bykle eller Valle, og ikkje finn me dei att nokonstad i folketeljinga frå 1801. Truleg har dei fare or bygda, og døytt utanbygds fyre 1801.

Etter at Kjetil Olavsson døydde i 1763 vart Ånund Ånundsson eigar av heile bruket nokre år. Men han var framleis umyndig, og formyndaren hans, som framleis var Pål Stavenes, sette bort bruken av garden til Svenke Alvsson Breive. Han og huslyden hans flutte då hit frå Hagen, Berdalen, etter at dei tidlegare hadde budd i Breive og Ørnefjødd. Dei var her iallfall til Svenke døydde i 1774, kanskje var kona og borna hans her endå noko lenger. Då Svenke lei av, hadde Ånund Ånundsson vore død i 5 år. Me har sett inn hovudomtalen av Svenke og folket hans i bolken om Hagen, Berdalen, gnr 3, bnr 5.

Då Ånund Ånundsson, som var einaste soneson åt Olav Torleivsson, døydde i 1769, vart Dreng Torleivsson i Torsbu, som var eldste son av eldste dotter, beste odelsmannen. Som nemnt hadde Svenke vore bruksmann, men dødsfallet hans tykkjest likevel å ha gjeve støyten til at Dreng sette seg i sving for å overtaka Innistog. Nett kva tid denne overtakinga gjekk fyre seg, veit me ikkje, men seinast frå 1778 var iallfall Dreng oppsitjar her. Me seier «seinast», avdi me ikkje har funne andre vitnemål om hei melsovergangen enn det futen har skrive i kassabøkene sine, og det var ikkje alltid desse var heilt ajour.

  • Dreng Torleivsson Byklum, f 1746, d 1794
g 1771 m Birgit Torleivsdtr. Bjørnarå, f 1751, d 1796. Born:
  • Torleiv, f 1772, d 1782
  • Olav (e.), f 1774, tvill. g 1809 m Jorunn Tallaksdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Ingjerd, f 1774, tvill, d fyre 1794
  • Olav (y.), f 1776, g 1802 m Tone Knutsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Knut, f 1779, d 1779
  • Ingebjørg, f 1780, g 1806 m Hallvard Ånundsson Tveiten, sjå Heimtveiti, gnr 11, bnr 1
  • Torleiv, f 1783, g 1815 m Tore Knutsdtr. Hoslemo, sjå Åsen Hoslemo, gnr 4, bnr 1
  • Knut, f 1786, d 1786
  • Knut, f 1787, d 1840, ug., sjå nedanfor
  • Gunnar, f 1791, d 1793

Torleiv Tarjeisson i Bjørnarå Der heime, som hadde vore formyndar for Ånund Ånundsson, og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Løyland, var foreldra åt Birgit. Det var verfaren som lånte ut dei pengane som skulle til då Dreng overtok bruket.

Johannes Skar fortel (Gamalt or Sætesdal, I, 135) at byklarane tidt la handelsferdene sine til Stavanger heller enn til Kristiansand. Dei fleste reisene gjekk nok bra, men ein gong på 1770-talet hadde Dreng ein heller mislukka tur:

Dreng Byklum var til Stavang fyrste året han hadde garden. Han rakk heimatt mestom - då sokk pråmen i Bossvatn med tri tunnur korn. Det var heile sumarsmaten.

Birgit og Dreng miste to søner som båe heitte Knut i spebarnsalderen. Men den tredje med det namnet vart vaksen. Såvidt me har sett var han heime heile livet, og hjelpte faren, sidan eldstebroren, med gardsdrifta. I 1815 vart han far til ei Birgit, som vart døypt 1.11. det året. Mora heitte Turid Jonsdotter. Det ser ikkje ut til at ho kan ha vore frå Bykle eller Valle. Derimot kan det hende at ho er identisk med ei Turid Jonsdotter Flatstrand frå Flesberg i Numedal, som fekk ei dotter, som au heitte Birgit, med ukjend far i Valle 20 år seinare (sjå Valle IV, 193). Me har ikkje noko prov for at det dreiar seg om same kvinna, men namnet og tida høver godt, ettersom Turid Flatstrand var fødd i 1787. Den siste Birgit Turidsdotter døydde fyre ho fylte året. Ein kan vel fæle at det gjekk sameleis med den fyrste, for me har ikkje funne henne nemnd andre stader enn ved dåpen.

Også Olav Drengsson (y.) tykkjest ha halde til heime hjå faren og broren det meste av tida, men i 1801 ser ein at han var dreng hjå Ånund Pålsson i Stavenes. Han var innrullert soldat, og av militærrulla frå 1802 går det fram at han var 1,66 m høg.

  • Olav Drengsson Byklum (y.), f 1766, d 1805
g 1802 m Tone Knutsdtr. Byklum, f 1779, d 1808. Born:
  • Birgit, f 1803, g 1834 m Ånund Sveinsson Røysland, sjå Valle VI,
  • Ingebjørg, f 1805, d 1878, ug, sjå nedanfor

Foreldra åt Tone var Knut Asbjørnsson Stavenes og kona Ingebjørg Pålsdotter, fødd Stavenes. Desse sat sidan i Berdalen Der nede, og har fått nærare omtale der, men ved det leitet då dottera gifte seg, budde dei i Utistog, og åtte ein part av det bruket.

Ingebjørg Olavsdotter var i 1830 tenestejente hjå Knut Olavsson på Vodden Nesland. Den 4.12. det året fekk ho ein son som vart kalla Olav. «Efter opgave fra Knud Nesland» var det Torleiv Torleivsson Holen som var faren, så barnet vart innskrive i kyrkjeboka som Olav Torleivsson. Ingebjørg døydde ugift i Byklum i 1878.

Olav Torleivsson har me ikkje sett noko til i seinare kjelder.

Dreng Torleivsson døydde i 1794, og skiftet etter han vart slutta 10.oktober det året. Det var ikkje noko rikt skifte, men brevet om det er er rikt på interessante detaljar, så me tek med ei redigert avskrift av registreringa (der tala i parentes viser veditaksten i dalar, ort og skilling):

Denne gamle ystekjelen vert for tida nytta som vedkorg, men i alle høve er det truleg at 6-nottungskjelen i Innistog kan ha vore av liknande slag, då bortsett frå at denne er noko større og rømer 9 nottungar eller 54 liter. Høgde 30 cm, breidde 50 cm. Privat eige.
Foto: Aanund Olsnes
  • 1 liusestage (0 - 0 - 12)
  • 1 kobberkjele 6 nottung (6 - 0 - 0)
  • 1 stor bladgryde paa 3 quarter (3 - 0 - 0)
  • 1 do 9 nottung (4 - 0 - 0)
  • 1 do 2 1/3 nottung (0 - 3 - 0)
  • 1 gammel do. (0 - 2 - 0)
  • 1 brødhelle (1- 1 - 0)
  • 1 dengslested (0 - 1 - 12)
  • 1 dengslehammer (0 - 1 - 8)
  • 1 do. (0 -1 - 6)
  • 1 skruvested (1 - 1 - 0)
  • 1 boll-øxe 1 - 1- 16
  • 1 do. (0 - 2 - 12)
  • 1 liden do. (0 - 0 - 20)
  • 1 stabendingsnaver (0- 0 - 12)
  • 1 husnaver (0 - 1 - 12)
  • 1 braag (0 - 1 - 0)
  • 1 skoehammer og 1 tang (0 - 1 - 12)
  • 1 sax (0 - 1 - 12)
  • 1 løvkniv (0- 0 - 4)
  • 1 riflebøsse med laas (2 - 1 - 0)
  • 1 bagsehle (0 - 3 - 0)
  • 1 bringsehle med halestag (0 - 1 - 16)
  • 3de spadejern a 6 (0 - 0 - 18)
  • 3de læderreb (1 - 0- 0)
  • 1 sort kiste med laas og nøkkel (2 - 0 - 0)
  • 1 skaaren do. med laas ( 1 - 1 - 0)
  • 2de hvide do. (1 - 1 - 12)
  • 1 kiste med jernbeslag (2 - 2- 0)
  • 1 sort kiste (0 - 1- 16)
  • 1 kornkjer (0 - 2- 0)
  • 1 do. (0 - 1 - 0)
  • 5 do a 16 skill. (0 - 3 - 8)
  • 1 fladgiordet ambor (0 - 1 - 8)
  • 1 do. (0 - 1 - 8)
  • 6 smaa do. a 10 skill. (0 - 2- 12)
  • 1 smørambor (0 - 0- 16)
  • 1 kolle (0 - 0- 12)
  • 1 holk (0 - 0- 12)
  • 3de smaa do. a 6 skill (0 - 0 - 18)
  • 1 melkeringe (0 - 0 - 12)
  • 1 ambor (0 - 0 - 12)
  • holk (0 - 0- 10)
  • 1 udskåren ølkande (0 - 1- 12)
  • 6 melkebøtter a 2 skill (0 - 0- 12)
  • 12 melketroug a 6 skill.(0 -3- 0)
  • 10 do a 5 skill(0 - 2- 2)
  • 1 udskaaren ølbolle (0 - 1- 0)
  • 3de nisteæsker a 8 skill (0 - 1- 0)
  • 2 smøramborer a 10 skill. (0 - 0 -20)
  • 1 læderskreppe(0 - 3 - 0)
  • 1 udequærn med behørig redskab (4 - 0 - 0)
  • 4 tjeld a 3 ort 12 skill, (3- 1- 20)
  • 1 skindbleie (1 - 0 - 0)
  • 1 Møllers huspostill (1- 3- 0)
  • 1 hvid ko med bjelde og klave kaldet «Garfog» (12- 0- 0)
  • 1 sortsidet do. m bjelde kaldet «Lokkeboed» (11-0-0)
  • 1 rød do. kaldet «Hugaros» (8 -0-0)
  • 1 rødropled tiungsquie kaldet «Droglie» (5-0-0)
  • 1 do kaldet «Dagros» (4-2-0)
  • 1 muset hoppe 10 a 12 aar gammel (8-0-0)
  • 2 voxne gieder (2-2-0)
  • 3 smaa do.(3-0-0)
  • 12 voxne uldsmaalog a (0-3-12) = (10-2-0)
  • 2 lam a (0-2-0) = 1-0-0.

Det samla verdet av denne lausøyren var 116 riksdalar 3 ort og 2 skilling. Enka Birgit Torleivsdotter heldt att til foddoget sitt ei ku kalla «Fromsi», verd 9 rd med bjølle og klave, og vidare 2 geiter til 2 1/2 dalar kvar og 4 sauer til i alt 3 1/2 dalar. Desse vart haldne utanfor skiftet. Vidare heldt ho att 3 av dei 9 1/3 kalveskinna med fast eigedom, slik at det som vart skrive til kredit i buet var 6 1/3 kalveskinn à 18 riksdalar.

På dette punktet i fyrehavinga peika sorenskrivaren på at dersom det skulle syne seg at det var meir gjeld enn eige i buet, var det heilt opp til kreditorane om dei ville finne seg i at enka heldt attende delar av det. Inntil vidare nøgde han seg med å føre opp dei 6 1/3 skinna til eit samla verde av 114 riksdalar. Det summerte bruttoverdet av buet vart då 230 rd 3 ort og 2 skilling.

Sorenskrivaren hadde rett i tankane sine om gjelda, synte det seg: Olav Taraldsson Mosdøl hadde til gode 72 dalar og 3 ort, Knut Sigurdsson Hisdal skulle ha 10 dalar, og arvingane etter Torleiv Tarjeisson Bjørnarå skulle ha 204 dalar 1 ort og 14 skill. Dertil kom nokre skatterestansar på 12 1/2 dalar og 20 skilling, og endeleg var det skiftekostnadene, som var på 17 dalar 2 ort og 20 skilling. Såleis kom gjelda opp i 317 riksdalar 1 ort og 12 skilling, og det var 86 dalar 2 ort og 12 skilling meir enn det samla verdet av buet.

Skrivaren laut få sitt, såleis var det alltid. Men dei hine kreditorane var greie, og gjekk med på å justere opp gardverdet slik at dei kunne få dekning for krava sine utan å gå laus på foddoget. Dei overtok då den faste eiga i buet «til brugelighed» til ein pris på 31 riksdalar 1ort og 8 skilling pr kalveskinn.

Etter dette skiftet vart då kongen sitjande med 1/3 skinn, Olav T. Mosdøl med 2 og ervingane etter Torleiv Bjørnarå med 4 skinn. Men for den skuld skulle ikkje Olav Drengsson gå frå garden. Han var framleis odelsmann, og kreditorane let han bruke eigedomen vidare i von om at han kom til å greie gjelda. Det skulle det syne seg at han gjorde.

  • Olav Drengsson Byklum (e.), f 1774, d 1846
g 1809 m Jorunn Tallaksdtr. Hoslemo, f 1787, d 1847. Born:
  • Birgit, f 1810, g 1829 m Åsmund Sigbjørnsson Stavenes, sjå Systog Stavenes, gnr 16, bnr 6
  • Dreng, f 1812, g 1836 m Torbjørg Torleivsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor
  • Tallak, f 1815, d 1815
  • Tallak, f 1816, g 1847 m Gro Tarjeisdtr. Byklum, sjå Utistog Byklum, bnr 2
  • Hæge, f 1819, g 1836 m Ditleiv Torleivsson Bjørnarå, sjå Bjørnarå Der aust, bnr 1
  • Margit, f 1821, g 1841 m Gjermund Gunsteinsson Stavenes, sjå Uppistog Byklum, bnr 5
  • Gunnar, f 1824, d 1852, ug
  • Jon, f 1826, d 1829
  • Gunhild, f 1829, g 1852 m Auver Olavsson Hoslemo, sjå Systog Stavenes, gnr 16, bnr 6

Jorunn Tallaksdotter kom frå Nigard Hoslemo. Foreldra hennes var Tallak Olavsson Hoslemo på det bruket og kona, Hæge Jonsdotter, fødd Vatnedalen.

Då Olav Drengsson overtok garden var han berre 20 år. Det ser ikkje ut til at han tok inn tenarar eller medbrukarar, så han og dei yngre brørne må ha greidd seg sjølve. I 1802 fekk Olav skøyte på dei uteståande gardpartane hjå eigarane i Mosdøl og Bjørnarå, kongeparten hadde vorte innløyst tidlegare. Ved overtakinga i 1794 hadde Olav måtta lova at han ikkje skulle gifte seg fyrr han hadde betala gjelda på garden. Den lovnaden heldt han med god margin, ser me. Korleis han greidde gjelda veit me ikkje, men me lyt vel tru at han på ein eller annan måte fekk til ei refinansiering.

Jordavgiftskommisjonen i 1802 sette bruket til å vera verdt 310 riksdalar. Kommisjonen gjev ikkje opp tal på dei kretura eller den åkeravlinga som var her, men vurderte kor stor ein buskap ein normalt kunne rekne med å fø, og kor mykje korn ein normalt skulle så og hauste. Normalbuskapen var hest, 7-8 kyr og ca 20 småkretur. Sameleis burde ein kunna så 4 tunner bygg, og få att 20 tunner. Krøterhaldet burde gjeva eit overskot på 37-38 riksdalar i året, men så laut ein rekne med å kaupe inn 6-7 tunner korn, meinte takstmennene. Jamvel om dette altså skal vera normaloppgåver, vil me tru at dei ikkje ligg langt unna dei faktiske tilhøva.

Om me vidare reknar med ein normalpris på kornet kring år 1800 på 5 riksdalar pr tunne, kjem me til at overskotet frå februket skulle gjeva nokre dalarar til overs etter at avlingsunderskotet var dekt med kaupebygg. Nå kan nok jordtakstkommisjonen likevel snautt ha hatt fullt oversyn over økonomien på garden. Med dei bokførde inntektene og utgiftene skulle Olav Drengsson aldri ha greid å vera gjeldfri då han tok foddog og skifte ifrå seg i 1838, men det var han. Kanskje var det hyperinflasjonen kring 1814 som hadde kome han til hjelp? I allfall veit me at dei som gjorde opp gamal gjeld med dei langt bortimot verdlause dalarane i denne tida gjorde det dugeleg skarpt.

Lausøyren i 1838 vart verdsett til 225 speciar, garden til 480. Me skal ikkje hefte oss ut med å rekne opp all lausøyren ved dette høvet, i hovudsak var det saker av same slaget som dei Dreng Torleivsson hadde etterlate seg i 1794, men me tek med oss buskapen: Her var 10 kyr, 1 vetrungskvige og 1 kalv til eit samla verde av 136 speciar, 24 sauer til 24 speciar og 12 geiter som også vart verdsette til 24 speciar. Me ville vel tenkt at her også burde ha vore ein stut og ein hest, men i så fall vart dei haldne utanfor skiftet.

Men det vart ikkje huspostillen, som vart sett i eit verde på 5 rd. «Gudsordsbøkene skulde vera av det gamle slaget; di gamlare dei var, di betre var dei», fortel Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 23), og held fram:

De var eit høve plent at bøker kom på sal. Stod der ei bok til bods, gav dei kva det var, for å få henne. Olav Drengsson Byklum gav 5 dalar for Luthers huspostill - han kaupte boki på Austlandet.

Den nemnde boka lyt ha vore eit par hundre år gamal då Olav fekk tak i henne, så det er rimeleg at han for så fint med henne at ho ikkje minka i verde.

Eldstesonen fekk skøyte på bruket hjå faren for 480 speciar, halvparten vart rekna oppgjort med foddog til foreldra.

Hausten 1871 var målaren August Schneider (1842-1873) i Bykle, og gjorde då teikningen av Dreng Olavsson.
Torbjørg Olavsdotter Byklum. På teikninga frå hausten 1871, teikna i Bykle, har kunstnaren notert datoen, 21.9.1871, identifisert modellen: "Dreng Olsen Byklums kone" og dertil skrive ein karakteristikk: "En klog og forstandig kvinde". Teikna av målaren August Schneider (1842-1873).
  • Dreng Olavsson Byklum, f 1812, d 1872
g 1836 m Torbjørg Torleivsdtr. Bjørnarå, f 1816, d 1896. Born:
  • Olav (e.), f 1837, g 1862 m Gunhild Knutsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1839, d 1839
  • Torleiv, f 1841, g 1863 m Anne Hallvardsdtr. Røysland, sjå Utistog Byklum, bnr 2
  • Jorunn, f 1844, g 1865 m Åsmund Pålsson Byklum, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Knut, f 1846, d 1853
  • Jon, f 1848, g 1882 m Ingebjørg Drengsdtr. Mosdøl, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Olav (y.), f 1850, g 1881 m Birgit Olavsdtr. Gjerden, sjå Attistog Gjerden, gnr 15, bnr 1
  • Torleiv, f 1840 d 1840
  • Knut, f 1854, d 1854
  • Angjerd, f 1856, d 1856

Foreldra åt Torbjørg var Torleiv Ditleivsson i Bjørnarå Der aust og kona, Angjerd Torleivsdtr, fødd Nomeland.

Etter det som vert fortalt vart husa på bruket flutte ut frå det gamle fellestunet på Tuptine og ned til det nye tunet alt i 1835. Om dette årstalet er rett, vil me tru at Dreng i røynda hadde overteke ei tid fyre han fekk skøyte hjå faren, for det er vel mindre truleg at faren hadde sett i gang med utflytjing nest fyre han let garden ifrå seg.

Han som sto for det praktiske arbeidet med tunflytjinga var Såve Knutsson, som me har fortalt noko om i bolken om Hagen, Berdalen, gnr 3, bnr 5. Av dei husa som vart flutte står framleis stoga, løa og Muggsloptet. Sistnemnde er eldste huset på garden, og skal datere seg attende til mellomalderen. Diverre vart det i samband med flytjinga lafta inn vel så ein meter i kvar lei, slik at det vart monaleg mindre enn det hadde vore. Grunnen til dette, skjønar me, var at det skulle setjast oppatt i flukt med stoga, og då var det om å gjera at dei skulle verta meir jamstore.

Dreng var lenge lærar og kyrkjesongar attåt gardsdrifta, og tykkjest å ha hatt god økonomi. I 1848 kaupte han halve Utistog av Tarjei Åvoldsson for 543 speciar, og i 1861 kaupte han den andre halvparten av granneeigedomen hjå den 10 år gamle brorsonen Olav Tallaksson for 600. I 1867 let han «det sammenføiede brug» vidare til sonen Torleiv for 300 og foddog.

I 1858 sette han bort plassen Heggjeslettune til Torleiv Åsmundsson Byklum (Vise-Taddeiv). Me kjem attende til både mannen og plassen hans. Litt seinare kom også den plassen til som sidan vart Byklumplasset eller berre Plasset, og likeeins den som vart kalla Hytta. Liksåvel desse kjem me attende til.

Så mykje sameige og teigblanding som det var mellom bruka i Byklum og Gjerden, var det turvande med ein viss grad av samordning og samarbeid i gardsdrifta. Utan dette var det utsett for at det kom til krangel og konfliktar. I 1858 var dei samde om å freiste å unngå slikt for framtida, og kom difor i hop og gjorde avtale om korleis dei sidan skulle nytte areala sine. Etter skrifta å døme er det Dreng Olavsson som har ført avtala i pennen. Ho er velformulert og godt i samsvar med si tids juristmål. Innhaldet i avtaleteksta er interessant, og me set henne difor inn så lang ho er, i nøyaktig avskrift etter originaldokumentet i gardsarkivet i Innistog:

Vi samtelig Undertegnede Gaardmænd paa Byklum og Gjerden indgaar med hinanden saadant Forlig:

A. At ingen af os skal have Raadighed til at lade sine Creature gaa hiemme Paa andens Eiendom, verken store eller smaa Creature samt Heste, efter den thid at Creaturerne ere tagen af Jordet. Ligesaa dersom Nogen finder forgodt at have Griser, skal han være forbunden til at have ham Paa sin Egen Ejendom baade høster og vaar. Og dersom nogen viser sig modsætsig og skiødesløs i ovenmældte Pungter skal han være Pligtig til at udrede 2 - er toe - spdlr. til Bykle Fattig Commission.

B. Samt skal enhver af os være Forbundede til at holde hverandres Hjemstøler ganske ubeskadigede ligesaavel som Hjemmejordet og efter den 2dre Juli skal enhver beide med sine Creature enten i Grønhovd eller i Hjemmehejen, undtagen formedelst Uverets skyld. Ligesaa skal enhver være forpligtet, efter den 24de Juni at beide med sine Hester ikke andensteds end i Løvkjøndahlen, og om høsten naar vi komme hjem af Heiene skal hestene sættes i sistnænmte beide. Dersom nogen er modstridig og ikke efterkommer som rett er, skal han være Pligtig til at betale 2 - toe - Speciedahler til Bykle Sogns Fattigkasse, og at ingen skal have raadighed at beide Creature eller hest øst paa Klepemyrene Entten høst eller Vaar under samme Forpligtelse,

C. Og naar vi Fløtte Paa Østhejen skal enhver af os have sine støler og slaatter og beide samt Høestakker aldeles ubeskadte. Ogsaa skal ingen Fløtte ind sine Creature fra Østhejen inden den 12te August. Ligesaa skal ingen have Raadighed til at Fløtte fra Hjemstølerne med Creaturerne førend den 28de August. Og den thid vi ere Paa Hjemstølerne skal ingen have Raadighed at beide i en andens Slaatte førend der er afbeidet i Grønhovd, som er den 4de September. Og dersom nogen overtræder disse Ovennævnte thing, skal han være Pligtig til at betale 2 - toe - Speciedahler til Bykle Sogns Fattigkasse for enhver Things Forbrydelses skyld.

d. Og dersom nogen i Hjemmeskoven sønderriver en andens Høestakker med sine Creaturer naar de er omgjerdede skal han betale Pr Høestak med 3 Spd.

e. Ogsaa skal ingen af os som eiere have Raadighed entten til slaae eller bortleie Slaatter i Hjemheiene førend at Creaturerne ere frafløttede i Hjemmeskoven.

Byklum d 4de Juni 1858 Dreng Olsen Byklum

Paul Odsen Byklum
m. i h. p.

Targei Mikkelsen
m.i h.p,

Gjermund Gunsteensen Byklum

Knud O. Byklum

Tellef Ouversen Gierden
m. i h. p.

Knud Tellefsen Jerden
m. i. h. p.

Så langt dei sidan heldt seg etter denne avtala, må det ha gjeve både partane og forlikskommisjonen mindre bry. Utover dette tykkjer me i all hovudsak at teksten er så grei at han ikkje treng kommentarar. Men me lyt likevel leggje til at avstyttinga m. ih. p. tyder «med iholdt Pen», og vart nytta når ein dokumentunderskrivar ikkje kunne skrive, slik at ein annan måtte hjelpe han å styre pennen.

I 1861 løyste Dreng handelsbrev, og prøva seg med kråmbu eitt års tid, men tykte nok ikkje det gav nok forteneste. Iallfall gav han opp handelen, ser me.

Etter folketeljinga i 1865 fødde dei i Innistog det året hest, 17 storfe (kviger og kalvar inkludert), 34 sauer og lam, 25 geiter og kje. Dei sådde 4 tunner bygg og 9 tunner jordeple. Når ein skal vurdere desse oppgåvene, som er kring dobbelt så høge som normalbuskapen og normalsånaden til jordtakstkommisjonen frå 1802, lyt ein taka med i rekninga at odelsguten, Olav Drengsson (e.), var bruksmann for faren på ein del av eigedomen. Han åtte litt over halve buskapen, og sto sikkert også for mykje av åkerbruket.

I alt budde det 10 menneske her i 1865. Det var for det fyrste sjølvefolket, Dreng og Torbjørg. For det andre var sønene Jon og Olav (y.) heime og hjelpte til, for det tredje var Olav (e.) gift og hadde med seg kone og to små døtrer. Attåt dei nemnde var her endå ein dreng og ein busete.

«Drengen» høyrde til familien, jamvel om folketeljinga ikkje seier noko om det. Han var fødd i 1850, heitte Olav Tallaksson Byklum og var brorson åt Dreng. Det var han som hadde selt bruket sitt til Dreng nokre år tidlegare, slik det er fortalt ovanfor. Me reknar med at han hadde hatt fast tilhald i huslyden i Innistog etter at Tallak Olavsson, far hans, døydde i 1857. Han gjekk sidan på lærarseminaret, og var ei tid lærar i heimbygda, men hamna etter kvart på Hoftuft i Valle (jfr. Valle V, 227 f).

Buseten var ikkje mindre skyld husbondsfolket. Han heitte Sigbjørn Åsmundsson Stavenes, var systerson åt Dreng, og hadde overteke lærar- og kyrkjesongarstillinga av morbroren. Han er nærare omtala i bolken om Uppigard Hoslemo, der han sidan budde.

Dreng sat med Innistog til 1867, då han og Torbjørg vart foddogsfolk, og overdrog bruket for 300 speciar til odelsmannen:

Oppstilling for fotografen i Innistog ein gong i åra 1885-90. Med ryggen mot oss står Gunnar O.Byklum (f 1879), den neste er Ånund Ånundsson Tveiten (1849-1912), guten på trappa er Olav O. Byklum (f 1878). Kvinna kan vera Sigrid Olavsdotter, fødd Dyssje (1835-1911), kona til Ånund Tveiten. Dei to ved slipesteinen er ikkje identifiserte. Axel Lindahl tok biletet og fekk det distribuert som prospektkort. Kopien kjem frå frå Setesdalsmuseet. Når me har tidfest det til 1885-90, er det ut ifrå ei vurdering av alderen på dei to attkjende smågutane.
I Innistogtunet ca 1885: Jenta på hesten er Tore O. Byklum, broren Dreng står med ryggen til, Til høgre: foreldra Olav og Gunhild Byklum. Axel Lindahl tok biletet, heilt sikkert ved same høve som biletet framanfor. Det vart «haand-colorert» og selt som postkort. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Olav Drengsson Byklum (1837-1924) og kona Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland (1842-1915), bilete frå 1910, hit frå Olav og Ingebjørg Byklum via Ingebjørg Vegestog.
  • Olav Drengsson Byklum (e.), f 1837, d 1924
g 1862 m Gunhild Knutsdtr. Nesland, f 1842, d 1915. Born:
  • Torbjørg, f 1863, g 1884 m Tarald Drengsson Mosdøl, sjå Utistog Byklum, bnr 2
  • Tore, f 1865, g 1888 med Olav Jonsson Hoslemo, sjå Listog under Innistog, gnr 14, bnr 54
  • Angjerd f 1868, d 1868
  • Dreng, f 1869, g 1893 m Birgit Åsmundsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Knut (e.), f 1872, d 1931, til Amerika 1894, g i Bykle 1904 m Margit Olavsdtr. Hoslemo, f 1876, d 1963, busett Oklee, Red Lake County, Minnesota 1905-16, sidan Spruce Grove Township., Beltrami County og Grygla, Marshall County, Minnesota, born iallfall:
  • Gunhild, f 1905, d Grygla 1977, ug
  • Olav, f 1908, d 1984
  • Sigrid f 1912, d 1988, ug
  • Knut (y.), f 1875, til Amerika 1893, d 1953, g m Gunhild Olavsdtr. Nesland, f 1883, d 1977, 1910 og 1920 busett Spruce Grove Township, Beltrami County, sidan Grygla, born iallfall:
  • Gena, f 1905, d 1983
  • Olav, d Grygla 1943
  • Oliver f. 1919, d Grygla 1991
  • Olav, f 1878, g 1913 m Margit Knutsdtr. Byklum, sjå Gjerden Der inne, gnr 15, bnr 3
  • Gunnar, f 1879, g 1897 m Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Nesland(e.), sjå [[Myri (Bykle gnr 12/1)|Myri Holen, gnr 12, bnr 1

Foreldra åt Gunhild Knutsdotter var Knut Olavsson Nesland frå Vodden, gnr 10, bnr 1, og kona Tore Olsdotter, fødd Løyland.

Gunhild og Olav sat i 1875 med hest, 9 kyr, 4 ungdyr, 20 sauer og lam. Geitehald hadde dei då tydelegvis slutta med. Dei sådde 3 1/2 tunner bygg og sette 8 tunner jordeple. Som ein vil sjå nærmar kreturflokken seg ved dette leitet atter normalbuskapen frå 1802. Men det hadde ikkje vorte færre folk på bruket. I alt var her 12 personar. Gunhild og Olav hadde på denne tid 5 born. Så var Torbjørg Torleivsdotter, mor åt Olav, til stades, og dertil var framleis båe dei ugifte brørne hans, Jon og Olav (y.) Drengssøner, her. Det var også Olav Tallaksson Byklum, «drengen» frå 1865, men nå vart han oppskriven som «Inderst, Skolelærer», så han hadde i mellomtida vore avstad og skaffa seg utdaning, skjønar me. Endeleg var her ei tenestejente. Ho heitte Torbjørg Åsmundsdotter Stavenes, og var syskenbarnet åt Olav. Sidan gifte ho seg med Olav Auversson [Gjerden] Åsen, og det står noko lite meir om henne i bolken om Åsen, Torsbu, gnr 13, bnr 8.

Folketeljinga frå 1891 fører opp Olav Drengsson som «stationsholder og postaabner» ved sidan av «bonde, gaardbeboer og selveier». Skjusstasjonen var flutt hit frå Mosdøl i samband med brannen på den garden i 1879, men nå heitte det «Turiststation». Dette med postopneri var derimot noko nytt. Etter det me kan lesa i Bykle kultursoge (1993, s. 281) kom det i 1885. Det var det fyrste såvorne i bygda, og Olav Drengsson måtte arbeide gratis som postopnar i tre år fyr han fekk lønna stilling, vert det fortalt.

Talet på menneske på bruket i 1891 var noko mindre enn i 1875, her var nå 8 personar. Forutan Olav og Gunhild var her 5 heimeverande søner, og dertil Torbjørg Torleivsdotter, mor åt Olav.

Dei to sønene som heitte Knut reiste båe til Amerika. Lisle-Knut (fødd 1875) drog fyrst, det var i 1893. Eigentleg var det Store-Knut (fødd 1872) som skulle teke ut då, og som hadde skaffa billettar og pass, men så vart han innkalla til militærteneste, og laut difor utsetje utreisa. Lisle-Knut greip då sjansen, og reiste på brorens papir. Store-Knut fylgde året etter. Som det går fram i familielista ovanfor fann båe brørne seg koner frå heimbygda.

Store-Knut var heimatt i åra 1903-05, og gifte seg her, medan Lisle-Knut gifte seg i Minnesota. Båe Knut-ane dreiv ei tid farm i Spruce Grove Township, Beltrami County. Elles finn ein dei busette fleire stader i området kring Grygla i det nordvestre hyrnet av Minnesota.

Olav Olavsson hadde også ein farm i det grannelaget i 1910, men han selde og reiste heimatt ikkje så lenge etter det året, og gifte seg i Bykle kyrkje i 1913. Hovudomtalen av han står i bolken om Gjerden Der inne.

I 1900-folketeljinga les me at Olav Drengsson det året «bortforpagter gaarden til sønnen, og holder turist-stationen». Postopneriet hadde han ved dette leitet også overlate til sonen.

Broren, Olav Drengsson (y.), i Attistog Gjerden bar posten, men hadde ikkje postopneriet, slik Kultursoga gjev inntrykk av. Talet på menneske på bruket ved den sistnemnde teljinga var 9. For det fyrste var det Olav og Gunhild. For det andre var det sonen, som bruka garden for faren, kona hans og tre småborn, for det tredje var det drengen Tallak Torleivsson Byklum, som tente her om sumaren, men dreiv mest med rjupefangst om vinteren. Endeleg var det Alv Torbjørnsson Breive, han var «midlertidig losjerende» og dreiv med tømmerkøyring denne vinteren står det, elles budde han i Breive Der inne, bnr 2.

I 1906-07 vart det halde utskifting av innmarka i Byklum. I samband med denne vart tunet i Austistog flutt ut frå det gamle fellestunet på «Tuptine». Innistogstunet hadde, som me var inne på ovanfor, vorte flutt alt i 1835, men bruket her var sjølvsagt likevel part i utskiftinga, og ytte nokre kroner i utflytjingstilskot til Austistog.

Olav Drengsson sat med eigedomen til 1907. Han og Gunhild tok då foddog, og skøytte bruket over til neste generasjon. Den nye eigaren var eldstesonen, som hadde vore brukar for faren i 1900, og truleg endå nokre år lenger attende.

Gunhild D. Byklum (1896-1982) og mannen hennes, Kjetil Homme (1890-1978). Dei budde i Hythe, Alberta, Kanada, og biletet er nok teke der. Hit kom det frå Olav og Ingebjørg Byklum via Ingebjørg Vegestog.
Store-Knut (1872-1931) og kona, Margit (1876-1963) med dottera Gunhild (f 1905). Dei budde i Minnesota, i nærleiken av Grygla. Bilete frå Olav og Ingebjørg Byklum via Ingebjørg Vegestog.
Huslyden i Innistog 1910. Frammare rekkja frå venstre: Jorunn (f 1903), mor Birgit Aasmundsdtr., f Tveiten (1870-1954) med dotter Angjerd (f 1910), far Dreng Olavsson (1869-1947) med Jon (f 1908), Torbjørg (1905). Attare rekkjja: Gunhild (f 1896), Olav (f 1900), bestemor Gunhild Knutsdtr. f Nesland (1842-1915), bestefar Olav Drengsson (1837-1924), Åsmund (f 1897). Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Jenta er Gunhild Drengsdotter omlag 1920. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Dreng Olavsson Byklum, f 1869, d 1947
g 1893 m Birgit Åsmundsdtr. Tveiten, f 1870, d 1954. Born:
  • Olav, f 1894, d 1897
  • Gunhild, f 1896, d 1982, farmarkone, busett Hythe, Alberta, Kanada, g 1929 m Kjetil (Charles) Esaiasson Homme, f 1890, d 1978, utv. 1908, (jfr. Valle V, 388), born: ::* Bergit Esther, f 1930 g 1951 m Martin Carl Hornland, f 1925, 5 born
  • Bert, f 1932, busett Dawson Creek, British Columbia, g 1953 m Mavis Johnson, f 1936, d 1988
  • Dreng, f 1933, g 1963 m Elfride Stefanie Skinkinger, f 1936, busett Hythe, Alberta.
  • Åsmund, f 1897, g m Gyro Torsdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Olav, f 1900, lærar, d ca 1960, busett Åseral, g m Torbjørg Sveinsdtr. Rygnestad (Utistog), f 1907, d 2003, born:
  • Birgit f 1930, d 2002, ug
  • Dreng Sverre, f 1936, busett Stockholm, Sverige, g m Ulla
  • Svein, f 1938, d ca 1950
  • Gunhild, f 1948, busett Tadley, Surrey, England, g m Adrian Whitehouse
  • Knut, f 1902, d 1902
  • Jorunn, f 1903, husmor, g 1925 m Knut Olsson Kyrvestad, sjå Valle V, 364
  • Torbjørg, f 1905, gardkone, g 1940 m Kjetil Olavsson Hoslemo, sjå Nordgarden Hoslemo, gnr 4, bnr 8
  • Jon, f 1908, lærar, d ca 1984, utv. Kanada 1929, sidan busett Dalen i Telemark, g 1945 m Johanne Larsdtr. Vadder, f 1906, d ca 1995, born:
  • Angjerd, f 1910, d 1913
  • Knut, f 1913, ing., busett Oslo, d 1991, g 1946 m Birgit Olsdtr. Hovet, f 1912, born:
  • Bjørn, f 1947, busett Asker, g m Marit Olsen
  • Olav Hans, f 1949, busett Oslo, g m Elizabeth Hartmann
  • Knut Birger, f 1950, busett Oslo, sb m Grethe
  • Gro, f 1953, g m Pål Gundersen, busett Lørenskog
  • Angjerd, f 1915, husmor, busett Kristiansand, g m Dreng Ånundsson Tveiten (y.), f 1907, d 1994, born: sjå Heimtveiti, gnr 11, bnr 1


Birgit Åsmundsdotter var frå Ryningen. Foreldra hennes var Åsmund Pålsson Byklum på det bruket og kona, Jorunn Drengsdotter, fødd Byklum. Jorunn att var syster åt Olav Drengsson (e.), far åt Dreng.

I 1919 bygde Dreng innåt den gamle løa på garden, som truleg er frå 1700-talet. I 1924 sette han opp nytt fjos i forlenginga av denne bygningen. Ved sidan av gardsbruket var han postopnar i Bykle. Dertil var han lenge ordførar i bygda. Han fungerte i det ombodet i periodane 1911-13, 1914-16 og 1920-22.

I 1928 leigde han bort ei tomt til L/L Bykle handel. Denne fekk i 1931 bnr 29 og vart skyldsett til 1 øre. Me kjem attende til denne verksemda, som med tida vart til Bykle Samyrkelag (sjå Solbakken, bnr 11 og Lislestog, bnr 39).

Det me har fortalt om Gunhild Drengsdotter og familien hennes i Kanada, har me fått vita hjå ei sonedotter åt Bert Kjetilsson Homme, LeeAnne Claris Homme, f 1964. Ho bur i Winnipeg, Manitoba, er røntgenteknikar av yrke, og gift med ein detektiv, som heiter Robert James Ursel, f 1965.

I 1932 vart Dreng og Birgit foddogsfolk, og overdrog eigedomen til eldstesonen.

Aasmund D. Byklum (1897-1978) og Gyro T. Trydal (1910-1999), brurebilete 1936, til bygdeboka frå Olav og Ingebjørg Byklum via Ingebjørg Vegestog.
Til venstre: Angjerd D. Byklum, f 1915, står med handa på herda ti faren, Dreng O. Byklum (1869-1947). Så fylgjer mor hennes, Birgit Aasmundsdotter, fødd Ryningen(1870-1954), og dinest Aasmund Drengsson og Gyro Torsdotter, med dei to eldste borna Birgit(f 1937) og Torbjørg (f 1939). Dette biletet er frå 1941, og kom til bygdeboka frå Olav og Ingebjørg Byklum via Ingebjørg Vegestog.
Det gamle posthuset i Bykle, som Aasmund Drengsson bygde i 1940, var i bruk til 1975.
Foto: Aanund Olsnes (2003).
  • Aasmund Drengsson Byklum, f 1897, d 1978
g 1936 m Gyro Torsdtr. Trydal, f 1910, d 1999. Born:
  • Birgit, f 1937, husmor, busett Vennesla, g 1964 m Oddmund Salvesen, f 1934, born:
  • Torbjørn, f 1966, busett Vennesla, sb m Anne Mette Einarsen
  • Magne, f 1968, ug, busett Vennesla
  • Torbjørg, f 1939, kunderådgjevar, bank, busett Oslo, g m Finn Eng, Marker, f 1935, born:
  • Harald, f 1967, busett Oslo, g h v m Ina Helgesen
  • Gunnar, f 1970, busett Oslo, g m Caroline dos Santos, Brasil
  • Frode, f 1971, busett Oslo, g m Anita Anker
  • Dreng, tvill., f 1942, postopnar, sidan postbod, ug, sjå Steinane (Signeshus) gnr 14, bnr 51
  • Tor, tvill., f 1942, revisor, sjå Fossheim, gnr 15, bnr 27
  • Olav, f 1944, g 1974 m Ingebjørg Knutsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Gudrun, f 1953, sekretær, busett Porsgrunn, g 1976 m Oddvar Høijord, f 1952, born:

Gyro Torsdotter var frå Moen Trydal. Foreldra hennes var Tor Knutsson Trydal på det bruket og kona, Torbjørg Jonsdotter, fødd Bjones.

Attåt å vera gardbrukar var Aasmund Drengsson postopnar etter faren i mange år, og i 1940 sette han opp nytt posthus. I periodane 1926-28, 1938-42 og 1948-51 var han også ordførar i Bykle. Dertil hadde han gjennom åra ei rad med andre kommunale ombod.

Aasmund og Gyro vart foddogsfolk i 1977, og overdrog bruket til tredje sonen i rekkja ovanfor.

Olav Aasmundsson Byklum, f 1944

g 1974 m Ingebjørg Knutsdtr. Stavenes, f 1953, ikkje born

Ingebjørg kjem frå Systog Stavenes. Foreldra hennes var Knut Bjørgulvsson Stavenes på det bruket og kona, Eli Folkesdotter, fødd Nesland.

Olav og Ingebjørg sette opp nytt sauefjos i 1981. Dette står på nedsida av den gamle løa. I 1996 hadde dei nytt bustadhus ferdig. Det er ein drusteleg tømmerbygning med ei grunnflate på 150 m², som Olav både teikna og tømra sjølv. Same året som Olav fekk den nye stoga si ferdig, dreiv eit arbeidslag frå Riksantikvaren og restaurerte Muggsloptet etter dei beste antikvariske fyresegner.

Fyre han overtok eigedomen her og vart gardbrukar, arbeidde Olav Åsmundsson som bygningsmann. Sidan har han attåt gardsbruket drive som landpostbod i 25 år.

Også Ingebjørg har drive med postkøyring, ho slutta med det arbeidet i i 2001. Elles har ho drive ikkje så lite med rosemåling, og kome godt avstad med det faget. Då Bykle kommune i 1983 ville spandere ei 80-årsgåve på kong Olav V, bestemte dei seg for ein rosemåla kubbestol. Mikkel Holen gjorde stolen, Ingebjørg rosemåla han.

Eigedomen har i dag (2006) 90 mål innmark, av dette er 65 mål nydyrka av dei nåverande eigarane. Totalarealet vert rekna til å vera på kring 6000 mål.

Ingebjørg og Olav Byklum, brurebilete 1974.
Ingebjørg Byklum i arbeid med rosemåling.
Dyrkingsarbeid på Byklestøylane. Ingebjørg køyrer traktor med hengar, Olav køyrer steinplukkaren.


0941 Bykle komm.png Innistog (Bykle gnr 14/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Byklum • Neste bolk: Lunden