Listog (Bykle gnr 14/54)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Listog
Byklum 132.jpg
Listog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1904
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 14
Type: Småbruk

Listog i Bykle ligg på nedsida av riksvegen, 200 m ovanfor Bykle Samyrkelag. Han vart kaupt til sjølveigarbruk i 1941, men ikkje matrikulert som eiga eining fyrr i 1979. Men det budde folk her lenge fyrr det vart utskilt noko eige bruk, og i utgangspunktet var staden plass under Innistog.

Dei fyrste som budde her var Olav Jonsson Hoslemo og familien hans. Olav var eldste son åt Jon Olsson Hoslemo og kona, Torbjørg Auversdotter, fødd Gjerden. I denne boka er foreldra omtala i bolken om Øystre Haugen, bnr 21, men på den tid då Olav vart fødd, budde dei som busetar i Hoslemo, og truleg i Nigard, der faren var ifrå.

Olav og Tore Hoslemo ein gong kring 1920. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Dei to eldste av sønene til Olav og Tore flutte ut. Jon, f 1889, som var både størst og eldst, vart politimann i Kristiansand, medan Olav, f 1891, vart lærar i Søgne. Biletet her, som må vera teke ca 1911-12, kjem frå Tore K. Mosdøl.
  • Olav Jonsson Hoslemo, f 1861, d 1951
g 1888 m Tore Olavsdtr. Byklum, f 1865, d 1924. Born:
  • Jorunn, f 1887, d 1928, busett Nystog, gnr 13, bnr 10, ug.
  • Jon, f 1889, d 1982, politioverbetj., busett Kristiansand, g 1915 m Signe Åsulvsdtr. Monen, Hornnes, born:
  • Tore, f 1917, d 1982, g 1. m Håkon Gundersen, g 2. m Rolf O. Andersen, busett Lillesand
  • Asborg, f 1919, d 1992, busett Kristiansand, g m Olav Norgaard, Bygland
  • Torbjørg, f 1921, d 1987, busett Kristiansand, g m Sverre Nilsen
  • Olav, f 1924, busett Kristiansand, g m Gudbjørg Nilsen
  • Olga, f 1927, busett Kristiansand, g m Ole Svendsen
  • Jon, f 1940, d 1982, busett Lillesand, g m Karin Breimyr
  • Olav, f 1891, d 1970, lærar, busett Søgne, g m Karen Sofie Hjelleseth, Gyland, born:
  • Tora, f 1922, busett Froland, g m Ivar Bergland, Froland
  • Oddleiv, f 1921, d 1943
  • Astrid, f 1927, busett Søgne, g m Ansgar Berg Larsen
  • Torbjørg, f 1894, g 1914 m Knut Hallvardsson Byklum, sjå Nystog, gnr 13, bnr 10
  • Knut, f 1896, d 1896
  • Knut (e.), f 1897, g 1920 m Gunhild Ånundsdotter Tveiten, sjå Lyngtveit, gnr 11, bnr 6, 7, 8
  • Knut (y.), f 1899, g 1921 m Gunhild Jonsdtr. Brotteli, sjå Nordstog Nesland, gnr 10, bnr 5-9
  • Gunnar, f 1903, d 1910
  • Dødfødd gut, 1907

Tore Olavsdotter var frå Innistog og dotter åt Olav Drengsson (e.) på det bruket og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland.

I den gamle gards- og ættesoga les me (s. 134) at Tore fekk bruket på livstid av faren, Olav Drengsson, og at ho og familien hennes flutte hit i 1904. Dette er sikkert heilt rett, men me lyt vel taka eit ørlite atterhald for årstalet, ettersom ingenting vart tinglyst. Det me kan slå fast er at det var mellom 1903 og 1906, for fyrst i 1906 vert Olav nemnd som husmann i kyrkjeboka. Inntil då vert han omtala som «inderst (1889)», «brugsmand, landbrugsarb. og tømmermand» (1891), «brugsmand» (1894-1903) og «skomager og snedker» (1904). I og for seg kunne han vel godt ha vore «brugsmand» i Listog, men i røynda budde han og huslyden hans nokså mange stader. I 1891 finn me dei som bruksfolk på ein plass under Uppistog som vart kalla Snippen (det ser ikkje ut til at nokon veit kvar denne låg), i 1896 var dei bruksfolk i Kultro, men i 1900 budde dei i Heggjesletta. Der var Olav ikkje husmann, ettersom husmannen i Heggjesletta var Torleiv Åsmundsson Byklum, Vise-Taddeiv. Olav var bruksmann for Taddeiv, står det i folketeljinga. Som me har vore inne på i bolken om Heggjesletta, var Taddeiv mykje av tida ute på reise, og dermed var der rom for fleire på plassen.

Det tok nokså mange år frå Tore gifte seg, og til ho og familien hennes kom til å flytje til Listog. Venteleg var faren unøgd med giftemålet hennes. Men innan 1904 tykkjest då Olav Drengsson ha kome over at dottera hadde gift seg med ein husmannsson, og jamvel fått eit barn med han året fyre ho gifte seg. Listog var ikkje store plassen, men det var då ein fast verestad som dei slapp å dele med andre, så det var eit framstig. Som det har gått fram ovanfor arbeidde Olav ma. som tømmermann, og det bør vera trygt å rekne med at han husa opp på plassen, jamvel om desse husa sidan er utskifte.

Som me var inne på hadde dei plassen på livetida av Tore, og då ho døydde i 1924, laut Olav ifrå. Han var då ei tid hjå sonen Knut (y.) i Nordstog Nesland, og hjelpte han med å setje opp hus. Sidan flutte han til den hin sonen i Bykle, Knut (e.) i Lyngtveit, og budde sine siste år der.

Då Olav J. Hoslemo flutte ut frå Listog, flutte Knut Jonsson Breive og kona hans inn, og budde her nokre år. I 1926 fekk Knut kaupe parsellen Vang av Utistog, og sette etter kvart i gang med husbyggjing der. Alle dei tre borna hans vart likevel fødde i Listog, den yngste dottera i 1929, så dei må iallfall ha vore her til det året, men sidan sat dei i Vang i mange år, og me har valt å plassere den nærare omtalen av denne familien i bolken om det bruket (Vang, gnr 15, bnr 14).

Dei neste me veit om budde her er Bjørgulv G. Holen og huslyden hans. Bjørgulv var son åt Gunnar Olavsson Byklum i Myri Holen og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdtr. Nesland.

Margit, Gunnar og Bjørgulv Holen ca 1950. Bilete frå Setesdalsmuseet.
  • Bjørgulv Gunnarsson Holen, f 1906, d 1996
g 1935 m Margit Tarjeisdtr. Tveiten, f 1914, d 1998. Born:
  • Gunnar, f 1936, lærar, g m Åse Svennevik, Lyngdal, busett Hovet, Hylestad, gnr 65, bnr 52, born:
  • Margit, f 1962, g m Ragnar Kjuus, busett Bærum
  • Bjørgulv, f 1966, busett Grimstad, g m Gunhilde Langerud

Margit Tarjeisdotter var frå Nordtveiti, og dotter åt Tarjei Knutsson Stavenes på det bruket og kona, Gunhild Ånundsdotter, fødd Tveiten.

Bjørgulv var lærar, og hadde fyrste lærarjobben sin i Nordbygdi. Han slutta der våren 1934, og byrja i Kyrkjebygdi om hausten. Dei fyrste åra budde han og familien til leige ymse stader, men så fekk dei kaupe Listog frå Innistog.

Skøyte på dette kaupet vart skrive og tinglyst i 1941. Det året bygde Bjørgulv nytt uthus, og året etter sette han opp ny stoge. Ho er i 1 1/2 høgde og har ei grunnflate på 96 m². I 1953 vart det oppskrive at dei hadde 3 kyr, 3 kalvar, 8 sauer og 24 høns.

Attåt lærararbeidet var Bjørgulv klokkar i Bykle i mange år. Han var også oppteken av folkeminne og lokalhistorie, og samarbeidde med Knut Gjerden om den gamle gards- og ættesoga (1966). Etter det me skjønar var det i all hovudsak Bjørgulv som henta virket i arkiva og på folkemunne, medan Knut sto for skrivinga. Vidare skreiv Bjørgulv ned mykje tradisjon utover det som vart nytta i bygdeboka, og var dertil ein ivrig fotograf. Bjørgulv og Margit budde i Listog i mange år, men då han vart pensjonist flutte dei åt Hovet på Rysstad.

Då dei var borte gjekk heimelen til eigedomen over til sonen Gunnar i Hovet. I perioden 1997 - 2003 var leigebuaren Torunn H. Breive, dotter åt Håkon O. Breive på Berdalsbru. Sumaren 2003 flutte ho til Nordheim, gnr 3, bnr 19, ein eigedom ved Berdalsbru, som faren hadde kaupt nokre år tidlegare.

Etter at Torunn Breive flutte ut, flutte Albert Andreas Olsen og huslyden hans hit frå ei av leilighetene i bygget til Bykle og Hovden hybelbygg ANS (Myri 2-8).

  • Albert Andreas Olsen, f 1971
g m Siv Jorunn Skrevje, f 1977. Born:
  • Sebastian, f 1995
  • Celina Jaquelina, f 1997
  • Sol Jeanette, f 1998
  • Irja Miranda, f 2001

Albert er son åt Martin Andreas Olsen frå Mandal og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Stavenes (sjå Solheim, gnr 14, bnr 36). Han er utdanna som balletdansar, men er nå trygda.

Siv Jorunn kjem frå Lindesnes. Namna åt foreldra hennes er Oddvar Nilsen og Wenche, fødd Skrevje. Albert, Siv Jorunn og borna deira flutte til Bykle våren 2003. Tidlegare budde dei i Stakkvik i Karlsøy, Troms.

Arealet i Listog vert oppgjeve til 5 mål, av dette 3 mål dyrka.


0941 Bykle komm.png Listog (Bykle gnr 14/54) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Steinane (Signeshus) • Neste bolk: Kyrkjelii 3