Bykle Samyrkelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Byklum 108.jpg
Bykle hotell og Bykle Samyrkelag 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Bykle Samyrkelag
Rydda: 1921
Utskilt: 1925
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 14
Bnr: 25
Type: Næringseigedom
Bykle Samyrkelag 5.8.2005. Foto: Aanund Olsnes.
Coop Prix Bykle, 27. mai 2020. Foto: Siri Johannessen.

Bykle Samyrkelag held til på tomta Solbakken rett ovanfor Bykle hotell i Bykle kyrkjebygd, der eit selskap med namnet Bykleheiens Handelssamlag bygde seg hus og opna kråmbu sumaren 1921. Grunnen gjekk, liksom hotelltomta, ut frå Kultro, og matrikuleringa fann stad i 1925, men det vart ikkje tinglyst nokon heimelsovergang fyrr 1947.

Når det gjeld namnet, fortel både den gamle gards- og ættesoga og folk i Bykle i dag, at det var hotelltomta som heitte Solhaug. Men i matrikkelen les me at hotellet sto på ei tomt som heitte Solbakken (bnr 11). Solhaug var, etter same kjelda, namnet på forretningstomta ved sidan av hotellet. Namnebruken i bygda har altså vore annleis enn det som vart tinglyst og innskrive i offisielle papir. Kva som skal reknast som rettast er ikkje godt å vita, men me har i alle høve valt å halde oss til den innarbeidde namnebruken i bygda.

Bykleheiens Handelssamlag var det fyrste namnet på forretninga åt Torjus K. Stavenes og kompanjongane hans, Halvor O. Breive og Olav K. Stavenes (Mosdøl), og det ligg nær å tenkje at dei valde dette forretningsnamnet avdi dei skulle konkurrere med Bykle Handelssamlag på motsett side av vegen (sjå Lislestog).

Kva for verknad det lure namnet kan ha hatt skal vera usagt, men etter eitt års drift fann dei iallfall grunn til å skifte namn på verksemda til Stavenes, Breive & Co, så då vart det samvar mellom etikett og innhald. I 1930 skifte elles forretninga namn på nytt, til A/S Stavenes, Breive & Co, men dette var berre ei formell tilpasssing til lovverket.

Det var Torjus K. Stavenes som sto for den vanlege kaupmannshandelen. Hallvor Breive og Olav Stavenes hadde båe ei fortid som kreturhandlarar, og dreiv også etter skipinga av selskapet og handla med skinn, slakt og livdyr. Torjus hadde tidlegare vore styrar for Bykle Handelssamlag i åra 1913-15, og sidan drive kråmbu for eiga rekning i huset åt Olav K. Nesland i Nistog, det var i åra 1915-18. Frå 1918 til 1921 var han nok mest engasjert i Bykle Hotell, som han og kona overtok i 1920, men iallfall hadde han monaleg kråmburøynsle då dei starta opp forretninga på Solbakken.

I 1931 kaupte A/S Stavenes, Breive & Co forretningstomta og huset åt L/L Bykle Handel, som hadde prøva å starte opp på nytt i kjølvatnet åt Bykle Handelssamlag, som hadde gått konkurs i 1928 (jfr. Lislestog, bnr 39). Etter 3 års drift vart dette lutlaget avvikla, og konkurrenten tvert over vegen overtok altså eigene. Bygningen vart ombygd til hotellanneks, og forsvann sidan då annekset vart rive. Ein kuriositet er at ein del av tomta der det gamle Lislestoghuset sto, framleis (2003) finst oppført i matrikkelen med bnr 29, og det forlengst oppløyste selskapet A/S Stavenes, Breive & Co som eigar. I røynda ligg ho under riksvegen, og kan då snautt seiast å eksistere anna enn på papiret.

Torjus Stavenes dreiv forretninga på Solhaug til 1946, då han fann tida inne til å pensjonere seg. A/S Stavenes, Breive & Co selde då til det nystarta Bykle Samyrkelag, som overtok hus, tomt og varelager. Sjølv flutte Torjus etter dette til ein gard han kaupte seg i Vennesla (jfr. Bykle Hotell, bnr 11).

Oppstarten av Bykle Samyrkelag i 1946 var eit samarbeidsprosjekt der dei fleste i Kyrkjebygdi var med. Mange av dei hadde sikkert også dei utkonkurrerte forretningstiltaka Bykle Handelssamlag og L/L Bykle Handel i friskt minne, og hadde nok hug til å reise kjeringa. Tiltaket var tverrpolitisk, men likevel med i NKL frå starten.

Fyrste styraren var Tallak Haugå frå Bygland. Han og familien hans budde i andre høgda i butikken.

  • Tallak Olavson Haugå, f 1922, d 1993
g 1947 m Jorunn Ånundsdtr. Faremo, f 1925, d 2002. Born:

Jorunn var frå Raudestøyl, Rysstad, og dotter åt Ånund Åsmundsson Faremo og kona, Gro Arnesdotter, fødd Rysstad (jfr. Valle I, 415).

Då Tallak vart tilsett her, hadde han adresse Tuddal i Telemark, står det i styreprotokollen åt Samyrkelaget, så han har nok arbeidd der ei tid. Han styrde handelen her til 1956, då han og familien hans flutte til Byglandsfjord.

Han som tok over etter Tallak Haugå var trønderen Sivert Espås, som sto i stillinga til han gjekk av med pensjon i 1977.

Bykle Samyrkelag dreiv til å byrje med vidare i butikken åt Torjus Stavenes, men då Espaas vart styrar i 1959 tok han initiativet til nybygg. Nybygget kom på plass i 1961. Hallvard K. Byklum kaupte det gamle huset til nedriving, og sette oppatt eit nytt hus av materialane på Skogheim, gnr 15, bnr 34.

I huset frå 1960 var også styrarbustad. Sivert Espås og familien hans budde her.

  • Sivert Espås, f 1911, d 1985
g m Inga Gylland, f 1914, d 2003, born:
  • Randi Kristine, f 1945, busett Kongsberg, g m Nils Albert Jenssen, born:
  • Anne Ingrid, f 1977, p t busett Linköping, Sverige
  • Elisabeth, f 1982, p t (2003) busett Stavanger

Sivert Espås og kona hans var båe opphavleg frå Gauldal i Sør-Trøndelag, men i 1959 kom dei til Bykle frå Hølonda, der han også hadde vore samyrkelagsstyrar. Då han gjekk av med pensjon i 1977, flutte dei til Hovind i Gauldal.

Hallvard Åvoldsson Trydal overtok etter Sivert Espås. Han sto i stillinga til han gjekk av med pensjon i 1994 (sjå bolken om Skogly i Grasbrokke, Trydal, gnr 17, bnr 55). Dinest var Oddvar Hegland frå Lyngdal styrar eit par år, og så kom Ola K. Mosdøl (sjå bolken om Lunden Mosdøl, bnr 1) og styrde forretninga i åra 1996-1999. Til nyttår 2000 kom Rune Knutsen og overtok.

  • Rune Knutsen, f 1956

Rune Knutsen er opphavleg frå Vestvågøy, men oppvaksen i Kristiansand. Namna åt foreldra hans er Liv og Gunnar Knutsen.

Rune arbeidde i postverket i 28 år, fyrst i Kristiansand og sidan i Lyngdal til ut året 1999. Sidan har han altså vore her.

Huset frå 1960 var i bruk til etter hotellbrannen i 1986, då det kom ein god del til skade. Butikkdelen av bygget vart fornya og påbygd året etter, og huset fekk då den utsjånaden det har i dag.

«Stavenes, Breive & Co». Kven av dei som var «& Co» er uvisst nok, men her er iallfall dei tre kompanjongane: Torjus K. Stavenes. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Olav K. Stavenes. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Halvor O. Breive. Bilete av P.B. Frøysnes, frå Setesdalsmuseet.
Bykle Samyrkelag ca 1950. Bilete frå Gerd Haugå.
Her har Tallak Haugå henta ei pakke på bussen. Bilete frå Gerd Haugå.
Jorunn, Bjørg, Gerd og Tallak Haugå 1956. Bilete frå Gerd Haugå.


0941 Bykle komm.png Bykle Samyrkelag er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hagen • Neste bolk: Storemyr