Bykle hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Solhaug (Bykle gnr 14/11)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Solhaug
Byklum 88.jpg
Bykle hotell på prospektkort frå 1950-åra.
Alt. namn: Bykle hotell
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 11
Type: Næringseigedom
Bykle hotell i 1980-åra. Det kvite bygget på hitsida av vegen er hotellannekset. Ovanfor hotellet ser ein Samyrkelaget, slik det såg ut fyre brannen i 1986. Husa i framgrunnen er Lislestog. Bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl.

Bykle hotell sto på tomta Solhaug i Bykle. Når det gjeld namnet her, fortel både den gamle gards- og ættesoga og folk i Bykle i dag, at hotelltomta heitte Solhaug. Men i matrikkelen les me at hotellet sto på ei tomt som heitte Solbakken (bnr 11). Solhaug var, etter same kjelda, namnet på forretningstomta ved sidan av hotellet (bnr 25). Det er berrsynt at det her på eitt eller anna nivå har gått fyre seg ei forveksling av namna på dei to grannetomtene, men her skal me i alle høve halde fast ved den innarbeidde namnebruken i bygda.

Hotellet låg like ovanfor kyrkja, rett nedanfor der Bykle Samyrkelag ligg i dag. Det var Thina Lund som kaupte denne tomta hjå Gunvor D. Mosdøl på Kultro i 1908, og fekk seg opp hus same året (skøyte vart skrive og tinglyst i 1910). Det Thina i utgangspunktet esla seg til å drive med var landhandel, men så vart altså kråmbua hennes sidan av uti hotell.

Thina var dotter åt lensmann Ole Juelsson Lund i Valle, og kona, Heloise Margrethe Johanne, fødd Sverdrup (jfr. Valle IV, 550). Etter at Thina hadde sett opp hus her, gifte ho seg med Ånund J. Bratteli.

Ånund J. Bratteli (1887-1953) og Thina Lund (1876-1964) som nygifte i 1909. Biletet er teke hjå fotograf Kørner i Kristiansand.
Jenta og den største guten skal vera Margit og Jon Bratteli. Guten i midten er Karl Sverdrup Lund. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Thina Hartvigine Olsdtr. Lund, f 1876, d 1953
g 1909 m Ånund Jonsson Bratteli, f 1887, d 1964. Born:
  • John, f 1910, d 1958 g 1. 1937 m Olga Hovie Wige, g 2. 1945 m Valborg Nerhagen, f 1915, busett Augland, Vågsbygd, born:
  • Ådne Tormod f 1939
  • Kari Torhild f 1949
  • Lars Helge, f 1954
  • Margit, f 1912, g 1937 m Jørgen Horrisland, Øvrebø, f 1899, born:
  • John Ånund f 1943 g 1965 m Anna Finsland, Finsland f 1944
  • Reidar Hartvig f 1947, ug.

Ånund var son åt Jon Andresson Brotteli og kona, Margit Knutsdotter, fødd Nesland. Desse budde frå 1903 på Vodden Nesland, og difor er Ånund oppførd med etternamn Nesland i den gamle gards- og ættesoga (134). Sjølv tykkjest han ha skrive seg Bratteli, og med det etternamnet er kona hans oppskrive i skøytet på tomta. Også sonen skreiv seg Bratteli.

Opplysningane ovanfor om borna åt Thina og Ånund, og sameleis dødsåra for dei sjølve, er henta or ei bok Sverre Lund gav ut i samband med eit slektsstemne på 1970-talet (Lund-slekta i Valle, Setesdal - 1872-1972', Kristiansand 1972).

I ein artikkel av Torgeir Abusdal om landhandel i Setesdal (prenta i Holen 3, 158 f) les me at Thina hadde stått i butikken åt broren, Søren Lund, ei tid fyre ho reiste til Bykle og starta forretning her, og at dette var fyre ho gifte seg med Ånund Bratteli i 1909. Av folketeljinga frå 1910 går det fram at ekteparet det året dreiv landhandel saman. Etter det Abusdal opplyser slutta dei med handelen, og gjekk over til hotelldrift, då Bykle Handelssamlag vart skipa, og det veit me var i 1913.

Etter nokre års hotelldrift selde Thina verksemda til handelsmannen Torjus K. Stavenes, som dreiv handel på tomta like austom hotellet. Thina og Ånund flytte då til Vågsbygd med borna sine.

I bokverket Norges Bebyggelse (158), som me vil tru har Margit Torjusdotter som kjelde, står det at Torjus overtok hotellet i 1920. Me har inga tinglysing å vise til, men reknar med at opplysninga er rett.

Torjus K. Stavenes ca 1910. Bilete frå Tore k. Mosdøl.
  • Torjus Knutsson Stavenes, f 1885, d Vennesla 1961
g 1913 m Angjerd Taraldsdtr. Mosdøl, f 1896, d 1979. Born:
  • Margit, f 1914, g 1954 m Mikkel T. Haugen, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1916, g m Jon Torsson Trydal, sjå Moen Trydal, gnr 17, bnr 8
  • Knut, f 1918, d 1995, gbr., busett Vennesla, g m Valborg K. Hovden
  • Ragnhild, f 1921, busett Oslo til 1985, sidan Arendal, g m Sigvald Johansen, d 1977, ikkje born
  • Tone, f 1924, g 1.m Richard Fuhrmann, Tyskland, born:
  • Rita, f 1953, g m Geir Sigmund Hopland f 1948, busett Askim
g 2. 1961 m Olav Sigbjørnsson Åsheim, busett Oslo til 2002, sidan Askim. Born:
  • Ingebjørg, f 1963, g Eliassen, busett Oslo
  • Tarald, f 1930, d 1988, busett Oslo, ug
  • Olav, f 1942, busett Vennesla, ug

Angjerd Taraldsdotter var dotter åt Tarald Drengsson Mosdøl i Utistog Byklum og kona, Torbjørg Olavsdotter.

Når det gjeld hotellekteparet Thina Lund og Ånund Bratteli, var det kona som sto for det meste av hotelldrifta, både formelt og reelt. Torjus Knutsson og Angjerd Taraldsdotter hadde nok ei liknande arbeidsdeling, men der var det han som sto som formell eigar. Som forretningsmann var han sikkert sterkt involvert i den økonomiske sida av saka, men etter det folk fortel var han mest oppteken av kaupmannshandelen sin (sjå Solbakken, bnr 25), så det praktiske hotellarbeidet var det mest Angjerd som sto for.

I 1931 overtok Torjus og Angjerd bygningane etter Bykle Handelssamlag og etterfylgjaren L/L Bykle handel, som Torjus hadde utkonkurrert. Dette huset, som var oppsett i 1920 og 1928, låg midt imot hotellet på andre sida av vegen, så det høvde godt å byggje det om til hotellanneks, for såleis å auke gjestekapasiteten. I 1937 bygde dei om hovudbygningen, og gjorde han større. Etter dette hadde huset ei grunnflate på 150 m² i to fulle høgder, og hotellet hadde då rom til å taka imot 55 gjester.

Dei bygde også fjos og løe ved hotellet, det var i 1930, og i 1937 sette dei opp eit eldhus, som vesentleg vart nytta til vaskeri.

Fyre dei sette opp uthuset i 1930 hadde dei kaupt innåt utmarksstykket Storemyr frå Utistog, slik at det vart grunnlag for å drive litt jordbruk, og såleis skaffe kjøt og mjølkeprodukt til hotelldrifta. Stykket vert estimert til å vera på 30-40 mål, av desse vart kring 10 mål dyrka, medan resten vart nytta til beite. Buskapen på hotellet var som regel 2 kyr, 10-15 sauer og 4 griser.

I 1940 vart hotellet okkupert av tyske militære, og under krigen var det slike, og dei norske felagane deira, som budde her.

I fylgje Bykle kultursoge (1993, 290) overtok Margit T. Stavenes hotellet frå faren i 1945. Men også denne venda drog det ut med den formelle overdraginga, skøyte til henne vart skrive og tinglyst fyrst i 1951. I 1946 hadde Torjus, far hennes, kaupt seg gard i Vennesla, og flutt dit. Angjerd og sønene Knut og Olav vart med til den nye verestaden. Margit gifte seg i 1954 med Mikkel Torleivsson Haugen. Dei budde på hotellet, men det var ho som sto for hotelldrifta. Mikkel var anleggsarbeidar.

Margit T. Stavenes og Mikkel T. Haugen, brurebilete 1954, frå Ingebjørg Vegestog.
  • Margit Torjusdotter Stavenes, f 1914, d 1979
g 1954 m Mikkel Torleivsson Haugen, f 1919, d 1995. Born:
  • Trygve, f 1957, sjå Storemyr, gnr 14, bnr 27
  • Gerd, f 1958, sjå Haugen, gnr 14, bnr 30

Mikkel var frå Evre Haugen, bnr 30, foreldra hans var Torleiv Jonsson Haugen og kona, Asgjerd Mikkelsdotter, fødd Holen.

Margit dreiv hotellet så lenge ho hadde helse til det. Frå kring 1972 vart det bortleigd til ymse andre. I denne tida vart det halde sesongope i påska og om sumaren.

I 1982 overtok borna åt Margit og Mikkel heimelen til hotellet saman. Dei selde det same året vidare til Spinnvåg og Johansen, to utanbygds ungkarar som satsa på å halde hotelldrifta i gang på heilårsbasis.

  • Øystein Spinnvåg, f 1944, ug
  • Knut R. Johansen, f 1952, ug

Spinnvåg selde ut sin halvpart i 1985, og arbeidde sidan eitt års tid som lærar i Bykle. Johansen dreiv vidare inntil hotellet brann ned til grunnen 1.11.1986. Spinnvåg er nå busett i Farsund, medan Johansen held til på Krokstadelva ved Drammen.

I brannen gjekk også fjoset og eldhuset (vaskeriet) med. Annekset vart rive kort etterpå, ettersom det låg midt i lina for den nye riksvegen gjennom bygda. Hotelltomta, som vart oppmælt til 1,8 mål, vart i 1989 overteke av Bykle Samyrkelag.

Galleri


0941 Bykle komm.png Bykle hotell er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nistog • Neste bolk: Holti