Vennesla
Vennesla er ein tettstad og administrasjonssenter i Vennesla kommune i Vest-Agder. Tettstaden ligg på både sider av Venneslafjorden, som er ein del av Otra, og strekker seg et godt stykke langs denne. Bygdene Hunsfoss, Vikeland, Kvarstein og Moseidmoen (Moseidmoen har vorte del av tettstaden. Det bur noko i underkant av 12 000 menneskje på Vennesla (2012).
På Vennesla stasjon stopper tog på Sørlandsbanen mellom Oslo og Stavanger over Kristiansand. Grovane stasjon om lag to km nord for tettstaden var startpunkt for Setesdalsbanen, men er no nedlagt. Ved Vennesla er også utløpet av Steinsfoss tømmerrenne som er ein over fire kilometer lang tidligare tømmerrenne langs Otra og som no er ein turvei.
Stadnamnet kjem kanskje frå norrønt Vindislár; vindil, 'krum', la, 'strandvatn', etter Otras bøying ved Venneslafjorden. Venndølane er kjende for å ta vare på dialekta si, noko artisten Jorun Stiansen og meteorologen Kristen Gislefoss er gode døme på. Jorun Stiansen fekk i 2005 dialektprisen frå Mållagene på Agder.
Kjelder
- Vennesla i Store norske leksikon
- Vennesla - tettstedet i Store norske leksikon
- Vennesla på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
- Vennesla.kommune.no: Den berømte dialekten vår
- Mållaget i Kristiansand: Mållagets hjemmesider
- Wikipedia: Jorun Stiansen