Otra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Otra ved Heggland i Bygland.
Foto: Reidar Tveito

Otra er Sørlandets største elv. Ho renn frå Setesdalsheiene i Bykle gjennom Setesdal og Vennesla til Kristiansand, der ho renn ut i Østre havn. Med ei lengde på 245 km er Otra den åttande lengste elva i Noreg.

Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. Ein finn óg bleke, som er ein reliktlaks, i Byglandsfjorden som er ein del av Otravassdaget.

Eit av Den norske kyrkje sine prosti, Otredal prosti, har fått namn etter elva og dalen ho renn gjennom. Prostiet dekkjer Setesdal og Vennesla. Otrudal var tidlegare namnet på dalen sør for Bykle og Valle, men etter kvart byrja man å kalle heile dalen ned til Evje og Hornnes og Iveland for Setesdal. Dette vart óg namnet på futedømet som omfatta dei fire nemnde kommunena og Bygland, og Otrudal eller Otredal vart ikkje lenger brukt anna enn i kyrkjeleg samanhang.

Nokre innsjøar i vassdraget

Byglandsfjorden ved Grendi i Bygland kommune.
Foto: Reidar Tveito (2011).
Namn Kommune Avløp Meter over havet Forsynar
Urevatnet Bykle Uredalsåni 1175-1141 Holen III
Vatnedalsvatnet Bykle Løyningsåni 840-700 Holen I, II, regulerar heile vassdraget
Breivevatnet Bykle Regulert saman
759-752
Hartevatn Bykle Ligger i Otra
Botsvatn Bykle Floslivatnet 551-495 Brokke kraftverk
Floslivatnet Bykle Bykil 513
Bykil Bykle Ligger i Otra 500
Stigahyl Bykle Ligger i Otra 495
Flåni Valle Ligger i Otra 273
Hovatn Bygland Hovassåni 691-674 Hovatn kraftverk
Åraksfjorden Bygland Ligger i Otra Regulert saman
198–203
Byglandsfjorden Bygland
Longerakvatnet Bygland Longerakåni 598-594 Longerak kraftverk
Breidsflå Evje og Hornnes Ligger i Otra 171
Kilefjorden Iveland, Vennesla, Evje og Hornnes Ligger i Otra Regulert saman
167-161
Iveland kraftverk
Gåseflåfjorden Iveland, Vennesla
Nomelandsdammen Iveland, Vennesla Ligger i Otra 116 Nomeland kraftverk
Røyknesfjorden Iveland, Vennesla Ligger i Otra 96 Steinsfoss kraftverk
Venneslafjorden Vennesla Ligger i Otra 41 Hunsfoss, Vigelandsfoss kraftverker

Kraftverk

Ho er óg ein av dei sterkast regulerte, med samla 22 små og store kraftverk. Dei største:

Tømmerrenna i bru over Otra sett sørover med Setesdalsbanens Paulen bru i bakgrunnen.
Foto: John Christian Fjellestad (2005).

I tillegg til kraftverka er det etablert pumpestasjonar for overføring av vatn mellom reguleringsmagasin:

Som ein følje av utbygginga av Steinsfoss kraftverk vart den over fire kilometer lange Steinsfoss tømmerrenne bygga i åra 1954 til 1957 frå Beiehøalen i Røyknesfjorden ned til Venneslafjorden, eit fall på 55 meter. Renna er idag ein turveg.

Kjelder