Byglandsfjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjorden ved Grendi i Bygland kommune.
Foto: Reidar Tveito (2011).

Byglandsfjorden er ein innsjø i Bygland og Evje og Hornnes kommunar i Setesdal. Fjorden er ein del av Otravassdraget, og går fra Ose i nord til Vassenden i sør. Han har eit areal på 32,79 km². Den øvre delen av fjorden, nord for Storstraumen, kallast også Åraksfjorden, medan den sørlegaste delen kallast Årdalsfjorden. Åraksfjorden har også dei to delane Bjåfjorden og Sandnesfjorden. Ved Fånefjell kallast han Fånefjorden.

I 1867 vart det sett i gang trafikk med dampbåt på Byglandsfjorden. På somrane går no dampbåten D/S «Bjoren» i rute mellom Byglandsfjord og Ose, og er den einaste vedfyrte passasjerdampbåten som framleis er i rutetrafikk. I dag går transporten langs fjorden for det meste på riksveg 9, som ligg på austsida.

Byglandsfjorden har ein stadeigen laksefisk, byglandsfjordbleke. I 1970-åra døydde arten nesten ut på grunn av sur nedbør, og det har sidan vore naudsynt med utsetting av fisk for å redde han.

Kjelder

.

Koordinater: 58.67328° N 7.80291° Ø