Storemyr (Bykle gnr 14/27)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Storemyr
Byklum 116.jpg
Huset til Trygve og Anita Haugen 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1929
Utskilt: 1929
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 27
Type: Utmarks- / bustadeigedom

Storemyr i Bykle var jordbruksområdet åt Bykle Hotell (Solhaug, bnr 11).

Torjus K. Stavenes kaupte det av verbroren Svein Rygnestad i Utistog i 1929. Eigedomen ligg på nedsida av Bykle Samyrkelag og går ned mot Otra. Etter at Margit Torjusdotter Haugen (Stavenes) hadde gjeve opp hotelldrifta, overdrog ho denne parsellen til sonen, Trygve M. Haugen. Det var i 1974.

Trygve gjekk i røyrleggjarlære i Arendal, då han i påskeferien 1977 trefte henne som skulle verta kona hans på Bykle hotell. Då han var ferdig utdanna i 1980, sette han i gang med husbyggjing, og året etter gifte dei seg og flutte inn i det nye huset.

  • Trygve Mikkelsson Haugen, f 1957
g 1981 m Anita Førde, f 1959. Born:
  • Rune, f 1987
  • Stian, f 1991
  • Margit, f 1995

Anita er frå Bergen. Foreldra heiter Sverre og Gerd Førde. Faren er frå Breim, mora frå Engerdal.

Trygve arbeidde nokre år som røyrleggjar etter at han flutte heim i 1981. Etter dette har han vore vaktmeister i Bykle kommune. Anita er hjelpepleiar.

Eigedomen har ikkje vore nøyaktig oppmælt, men Trygve Haugen meiner at han er på 30-40 mål. Av dette har kring 10 mål vore dyrka, men har ikkje vore nytta til jordbruksfyremål på lange tider.


0941 Bykle komm.png Storemyr (Bykle gnr 14/27) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solbakken (Bykle samyrkelag) • Neste bolk: Kosi